Litt om sagfiling

Etter tre dagar på Voss med sagfiling, ilag med Trond Oalann, Georgios Vie Sokorelis og med Aksel Weller som instruktør. Vil eg med dette dele nokre av momenta Aksel la vekt på.

Generelt

Generelt er det viktigare at toppen på tennene er retta av i 90° i forhold til bladet, enn at vikkinga er lik på begge sider. Om vikkinga ikkje er heilt eksakt lik på høgre og venstre side har det eigentleg kunn innverknad på plaseringa av bladet i sagsnittet. Om toppen/tannhøgta ikkje er heilt rett, skjer saga skeivt.

Alle avvik på til dømes tannhøgder, vikking og filing av tennene vil gjere at ikkje alle tennene arbeidar likt. Noko som fører til at det må leggast inn meir arbeid for å gjere den tiltenkte jobben. I mitt tilfelle saga eg ei lengd på ein meter i 2″ furuplank på 47 sekund på vindussamlinga vår på Voss (med tannforma me laga på Sverresborg). Nå etter filekurset er tida nede på 31 sekund, med same mann og sag med «progresiv» tanning (meir under «Langvedsag») i tilsvarande material. Ingen eksakt vitenskap, men kan vera til samanlikning.

For å få til eit godt resultat er det ei rekkefølge som kan væra verd å merke seg:

  • Slipe/bryne sidene (restaurering/fjerning av rust)
  • Rette av tannhøgda (viktig med 90°)
  • Tannbotn
  • Forme tennene
  • Vikke
  • Stryke av toppen (endå viktigare med 90°)
  • File tennene/eggen

Me nytta sverdfil til forming og filing av tennene, flatfil til retting av toppen/tannhøgda og  rundfil til tannbotnen på stokksag/svans (fekk ein liten demostrasjon på filing av stokksag). Tradisjonelt er det mykje nytta trekantfiler i Noreg. Aksel meinar det er viktig å læra seg å file ei og ei flate og å forstå kva ein gjere, før ein går på med trekantfil som filer to flater samtidig. Unøyartighet kan gi mykje større konsekvensar med trekantfil. Det er som med mykje anna: «øving gjer meister».

Legg merke til det som er merka grønt på skissene under: Det må rettast av så mykje at ein kjem under slitasjen. Slitasjen vil vera størst på ytterhjørnene som her er merka raudt. Ved filing vil vikkinga bli redusert, dette er ikkje noko problem den fyrste eller andre gangen ein filer.

Ein må vurdera kva material ein arbeider i: hard/mjuk, tørr/rå og om ein ynskjer fint/grovt snitt og/eller rask/sein sag. Her kjem val av vinklar og kor mykje tennene er vikka inn. Aksel nytta auga og følelsen (røyndsla) i val av vinklar. Han nytta og auga (med godt lys og forstørringsglas) i rettinga av toppen, vikkinga og filinga av tennene. Vinklane som er nemde under er mine målingar av filte sager.

Langvedsag

Tennene på ei langvedsag skal fungere som ein høvel. Heile breidda på kvar tann skal vera i arbeid.

s-c458-18030214521-e1520416579853.jpg
Skissa syner nokre av momenta som er viktig å huske på ved oppsett av ei langvedsag

Skissa under er frå midtfeltet på mi sag. Vikkinga er på 0,25mm. 5 mm mellom spissane og tannhøgda er på omlag 4 mm. Den har mindre aggressive tenner (rundt 88-89°) i starten, omlag 10 cm, før tennene få forma som vist på skissa. Den siste tredjedelen av bladlengda har noko meir aggressiv tanning (rundt 93°). Både framsida og baksida av tennene er filt rett over (indikert med 0°)

S-C458-18030214510
Skissa syner vinklane eg nytta på mi sag under kurset. 40 graderen er omtrentleg. Raud vinkel er med utgangspunkt i 90 grader ut frå bladet (horisontalt).

Kappsag

Tennene på ei kappsag skal skjæra over trefibrane på tvers.

Kappsag
Skissa syner nokre av momenta som er viktig å huske på ved oppsett av ei kappsag

Mi kappsag har måla som vist i skissa under over det heile. Vikkinga er på 0,2 mm. 4 mm mellom spissane og tannhøgd på omlag 3 mm. Slik vinkelen på baksida er nå (20°) passar den til hardare tre (hard bjørk). Vil nok file denne litt spissare om det er for furu. Vinkelen framme (76°) er ok, men kanskje litt agresiv. Ellers ok. Eg vil file ein gong til med desse måla, men utan å vikke, for å teste. Dette gir litt mindre vikk, og eg er spent på om saga endrar seg nevneverdig etter det.

Kappsag
Skissa syner vinklane eg nytta på mi sag under kurset. Raud vinkel er med utgangspunkt i 90 grader ut frå bladet (horisontalt).

Tankar

Som tidlegare nemnd, nytta ikkje Aksel vinklar eller mål når han filte. Eg tenkjer at om me skal skriva om dette, huska kva som er gjordt og tenkt for å forbetre, og for  kunne samanlikne, er me avhengige av å nytte tal.

«Ein time med filing kvar andre veke, tener ein inn att på presisjon og hurtighet». Aksel sitt krav til finish og nøyaktighet er noko å strekje seg etter.

Til slutt vil eg sei at dette ikkje har rot i norsk tradisjon, men er Aksel si erfaring rundt kva som fungerar, ispedd mi forståing og missforståing i eit forsøk på å skrive dette ned.