Fristadlåven på Valdres Folkemuseum

Tunet «Fristadplassen» på Valdres Folkemuseum.
Tunet «Fristadplassen» på Valdres Folkemuseum.

I emnet tradisjonsfagleg utøving 2 skulle vi gjennom både tømring og litt bordtakshøvling. 5 veker held vi til på Maihaugen med Arild Bjarkø som rettleiar. Dei restaerande 5 vekene held eg til på Valdres Folkemuseum. Det er god bruk for vøling på fleire av bygga på museet, eit av bygga som eigna for lafteøving var låven på garden Fristad. Garden er ein husmannsplass frå Vestre-Slidre kommune. Bygga som utgjer tunet er stall, fjøs, stabbur, våning og låve, treskelåve. Desse vart flytt til museet på 1950-talet. Det var ikkje skrive tilstandsrapport på låven, men undersøkingar gjort av museet antyda at om lag 10 stokkar måtte bytast.

Ikkje alt tømmer vi hogg, held den kvaliteten vi ynskte.

Eg er lærar på Fagskolen Innlandet i faget «bygningsvern» og hogging stod på timeplan, fann vi ut at det kunne vera ei grei oppgåve for studentane å hogge etter ei skriven liste over stokkar som måtte til. Skogssamlinga vart halden på Valdres Folkemuseum. På halvøya museet er lokalisert veks det mykje bra både gran- og furuskog. På nord-austsida av halvøya, veks skogen forholdsvis sakte og har jamt kvistsett. Avsmalinga på tømmeret var noko ala det sama som i bygget. Tømmeret vart hogge og drege fram med maskinelt utstyr. Normalt brukar vi hest til dette arbeidet i undervisninga, men veret høvde ikkje heilt og slåpa var full av hard is, noko hesten ikkje taklar særs godt.

Våningshuset på garden.
Treskelåven på garden.

Utpå våren 2019 tok arbeida til på låven. Museet reiv av bordtakstekkinga. Denne tekkinga var av nyare dato, og diverre ikkje lenger tett. Så snart bordtaket var av, såg ein fort at alle åsane òg måtte skiftast. Åsane såg fine ut, men var tydeleg svekka av råte på sida som bordtaket låg mot. Altså mangla bygget 11 åsar før eg hadde starta arbeidet. Museet ytte bistand i rivinga av åsane og lafteveggane. Vi reiv ned til om lag 8. kvarvet. Det er tydeleg dårleg tak som har påført bygget skadane. Nedanfor 8. kvarvet var bygget noko lunde friskt. Det høyrer med til historia at når bygget vart sett oppatt på museet, brukte dei ikkje mykje tid på reparasjon. Det vart bøtt inn kun det mest nødvendige for å få bygget til å stå. Det vart lagt inn stokkar utan å hogge nov, nytt vyrke vart berre lagt inn mot tverrgåande stokk. Mykje av desse reparasjonane har og fare ille sidan 50-talet, mykje i samband med taklekkasjar.

Arbeida på låven er i gang.

Bygget vart merka godt og oppteikna før riving. Det vart laga ei «rampe» der mykje av laftetømmeret vart lagra. Åsane vart lagra på stillaset, det same gjaldt raustet ut mot fjorden. Dette var særs tunge stokkar, og vi meinte å spara litt tid på å sleppe å frakte desse ned på rampa. Laftinga kunne ta til, trudde eg. Det synte seg at det var råteskade på stokken under køyrebrua, dette var ikkje heilt med i berekninga. Eg nytta ei lita veke under stillaset for å byte ut dette vyrke. Det var dårleg plass og ikkje heilt enkelt. Likevel, kom eg over stillaset at. Då kunne laftinga endeleg ta til. Laftet som er nytta i denne konstruksjonen er ei type barkelaft. Firkantbarke finn ein nokre gonger i slike bygg frå 1750-1900-talet, men i Øvre Valdres er kanskje «Rævskorolaftet» mest vanleg i tidsperioda. I tillegg til å vera barkelaft, har det vore utført på ein tidssparande måte. Eg går i alle fall ut i frå at det er difor dei har hogge seg på skrå ned mot oppsåta.

Teikninga syner 2 forskjellige typar laft, båe er nytta i originalbygget.
God plass i laftet.

Desse «avfasingane» syrgjer for at ein ikkje har behov for å vera like nøye inn mot barken i underhogget. Det er òg snøggare å hogge på oppsåta enn i underhogget. Bygget ber preg av det skulle reisast fort og at det ikkje var behov for tette samanføyingar. Det er likevel eit minus med å tilverke dette slik, då vatnet lett finn vegen inn i nova. Det har til tross for denne utforminga gått bra, om ein ser vekk frå taklekkasjane som har rådd over tid. Desse hadde truleg påført konstruksjonen omfattande skadar lell. På tur ned i veggen når vi reiv, fann vi fleire skadde stokkar. 10 stokkar vart til 15 og hamna på talet 20 til slutt. Det vart difor ei runde til med skogsarbeid. I tillegg hogg eg vyrke til bordtaket. Stokkane i originalveggen var stort sett ubearbeidde og det var difor om å gjere å råke på dimensjonen. Der var litt nytt for meg, dette å lafte i rundtømmer. Eg har lafta ein del, men berre med svilla tømmer. Når ein laftar med rundt, må ein bruke senterlina i veggen. Ikkje inn- eller utsida, som når ein laftar med svilla tømmer. Dette var ikkje nokon stor utfordring i seg sjølv, men det var litt om å gjere så ein ikkje hamnar ut feil i toppen av bygget. Det er ikkje mykje ein skal dra kvar stokk på kvar side av bygget, før toppmålet på bygningen blir noko anna enn han var. Eg var difor nøye med å måle avstandar inne i bygget for kvart kvarv som kom på.

Raustet mot fjorden, nye åsar er på plass.

Bygget ber tydeleg preg av gjenbruk. Det kan nesten sjå ut som dei har nytta eit bygg i botn, opp til omlag 7. kvarvet og etter dette, har dei montert på eit anna bygg, som ikkje var så stort. Dette kan ein sjå på eit sprang i veggen. Vidare er rausta lafta av særs grove rundstokk. Det var ikkje mykje nabbar å finne i bygget, men ein og annan 1’’ nabb fann eg. Eg fekk difor «Myhresmeden» til å smi ein navar i rett dimensjon. Rausta var ikkje nabba i det heile. Der var det åsane som syrgde for stabilitet, då desse var lagt mellom kvart kvarv. Ofte vart slike raust hogge med «bjødn», altså ein firkanta tapp. Tappholet vart hoggen med smaløks og hola kona svakt mot botn av hòlet. Ofte kan ein finne desse «bjødnadn» i rausta og nabbar på 1-1,5’’ i veggane elles. I vår har eg lafta inn nokre stokkar i eit våningshus på garden søre Robøle i Øystre-Slidre. Våningen er reist tvihøgda i 1841. I dette bygget herskar «rævskorolaftet». Det var mest med tårar i augo eg studerte korleis novene var hogge, dei flottaste novene eg nokon gong har sett! Heilt slette inni, jamne fine kinningar. I dette bygget var det hogge «bjødn» på fleire plassar, ein kunne skimte desse i méddraga.

Her kan ein så vidt skimte «bjødn» mellom stokkane. – søre Robøle, Øystre-Slidre (ikkje så godt å sjå på fotoet)
«Bjødn»
Prinsippskisse, «bjødn» i laft.

Det er skøytt ein del tømmer i låven, men skøytane er stort sett lokalisert på sørsida av bygget. Stokkane er skøytt med bladskøyt med tapp. Eg skøytte stokkar inn på desse, slik det var gjort tidlegare. Elles i bygget brukte eg heile stokkar.

Eg nemnde at desse novene har vore hogge med firkantbarke. Når ein studerer litteraturen, kan ein få eit inntrykk av at kinningane blir brattare dess lenger aust ein kjem i landet. I all hovudsak kan nok dette gjelde, men det er variasjonar på type laft osb. Men når det gjeld innan for tidsperioda vi held oss til her, omlag 1750, finns det og variasjonar. På låven er det særs flate kinningar, men ser ein på våningen på garden er dei mykje brattare. Sjølvsagt er våningen meir nøyaktig lafta enn låven. Dette finn eg og på våningen eg omtala tidlegare i teksten. Det er snøggare å lafte med bratte kinningar. Det blir hogge mindre av oppsåta og stokken over «fell» fortare ned. Tilbake til nyare litteratur, der blir det beskrive at méddraget ikkje skal vera breiare enn 1/3 av stokken. Ser ein på det med bygningsfysikk i tankane, kan dette ha noko for seg. I ein uoppvarma bygning har det ikkje nokon betydning, i eit oppvarma hus stiller det seg noko annleis. Likevel finn eg ikkje dette i bygningane eg har jobba med. Lenger aust i landet er méddraget ofte breiare enn det er her i Valdres. I låven er det mèddrege kun for å senke stokken på ei eller annan side, for å få til ei betre høgde på oppsåta. Låven skal sjølvsagt vera luftig og méddrag er difor ikkje noko poeng. 

Dørene er komen på plass att.

Novhovuda er ikkje forma mykje på låven, dei er smalna inn noko på breidda. Ein kan seia at dei er tilnærma firkanta, med fasa kantar. 

Det har vore ei fin erfaring å få med seg dette med å lafte i rundt vyrke. Ei av dei største utfordringane var å få oppsåta og underhogget lik dei som var på bygget frå før. Det var ikkje lafta særs tett. Sidan eg lafta i fersk vyrke er farga ganske annleis enn på originalstokkane og uttrykket blir eit anna. Men kanskje blir det nokon lunde likt om nokon år.

Konstruksjonen står i bratt lende og arbeida hadde vore vanskelege utan skikkeleg stillas.
Låvebru er på plass – det vart nytta halvkløyvningar, der rundinga på stokken vart lagt ned. (ikkje til hest)

Låven er «ferdig» det manglar berre bordtakstekkinga. Tekkinga tek til i juni 2020. Bordtaket vart «hundrege» i vår. Eg har vore gjennom ein del gamle bilete av bordtak i Valdres og funne ut at det ofte vart lagt skorne bord, der kun vassrennene vart høvla. Bileta syner òg at det ofte er at bork på tekkemateriala. Eg valde å blekke meste av materialet, men eg kanta ikkje underliggarane og kun unntaksvis på overliggarane der det var behov.

Håvar G. Aabol 24.05.20

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s