Handsaging på sagstilling

Start saging

Veke 39 2018 var studentar ved Tradisjonelt Bygghåndverk på NTNU, ei veke på studiesamling i Målselv i Troms. Tømmerhogst, kløyving av tømmer, rying av tømmer, handsaging og høvling stod i fokus. Vår gruppe fekk ansvar for å dokumentere handsaging og tradisjonen.

TRADISJONEN

Denne samlinga var det Roald Renmælmo som hadde ansvaret for håndsaginga. Vi intervjua og spurte han litt ut om kven han har lært og fått erfaringa si frå, og kva han har funne ut om håndsaging av eiga undersøkjing.

I 1999 var Roald på kurs om handsaging på sagstilling, med Arild Bjarkø. Arild er ein tradisjonell laftar og tømrar frå Bærum, no busett i Os i Østerdalen. Sagstillinga dei brukte var typisk for Røros. Den hadde ein bukk i eine enden, med to stokkar felt nedi seg, og i andre enden var det felt føter direkte inn i stokken, i staden for endå ein bukk. Opp på stokkane var det to puter, som opplegg for sagstokken.

Året etter, i 2000, var Roald og Arild i lag og intervjua Konrad Stenvold. Innhaldet i intervjuet var mellom anna om kva sager dei brukte. Viking på tenna vart nemnt, og at merkinga vart gjort med sotsnor, ført i kopp med sot og vatn.

Konrad er fødd på Stenvold i Målselv 1908. På denne tida var det longt mellom gårdane, og dårleg med vegforbindelse. Altså ikkje så enkelt å kome seg på Bygger`n… Men, det var godt med furu- og bjørkeskog, så ein var sjølvberga med tømmer, og hadde det berre med å få opparbeidd seg den materialen ein hadde behov for. Konrad og syskenborna hans, Johan og Hans Stenvold, var heilt frå 10-års alderen med i skogen og hogg tømmer og saga material. Fyrste store prosjektet dei var med på var i 1928, då dei saga all matrialen til ein somarfjøs i Frihetsli. (Trond Oalann har i seinare tid laga kopi av denne). På slutten av 30-talet saga Hans Stenvold oppgangssaga 6″ plank til 1″ bord.

John Reierson Lundberg, 1870-1960, er siste håndsagsskjærar sett i folkeregisteret frå Målselv. Han vart intervjua før han døydde. Han brukte same type sagstilling som vi gjorde med Roald no på samlinga.

I 2005 var Roald og Siv K. Holmin, i samarbeid med museet i Karasjok, og intervjua fem tradisjonsbærarar Karasjok. Intervjua vart heldt både på samisk og norsk, for å fange opp alle nyansar. Tre av personane dei intervjua var særs viktige, med tanke på tradisjonslina. Nils Nilsen Anti, Anders Nilsen og Nilsen Moeng (i live). Dei fekk studert to nye sagstillingar, mellom anna den til Anti. Etter intervjua har Roald og Siv heldt seminar for håndverkarar, og ein av deltakarane, Arne Graven, har fordjupa seg i håndsaging. Roald og Siv har også brukt alt dei har lært, og all erfaring dei har fått, til å tradisjonelt restaurere ein høyskjå i Karasjok, som tilhøyrer gårdbrukar Hans Laiti.

ARBEIDSMÅTE

Oppmerking og barking av stokk
Kvisting og klargjæring av stokk

Fyrste steg når ein skal sage, er sjølvsagt å finne tak i emnet ein vil bruke. Då gruppa vår ankom gården til Roald, var stokkane vi skulle sage bord av allereie klarlagt, og lagt fram på lunnar. Det er viktig at stokken leggjast med kuven opp, slik at stokken er mest mogleg rett sidevegs. Oversida av stokken barkast med ravel ellerbarkespade. Kvistar og grove ujamnheiter fjernast med øks. Endane av stokken hoggast eller sagast reine, om det ikkje allereie har blitt gjort tidlegare. Så snur ein stokken, og gjentek same prosedyre med barking og kvisting på andre sida også.

Merking av stokken (3)
Merking med sotsnor

No har ein kome til oppmerkinga. Det blir dobbeltsjekka at stokken ligg mest mogleg i riktig posisjon, og ein festar han med haldhakar, så han vert liggjande stabilt. Borda som skal sagast ut av stokken, merkast i begge endar, ved hjelp av tolken og ein vater eller loddfjøl. Tolken har eit midtmerke, og han blir alltid lagt på margen. Det er toppdiameteren til stokken som avgjer kor mange bord ein får. Når ein byrjar i margen og måler seg utover, vert det likt i både topp og botn. Tolken har vanlegvis 11/8 ̈ merkeavstand. Med fråtrekk av tjukkelsen til sagbladet blir det bord på ca. 5/4 ̈.

Oppmerking og barking av stokk
Vaterstrek

I tillegg til merkinga av borda, skal det merkast ein vaterstrek i underkant av rotenden. Den hjelp ein til å kunne hogge ei skårflate, som sikrar stillinga til stokken under saging, og gjev godt feste på «putestokken».

Når merkinga er ferdig i begge endar, skal det også merkast strekar på både oversida og undersida av stokken. Her er det viktig at strekane vert nøyaktige og godt synlege. Det kan brukast sotsnor eller kritsnor. Ein skjær eit lite hakk på kvar side for å styre snora. Ho må strammast godt, og trekkjast loddrett opp, så streken blir rett heile vegen. Ein merkar alle loddstrek likedan på oversida fyrst, for så å rulle stokken rundt og gjenta same prosedyra her.

Bakre puta med stokken oppå
Hogd flate i rotenden

No skal det hoggast ei flate på nedsida av stokken. Ca. 8″ brei og 3″ inn frå rotenden. Dette er for å få stokken til å liggje rolig på sagstillinga.

Stokken er no klar til å heisast opp på sagbukkane, ved hjelp av to «slinner» og tau. Tauet festast i kvar bukk på sagstillinga, går ned, rundt stokken og opp igjen på sagstillinga. Når to stk. no dreg i kvart sitt tau, vil stokken enkelt rulle opp gjennom slinene, som ligg skrått inntil bukkane. Oppe på bukkane vert den uthogde flata på stokken festa med 2-3 haldhakar i puta. Då er det mogleg å skyve stokken att og fram under saging.

 

ARBEIDSTEKNIKK:

Saging (2)
Overskjæraren løftar og undersjkæraren dreg

Det må to menn til for å sage. Ein overskjærar, som står oppe på sagstillinga, og ein underskjærar, som står på bakken. For å kunne byrje med saginga, skyvast eine einden av stokken utanfor fyrste sagbukken. Då er det mogleg å sage inn ca. ein meter i kvar oppmålt strek. Ein må berre passe på så ein ikkje sagar for longt, slik at ein ikkje også kappar av bukken og overskjæraren dett i bakken…

Når ein har saga ferdig alle spora i toppen, skyvast stokken innover, slik at spora kjem forbi fyrste puta og ein kan fortsetje saginga derifrå. Nedre håndtak på saga kan takast av, så bladet kan puttast ned igjen i det påbegynte sagsporet. No kan ein sage seg heilt fram til puta på andre sida.

Undersiden av stokken etter saginga
Stokken ferdig saga og klar for kløyving

Det er særs viktig at både over- og underskjærar styrer saga og klarer å fylgje oppmerkinga. Ser ein at bladet byrjar å gå utanfor, styrer ein den ved å vri håndtaka som eit sykkelstyre. Ein må gje likt trykk og strekk i bladet, og halde lett i håndtaka, så bladet held seg så rett som mogleg. Ein kan også setje i trekilar i sporet etter kvart som ein sagar, så det ikkje knip om bladet.

Ein startar å sage dei ytste borda, og tek midtstreken til slutt. Det sikrar stabiliteten av stokken under heile sagprosessen. Overskjæraren kan sage heilt til enden av stokken, medan underskjærar sjølvsagt må stoppe ved puta. Det gjerast ved å leggje saga framover.

enda-av-eit-bord-der-saginga-stansar-e1543918346143.jpg
Utkløyvingsmerke på stokken

Det er no berre eit lite trekantstykke som står igjen og held dei ferdige borda saman i rotenden. Den siste biten kløyvast av med hjelp av to trekilar, ein frå over- og ein frå undersida. Her startar ein også på det ytste bordet, og jobbar seg innover. Om det skulle sitje ein kvist i enden, kan det vere lurt å bruke ei øks eller ei håndsag til hjelp under kløyvinga.

No er borda ferdige og klare til å lagrast til tørking oppsett i mare.

VERKTYG

Saga med handtaket
Saga

Å fovandle ein stor stokk om til bord, krev monge ulike verktyg og hjelpemiddel. Vi talte ca. 15 ulike reiskapar gjennom heile prosessen, frå oppmerking til siste utkløyving.

Det viktigaste verktyget, og det som heile arbeidsprosessen er oppkalla etter, er sjølvsagt håndsaga. Håndsaga kom i bruk i Noreg tidleg på 1800-talet. Det var ein lagleg reiskap, som ikkje krevde store investeringar og tilrigging for bruk. Håndsaga kunne brukast heile året, og det var også ein måte og omgås sagbruksprivilegia.

Bøndene kunne riggje seg til inne i skogen med sagstilling, så dei slapp å frakte dei tunge stokkane så longt. I og med at sagstillinga ofte vart laga på staden der tømmeret vart felt, ville utforminga av sagstillinga variere ein del. Dei vart laga i flukt med terrenget på staden, som kunne vere alt frå ei flat mark til ein bratt bakke. Ein laga den med vandringa i vater, og posisjonerte den slik at tømmertet enklast mogleg kunne rullast inn på den.

Sjølve sagbladet er av svensk valsa stål på 1,8 mm. tjukkelse, med ei lengde på 160cm og stansa ut i England. Bladet er også valsa på ein spesiell måte, med rundvals midt etter bladet i lengderetninga, for å oppnå god spenst. Dette er viktig for at saga ikkje vert for mjuk og bøyeleg under saginga. Tennene er vigga 0,6mm. utover til annakvar side, med eit viggejern, og kontrollert med ei måleklokke. Tennene er nesten tverrfilte oppå og framme. For å ta kvisten lettare kan ein skråfile 2-3 grader. Er viggen og filinga fin, kan ein rutsje ei nål ned mellom tennene. Under filinga er sagbladet fastspent i ein filkrakk. Det er to håndtak montert, eitt i kvar ende av sagbladet. Håndtaket nede vert kalla «angel». Det har ein vingmutter i jernklaven, så det enkelt kan takast av og på når bladet skal treast gjennom stokken. Breidda på det nedre håndtaket er 35cm. Det øvre håndtaket vert kalla «tiller». Det forlengar saga med ca. 60 cm. og kan ikkje takast av. Breidda av håndtaket er 60cm.

Vi tykkjer det har vore ei særs lærerik og veldig kjekk veke. Vi har fått vere med på heile prosessen, og undervisninga har gått godt inn på detaljnivå. Vi har også fått sjansen til å sjå kva det vi har saga og hogd ut kan brukast til. Veldig bra!

Saging (1)
Jan, Robert, Roald, Øyvind, Adrian, Thor-Aage og Simon er på biletet og John er fotografen. Desse utgjer heile gruppa og veiledere i handsaging og høvling.

Studiesamling i Karasjok i Finnmark

img_8636
Her er studentane på teknisk bygningsvern samla i Karasjok. Med seg har dei også nokre elevar frå byggfag i Karasjok, tilsette på museet i Karasjok, veiledarane Siv Holmin og Arne Graven. Med på biletet er også forelesarane i bygningshistorie Ingebjørg Hage, Lars Børge Myklevold og Mia de Coninck. Foto: Roald Renmælmo

For fyrste gong har bygningsvernutdanninga på NTNU gjennomført ei studiesamling i Finnmark. Ein av studentane på studieretning teknisk bygningsvern bur og arbeider i Karasjok i Finnmark. Han har som regel hatt lang reise når han skal på studiesamling. Denne gongen samla vi alle studentane på hans heimebane og arbeidsplass; Sámiid Vuorká-Dávvirat i Karasjok. Museet har ansvar for ei samling med bygningar i eit friluftsmuseum som vart flytt dit på 1950-talet. Dei fleste av desse bygningane er automatisk freda samiske kulturminne. Det gjeld også fjøset frå elvesamegården Jávrebaijnjárga i Valjok i Karasjok kommune. Denne fjøsen er under restaurering og høvde godt som objekt for arbeidet til studentane på samlinga.

Fjøs frå Jávrebaijnjárga
Fjøset frå Jávrebaijnjárga slik det står i dag på museet i Karasjok. Lengst til høgre ser du studentane som er i sving med dokumentasjon av detaljar. Foto: Roald Renmælmo

Måndag 12. mars møtte studentane opp på museet og vi gjekk i gang med å kartlegge kva som må til av tømmer og material i samband med restaureringa. Det meste av veggtømmer og bord i bygget er produsert med handsag. Det kan ha vore bygd av lokalt tømmer frå Valjok der garden sto tidlegare, men mest truleg er tømmeret hogd enten i Anarjokkdalen eller Karasjok og fløta ned elva til Valjok. Vi valte å leite tømmer i skogen i Karasjok. Då fann vi fram til eit område der furuene hadde nokolunde tilsvarande dimensjon som det som var brukt i fjøsen. Som veileder hadde vi med oss dendroøkologen Andreas Kirchhefer frå Tromsø. Saman med studentane undersøkte han veksemønsteret i materialen i fjøsen. I ein av veggstokkane vart det teke ein boreprøve for å studere årringane i detalj. Når vi kom ut i skogen tok vi tilsvarande boreprøvar av furuene der for å sjå om det stod i forhold til materialane som var brukt i fjøsen.

Når vi hadde funne stokkar som høvde til dei materialane vi trong så hogg vi dei og drog dei fram frå skogen. Felling, kvisting og kapping vart gjort med hoggarøks. Tømmeret vart så frakta fram til museet sitt område der vi hadde gjort klar to handsagstillinger og handsager til å få saga materialen. Dei fleste stokkane var til veggstokkar på ca 5″ tjukne. Då saga vi to bakbord på sidene. Bakborda gjekk enten til ytterkledning til stavdelen av fjøset, eller til taktro. Det var dimensjonen på stokken som avgjorde om det ble det eine eller det andre.

 

img_8678
Studentane er i fullt arbeid med å sage materialar. I bakgrunnen har vi reist nokre av borda og plankane som er produsert. Foto: Roald Renmælmo

Samlinga i Karasjok var ei kombinert samling for både faget tradisjonsfaglig utøving 3 og faget bygningshistorie 2. I bygningshistorie hadde vi ein serie med førelesingar med fokus på den nordlege landsdelen. Andreas Kirchhefer forelas om dendrokronologi som redskap i bygningshistorie og hadde døme frå daterte bygg i landsdelen. Eg hadde forelesingar om handsagtradisjonen i Karasjok med utgangspunkt i eit dokumentasjonsprosjekt som eg gjorde i 2005. Vidare viste eg bilete frå arbeidet med å byggje gamme i Devddesvuopmi i 1993.

Lars Børge Myklevold frå Sametinget si forelesing hadde tittelen; Hva er samisk byggeskikk? Her viste han døme på kva typar av bygningar som kan vere samiske. Mia de Coninck si forelesning, Det samiske bygningsregistreringsprosjektet, bruk av historiske kilder, resultater og utfordringer, viste korleis Sametinget har arbeidd systematisk for å kartlegge samiske bygningar. Eg heldt ei forelesning om skjelterbygg av ulike slag. Siv Holmin viste døme frå restaureringsarbeid på eit freda samisk bolighus på Middagsmoen i Sørreisa. Dette som utgangspunkt for ei veldig fin drøfting om restaureringsmetodar, verneverdiar og bygningsvernprosessen. Då hadde vi med oss Lars Børge og Mia frå Sametinget som kunne svare godt og utfyllande på spørsmål frå studentane. Det var kjempeflott å få slike bidrag på samlinga.

Nest siste dag på samlinga hadde Ingebjørg Hage tre flotte forelesingar med fokus på byggeskikken i landsdelen. Den fyrste med utgangspunkt i ei bestilling på å seie noko om kvænsk byggeskikk. Ingebjørg var litt meir nyansert enn det, og snakka og viste bilete med døme på korleis ho har funne slektskap med bygningstypar og bygningsdetaljar i Nord–Noreg, Finland (Nord-Sverige) og Russland. Særleg i Karelen verkar det å vere ein del spennande å finne.  Neste forelesing var om gjenreisingsarkitektur, eit tema som Ingebjørg har arbeidd med i si doktoravhandling. Dette er historia bak bygningsmiljøa på dei fleste tettstader og bygder i Nord-Troms og Finnmark og viktig for å forstå byggeskikken i desse områda. Til slutt fekk vi ei forelesning om den nordnorske stuehagen, også eit emne som Ingebjørg har arbeidd mykje med. Her fekk studentane kjennskap til eit emne som vi gjerne er i berøring med når vi restaurer gamle hus, men som få har vore merksame på.

I vinterkulda i Karasjok var det fint å halde på med handsaging fire av dei fem dagane vi var samla der. I løpet av samlinga fekk studentane øvd seg såpass på saginga at det gjekk ganske radig unna med produksjonen etterkvart. På fredagen var det ikkje mange stokkane att å sage før vi rekna med å ha omlag det vi trong til å gjere restaureringsarbeidet. Fram til neste samling i veke 23 skal student Bror Ivar i Karasjok arbeide vidare med restaureringsarbeidet. Målet er å bli klar slik at vi kan tekke taket med never og torv i løpet av veke 23.