Litt om sagfiling

Etter tre dagar på Voss med sagfiling, ilag med Trond Oalann, Georgios Vie Sokorelis og med Aksel Weller som instruktør. Vil eg med dette dele nokre av momenta Aksel la vekt på.

Generelt

Generelt er det viktigare at toppen på tennene er retta av i 90° i forhold til bladet, enn at vikkinga er lik på begge sider. Om vikkinga ikkje er heilt eksakt lik på høgre og venstre side har det eigentleg kunn innverknad på plaseringa av bladet i sagsnittet. Om toppen/tannhøgta ikkje er heilt rett, skjer saga skeivt.

Alle avvik på til dømes tannhøgder, vikking og filing av tennene vil gjere at ikkje alle tennene arbeidar likt. Noko som fører til at det må leggast inn meir arbeid for å gjere den tiltenkte jobben. I mitt tilfelle saga eg ei lengd på ein meter i 2″ furuplank på 47 sekund på vindussamlinga vår på Voss (med tannforma me laga på Sverresborg). Nå etter filekurset er tida nede på 31 sekund, med same mann og sag med «progresiv» tanning (meir under «Langvedsag») i tilsvarande material. Ingen eksakt vitenskap, men kan vera til samanlikning.

For å få til eit godt resultat er det ei rekkefølge som kan væra verd å merke seg:

  • Slipe/bryne sidene (restaurering/fjerning av rust)
  • Rette av tannhøgda (viktig med 90°)
  • Tannbotn
  • Forme tennene
  • Vikke
  • Stryke av toppen (endå viktigare med 90°)
  • File tennene/eggen

Me nytta sverdfil til forming og filing av tennene, flatfil til retting av toppen/tannhøgda og  rundfil til tannbotnen på stokksag/svans (fekk ein liten demostrasjon på filing av stokksag). Tradisjonelt er det mykje nytta trekantfiler i Noreg. Aksel meinar det er viktig å læra seg å file ei og ei flate og å forstå kva ein gjere, før ein går på med trekantfil som filer to flater samtidig. Unøyartighet kan gi mykje større konsekvensar med trekantfil. Det er som med mykje anna: «øving gjer meister».

Legg merke til det som er merka grønt på skissene under: Det må rettast av så mykje at ein kjem under slitasjen. Slitasjen vil vera størst på ytterhjørnene som her er merka raudt. Ved filing vil vikkinga bli redusert, dette er ikkje noko problem den fyrste eller andre gangen ein filer.

Ein må vurdera kva material ein arbeider i: hard/mjuk, tørr/rå og om ein ynskjer fint/grovt snitt og/eller rask/sein sag. Her kjem val av vinklar og kor mykje tennene er vikka inn. Aksel nytta auga og følelsen (røyndsla) i val av vinklar. Han nytta og auga (med godt lys og forstørringsglas) i rettinga av toppen, vikkinga og filinga av tennene. Vinklane som er nemde under er mine målingar av filte sager.

Langvedsag

Tennene på ei langvedsag skal fungere som ein høvel. Heile breidda på kvar tann skal vera i arbeid.

s-c458-18030214521-e1520416579853.jpg
Skissa syner nokre av momenta som er viktig å huske på ved oppsett av ei langvedsag

Skissa under er frå midtfeltet på mi sag. Vikkinga er på 0,25mm. 5 mm mellom spissane og tannhøgda er på omlag 4 mm. Den har mindre aggressive tenner (rundt 88-89°) i starten, omlag 10 cm, før tennene få forma som vist på skissa. Den siste tredjedelen av bladlengda har noko meir aggressiv tanning (rundt 93°). Både framsida og baksida av tennene er filt rett over (indikert med 0°)

S-C458-18030214510
Skissa syner vinklane eg nytta på mi sag under kurset. 40 graderen er omtrentleg. Raud vinkel er med utgangspunkt i 90 grader ut frå bladet (horisontalt).

Kappsag

Tennene på ei kappsag skal skjæra over trefibrane på tvers.

Kappsag
Skissa syner nokre av momenta som er viktig å huske på ved oppsett av ei kappsag

Mi kappsag har måla som vist i skissa under over det heile. Vikkinga er på 0,2 mm. 4 mm mellom spissane og tannhøgd på omlag 3 mm. Slik vinkelen på baksida er nå (20°) passar den til hardare tre (hard bjørk). Vil nok file denne litt spissare om det er for furu. Vinkelen framme (76°) er ok, men kanskje litt agresiv. Ellers ok. Eg vil file ein gong til med desse måla, men utan å vikke, for å teste. Dette gir litt mindre vikk, og eg er spent på om saga endrar seg nevneverdig etter det.

Kappsag
Skissa syner vinklane eg nytta på mi sag under kurset. Raud vinkel er med utgangspunkt i 90 grader ut frå bladet (horisontalt).

Tankar

Som tidlegare nemnd, nytta ikkje Aksel vinklar eller mål når han filte. Eg tenkjer at om me skal skriva om dette, huska kva som er gjordt og tenkt for å forbetre, og for  kunne samanlikne, er me avhengige av å nytte tal.

«Ein time med filing kvar andre veke, tener ein inn att på presisjon og hurtighet». Aksel sitt krav til finish og nøyaktighet er noko å strekje seg etter.

Til slutt vil eg sei at dette ikkje har rot i norsk tradisjon, men er Aksel si erfaring rundt kva som fungerar, ispedd mi forståing og missforståing i eit forsøk på å skrive dette ned.

 

Forfattar: Sven Hoftun

Driftsleiar og snikkar hjå Ryfylkemuseet.

7 tankar på “Litt om sagfiling”

  1. Hei Sven, interresang lesing! Det er et uttrykk blant slåttekarane om at «kan du ikke slipe- kan du ikke slå».
    Føler det gjelder for saging med sager som ikke er tannspissherda og!

    Ser ut som du ikke har brukt trekantfil, fordi vinklene er litt annerledes, enn 60graders inndeling, men har dere brukt sverdfil til å file hver enkelt side på både langvedsag og kappsag?

    Mvh Magnus Wammen

    Likar

    1. Takk for det Magnus.
      Ja me nytta sverdfil til begge typane tanning. Prøvde og japanske sverdfiler, som er ein del breiare. Desse er og vesentlig tynnare i kanten, så ein må passe djupna i sponrommet/tannbotnen. Med desse kan det vera litt enklare å halde vinkelen, pga breidda.
      Som eg skreiv i teksten handlar det om å forstå kva som gjeld og væra presis nok. Det kan då vera enklare, i starten, når ein forheld seg til ein og ein flate om gongen.

      Sven

      Likar

  2. Ja Sven dette var en nyttig samling, takk for at du tok deg tid til å skrive en oppsummering. For meg ble dette ett paradigmeskiftet innenfor sagfiling. Det absolutt viktigste vi lærte her er dette med å holde kontroll på tannhøyden, og viktigheten av dette. Jeg kommer nok til å i mye større grad kombinere trekantfil (for opprettholde tanngeometrien) med å avslutte med sagfil for å få presis tannhøyde.

    Likar

  3. Mi erfaring er at mange gamle sager kan ha nokså mange tenner som enten er litt lavare eller litt høgare. Som regel fungerer sagene overraskande godt likevel. Det er først når det er systematisk høgdeforskjel mellom tennene som er vika til høgre og venstre side at det blir store problem. Då blir det fort slik at saga ikkje vil gå beint. Konrad Stenvold brukte ein trekloss høvla i rett vinkel til å støtte fila på når ein skyt tennene. Då er ein litt sikrare mot at fila ikkje er i rett vinkel.

    Trekantfila er standard for sagfiling i det meste av verden på sager med små tenner. Sverdfil verkar å ha vorte vanleg i seinare tid i Noreg, truleg frå byrjinga av 1900-talet. Den er spesielt tilpassa spisstente sager, og gjerne buesagblad med gruppetanning med 4 spisstenner og ei tovegs høveltann. I Asia er sverdfiler vanlege på spisstente sager, gjerne slike som har to faser.

    Eg er einig i at når ein byrjar å lære seg å file er det veldig krevjande å bruke trekantfil som tek på to kantar i same operasjon. Her er det mykje finmotorikk som må lærast før ein får eit bra resultat. Det skal mykje til å klare å legge passe trykk på fila slik at ho tek passe på to kantar. Trykket blir vanlegvis forskjellig på dei to kantane for at ein skal kome ut med riktig fas og tannhøgde. Eg trur derfor det er veldig bra å byrje med å file sager med grov tanning slik som tømmersvans eller 2 manns tverrvedsag. Dei filer ein med 8″ flat sagfil som tek berre ein fas i gongen. På sager med mindre tenner vil eg nok framleis halde ein knapp på trekantfila også til skarpfiling. Ein må berre legge mykje tid på øving i filing før ein får eit godt og sikkert resultat.

    Det er bra å tenkje på at det skal bli riktig tannhøgde, men det må heller ikkje ta fokuset frå at alle tennene må vere skarpfilt. Kvite tannspissar gjer saga tung å bruke.

    Når det gjeld langvedsaga så er det bra å file heilt i vinkel, heilt tverrfilt, når ein skal sage material som er rett og kvistfri. Det er også lettare å få til når ein skal lære seg å file. Om saga skal brukast til å sage material med litt varierande vedretning eller kvist kan det vere ein fordel med litt lett skråfiling oppå og under tanna. Saga blir då betre å sage der ein ikkje sagar heilt på langs med veden og der det er kvist. Ein sagar mykje lettare gjennom kvisten. Slik filing er vanleg også på sagstillingssager, rammesager, oppgangssag og sirkelsager for saging av tømmer. Det skal ikkje mykje til før at det blir for mykje og saga blir mindre effektiv.

    Likt av 1 person

    1. Roald, når du nå snakker om skråfiling oppå og under tanna. Da mener du fronten på tanna er fortsatt vinkelrett på bladet? Men ryggen files skrå til hver side, slik at fronten på tanna får en trekantet topp?? Hvordan antall grader kan det være snakk om?

      Likar

      1. Eg har nok ikkje målt gradene på dette, men anslår at det kan vere snakk om 2-3 grader? I alle fall ikkje meir enn 5 grader. Fronten på tanna kan gjerne vere vinkelrett for å få sagflisa lettare ut, men det er ikkje uvanleg at den også er ein tanke skråfilt.

        Likar

  4. Eg har fått tak i oldefar si sag. den har ei høg tann og så nokre lågare før ei høg igjen osb. Kva er dette for ei sag? Det er ei handsag. Er det noko spesielt eg må tenkja på ang filing … og kunne du eller ein annan lagt inn lenker til filer de kan anbefala som ikkje kostar altfor mykje.

    Likar

Kommenter innlegget