Tankar om kam

Vi studentane på læringsarena Stiklestad i haust 2019-sumar 2020, fekk i oppgåve å byggja eit stavbygg som skulle væra eit nytt lagerbygg for gamle redskaper frå vegvesenet. Nokre av mine medstudentar har skrive om same bygg i tidlegare bloggpostar. Eg skriv litt om kammfellingane vi laga og drøftar rundt dei.

Topp og ytre veggliv er referanse. Vi melte oss ned 3 1/2″ ned i ytre veggliv og 2 1/2″ i indre, slik fann vi høgda på kammen. Etter vi saga og tappa ut planet til toppen av kammen melte vi oss 3/4 dim frå ytre veggliv og fann bredda på kammen.

Når ein skal ha boks i flukt blir det eit dilemma kor mykje ein skal taka ut av tverrline og langline. Med ettertanke kunna vi ha spara meir ut av sylla for å få ho sterkare, for golvbjelkene blir ikkje så mykje mindre stive om dei har mindre dimensjon i felling. Håvard (prosjektansvarleg) nevnte dette. No krev sylla meir av fundamentet for å få nok støtte.

Eg lurar på kor høg kammen lyt vera, i kammar generelt? Etter mitt skjønn kunna dei ha vore berre 3/4″ eller til og med 1/2″høge; bærre så høge at han ikkje skli over kanten. Det kan ein vel vurdere ut ifra kor mykje trykk som ligg oppå fellinga, f.eks. ein stav. De høgare kammen er, jo meir forsvinn av tverrsnittet av stokken i fellinga. Det blir meir moment på kammen ved strekk som kan føre til utklaking. På andre sida igjen kan kammen deformerast i langhakket visst han blir for lav og det er for mykje krefter på han.

Kamnov der vi tok ut kvart dimensjon i indre veggliv og halv i ytre som virkar å være standard for bredde på langkammen. (Det kan sjå ut som det er teke ut mindre enn halv dimensjon, men boksen er ikkje endekappa).

Om vi ser for oss at kamnova kunne hatt grunnare kam; så ville langhaken fått mindre ved til å halde imot utglidning og tverrhaka mindre sjans for å klake (kløyve) ut. Kanskje ein då kunna ha kompensert litt med å taka ut meir enn halv dimensjon i tverrhaka.

Eg har lært å ta ein tommestokkbredde opp og ned frå senter for å finne kamhøgda og å bruke kvart og halv dimensjon. Attåt har vi bruka ku på husansnotra. Ein med heil, halv, tredjedels, kvart dimensjon og ein tomme har vi laga dei på for å bruke på fleire forskjellige fellingar enn kam. Ku er veldig smart å bruke, han gjer merkjeprosessen mykje snarare, men det kan vera kviasamt å bruke noko tid for å få dei nøye laga for dei lyt vera like og dei er lette å miste i spondongen.

Eg har også bruka ei ku som har forma på tverrhaka, som skal stå att i nova Eit kont stykkje. Det er ein dimensjon langt og halv dim bredt i eine enden og kvart breidde i andre som ein legg i flukt med ytre veggliv for å merkje haka etter ein har tappa seg ned til toppen av kammen.

Eit viktig moment å legge merkje til når ein lager kamnov: Er boksen akkurat på dimensjon, er han breiare, eller smalare og korleis er dei til kvarandre? Visst ein hell seg til ytre veggliv heile tida .

Kva for prosedyre har dåkk lert og kva tykkjer dåkk er beste måten å lage kam på?

Lagerhuset ferdig kledd.

Ei problemstilling:

Når vi skulle felle ihop sylla diskutera vi om langhaka skulla vera i langsylla eller omvendt. For langkammen er sterk, men upresis (han krymper og kan gli ut). Og tverrkammen svakare, (han kan klake ut) men presis når han held. Eg meinte at golvbjelkene holdt langsylla såpass ihop at tverrhaka kunna vera i langsylla for da blir sylla sikra for utglidning båe på langs og på tvers. Det vart gjort slik.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s