Arbeidet bak det å lage ein vinduskarm



I Sandsværhuset vi lagar kopi av på Kongsberg har vi funne spor etter 3 originale vindusopningar. Dei originale vindauga er skifta ut, men eit har truleg blitt flytta opp i 2.etasje. Vi har valgt å kopiere dette vinduet som muleg har vore eit av stovevindauge, måla stemmer overeins med originale beitskia og spor i vindusopninga.

Karmen har nokså vanleg utforming og er sinka i hjørnene. Midtposten er derimot meir frå seg gjort med profilar på alle kantar. Profilen er samansett av fleire platter som danner ei flott søyleliknande utsjånad.


Dimensjonering av emne

Eg starta med å lage ein mal på ei bein lang lekt. Her rissa eg inn viktige mål. På den eine sida tok eg høgda på vindauget og på andre sida tok eg breidda. Her legg eg inn mål der fals, innvendig karm og kvar midtposten kjem.

Når ein skal ta ut emne til karmen, kan ein ved å bruke malen unngå å få kvist der sink, tapp og midtposten kjem.  

Eg sagar ut karmemnet frå 2 ½” ukanta furubord. Eg vel å ta bort geitveden sidan det var nok alved til heile breidda, i tillegg var der ein del blåved i geitveden i emna. Alternativt kunne ein tatt med geitveden, men vore konsekvent med å legge den inn i huset.

Emna er då klare til å bli høvla. Som ein mulig kan sjå på bilde har 3 av emna marg i seg. Dette kan gjere at ein får sprekkdannelse i karmen, men dette var materialen eg hadde tilgjengelig.

Grovhøvlinga gjer eg med ein skrubbokse, som effektiv fjernar materiale og rettar opp grove vridingar i emnet. Etter grovhøvlinga går eg ever med ein litt finare høvel, før eg til slutt brukar rubank/langhøvel for siste retting.

Eg brukar to siktestikker for å sjå etter vriding i emnet. Siktestikkene er to emner i bjørk som er nøyaktig retta og dimensjonert.

Etter eg har retta den eine flask sida, som blir inn i karmen, rettar eg kanten vinkelrett.  Det neste er då og bruke ripmot for å ta ut breidda på emnet, for så å høvle den andre kanten vinkelrett, medan utsida får bli uhøvla.

Så skal det høvlast fals på alle emna. Her rissar eg målet inn, som er det same som rammetjukkelsen. Deretter brukar eg ein ploghøvel med djubdestopp, som lagar eit spor i emnet. Her frå er det fleire vegar ein kan gå, ein kan bruke øks til å fjerne det grovaste, ein liten skrubbhøvel eller ein semshøvel. Eg valte å bruke ein semshøvel med djupnestopp.

Midtpost

Her har eg saga ut emne til midtpost, og deretter dimensjonert og retta den til riktige yttermål. Så høvelar eg fals for begger vindusrammene.
For å lage platte profilane må eg feste ein dybdestopp på semshøvelen. Profilen skal være 2mm djup. Eg legger tre punkter med kvit lim og spenn på tvinger. På denne måten kan ein berre slå den av når den ikkje trengs meir.

Her rissar eg først opp avstandane med eit rippmot. Deretter bruker eg kanten på semshøvelen til å høvle meg ned i risset. Eg høvlar med slakare og slakare vinkel, slik tek eg djupare og djupare. Så tar eg semshvelen som eg har sett djubdestopp på og høvlar ned til den ikkje tar meir. Dette gjer eg begge vegar. Til slutt rensar eg opp med ein finstilt semshøvel.

Neste steg er å lage enda ei platte. Då matte eg lage om dybdrestoppen slik den fekk eit nivå ekstra, så den lagar dei rette nivåa. Som siste avsluttning på profilen høvla eg ein liten fas på hjørne av midtposten (2mmX2mm).  

Tapp og sink av hjørner

Karmen skal settast saman med sink og tap. Først merkar eg på tappane. Vinkelen er satt på 1:7 (Ca 9grader) og tappene er fordelt med 1” mellomrom. Om tappane blir ulike gjer det ikkje noko, då dei skal individuelt overførast på tilsluttande emne.

Her er rekkefølgen slik eg sagar ut tappen. Det siste som står igjen mellom tar eg ut med eit stemjern. No kan eg overføre tappformen på det emnet som blir topp/bunn i vinduskarmen.

Før ein overfører tappen bør ein ha ei rett flate å jobbe mot. Eg prøver og unngå kvist i sink/tapp når eg merker opp lengda på karmemnet. Så reinkapper eg endane.

Så kan eg legge tapp-emnet vinkelrett på sink-emnet. Her er det viktig at dei ligg rett i forhold til kvarandre. Trekk gjerne tappen ørlite forbi innsidekanten på sink-emnet, dette gjer at det dreg seg godt saman. Etter eg har overført streka, kan ein sage ned og hogge ut sinken.

Etter eg har satt saman karmen gjenstår det berre og felle inn midtposten. Eg velger å felle den inn i falsen på karmen, i tillegg har eg ein liten styringstapp som motverkar vriding i midtposten.

«Vindu» og vindusdetaljer på Hiortkjerka

Hiortkirka bygd 1765 sett ifra Øst

I faget tradisjonsfaglig utøving 3, skal jeg på Læringsarenaen Rørosmuseet fordype med i finsnekring i vårsemesteret 2018. Tidligre i vinter har vi hatt en studiesamling der i laget hver vår vindusramme på tradisjonelt vis med kun handverktøy se tidligre innlegg Snikring av vindauge med handverktøy.

Vårsemesteret 2017 bygde vi på læringsarenaen en kopi av tak og bæresystemet til Hiortkjerka og nå er det panel, vindu og dør som er i fokus. Under Rørosmartnan 2018 hadde vi på museet en liten workshoop hvor flere handverkere var i sving med forskjellige oppgaver knyttet til kirke-kopien.

Under martnasuka har jeg hatt fokus på fremstilling av vindusbelistningen som er bra forseggjort når man tenker på at det ikke er noen vinduer til å se gjennom der. Vi startet med en befaringsrunde for å gjøre en nedtegning og studere objektet.

IMG_20180216_132707.jpg
Nedtegning 1:1 og 1:10 av vinduomramming Hiortkjerka. foto: J.Utstumo

Omramnigen som er over og på siden av vinduet ser tydelig eldre ut enn dem som er under når man ser på nedbrytningen av treverket. Jeg har tolket det slik at det er opprinnelige deler over og på sidene mens delene under er blitt erstattet på et tidspunkt.  Det kan jo være sannsynlig at det enten er når kjerka ble flyttet til museet i 1949 eller når den ble flyttet tilbake igjen i 1983. Overflatene på de antatt opprinnelige bitene er nokså nedtært  og oppmåling blir jo en tolkning av hva man ser.

IMG_20180216_114207.jpg
Vi ser her sidebelistningen er tappet opp i belistningen over vinduet. foto: J Utstumo

For å kunne lage belistningsbordet over vindu trengte jeg noen stykker med material. Det ble emner av 3×5″ furu. Jeg fortsatte da med tankesettet mitt og la emnet på benken med baksiden ned. Og tegnet opp i enden, og forstod at det var en del treverk som skulle bort bare for gjøre grovformen.

Når jeg da hadde fått tatt av en bit foran og en på toppen slik at «trekantformen» var ok startet prosessen med å få høvlet til en staff/halvstaff og en stor hulkil og noen platter.

img_20180220_105009-collage
forming av emne med øks, ploghøvel for å sette avsatser/platter  foto: J. Utstumo

Jeg brukte da en slik justerbar ploghøvel med 1/2″ tann til å ta ned de forskjellige nivåene. Egentlig var dette ganske trælete da jeg brukte nedrekanten som referanse for at plattene skulle stå i lodd og vater i forhold til veggen. Men det å¨høvle på en skrå flate og ha landside på den laveste siden er ikke bare enkelt da landet på høvelen ikke rakk skikkelig ned.

Ta av bak eller foran? 

Neste emnet hadde en del vannkant og jeg ønsket å fjerne det, samtidig som jeg hadde fått en følelse av at forrige prossedyre ikke var helt rasjonell.

img_20180707_125846
Skisse som viser forskjellen på å ta av bak eller foran. Foto: J.Utstumo

Jeg bestemte meg for å lage en til med en annen fremgangsmåte der jeg da heller tok av emnet på baksiden.

img_20180220_130338
Emne står nå på hode og er merket opp for å fjerne overskytende treverk på baksiden, her trengs det ikke å være så fisenøye da det er ingen som kommer til på baksiden for å se. Foto J.Utstumo

Som et siste alternativ prøvde jeg en metode med grindsag, nothøvel og semshøvel

img_20180222_150611-collage
kolasjen viser «forming» av: emne med grindsag som tar bort på fremsiden, staffen nederst med en nothøvel og platten før hulkil med semshøvel i riss. Foto J. Utstumo

Jeg tror jeg kan ha vært inne på noe, men er fortsatt ikke sikker på hvordan de har gjort det. Tror nok dessverre ikke at dem har hatt grindsag i 1765. Jeg tror videre at ideen med å ta av på baksiden av ting var mye mer vanlig før i tiden, i dag er vi veldig opptatt i den delen som vender mot oss og at den er laget i et utgangspunkt i at baksiden er korrekt/refferanse og plan.  Ta av baksiden kan også være lurt for å kunne fjerne skavanker på emnet. Samtidig får jeg følelsen av at dem har brukt høvler med faste mål som f.eks forsøket med nothøvelen og deretter høvlet ned platten med en semshøvel direkte i ett riss. For så ta ut store hulkilen til slutt på øyemål til flatene og kantene blir fine.

Snikring av vindauge med handverktøy

_P7C2730
Sven og Ivar har laga vindusrammer med veileder Atle Østrem. Han tok utgangspunkt i originale vindauge frå midten av 1700-talet på bryggen i Bergen. Foto: Henrik Jenssen

I tradisjonsfaglig fordypning har studentane samlingar med praktisk arbeid der dei får fordjupe seg i ulike spesialområde innan handverket. I førre veke var vi samla på Voss i snikkarverkstaden i lokala til Vestnorsk kulturakademi. Bygningsvernsenteret på Vestnorsk kulturakademi er også læringsarena for studentane som er knytt til Hordaland. Samlinga er den fyrste vi har lagt til denne læringsarenaen. Vi prøver å spreie samlingane slik at studentane får høve til å bli kjent med flest mogleg av læringsarenaene.

Tema for samlinga var snikring av vindauge med handverktøy og tradisjonelle arbeidsmåtar. På samlinga hadde vi med Thor-Aage Heiberg, Atle Østrem, Roald Renmælmo og Trond Oalann som veiledere. Thor-Aage underviste si gruppe i å lage vindauge med utgangspunkt i verktøy og vindauge frå Evjen i Melhus. Atle underviste si gruppe i å lage vindauge med utgangspunkt i vindauge frå midten av 1700-talet frå Bryggen i Bergen. Roald og Trond leidde sine grupper i å lage vindauge med utgangspunkt i dokumentert arbeidsmåte frå snikkaren Sjur Nesheim og gamle vindauge frå eit hus på Sunnmøre. Studentane starta opp med 2″ plank som vart delt opp i høvelege lengder til vindauget som kvar student skulle snikre. Vidare vart materialen splitta opp med breisaga, ei grindsaga med langt bredt blad med langvedtanning. Arbeidsmåten for dette er basert på dokumentert tradisjon etter snikkaren Sjur Nesheim frå Granvin. Vidare fekk dei grovsaga emna tørke over natt og vart høvla til rette, i vinkel og dimensjon neste dag.

Å snikre vindauge med handverktøy er ikkje nokon enkel oppgåve. Å snikre vindauge var frå gamalt av noko av dei meir avanserte innan snikkarfaget. Her skal ein felle saman ganske smekre emne med tapp og slitt og låse dei med nokre 5 mm tynne trenaglar. Rammer og sprosser må også kunne stå ute i ver og vind utan å få skadar for fort. Dei må tole fuktforandringar utan at samanføyingane vert svekka. Studentane fekk ei innføring i arbeidsmåtar og verktøy i dette arbeidet. Dei fekk også ei innføring i systematikken som er nødvendig for å få slikt arbeid til å flyte godt og få eit sikkert resultat. Det krev meir øving for å bli sikker i dette arbeidet og det håpar vi studentane får høve til i sitt arbeid på læringsarena i vårsemesteret.