Skøtbenk frå Valdres på Valdres folkemuseum

Berre for nokre år sidan var det ikkje funne skottbenk i Valdres. Eg var i kontakt med bygningsvernrådgjevar Odd Arne Rudi på museet på Fagernes, sidan han er mykje rundt på gardar i Valdres. Kanskje hadde Rudi kome over ein slik benk på nokon av sine mange synfaringar? Han kunne opplyse om at skottbenk var ikkje noko han hadde sett i dalen. Nedtur. Vi vart enige om at han skulle halde ein ekstra utkikk etter ein slik benk. Det gjekk vel eit år, innan eg tok telefonen på ny og høyrde om han hadde kome over noko som kunne likne ein skottbenk, men svaret var det same som sist.

Dagen etter denne telefonen, ringer Rudi meg tilbake med nyheita om at han har funne ein skottbenk i Ulnes. Skøtbenken var då reoppdaga i Valdres.

Seinare fekk eg informasjon om ein «trefoting» i Etnedalen. Til alt overmål fann Rudi også benken som denne bloggposten handlar om. Arkivet til Valdres Folkemuseum er enormt stort, mykje befinn seg i samlinga. Klemt mellom eit treskeverk, ei rekkje spissledar og ein laftevegg vart benken oppdaga. Benken har ikkje noko registreringsnummer og var difor ikkje å finne i det digitale arkivet.

Benk funne på Valdres Folkemuseum.

Benken er «enkel» i utforminga. Det er ein kløyvd stokk som dannar botn og vekta i benken. «Klypene» er tappa ned i stokken, omlag 4’’. Det er tappa hol i klypene, for å gi plass til strekkfiskemne, som skal yte press på klypene. Strekkfiskane som går gjennom klypene, er tilverka i bjørk.

Oppmålingsteikning av skottbenken.
Strekkfisken som går gjennom klypene, avlangt hol for kilen.

Benken manglar føter under halvkløyvningen. Dette ser ein ut frå merkjer under.

Foten vart låst i kilesporet. I tillegg fann eg spikarhol som vitnar om korleis foten var festa.

Føtene er låste i eit kilespor under halvkløyvningen. I tillegg er dei spikra frå undersida av føtene og opp i halvkløyvningen. Dette kan vitne om at føtene ikkje har vore særs grove. Vidare er benken mellom 720 og 780 mm høg, målt utan føter. Skottbenkane som er registrert rundt om i landet, varierar mellom 760 – 850 mm. Der eit snitt kan vera om lag 780 mm (kjelde: Roald Renmælmo). Dette kan tyde på at føtene kan vera ein stad mellom 1-2,5’’, om ein tek utgangspunkt i den høgaste delen av benken. Om benken har vore jamnhøg nokon gong er eg usikker på.

Hovudet på strekkfisken som går gjennom klypa.
Kil, ein kan sjå benken er mykje brukt, etter slitasjen på klypa.

Ved fyrste augekast, kan det synsast som kilefunksjon er særs låg i forhold til toppen av borda. Men, skulle ein få plass til bord med 35 cm breidde, kan det ikkje utformast anleis.

Eg har brukt nokre dagar på å laga ein kopi av denne benken. Benken er tilsynelatande enkel i utforming, men eg vart overraska over kor mykje arbeid som ligg bak ein slik benk. Sidan ein har ein halvkløyvning i botn, får ein ingen rette flater å gå ut i frå. Eg valde difor å bruke verkstadgolvet under kløyvningen som referanse. Eg lyfta stokken opp med lik avstand til golvet i båe, ender og nytta ein «referansestav» frå golvet og opp. Dette gjorde det enklare å finne lengda på klypene og lengda på kor mykje av klypene som skulle fellast ned i stokken.

Tapphola er om lag 4’’ djupe.

Eit problem ein kan støyte på i ein slik prosess, er utvalget ein har av materialar. Då eg fann ut at benken er utforma med lunn/halvkløyvning i botn, vart det litt hektisk. Materialane nytta i ein slik benk bør vera nokon lunde tørre. Mykje halvkløyvning hadde eg ikkje på lager og måtte difor til skogs. Ei gran som såg relativt tørr ut på rot, vart vald. Det var ei utfordring, då ho og måtte ha rette dimensjonen. Før eg felde treet sjekka eg om det var rettvokst, noko treet heldigvis var.

Folkevogn er kjekt å ha.

Eg valde å kløyve lunnen på sag. Sjølv om originallunnen sannsynlegvis vart kløyvd med kilar og sidan telgd. Tidlegare hadde eg kløyvd opp ein del 2-2,5’’ furu, som fint kunne nyttast til klyper. Ferdige klyper skulle halde om lag 2’’ tjukke og 7-7 1/4’’ breidde.

Emne til klyper.

På originalbenken var klypene tilverka forholdsvis grovt med øks. Noko eg også prøvde meg på. Emne til klyper og halvkløyvningen var ferdige kvar for seg, og moneringa kunne ta til. Midten på halvkløyvningen vart merka i båe endar og sotsnorslag danna ei referanseline eg kunne jobbe ut i frå.

Halvkløyvning med referanseline.
Tapphola i lunnen, om lag 4’’ djupe.

Det var ikkje heilt enkelt å forstå originalen og funksjonen på klypene. Benken har stått lenge og veden har krope ein del. Bevegelegheita på klypene var difor særs begrensa. Om benken var konstruert med bevegelege klyper berre på eine sida, fann eg difor ikkje noko sikkert svar på. Likevel valde eg å montere desse fast på sida ein står og høvlar, samt at eg laga tapphola meir romme i botn på andre sida. Klypa nærast kilen har difor evna til å bevege seg. Klypene er plugga med tretappar gjennom halvkløyvningen. To pluggar på kvar klype med diameter på om lag 3/4’’. Hola ser ut til å vera bora vassrett inn, og har same diameter på båe sider. Sidan benken ikkje kan demonterast, er det vanskeleg å seie om dette er bora med spiralbor heilt gjennom lunnen, eller om det er bora inn med navar frå båe sider.

Nabbar/pluggar som held klypa stabil i halvklyvningen.

Eg har enno ikkje montert desse pluggane sidan halvkløyvningen er noko rå. Eg plukkar difor ut klypene og justerer hola og pluggar når halvkløyvningen har tørka. Håpet er at den ikkje går seg bort på vegen mot eit tørrare liv. Vidare har eg heller ikkje hogge inn føtene under halvkløyvningen. Dette gjer eg når emnet har tørka, då føtene truleg vil flukte betre over tid.

Strekkfisk

Strekkfiskane på originalbenken er tilverka i bjørk. Det ser ut til at emnet er henta frå rundtvyrkje som held om lag dimensjonen som var ynskt, om lag 4’’. Ny utfordring! Eg fann likevel ei bjørk eg hadde felt for eit år sidan. Den var ikkje heilt tørr, men tørr nok til at krympen ikkje blir stor. Også desse emna er tilverka med øks og litt sag. Eg prøvde difor å gjera utforminga lik, med same type verktøy.

Hovudet på ny strekkfisk
Kile på originalbenken.

Eg er litt usikker på om kilen på skottbenken er original. Dei får noko hard medfart ved bruk og er truleg bytta ut i nyare kilar. Eg laga mine kilar noko lenger enn referansa. Noko som vil kunne klemme borda på skottbenken meir i saman.

Kil i bjørk.

Så var det borda som skulle på plass i klypene. Sidan klypene står tettare i halvkløyvningen enn dei gjer på borda, må borda fellast inn med ein vinkel i klypene.

Litt vanskeleg å sjå, men innfellinga er om lag ein halv tomme breidare nest.

Eg trur det er gjort på same viset på originalen. Det er vanskeleg å sjå utan å måtte demontere borda. Eg gjordet det slik for ein annan grunn òg, nemeleg fordi eg ikkje hadde topp vyrkje til bord. Eg laut kjøpe bord til dette, men desse hadde berre rett lengde og var brukbart rette. Feilen er at borda har store kvistar der høvelen skal jobbe, og dette gjer det vanskelegare å halde toppen på benken rett og sjølve rettearbeidet vanskeleg. Eg ynskjer difor å skifte ut desse borda ved eit seinare høve, då er det enklare med jamn innfelling i borda og ikkje skrå.

Innfelling av bordet på klypa.
Nesten ferdig benk, manglar nabbar i klyper og to føter.

Skottbenk frå Suigard Tveiten, Grongedal

Oppmåling av skottbenk på Eidsborg, Vest-Telemark Museum

Denne Skottbenken blei funnet av Martin Eriksen og Trygve Lia på Suigard Tveiten i Grongedal (Haukeli). Eigar av benken er Svein Henry Ekre.

Då benken blei funne, hang den på ytterveggen av eit middelalderloft og såg ut til å ha hengt der ein god stund. Middelalderloftet har vært malt og det har dei gjort uten å ta ned skottbenken frå veggen, så då har den også fått seg eit strøk med brunmaling. Dei har til og med gjort seg flid og mala inn mellom langborda. Når dei tok benken ned kunne ein sjå avtrykk av benken på veggen. Eit slikt avtrykk kunne vel i seg sjølv tiltrekt skodelystne skottbenktilhengarar.

Her ser vi Skottbenken der den hang på veggen. Martin Eriksen (bildet) var ein av dei som fann benken

Bukk

Benken er kring 5m lang og rundt 70cm høg. Den er laga i furu, (muligens noko gran?) og er relativt enkelt lagd. Det er brukt ein god del klippspiker når den er blitt lagd, noko som også tyder på at denne benken kanskje er av nyare dato. Alder på benken er ukjend.

Langbord understell

Bukkane er i hovedsak laga av to tverremner og to ståande emner som er tappa gjennom dei tverrgåande. Det er gjennomgåande tappar også i i bunnemnet der dei i tillegg har slått inn ein kile frå undersida.

Underside bukk

Eg ser for meg at det har vært ein kile som har blitt brukt for å klemme saman langborda. Ein kan sjå spor etter ein slik kile på eine bukken, men ellers ingen tydlig bruksslitasje etter ein slik kile.  

Sannsynligvis spor etter kile

Benken har også blitt stiva av med to skråstilte bord. Desse er gjort smalare der dei ligg ann mot midten av langborda.

Nedanfor er teikning og mål av benken. Eg har tatt meg friheit til å forenkle mål og nokon av delane då det var ein del variasjon i tjukkleik og lengde.

Skottbenk fra Jopålsagården, Narjordet, Os i Østerdalen

 Studentene ved Tradisjonelt bygghåndverk ved NTNU i Trondheim har høsten 2020 hatt i oppgave å finne og dokumentere en skottbenk eller en høvelbenk i sine respektive hjemmeområder.
Jeg (John Ryen) fant en hjemme på gården. Gården heter Jopålsagården og ligger i bygda Narjordet, Os i Østerdalen. En gård  fra ca. 1669.  Denne skottbenken er av nyere tid. Jeg så en innriss der det stod 1905 på skottbenken.
Det er ikke noe gammel benk, men dog en fin benk. Det er trolig John Johnssen Ryen (1872-1957) som bygget denne skottbenken.  Han var tømrer og har bygget opp huset på Jopålsagården (bruks nr. 9).  

Skottbenken på Jopålsagården

Jeg har tatt mål og dokumentert denne benken med en tanke om og skulle produsere en slik benk i løpet av høsten 2020. Denne benken er tilsynelatende laget av furu. Jeg tipper den ble bygget for kanting og høvling av panel, da gammelfjøset på gården er kledd med vekselpanel med ca. lengder som passer skottbenken. Det passer også bra inn med at John Johnssen Ryen bygde gammelfjøset.

Her kan man se at det er ganske slitt. Trolig brukt kiler til fastspenning av emner

Da jeg fant denne skottbenken, så fant jeg ikke noen kiler i nærheten. Dvs. at jeg tror det er kiler, men fant ingen kiler. Det er ikke skrue eller andre metoder som er brukt til fastspenning.

Her skimtes årstallet 1905 og J.J.R
Benkens totale lengde
Bukkene er trukket inn omlag 5/4´ Alen fra endene av langbordene
Mål på bukk og langbord.
Bukk og fot
Innfelling av langbord

         

Ovenfor vises bilder av skottbenken med mål. Alle mål er oppgitt i cm.
Man kan også se at bordet som sitter fast i rammen er boltet fast.
Dette var et spennende funn, og blir spennende å lage. Den blir trolig brukt i vinter.

Skottbenken i Leksvik

Denne skottbenken er i dag i samlingen ved bygdetunet Ner- Killingberg i Leksvika på nordsiden av Trondheimsfjorden. Benken er tidligere omtalt av Lars Asdøl og Dyre Bystad på Norsk Skottbenk Union sine sider tilbake i 2014, men ble ikke detaljert oppmålt den gangen.

Siden jeg nå var på jakt etter en god skottbenk som grunnlag for å lage en ny, funksjonell benk, startet jeg min personlige reise inn i skottbenkens mytiske form og funksjon akkurat her. Og når jeg nå reiste dit og fikk studere benken, fant jeg akkurat det jeg lette etter; en praktisk, funksjonell benk med solide detaljer som likevel framstår som nett og fin, akkurat en sånn jeg hadde lyst til å bygge. Dermed ble min personlig reise denne gangen redusert til en fergetur over fjorden.

Benken ble i sin tid gitt til bygdetunet på Ner- Killingberg, og den ble da merket «Albert Penna    Skåtbenk». Penna er navnet på en gård som ligger midt i Leksvik.  Gjengesnittet og tappen som kan ha blitt brukt for å lage selve skruene fins også ved museet. Denne er merket N P D 1874.

Under registreringen ble jeg noe i tvil på om de har forholdt seg til norske tommer eller om den er såpass ny at det metriske systemet kan ha vært anvendt.

 Noen mål på benken går pent opp med centimeter, mens mange av målene faller fint sammen med hele, halve, kvart- og åttendedelstommer. I tillegg virker det som at enkelte mål slenger litt under hel dimensjon. Jeg noterte målene underveis både i tommer og cm, men etter hvert ble jeg ganske sikker på at benken er tenkt i norske tommer, og at enkelte avvik fra dette kan skyldes dimensjonen på emnene de har brukt, etter tørking og oppretting.

Videre oppgir jeg her hovedmålene i meter og detaljene i norske tommer, da dette faller naturlig i denne sammenhengen.  

Skottbenken har en høyde på 76 cm, noe som gir en fin arbeidshøyde.  Benken har to sett med langbord, ett på 3,03 meter, og ett par på 4,7 meter. På de korte bordene er føttene plassert med senter 71 cm inn fra endene, mens på de lengste bordene er føttene plassert 92 cm inn. I tillegg er det forskjellig dimensjon på langbordene, de korte bordene er 6 x 1 3/8«, mens de lange er 6 ½ x 2«. Logisk nok er de kraftigere jo lengre de er. Benken er gjort tilnærmet slett utvendig på den siden med fast vange, der du står og høvler. Det virker fornuftig, du kan gå tett inntil benken hele veien når du jobber.

Langbordene er av gran, normalt med kvist her og der, men ganske jevnvokst og lite spor av tennar og spenninger. De har unngått rota på treet her, og funnet rolig ved, men ellers ikke vært så nøye på kvaliteten. Langbordet som er fast har to loddrette hull, som dannes av hver sin klave i bjørk på yttersiden, Disse er spikret fast i langbordet, og er pent avrundet, siden dette er den siden du står når du høvler. Det faste langbordet er tredd ned over toppen av den ene stolpen på hver fot, og er nøyaktig felt, slik at det låser godt med lite slakke.

Begge de faste langbordene er merket med en «I» på den ene klampen, og den ene foten er også merket likens, slik at føttene har fast plass i langbordene. De løse langbordene som ligger mot skruene kan bare monteres en vei, og slik har alle deler fast plass når benken er montert.  Jeg tolker dette som at nøyaktig tilpasning er viktig her. De var opptatt av minst mulig slakk, for å få minst mulig rakling og bevegelse når man bruker benken.

Føttene er laget i gran og bjørk. Selve labben, og stolpen til den faste vangen er i gran, mens stolpen med skrue i, selve skruen og tverrtreet imellom er lagd av bjørk.

Alle fellinger på føttene er også ganske presise. Begge stolper er felt med en 2« tapp ned i labben, og disse er låst med ½« trenagler som er boret inn fra ene siden i labben. De går ikke tvers gjennom labben. Hodet på naglen er til dels firkantet. Skruene har ytterdiameter på 2 1/8«, mens hodet er 3 1/2 «. Det går en 5/8« gjenga bolt tvers gjennom tverrtreet og begge stolpene, med skive og mutter på hver side. Dermed kan man stramme opp hele bukken, og holde den stabil og stødig.

Men hvor gammel er benken? Det er sirkelsagskur på vangene, og det er brukt svart trådspiker for å feste klamper m.m. på disse. Boltene som står i har sekskantet mutter og rund skive. Det lille vi ser av gjengene ser grovt ut (tommegjenger). Bolt, skive og mutter minner om detaljer fra andre gjenstander fra tidlig 1900-tall.

Selv om langbordene med sirkelsagspor i teorien kan være nyere enn føttene, så tror jeg ikke det. Alle delene fremstår helhetlig og veldig godt tilpasset hverandre. Dersom gjengesnittet har vært brukt på denne benken, kan den ikke være eldre enn 1874. Summen av disse detaljene gjør at jeg foreløpig tipper alderen til å være ± 1900.

Dette er alt i alt en flott benk, som virker å være utformet for å lett kunne demonteres og flyttes. Høvelspor og tilpasninger vitner om at den er lagd av en trygg og effektiv håndverker som har hatt et avklart forhold til hvor det er viktig å være nøye, og hvor det ikke er så nøye at dimensjonene varierer litt.  

Det blir spennende å se om det fins flere opplysninger om benken, og om det fins tilhørende høvler etter hvert.

Skottbenk fra gården Engeli, Onsaker, Jevnaker kommune.

Skottbenken fra låven på Engeli

Benken ble funnet ved en befaring av låven på Engeli i 2015.

Låven hadde sterkt fremskredet forfall og jeg var der for å vurdere tilstand og lage en rapport for å søke midler til istandsetting. Det viste seg at dette ble et urealistik prosjekt for eier, og låven ble av sikkerhetsmessige grunner revet.

Det er ikke kjent at det har vært utøvende håndverkere på gården ut over til eget husbruk. Det kan nevnes at det var smie på bruket. Historien til benken er dermed usikker, men det er ikke usansynlig at den kan ha blitt brukt da huset på gården ble bygget i ca 1875.

Gården Engeli ligger helt ned mot Randsfjorden, så tanken om at skottbenken kan ha vært brukt i forbindelse med båtbygging kan ikke utelukkes. Dette på lik linje med to skottbenker som er funnet i Lima i Sverige som jeg ser at det stilles spørsmålstegn til om kan ha vært brukt til det. De to svenske benkene har svært lik utforming og benken jeg har funnet har tegn på at den har vært skjøtet ut for å høvle lange emner.

Den ene av de to kabbene som utgjør understellet til skottbenken

Benken er enkelt utformet ved to kabber i furu er brukt som «bukker/understell». I hver kabbe har det blitt hugget ut ei kløft som er flat i bunnen og det dannes dermed to «horn» der et fast langbordet er spikret i det ene hornet og et løst langbordet har blitt festet med kiler mot det andre hornet. For å minske faren for kløyving av kabbene er det brukt en gjennomgående konisk treplugg med diameter ca 30-35mm som er kilt i den tynneste enden. Ca 1/3 av trepluggen stikker over den relativt flate bunnen av kløften mellom hornene.

Det ser ut til at hele bukken har hovedsakelig blitt tilvirket med øks med ca 65mm bred, litt buet egg. Det er også noen merker etter et ca 30mm bredt tapp/stemjern. Tverrvedsnittet som danner bunn av den ca 25mm dype hylla som det faste langbordet hviler på, er saget. Arbeidshøyden har vært ca 72-75cm.

Det er en del spor etter bruk ved at det faste langbordet har vært rettet av noen ganger da det er parallellt til ca halvvegs og smalner av mot toppen.

Det ene hornet på siden der løsbordet skal kiles er noe høyere en de andre, men om langbordene har vært 8″-9″ brede da benken var ny vil også dette hornet ha gått under toppen av bordene.

Kabbene/bukkene bærer preg av at de har vært stikkspikret til gulvet i flere omganger da det er mange gamle spikerhull og hele og knekte spiker rundt kanten på begge kabbene. Det er er også blitt brukt lektestomper som har blitt spikret fast i siden på kabbene og ned i gulvet for stabilisering ved bruk. Disse er spikret med trådspiker med riflet hode og har nok kommet på i ettertid.

Undersida av den ene kabben med spiker som har vært brukt til å feste den til et gulv eller lignende

Det er også et borret hull på ca 13 mm i langbordet i nærheten av den ene kabben som kan tyde på at det har vært satt opp en treplugg som lengdestopp. Det ser ikke ut til at det har blitt brukt stopphake i jern.

Midt på langbordet er det tydelig fargeforskjell og spikerhull. Det antas at det kan ha vært brukt en bukk til som ekstra understøttelse/mothold for rettbordet? Det er ikke tatt ut i langbordet her slik som for hornene i hver ende.

Det faste langbordet er i gran og har noe varierende tykkelse som varierer mellom 38 – 47mm og bredden er ikke parallell, da det er 190 mm i rota og midt på og 175mm i toppen. Jeg finner ingen spor som sier noe om langbordet er skåret på oppgangsag/kransag, kun økset underside og de tre øvrige sider høvlet.

I den ene enden av langbordet er det en økset skrå flaksjøt med spikerhull som jeg først tolket til at dette var et gjenbruksbord. Ved nærmere undersøkelse har jeg mer tro på at langbordet har vært skjøtet ut for å få benken lengre da de fleste bruksspor tyder på at langbordet har sittet på benken fra den var laget og at flaksjøten er laget samtidig eller senere en benken. I den andre enden er bordet kappet med sag, noe ut av vinkel. Bordet kan her ha vært kappet en gang da sagsnittet virker nyere enn resten av sporene på benken og det er lite slitasje på kantene av snittet.

Midt på langbordet er det tydelig fargeforskjell og spikerhull. Det antas at det kan ha vært brukt en ekstra bukk som understøttelse/mothold for rettbordet? Det er ikke tatt ut i langbordet her slik som for hornene i hver ende.

Det faste langbordet sitter med margen inn mot senter av benken.

Hornet er felt inn ca 10mm i langbordet og det er saget inn og tatt ut en hylle i hornet på ca 25mm som langbordet hviler ned på. I hvert horn er det spikra med 4 stk 4″ hand-smidde spiker fra innsida og ut i hornet og neia. Lengde på langbordet slik det var da jeg fant den er inkl skrå flaksjøt: 4,70meter.

På denne benken er det løse langbordet forsvunnet, så man må bare gjette seg til hvordan dette eksakt har vært utformet. Med bakgrunn i at den ene benken som er funnet i Sverige forøvrig er så å si identisk, kan man anta at utformingen av det løse langbordet også har vært relativt likt på denne. Det har ikke lykkes meg å få tak i eksakt utforming ut over bilder funnet på nett på den svenske benken.

Det løse langbordet må ha stått på stående bordbiter som har stått ned på bunnen av kløfta mellom hornene, eller kun på ryggen av trepluggen som stikker 10-15mm over bunnen. Det siste vil gi en mer eksakt høyde på langbordet under bruk da det fort vil bygge seg opp flis/spon om det står nede på hel flate. Dette underbygges også av at toppen av trepluggene kan virke «blankslitte».

Største mulig bredde på emnet inkl en liten kile:

Avstanden fra rettbordet og bort til det andre hornet er ca 12-14 cm. Det vil si at om det løse langbordet er som det faste, ca 38-47mm og en kile på ca 25mm vil det kunne høvles opp til ca 2″ tykke bord i denne benken.

Skottbenk

Denne skottbenken tilhører Egge Museum og har stått som utstilling i masstua deres. Den er tidligere dokumentert av Kai Johansen og grunnen til at jeg også dokumenterer den er for jeg skal lage en kopi.

Det virker som en veldig solid og enkel benk. Det er en kraftig 2 toms skrue i bjørk. Det «faste» langbordet blir holdt på plass med en liten treplugg i hver fot, som gjør det veldig enkelt å montere og demontere benken.

Lengden på langbordene er 381,5 cm lang og bredden 19 cm. Høyden på benken er 75,8 cm. Føttene er laget av furu og langbordene er gran. Kilen og tappen som holder føttene sammen er laget av bjørk. Sliteplate på det løse langbordet som skruen presses mot, er også i bjørk.

Toppen av langbordene er veldig slitt, og det er tydelige spor på at den har blitt brukt til mye annet enn bare skottbenk.

Kledning

Vått, mildt og vindfullt klima. 

På vestlandet er ein kjent med vått og vindfullt klima.  Dette har det vore teke omsyn til gjennom tidene ved oppsetting av hus. Som oftast er eine endeveggen orientert mot den dominerande værretninga, og gavlveggen er ein del av ei sval/ skåle eller eit skot. Svala beskyttar tømmeret til huset, og blir å sjå på som ein slitedel. Ein kjem då unna med å kle den minste veggen til huset. Ein ser og at tuna er orientert i rekke slik at husa “tek av” for kvarandre. 

Sangarstemne i rekketunet. Romsdalsmuseets fotoarkiv.

 Hammervollstua frå Eidsvåg i Langfjorden er eit langt todelt hus. Eine delen er ei alderdommeleg årestue med eldstad midt på golvet og ljore i taket. Den andre delen er ei tømmerstue bygd 1822 med gang, kove og kammers. Eldstaden er ein peis i eine hjørnet med skorsteinspipe. I kvar ende på huset er det skåler/ skot.

Teikningar frå Romsdalsmuseets arkiv.
Familien Hammervoll. Romsdalsmuseets fotoarkiv

Huset blei flytta til Romsdalsmuseet i 1927/28. Seinare blei både løa og stabburet flytta, og dannar i dag eit firkanttun, der langveggen på stua er vervegg mot vest! Nesten alt av vind med regn kjem frå vest- sørvest. Tømmeret rekk nesten aldri å tørke opp i mellom regnbygene, så museet har sett seg nøydd til å kle opp veggen for å ta vare på det originale tømmeret. 

Vått tømmer i veggen.

Å kle eit museumshus som aldri har hatt kledning byr på ein del spørsmål. Kva er tidsriktig, korleis er vindusomramming, materialvalg, overflate, profilar etc.? 

Det blei sett på ein del eldre originale hus i Romsdalregionen for å ha som grunnlag til eit val. Ståande tømmermannspanel i furu med bredder etter stokken med høvla overflater og profil i sida på påbordet går igjen på tidstypisk 1850 stil. 

Kledningsprofil frå Vorpeneset, Langfjorden

Det blei fellt nokre furutre på museumsområdet, og dei blei saga til ukanta tomsbord og la dei på granstrø til tørking ein luftig stad. Etter tørk blei kantane skore rein for geitved, og margsida som er yttersida høvla med okshøvel. Deretter blei borda sett i skottbenken, https://skottbenk.com/category/geografisk-plassering/noreg/more-og-romsdal-noreg/fraena/ kopi av Lømyrbenken som var ordna i anledninga ,og retta med skottoksen, og tilslutt blei det profilert ein kvartstaff med kant.  

Før arbeidet på veggen starta blei det satt opp eit stillas eit stykke frå veggen med presenning over frå takskjegget for å kunne arbeide nokonlunde tørt og få sleppe å få ufsedråpen i nakken. 

Retting og lekting

Veggen er lekta med noko oppretting. Lektene er skore ut av ein plank til 2×5/4 toms i rein alved. 5 kvart dannar god lufting bak kledninga og for tømmeret. Underliggerane ved skilleveggsnover, dør og vindu var dei første borda som blei montert. Så var det å leite fram og sortere passelege breidder og få det til å gå opp i dei ulike felta med både underliggar og påbord, og ta hensyn til rot og topp. Innfestinga er  Mustad 4 toms svart bygningsspikar, ein midt i underliggaren, og to i påbordet i kvar lekte. 

Innfesting med svartspikar. Spora etter sirkelsaga er vanskeleg å høvle vekk nære kvisten.

Det ferdige kledde huset framstår med eit anna uttrykk enn tidlegare, men ein kan tru at stilen som er valgt med alfuru som skal stå ubehandla og bli vergrå peikar imot noko som kan opplevast som tidsriktig.  Og ikkje minst med desse milde og våte vintrane er det godt for tømmeret å få god lufting og tørke opp. 

Huset ferdig kledd
Dei ulike bredden på borda skapar liv i veggen.


Om ikkje anna er nemnt er foto/ film ved forfattar.

Kjelder: -Bjørn Austigard
-Lokale bygg
-Romsdalsmuseets fotoarkiv

Rettbenk på Søre Risteigen, Veggli i Numedal, Buskerud

Rettbenk dokumentert i Buskerud

Norsk Skottbenk Union

Bilde1 Rettbenken på gården Søre Risteigen. Foto: Ivar Jørstad

I Veggli i Numedal ligger gården Søre Risteigen, en riktig gammal gård står det i Rollag bygdebok. Man antar at Risteigen har blitt delt i to allerede før svartedauden, så Søre Risteigen har en over 650 år lang historie. Gården har en stor tømmerlåve, og der inne står benken jeg har vært og sett på. Da jeg ringte nåværende eier, Berit Mogan Lindheim som har vokst opp på gården, og spurte om å få komme på besøk, kalte jeg benken for skottbenk. Hun må ha skjønt hva jeg mente, for hun kommenterte det ikke noe da. Men etter at vi hadde hilst på tunet, og jeg ble vist plassen den sto, gjorde Berit meg oppmerksom på at der på gården kalte de den for en rettbenk. Hun visste ikke noe spesielt om den, men den hadde stått der så lenge hun kunne…

View original post 292 fleire ord

Første strykebenken er ferdig

IMG_3538

Me er komne til siste dagen på denne studiesamlinga. No nermar fleire av benkane seg ferdige, og me har hatt ein gjennomgang av korleis ein strykebenk artar seg i bruk.

Strykebenken skal fungera til å retta kanten av eit bord. Ein får retta både vinkelen på kanten av bordet, og linja i lengderetningen på bordet, i same operasjonen. Ymse profilering og pløying kan takast i same slengen i tillegg. Benken må vera heilt korrekt, med heilt rette langbord, skal dette fungera.

Dersom ein med det same ønskjer å høvla plog og pinn (not og fjør) på golvbord til dømes, stillest det også høge krav til bordet ein høvlar. Det lyt vera heilt plant på oppsida, som vert den sida ein skuvar landet på høvelen mot sidevegs når ein høvlar i strykebenken. Baksida (undersida av eit golvbord) derimot, er det ikkje så farleg med. På gamle golv er dei oftast dimensjonert på tjukkelse kun på dei punkta dei ligg nedpå ein golvbjelke. Denne dimensjoneringa er gjerne gjort med øks dersom det er mykje som skal takast av, eller ein høvel (til dømes ein grubhøvel (skrubbhøvel)) dersom det er mindre material som må vekk.

 

Bukkane nermar seg ferdige

IMG_3468

Dei ymse strykebenkane og høvelbenkane som er under arbeid, tek no form. Understella («bukk», «krykkje») på strykebenkane har ein liggjande tverr-oke eller såle som ligg mot golvet, og opp frå denne står det vanlegvis to bein. Samanføyinga mellom sålen og beina, har ei eller form for tapping tvers gjennom sålen, og som regel også kile frå undersida, opp i tappen. På denne måten vert samanføyinga svært stiv.

Me ser at ein del gamle understell på originalbenkane har sprukken såle. Med ein stor tapp, og lite ved att på sidene av sålen, vil det vera fare for langsgåande sprekker i sålen. Spesielt dersom kilane i eller rundt tappen er slegne i på langs av veden i sålen, og dermed vil sprengja på veden. Samstundes er det viktig å få laga understella heilt stive i denne retningen, sidan det er denne vegen bukken vert røynd når ein skal høvla i benken.

Andre vegen, på tvers av høvelretningen når ein brukar strykebenken, er også viktig å få stiv. Men noko slakk denne vegen, vil straminga av benken ta seg av, når ein spenner borda fast for å høvla.

Mange av strykebenkane har skruvar til å stramma langborda med. Vanlege dimensjonar på skruvane ser ut til å vera to til to-og-ein-halv tomme. Verktøy til å skjera gjengar, finnest både i gamle heimelaga versjonar, men dei er også i handelen hjå til dømes Dieter Schmied.