Handsaging på sagstilling

Start saging

Veke 39 2018 var studentar ved Tradisjonelt Bygghåndverk på NTNU, ei veke på studiesamling i Målselv i Troms. Tømmerhogst, kløyving av tømmer, rying av tømmer, handsaging og høvling stod i fokus. Vår gruppe fekk ansvar for å dokumentere handsaging og tradisjonen.

TRADISJONEN

Denne samlinga var det Roald Renmælmo som hadde ansvaret for håndsaginga. Vi intervjua og spurte han litt ut om kven han har lært og fått erfaringa si frå, og kva han har funne ut om håndsaging av eiga undersøkjing.

I 1999 var Roald på kurs om handsaging på sagstilling, med Arild Bjarkø. Arild er ein tradisjonell laftar og tømrar frå Bærum, no busett i Os i Østerdalen. Sagstillinga dei brukte var typisk for Røros. Den hadde ein bukk i eine enden, med to stokkar felt nedi seg, og i andre enden var det felt føter direkte inn i stokken, i staden for endå ein bukk. Opp på stokkane var det to puter, som opplegg for sagstokken.

Året etter, i 2000, var Roald og Arild i lag og intervjua Konrad Stenvold. Innhaldet i intervjuet var mellom anna om kva sager dei brukte. Viking på tenna vart nemnt, og at merkinga vart gjort med sotsnor, ført i kopp med sot og vatn.

Konrad er fødd på Stenvold i Målselv 1908. På denne tida var det longt mellom gårdane, og dårleg med vegforbindelse. Altså ikkje så enkelt å kome seg på Bygger`n… Men, det var godt med furu- og bjørkeskog, så ein var sjølvberga med tømmer, og hadde det berre med å få opparbeidd seg den materialen ein hadde behov for. Konrad og syskenborna hans, Johan og Hans Stenvold, var heilt frå 10-års alderen med i skogen og hogg tømmer og saga material. Fyrste store prosjektet dei var med på var i 1928, då dei saga all matrialen til ein somarfjøs i Frihetsli. (Trond Oalann har i seinare tid laga kopi av denne). På slutten av 30-talet saga Hans Stenvold oppgangssaga 6″ plank til 1″ bord.

John Reierson Lundberg, 1870-1960, er siste håndsagsskjærar sett i folkeregisteret frå Målselv. Han vart intervjua før han døydde. Han brukte same type sagstilling som vi gjorde med Roald no på samlinga.

I 2005 var Roald og Siv K. Holmin, i samarbeid med museet i Karasjok, og intervjua fem tradisjonsbærarar Karasjok. Intervjua vart heldt både på samisk og norsk, for å fange opp alle nyansar. Tre av personane dei intervjua var særs viktige, med tanke på tradisjonslina. Nils Nilsen Anti, Anders Nilsen og Nilsen Moeng (i live). Dei fekk studert to nye sagstillingar, mellom anna den til Anti. Etter intervjua har Roald og Siv heldt seminar for håndverkarar, og ein av deltakarane, Arne Graven, har fordjupa seg i håndsaging. Roald og Siv har også brukt alt dei har lært, og all erfaring dei har fått, til å tradisjonelt restaurere ein høyskjå i Karasjok, som tilhøyrer gårdbrukar Hans Laiti.

ARBEIDSMÅTE

Oppmerking og barking av stokk
Kvisting og klargjæring av stokk

Fyrste steg når ein skal sage, er sjølvsagt å finne tak i emnet ein vil bruke. Då gruppa vår ankom gården til Roald, var stokkane vi skulle sage bord av allereie klarlagt, og lagt fram på lunnar. Det er viktig at stokken leggjast med kuven opp, slik at stokken er mest mogleg rett sidevegs. Oversida av stokken barkast med ravel ellerbarkespade. Kvistar og grove ujamnheiter fjernast med øks. Endane av stokken hoggast eller sagast reine, om det ikkje allereie har blitt gjort tidlegare. Så snur ein stokken, og gjentek same prosedyre med barking og kvisting på andre sida også.

Merking av stokken (3)
Merking med sotsnor

No har ein kome til oppmerkinga. Det blir dobbeltsjekka at stokken ligg mest mogleg i riktig posisjon, og ein festar han med haldhakar, så han vert liggjande stabilt. Borda som skal sagast ut av stokken, merkast i begge endar, ved hjelp av tolken og ein vater eller loddfjøl. Tolken har eit midtmerke, og han blir alltid lagt på margen. Det er toppdiameteren til stokken som avgjer kor mange bord ein får. Når ein byrjar i margen og måler seg utover, vert det likt i både topp og botn. Tolken har vanlegvis 11/8 ̈ merkeavstand. Med fråtrekk av tjukkelsen til sagbladet blir det bord på ca. 5/4 ̈.

Oppmerking og barking av stokk
Vaterstrek

I tillegg til merkinga av borda, skal det merkast ein vaterstrek i underkant av rotenden. Den hjelp ein til å kunne hogge ei skårflate, som sikrar stillinga til stokken under saging, og gjev godt feste på «putestokken».

Når merkinga er ferdig i begge endar, skal det også merkast strekar på både oversida og undersida av stokken. Her er det viktig at strekane vert nøyaktige og godt synlege. Det kan brukast sotsnor eller kritsnor. Ein skjær eit lite hakk på kvar side for å styre snora. Ho må strammast godt, og trekkjast loddrett opp, så streken blir rett heile vegen. Ein merkar alle loddstrek likedan på oversida fyrst, for så å rulle stokken rundt og gjenta same prosedyra her.

Bakre puta med stokken oppå
Hogd flate i rotenden

No skal det hoggast ei flate på nedsida av stokken. Ca. 8″ brei og 3″ inn frå rotenden. Dette er for å få stokken til å liggje rolig på sagstillinga.

Stokken er no klar til å heisast opp på sagbukkane, ved hjelp av to «slinner» og tau. Tauet festast i kvar bukk på sagstillinga, går ned, rundt stokken og opp igjen på sagstillinga. Når to stk. no dreg i kvart sitt tau, vil stokken enkelt rulle opp gjennom slinene, som ligg skrått inntil bukkane. Oppe på bukkane vert den uthogde flata på stokken festa med 2-3 haldhakar i puta. Då er det mogleg å skyve stokken att og fram under saging.

 

ARBEIDSTEKNIKK:

Saging (2)
Overskjæraren løftar og undersjkæraren dreg

Det må to menn til for å sage. Ein overskjærar, som står oppe på sagstillinga, og ein underskjærar, som står på bakken. For å kunne byrje med saginga, skyvast eine einden av stokken utanfor fyrste sagbukken. Då er det mogleg å sage inn ca. ein meter i kvar oppmålt strek. Ein må berre passe på så ein ikkje sagar for longt, slik at ein ikkje også kappar av bukken og overskjæraren dett i bakken…

Når ein har saga ferdig alle spora i toppen, skyvast stokken innover, slik at spora kjem forbi fyrste puta og ein kan fortsetje saginga derifrå. Nedre håndtak på saga kan takast av, så bladet kan puttast ned igjen i det påbegynte sagsporet. No kan ein sage seg heilt fram til puta på andre sida.

Undersiden av stokken etter saginga
Stokken ferdig saga og klar for kløyving

Det er særs viktig at både over- og underskjærar styrer saga og klarer å fylgje oppmerkinga. Ser ein at bladet byrjar å gå utanfor, styrer ein den ved å vri håndtaka som eit sykkelstyre. Ein må gje likt trykk og strekk i bladet, og halde lett i håndtaka, så bladet held seg så rett som mogleg. Ein kan også setje i trekilar i sporet etter kvart som ein sagar, så det ikkje knip om bladet.

Ein startar å sage dei ytste borda, og tek midtstreken til slutt. Det sikrar stabiliteten av stokken under heile sagprosessen. Overskjæraren kan sage heilt til enden av stokken, medan underskjærar sjølvsagt må stoppe ved puta. Det gjerast ved å leggje saga framover.

enda-av-eit-bord-der-saginga-stansar-e1543918346143.jpg
Utkløyvingsmerke på stokken

Det er no berre eit lite trekantstykke som står igjen og held dei ferdige borda saman i rotenden. Den siste biten kløyvast av med hjelp av to trekilar, ein frå over- og ein frå undersida. Her startar ein også på det ytste bordet, og jobbar seg innover. Om det skulle sitje ein kvist i enden, kan det vere lurt å bruke ei øks eller ei håndsag til hjelp under kløyvinga.

No er borda ferdige og klare til å lagrast til tørking oppsett i mare.

VERKTYG

Saga med handtaket
Saga

Å fovandle ein stor stokk om til bord, krev monge ulike verktyg og hjelpemiddel. Vi talte ca. 15 ulike reiskapar gjennom heile prosessen, frå oppmerking til siste utkløyving.

Det viktigaste verktyget, og det som heile arbeidsprosessen er oppkalla etter, er sjølvsagt håndsaga. Håndsaga kom i bruk i Noreg tidleg på 1800-talet. Det var ein lagleg reiskap, som ikkje krevde store investeringar og tilrigging for bruk. Håndsaga kunne brukast heile året, og det var også ein måte og omgås sagbruksprivilegia.

Bøndene kunne riggje seg til inne i skogen med sagstilling, så dei slapp å frakte dei tunge stokkane så longt. I og med at sagstillinga ofte vart laga på staden der tømmeret vart felt, ville utforminga av sagstillinga variere ein del. Dei vart laga i flukt med terrenget på staden, som kunne vere alt frå ei flat mark til ein bratt bakke. Ein laga den med vandringa i vater, og posisjonerte den slik at tømmertet enklast mogleg kunne rullast inn på den.

Sjølve sagbladet er av svensk valsa stål på 1,8 mm. tjukkelse, med ei lengde på 160cm og stansa ut i England. Bladet er også valsa på ein spesiell måte, med rundvals midt etter bladet i lengderetninga, for å oppnå god spenst. Dette er viktig for at saga ikkje vert for mjuk og bøyeleg under saginga. Tennene er vigga 0,6mm. utover til annakvar side, med eit viggejern, og kontrollert med ei måleklokke. Tennene er nesten tverrfilte oppå og framme. For å ta kvisten lettare kan ein skråfile 2-3 grader. Er viggen og filinga fin, kan ein rutsje ei nål ned mellom tennene. Under filinga er sagbladet fastspent i ein filkrakk. Det er to håndtak montert, eitt i kvar ende av sagbladet. Håndtaket nede vert kalla «angel». Det har ein vingmutter i jernklaven, så det enkelt kan takast av og på når bladet skal treast gjennom stokken. Breidda på det nedre håndtaket er 35cm. Det øvre håndtaket vert kalla «tiller». Det forlengar saga med ca. 60 cm. og kan ikkje takast av. Breidda av håndtaket er 60cm.

Vi tykkjer det har vore ei særs lærerik og veldig kjekk veke. Vi har fått vere med på heile prosessen, og undervisninga har gått godt inn på detaljnivå. Vi har også fått sjansen til å sjå kva det vi har saga og hogd ut kan brukast til. Veldig bra!

Saging (1)
Jan, Robert, Roald, Øyvind, Adrian, Thor-Aage og Simon er på biletet og John er fotografen. Desse utgjer heile gruppa og veiledere i handsaging og høvling.

Ei enkel mellomaldernov? Forsøk på å rekonstruere ein framgangsmåte for ei 1000 år gammal nov frå Nidaros

Våren 2016 vart Jon Godal, Harald Høgseth og eg invitert ein tur til Vitenskapsmuseet i Trondheim av Karin Rosberg, ein svensk arkitekt som forskar på vikingtidas byggeskikk i Mälardalen. Vi var der av di Karin Rosberg ønskte hjelp til å synfare nokre utvalde stokkar frå den eldste byoppkomsten i Trondheim, i hovudsak 1000-talet, og fleire å diskutere med når ho skulle sjå på desse bygningsrestane frå tidleg mellomalder.

Karin hadde valt ut nokre av dei stokkane som vart tekne vare på og konservert etter gravingar i mellomalderens kulturlag i Trondheim på 1970-talet. Eg tenkte at i tillegg til å kunne diskutere problemstillingane Karin ynskte å ta opp, var dette og ein fin anledning for å kunne sjå litt nærare på noko av det eldste vi har bevart av tømra nover her til lands.

Eg skulle skrive blogginnlegg om dette rett etterpå, men det blei ikkje gjort. Så no har eg nytta høvet og endeleg fått gjort ferdig ei lita utgreiing om noko av det vi såg på, og mitt forsøk på å rekonstruere ein framgangsmåte for novene vi har bevart frå Nidaros eldste bygningshistorie.

Om nova og bakgrunnen for å velje denne.

Under arkeologiske utgravingar i Trondheim på 1970 talet ble det funne mange til dels godt bevarte bygningsdelar i tre. Dei eldste er heilt frå tida då byen vaks fram mot slutten av 900-talet, og det er grave fram mengder av treverk frå heile mellomalderen. For det meste dreier det seg om dei nedste delane av bygningar eller andre konstruksjonar, som syllstokkar, golvåsar, golvbord, kavlebruer, fundamentstabbar, gjerdepålar, bryggepålar og liknande. Nokre av desse er veggstokkar med bevarte detaljar som kan seie noko om korleis ein tømra husa på Nidarneset for 1000 år sidan. Mykje av materialet blei ikkje teke vare på, av omsyn til lagringsplass og kostnader ved konservering, så det er berre eit utval som vi i dag kan studere nærare.

Frå det materialet Karin såg på, har eg valt ut ei nov som eg har prøvd meg på å rekonstruere. Det er ei underhalsnov, som har lange halsingar som går til enden av stokken (fig. 1). Nova blir kalla rännknut på svensk, og er vanleg i bygg frå mellomalder blant anna i Dälarna (fig. 4 og 5) Nova er og i slekt med findalsnova, som kanskje kan seies å vere ein avansert vidareutvikling av denne enkle underhalsnova.

Gjennom arbeidet med å tømre gjesteloftet på Mellomaldergarden Stiklastadir ved Stiklestad Nasjonale Kultursenter, har eg fått auka interesse for dei eldste novformane vi kjenner her i landet, og eg tenkte det kunne vere interessant å forsøke å rekonstruere ei av desse og berre nytte verkty som var tilgjengelege for tømraren i mellomalderen.

figur1
Figur 1: Teikning av stokk, frå utgraving på Folkebibliotekstomta i Trondheim i 1975. Her er lite detaljar, men vi ser at det dreier seg om ei underhalsnov, med lang halsing som går heilt ut til stokkenden. Stokken er frå åra 1050-1100.

Truleg er denne underhalsnova i ulike variantar ein svær gammal form. Arne Berg viser til at liknande novhogg er funnen frå 300 f.Kr i et gravkammer i Altaifjella i Vest-Sibir.

Ein annan stokk vi såg på hadde ein kortare halsing som ikkje gjekk ut til stokkenden (fig. 2). Det er nok lite som skil framgangsmåten på desse to ulike novene. Eg har valt å tømre den med lange halsingar ut til stokkenden.

Begge stokkane er i små dimensjonar, berre ikring 12 og 16 cm i tverrmål. Eg veit ikkje om desse små dimensjonane er representative for ein større del av materialet frå mellomalderens Nidaros. Men vi kjenner at det ofte er nytta nokså granne stokkar òg i dei bygga, for det meste loft, som enno står att frå mellomalderen i andre strok av landet. Men desse er tømra i furu, medan gran ofte vert nytta i Nidaros. I følgje Høgseth var oppimot 80 % av veggtømmeret i høgmellomalderen gran.

figur2
Figur 2: Underhalsnov med halsing som ikkje går heilt ut til enden. Stokken har vore bruka opp att fleire gonger. Den har to nummereringar, 5 og 6, og har truleg til slut enda opp som golvås. Da har den fått flathoggen overside og hol for etter det som kan ha vore pluggar for å festa golvborda. Stokken er funnen under graving i Kjøpmannsgata i Trondheim i 1971, i lag som dateras til 1150-1250. Den ble funnen under golvet i det som truleg var restane etter ei årestue.
figur3
Figur 3: Stokk T82-5, same som på skissa over frå 1971. Vi kan sjå halsingen og overhogget. øksespora er enno tydelege både i sidene og botnen i hogget. Det var ikkje lett å sjå sikre spor etter lengda på eggen på øksa som er nytta, men det ser ut til å kunne vere ei øks med ein egglengde på ikring 6-9cm.
img_0714
Figur 4: Rännknut i härbre, datert 1285, i Älvdalen Sverige.
ra%cc%88nnknut-i-ra%cc%88ttvik-dalarna
Figur 5: Rännknut i ei løe, truleg 1200-tal, i Rättvik Sverige

Arbeidsbeskrivelse:

Eg valde å tømre prøvenova i gran. Originalen er eg usikker på om er i gran eller furu, det er muleg at det er gran. Som nemnt er det funnen rett mykje gran som veggtømmer i Trondheims mellomalderhus. Det er heller ikkje viktig i denne samanheng for mitt forsøk, om eg tømrar i gran eller furu.

Mitt korte ”teoretiske utgangspunkt” er at eg trur tømrarane i mellomalderen ikkje merka opp rett mykje under prosessen, men at det meste gjekk på augemål, erfaring, og nokre få hjelpemidlar (som loddefjøl og passar eller skrape). Eg har ikkje så rett gale augemål, men det kanskje viktigaste, erfaringa, er det så som så med. Så utgangspunktet er vel ikkje heilt optimalt.

Eg valte meg ut først ut fire korte stokkar som var ikring 20-25 cm i tverrmål. Altså noko større enn dei originale. Eg byrja med å barke og pjåle stokkane. Eg valde å pjåle dei, sjølv om eg ikkje kunne sjå sikre spor etter kva verkty dei var barka og sletta med. Deretter flathogde eg undersida på to stokkar, mest for at dei skulle ligge betre.

Desse stokkane blei lagt ut til syll på kortveggane, og så blei ein lagt ut på tvers over, klar til felling ned i desse (fig. 6).

Sidan dette er første omfar, må eg byrja med å bestemme kor eg vil plassere stokken i høve til stokkenden på den under. Eg valde å legge den slik at novhovudet blir stikkande ei handsbreidd utafor veggen. Eg merker meg så kor midten av stokken eg skal felle ned treff den under, og hogger overhogg som er ein del smalare enn stokkbreidda på den eg skal felle ned.  Her kan ein bruke augemål, eller passar som ein sjekkar breidda på stokken med for å sikre at ein ikkje høgg for bredt overhogg.

figur4
Figur 6:To stokkar er lagt ut til kortveggar, og ein stokk er lagt klar til å byrje hogging.
figur5
Figur 7: Med skogsøksa hogger eg ut eit overhogg som er noko smalare enn tverrmål på stokken som skal nedi. Her blir det stødig å legge stokken for hogging av halsing.

Så bestemmer eg kva som er rette vegen for stokken som skal felles ned. Eg legg rygg og kuv opp, og merker så opp med loddefjøl i begge endar (fig. 8) Deretter høgg ein halsingane som vist på figur 9.

figur6
Figur 8: Ein avgjer kva som er opp på stokken (kuv opp), legg den rett og rissar ein loddstrek i kvar ende ved bruk av loddfjøl.
figur7
Figur 9: Etter at ein har merkt loddet i stokken, snur ein den opp ned og høgg halsingane. Dei høgg ein ned mot halve stokkbreidda. På undersida (opp her) høgg ein slik at det blir att passeleg breidd, omtrent det ein ser for seg skal vere breidda på måddåfaret.

Både halsingar og overhogg prøver eg på sjå for meg skal bli i om lag same vinkel, slik at dei skal falle nokså godt i hop når ein legg nedi for vidare oppmerking (fig. 8).

figur8
Figur 10: Om ein prøver å hogge vinkel og djupn i halsingar og overhogg like, kan ein vere heldig og dei legg seg fint på plass på for første oppmerking. Enno er det ikkje merkt opp noko anna enn loddline og midten av der ein vil ha overhogget, og elles hogge på augemål.

Eg bruker passar for å merke opp for den vidare hogginga. Eg vil no ha stokken ned hele høgda av halsingen, det vil då seie ikring halve stokkhøgda. Eg tar da høgda med passaren, og bruker denne høgda når eg riper ned halsingen til overhogget (fig. 11-13).

figur9
Figur 11: På første omfar skal eg felle stokken om lag ned til midt på. Her tar eg høgda med passaren. Eg bruker så den til å medra stokken ned i overhogget.
figur10
Figur 12: Her ser vi ripmerket etter at passaren er brukt til å ripe ned frå halsingen på stokken over.
figur11
Figur 13: Så høgg ein etter ripmerket, og håpar ein har klart å bruke passaren stødig og i lodd. No er stokken kome ned dit den skal.

Framgangsmåten når ein går vidare til neste omfar blir temmeleg lik som den over. Men det blir ein operasjon ekstra med nedhogging, da det her blir for mykje å felle den klar til medraging på første hogging. I tillegg skal stokken no médras mot stokken under. Her er framgangsmåte kort skissert for neste omfar:

  1. Som eg har vist over høgg eg først eit overhogg noko mindre enn breidda på stokken som skal nedi.
  2. Stokken som skal felles ned legges slik ein vil ha han i overhogget, den loddes, merkes og leggas opp ned for hogging av halsingar.
  3. Stokken snus, leggas ned i overhogget og ein tar så høgda ned mot stokken under ved nova, og bruker denne som mål når ein no ripar med passaren. Så høgg ein inn til ripa, og stokken skal i teorien falle ned og vere klar til medraging. Kan hende må ein justere og ta litt både i overhogg og mellom stokkane for å få den låg nok til medraging (maks 15-20mm).
  4. Stokken médras med same mål på medrag og passer. Eg brukte eit gamalt medrag eg hadde tilgjengeleg i medraginga mellom stokkane, og passaren til medraging i nova.
  5. Stokken løftast ut att og ein hogger ut etter ripene i måddåfaret og overhogget. Her må ein merke seg at det ikkje må stå att meire enn opp til medragsstreken under halsen på stokken, og at ein høgg overhogget ned til nakken/måsåleggen på stokken under.
  6. Stokken leggas på plass, og passar forhåpentligvis.

Det er heile tida viktig at ein sjekkar at stokken ligg der den skal, både i lodd og at ikkje dei forskyver seg sidevegs. Det lite som låsar i lengda i denne nova, så den kan lett renne av garde. Kanskje ikkje utan grunn at den heiter rännknut på svensk?

figur12
Figur 14: Fyrste stokken i 2. omfaret er på plass.

Til å tømre denne nova ha eg nytta desse verktya:

  • kopi av ei lett lita mellomalderøks frå Lierne, Nord-Trøndelag, smidd av Mattias Helje
  • norsk skogsøks, mellomaldertype, smidd av Bertil Pärmsten
  • kopi av øks frå ca 1300, funnen i Lödöse, Sverige, smidd av Bertil Pärmsten
  • passar (frå nyare tid, truleg seint 1800-tal)
  • medrag
  • loddfjøl
  • kniv

Eg kunne godt ha klart meg med berre ei øks, helst ein noko tyngre og litt smalare utgåve av øksa frå Lierne. Og ei skrape hadde nok nytta like godt som passar til å medra novene. Ein god skrap kunne kanskje vore nytta både i nova og mellom stokkane?

I tillegg nytta eg ein bandkniv for å barke tømmeret, og ein pjål frå Jon Dahlmo for å slette tømmeret. Og ei Husqvarna motorsag for kapping…

Erfaringar:

Med litt meir erfaring med denne nova trur eg det skal gå nokså greitt å tømre med den, utan anna verkty enn dei nemnte. Eg vil sjå på forbetringar i val av passar, helst vil eg få smidd meg ein god skrap som eg vil teste ut både i nova og mellom stokkane.

Ei erfaring eg gjorde når eg tok til med 2. omfaret var at eg ikkje var nøye nok med val av stokkar her. Det var for stor skilnad på tverrmålet på den eg skulle felle ned i og den som skulle fellast ned. Det gjer at ein får problem med at overstokken fell for langt ned i stokken under, og problemet forplantar seg vidare. Jamt tømmer og små dimensjonar er ein fordel. Elles meiner eg prosedyren eg såg for meg og no har testa ut så smått ser ut til å kunne fungere.

Nova ser svært enkel ut, om den ikkje er direkte krevjande, så krev ho likevel god planlegging, at ein ser eit godt stykke framfor seg, og helst godt, jamt tømmer, for at dette skal gå greitt og bli bra.

figur13
Figur 15: Nova opna så ein ser inni.

«Røsslinova», tankar og erfaringar i etterkant

image-46769

I bloggposten Mogleg arbeidsprosess – “Røsslinova” gjorde eg eit forsøk på å forklare i tekstform korleis me tenkte oss arbeidet med nova. Det var ei vanskeleg øving. Nå vil eg skrive noko om tankane og erfaringane våre, og komplettera førre bloggpost med bilete og film frå den verkelege prosessen.  

Det er eit svært tidkrevjande arbeid å lafte denne typen nov på tradisjonelt vis. Det er mykje på grunn av at stokkane ikkje kan tillagast med magen på innsida før me veit kvar stokken skal vera. Stokkane i motståande vegg (i same omfaret) ligg med rota same vegen og i tillegg til at dei har varierande kryl eller krok på seg, fører dette til at ein eventuell feil stokk ikkje kan nyttast i same veggen att før etter to omfar høgare opp. Det skal og nemnast at halvparten av tømmeret er hogge, kvista, kappa og barka i skogen med øks, svans, tomanns tømmersag og barkespa ilag med informantar/tradisjonsberarar. Den eine dagen ilag med eine informanten vart noko av tømmeret drege fram til bilveg med hest. Alt arbeid i laftehallen er utført med tradisjonelt verktøy der noko er laga av oss sjølve og anna er gammalt brukande verktøy. Har og tinga kopiar av lokale øksar (frå Li i Suldal) som truleg er frå tidleg 1800 talet, slik som Røsslistova me har som førebilete. Det var og ei tidkrevjande øving å kome fram til ein framgangsmåte som kan ha vore nytta på originalen. Eg trur me er på god veg til å forstå, men me har fortsatt nokre spørsmål me ikkje har fått svar på.

Me starta arbeidet i laftehallen med å øksa til 4″ plank frå rundstokk på førehand. Undervegs i laftinga har det vore viktig å halde ei viss oversikt over krylen på den halvferdige lafteplanken i materialhaugen. På denne måten har me hatt ei viss formeining om kva stokk som vert den neste over, og kunne snorslå rygglinja med til dømes 1″ eller 1/2″ kryl. Det varierte og om toppunktet på krylen var på midten eller nerare ein av endane. Som det kjem fram av skissa til korleis me laga mageforma i førre post, er det kunn innvendig me snorslår rygglinja, utvendig er det vannkanta. Underkanten av stokkane øksa me flat med same krylen som på underliggande stokk. Me erfarte raskt at når me skulle snorslå for mageforma, var det naudsynt å trekke mageforma omlag 1/4″ lenger inn i underkant av stokken enn på oversida. Slik kunne  mèet førast langs fløykanten på ryggen av underliggaren og risse  på den sletthøvla magen på overliggaren. Dette gav ein liten og synleg fløykant nerast på same måten me fant i originalbygget.

Når me kjem til sjølve novinga, høgg me ut overhogget utan å ta omsyn til stokken som skal laftast nedpå etterpå. I filmsnuttane «merking av overhogget» og «hogging av overhogget» går eg gjennom heile tillaginga av overhogget. Me har laga oss ei «ku» med alle måla som er naudsynte i overhogget. Og det er utvendig vegg som er referanseflata til ei kvar tid. Det er ,beklageleg vis, ikkje så god lyd på filmane.

Under følgjer nokre bilete for å synleggjere noko av prosessen med overhogget, som tilleggsinformasjon til filmsnuttane.

image-46620
Biletet syner noko av oppmerkinga i overhogget. Linjene i den høgre kinningen er  streka opp som illustrasjon. Det er ikkje naudsynt å streke dei opp før ein høgg. Legg og merke til streken som indikerar starten for venstre kinning. Alle måla er merka opp ved hjelp av ei «ku».
image-46607
Ferdighogge overhogg sett frå utsida. Prøver å gjera det til ein vane å fjerne mest mogleg av dei trukkne linjene mellom merka mens eg høgg. Etter kvart som ein vert meir røynd og stø på handa, høgg ein utan å trekka opp linjene.

 

 

 

image-46600
Overhogget sett frå innsida. Legg merke til at det ikkje er hogge noko for den skjulte kinningen til venstre.

Når me så legg opp den neste stokken for fyrste merking, har denne omlag den same forma langsetter undersida som stokken under har langs ryggen. Me har laga oss ei lang «sladra» (loddstokk) på 2,5 alen (omlag 157 cm) til å lodde opp stokken i forhold til dei nederste stokkane i veggen. Denne lange sladra sikra oss at ikkje veggen kragar utover, slik som me oppdaga var tillfellet då me nytta ei kort sladra på 1 alen (omlag 63 cm). Det vart lett til at stokkane vart pressa ut opp mot 2 mm i kvart omfar. Erfaringa vår er at når ein bruker slike sladrer (både korte og lange) er det viktig at snora får henge fritt mellom fjøla og bøylen. Ellers er det lett å få ein feilmargin ved at snora heng seg opp. Ein annan faktor til utpressinga er at den skjulte kinningen, på innsida, er svært trang og det er lett å få ein liten rotasjon av stokken utover i øvre kant. Dette vart forsøkt å motvirke, med hell, ved hjelp av jekkestropper (av knall oransje type som ikkje tek seg godt ut på bilete…). Stroppene måtte snuast slik at dei drog stokken innover i overkant. Me har ved fleire høve udra oss over korleis dette vart løyst tidleg på 1800 talet? Korleis har dei laga så tette nover, med trykkmerker etter samanpressing av ved, utan at den skjulte kinningen skapar problemar i form av vidring?

Eg har og laga eit par filmsnuttar som viser  «merking av underhogget» og «hogging av underhogget» for å vise arbeidsgangen. Dei to fyrste nedfellingane er med og hogginga av desse, men ikkje mèdraginga. Til orientering nyttar me eit justerbart mè. Då kan me justera opniga på dette slik at me kjem innafor fløykanten på understokken. Sua øksa me til eit litt ope V-spor.

Under følger nokre bileter som illustrerar delar av merkeprosessen av underhogget.

image-46748
Eg har funne det høveleg å la passaropninga vera omlag eit par cm mindre enn total fallhøgd (på augemål). Det er verdt å merke seg at dess større opningen på passaren er, dess meir unøyaktig vert merkinga. Difor har eg ved nokre høve nytta halve falhøgda som passarmål, der avstanden var svært stor.
image-46728
Under merkinga er det viktig å passe på at passarspissane er i lodd over kvarandre til ei kvar tid, begge vegar, sett ovanfrå. Det er til hjelp å plassere auga i loddplanet, og sikte nedover på spissane. Me fant det og teneleg med ein passar med noko lengre bein. Då var det lettare å halde loddplanet den vegen ein ikkje ser så godt ovanfrå, spesielt når spissane var innunder magen på overliggaren.

Beitskiene i døra er forsøkt laga på same måten som me tolkar oss til i Røsslistova. Der er nokre korte forklarande bildetekstar som kjem fram om ein klikkar på bileta.

Det som kanskje er litt spesielt med dennne nova er at me høgg den skjulte kinningen på innsida av overhogget etter fyrste merking av underhogget (den observante oppdaga at denne delen av prosessen mangla i filmen). Og må takast av meir og meir for kvar merking, heilt til og med meddraginga. Dei andre tre kinningane i overhogget er uberørte etter fyrste hogging. På det beste nøygde me oss med ei tre trinns nedfelling, inkl. mèdraginga. Men det vart oftast tillegsjusteringar innimellom.

 

Alle foto: Ryfylkemuseet

Arbeidsbeskrivelse av laft på stall frå Heimtveiten, Bykle Setesdal

Studentane har eit eige fag i tømring fyrste studieår. I faget har vi hatt ei vekes samling i Målselv tidlegare i år. Vidare har dei hatt ei heimeoppgåve der dei har kartlagt og dokumentert lokalt tømrarverktøy. Den avsluttande oppgåva i faget har gått ut på å lese gjennom ulike skildringar av arbeidsprosedyrer i tømring, vurdere desse, og vidare lage si eiga skildring av arbeidsprosedyre på ei nov dei sjølve arbeider med. Skildringa skal utformast med tanke på at ho skal ut på bloggen. Tidlegare har Jostein Utstumo skrive om flatlaft, Kai Johansen skrive om Trønderlaft og Sven Hoftun har skrive om Røsslinova. Studentane Henning Jenssen og Magnus Wammen har samarbeidd om å lage ein videofilm som viser arbeidsmåten dei har kome fram til i sitt arbeid med restaurering av stallen frå Heimtveiten. Her kjem introduksjon og filmen frå Magnus og Henning.

Henning og jeg har samarbeidet med denne oppgaven og vi sende inn en film som er klipt og redigert sammen til å sammenfalle hvordan vi har løst laftinga på stallen.

 

Stabbursnov frå Eggen gard. Et forsøk på å retømre Bardus eldste nov

Under samlinga i tømring i Bardufoss i februar var ei av oppgåvene tømring av 2 stk. prøvenover med utgangspunkt i novene frå stabburet på Eggen gard i Bardu.

Eggen nov 07
Stabburet på Eggen gard er truleg eit ev dei eldste bygga som står att i Bardu. I enkelte kjelder er det og omtalt som eit loft.

Under dokumentasjonen og prøvetømringa av nova, synte det seg etterkvart at dei tre medlemmane på gruppa hadde noko ulike innfallsvinklar på arbeidet. Det vart ei lite tema i seg sjølv. Medan Henrik med sine arkitektgener teikna nova i ulike vinklar ut i frå våre observasjonar, så var Jens oppteken av å måle opp faste stader i kvar enkelt nov i kvart omfar i den nova vi studerte i andre høgda av buret.

Eg valte å fokusere på fotografering kombinert med å forsøkje å sette meg inn i korleis ein kunne sjå spor etter framgangsmåten i tømringa i den originale nova. Eg prøvde på eit vis å memorere den tredimensjonale nova, ut i frå å studere den og tenkje prosess for å få hogd dei ulike elementa. Samstundes tok eg nokre få mål, for å sjå etter mønster og faste dimensjonar i nova, men eg la lite vekt på detaljert oppmåling.

Eggen nov 06
Nova vi studerte i andre høgda i buret, frå innsida. (nordvestre nova)

Vi fann få tydelege faste mål, og såg ikkje noko som tydde på at tømrarane på sluten av 1700-talet var opptatt av å gjere kvart enkelt omfars nov svært lik den førre.

Eggen nov 01
Nova er svært utgliden, så det var ganske lett å sjå inni. Lysforholda var derimot ikkje egna for fotografering, og det blei tildels store kontrastar.)

Sjølv om novene særleg i andre høgda i dag er svært opne og luftige, skyldas dette nok over 200 års hard medfart av vær og vind. Eg oppfattar novene som svært godt hogne, og dei har nok opphavleg vore tette og fine å sjå til. Mitt inntrykk på synfaringa var og at dei såg ut til å vere som skapt for å formas med øks, og da kanskje berre med ei eller to for handa.

Eggen nov 02
Verktyspor og novas form var tydelege.

Spor i kinningane tydar på at i alle fall ei øks som er bruka i tømringa hadde ein eggbreidde på om lag 4 norske tommar, ei slik øks kan nok i utgangspunktet vere tilstrekkeleg for å forme heile nova. Å ha ei noko smalare øks i tillegg ville nok vere greitt, men vi såg ikkje sikre spor etter dette.

Skisse Henrik
Skisse av nova for måltaking av ulike detaljar. Skisse: Henrik Jenssen

Denne nova er nært i slekt med tradisjonen frå Østerdalsområdet. Den kan kanskje beskrivas som ei form av østerdalsnov med tilnærma midtstilt femkanta hals og v-forma overhogg og tilsvarande spiss barke. Kinningane er hogne med ei nokså jamn lengde, omkring 4-5 tommar.

Eggen nov 05
Utsida av buret, med dei fint tilhogne novhovudene.

Her er mitt forslag til framgangsmåte ved tømringa av denne nova, ut i frå observasjonar av originalen og tre dagar prøvetømring.

  1. Hogge kinningar og overhogg i understokken.
  • En mulig veg kan vere å først hogge inn eit skår midt i der kinningane skal møtast. Dette er og midt i understokken, så det er greitt å sikte etter midten av den. Om ein hadde slått ei midtline på stokkane med sotsnor på førehand, ville det gjøre det lett å sikte inn midten av kinningar og overhogg. Skåringa gjør det lettare å hogge kinningane, og ein har midten av kinningane og botnen av overhogget klart for seg.
  • Kinningane trur eg ein tek etter det mål ein har bestemt seg for, og bruker deretter kinningane i stokken under som førebilete. I runde stokkar med noko varierande dimensjon vil kinningane nok kunne bli noko lengre på større stokkar. Om ein da ikkje ryr dei kraftigaste stokkane ned til passande dimensjon på førehand. Tømmeret i stabburet her var temmeleg jamntjukt, men dei grøvste stokkane var rydd inn til omkring same dimensjon som dei grannare stokkane.
  • Etter å ha hogge ut kinningane hogger ein ut overhogget, eit v-forma skår. Breidda på dette er eg litt usikker på korleis ein lettast bestemmer. Vi fant at ein måte er å ta det litt smalare enn breidda på overstokken, så ein er sikker på at ein ikkje havnar utafor stokklivet med underhogget. Djupna på dette varierte mye, men låg nok oftast innafor 1/3 av stokkhøgda.
  1. Førebu overstokken
  • Her er det vanskeleg å vite kva for operasjon som har gått først. Ein løysning som eg syntes fungerte greitt var kappe stokken i rette lengda, og så bestemme kva side om er opp. Denne sida legg ein så ned, og merker opp midtline i endane med loddfjøl, og ein merker og opp dimensjonen på hovudet. Det er og god hjelp i å snorslå undersida etter midtlina. Novhovudene er hogne rette på stabburet. Sidan stokken er kappa i rett lengde, kan ein bruke eit fast mål frå novhovudet og inn til senter av nova. Så høgg ein kinningar ut i frå sentermålet frå enden av stokken, og så forma på novhovudet. Alt dette før stokken har vore lagt opp i veggen.
Eggen nov 13
Overstokken ligg her opp ned. Kinningar og novhovudet er forma.
  1. Felle stokken til medraging
  • Ein legg så stokken opp i veggen, i overhogget i understokken, i lodd og rett plassert i lengderetning.
  • No kan ein med passar måle opp avstanden ned til stokken under, og så bruke passar til å stikke opp både underhogget, og kor underkant av barken kjem.
Eggen nov 17
Passar brukast til å stikke opp kinningar og barke.
  • Så snur ein stokken, og hogger ut underhogg og barke. For å finne breidda av barken mot halsen, kan ein bruke passaren som klave og måle breidda på overhogget den skal ned i.
  • Etter dette skal stokken i teorien falle ned og bli klar til médraging. Men etter eiga erfaring kan det hende ein blir nøydt til å finjustere litt for å får den på plass…
  1. Médraging
  • Når stokken er komen så godt som ned til den under, kan den médras. Det gjekk å bruke same médragsjarnet til både å médra mellom stokkane og i kinningane. Men médraget vi hadde var ikkje heilt optimalt, og skulle ha hatt ein annan slip og vinkel.
  • Etter medraging høgg ein ut mosefaret, og ein høgg til streken i underhogget. Ein må og ta tilsvarande médragsmålet på barken. Så skal forhåpentlegvis stokken falle på plass.
Eggen nov 21
Nova slik den er forsøkt retømra. Ikkje helt ulik originalen, men er framgangsmåten den same?

Verkty ein treng:

  • Øks(er). Vi brukte i hovudsak ei lita bile som var omkring 12 cm bred, samt ei skogsøks/ smaløks.
  • Loddefjøl (gjerne tilpassa breidda ein ønskjer på novhovudet)
  • Passer
  • Tommestokk (eller ein pinne med faste mål)
  • Médrag
  • Sotsnor

Per Steinar J Brevik 18. 3. 2016

 

%d bloggarar likar dette: