Studiesamling i Karasjok i Finnmark

img_8636
Her er studentane på teknisk bygningsvern samla i Karasjok. Med seg har dei også nokre elevar frå byggfag i Karasjok, tilsette på museet i Karasjok, veiledarane Siv Holmin og Arne Graven. Med på biletet er også forelesarane i bygningshistorie Ingebjørg Hage, Lars Børge Myklevold og Mia de Coninck. Foto: Roald Renmælmo

For fyrste gong har bygningsvernutdanninga på NTNU gjennomført ei studiesamling i Finnmark. Ein av studentane på studieretning teknisk bygningsvern bur og arbeider i Karasjok i Finnmark. Han har som regel hatt lang reise når han skal på studiesamling. Denne gongen samla vi alle studentane på hans heimebane og arbeidsplass; Sámiid Vuorká-Dávvirat i Karasjok. Museet har ansvar for ei samling med bygningar i eit friluftsmuseum som vart flytt dit på 1950-talet. Dei fleste av desse bygningane er automatisk freda samiske kulturminne. Det gjeld også fjøset frå elvesamegården Jávrebaijnjárga i Valjok i Karasjok kommune. Denne fjøsen er under restaurering og høvde godt som objekt for arbeidet til studentane på samlinga.

Fjøs frå Jávrebaijnjárga
Fjøset frå Jávrebaijnjárga slik det står i dag på museet i Karasjok. Lengst til høgre ser du studentane som er i sving med dokumentasjon av detaljar. Foto: Roald Renmælmo

Måndag 12. mars møtte studentane opp på museet og vi gjekk i gang med å kartlegge kva som må til av tømmer og material i samband med restaureringa. Det meste av veggtømmer og bord i bygget er produsert med handsag. Det kan ha vore bygd av lokalt tømmer frå Valjok der garden sto tidlegare, men mest truleg er tømmeret hogd enten i Anarjokkdalen eller Karasjok og fløta ned elva til Valjok. Vi valte å leite tømmer i skogen i Karasjok. Då fann vi fram til eit område der furuene hadde nokolunde tilsvarande dimensjon som det som var brukt i fjøsen. Som veileder hadde vi med oss dendroøkologen Andreas Kirchhefer frå Tromsø. Saman med studentane undersøkte han veksemønsteret i materialen i fjøsen. I ein av veggstokkane vart det teke ein boreprøve for å studere årringane i detalj. Når vi kom ut i skogen tok vi tilsvarande boreprøvar av furuene der for å sjå om det stod i forhold til materialane som var brukt i fjøsen.

Når vi hadde funne stokkar som høvde til dei materialane vi trong så hogg vi dei og drog dei fram frå skogen. Felling, kvisting og kapping vart gjort med hoggarøks. Tømmeret vart så frakta fram til museet sitt område der vi hadde gjort klar to handsagstillinger og handsager til å få saga materialen. Dei fleste stokkane var til veggstokkar på ca 5″ tjukne. Då saga vi to bakbord på sidene. Bakborda gjekk enten til ytterkledning til stavdelen av fjøset, eller til taktro. Det var dimensjonen på stokken som avgjorde om det ble det eine eller det andre.

 

img_8678
Studentane er i fullt arbeid med å sage materialar. I bakgrunnen har vi reist nokre av borda og plankane som er produsert. Foto: Roald Renmælmo

Samlinga i Karasjok var ei kombinert samling for både faget tradisjonsfaglig utøving 3 og faget bygningshistorie 2. I bygningshistorie hadde vi ein serie med førelesingar med fokus på den nordlege landsdelen. Andreas Kirchhefer forelas om dendrokronologi som redskap i bygningshistorie og hadde døme frå daterte bygg i landsdelen. Eg hadde forelesingar om handsagtradisjonen i Karasjok med utgangspunkt i eit dokumentasjonsprosjekt som eg gjorde i 2005. Vidare viste eg bilete frå arbeidet med å byggje gamme i Devddesvuopmi i 1993.

Lars Børge Myklevold frå Sametinget si forelesing hadde tittelen; Hva er samisk byggeskikk? Her viste han døme på kva typar av bygningar som kan vere samiske. Mia de Coninck si forelesning, Det samiske bygningsregistreringsprosjektet, bruk av historiske kilder, resultater og utfordringer, viste korleis Sametinget har arbeidd systematisk for å kartlegge samiske bygningar. Eg heldt ei forelesning om skjelterbygg av ulike slag. Siv Holmin viste døme frå restaureringsarbeid på eit freda samisk bolighus på Middagsmoen i Sørreisa. Dette som utgangspunkt for ei veldig fin drøfting om restaureringsmetodar, verneverdiar og bygningsvernprosessen. Då hadde vi med oss Lars Børge og Mia frå Sametinget som kunne svare godt og utfyllande på spørsmål frå studentane. Det var kjempeflott å få slike bidrag på samlinga.

Nest siste dag på samlinga hadde Ingebjørg Hage tre flotte forelesingar med fokus på byggeskikken i landsdelen. Den fyrste med utgangspunkt i ei bestilling på å seie noko om kvænsk byggeskikk. Ingebjørg var litt meir nyansert enn det, og snakka og viste bilete med døme på korleis ho har funne slektskap med bygningstypar og bygningsdetaljar i Nord–Noreg, Finland (Nord-Sverige) og Russland. Særleg i Karelen verkar det å vere ein del spennande å finne.  Neste forelesing var om gjenreisingsarkitektur, eit tema som Ingebjørg har arbeidd med i si doktoravhandling. Dette er historia bak bygningsmiljøa på dei fleste tettstader og bygder i Nord-Troms og Finnmark og viktig for å forstå byggeskikken i desse områda. Til slutt fekk vi ei forelesning om den nordnorske stuehagen, også eit emne som Ingebjørg har arbeidd mykje med. Her fekk studentane kjennskap til eit emne som vi gjerne er i berøring med når vi restaurer gamle hus, men som få har vore merksame på.

I vinterkulda i Karasjok var det fint å halde på med handsaging fire av dei fem dagane vi var samla der. I løpet av samlinga fekk studentane øvd seg såpass på saginga at det gjekk ganske radig unna med produksjonen etterkvart. På fredagen var det ikkje mange stokkane att å sage før vi rekna med å ha omlag det vi trong til å gjere restaureringsarbeidet. Fram til neste samling i veke 23 skal student Bror Ivar i Karasjok arbeide vidare med restaureringsarbeidet. Målet er å bli klar slik at vi kan tekke taket med never og torv i løpet av veke 23.

 

Litt om sagfiling

Etter tre dagar på Voss med sagfiling, ilag med Trond Oalann, Georgios Vie Sokorelis og med Aksel Weller som instruktør. Vil eg med dette dele nokre av momenta Aksel la vekt på.

Generelt

Generelt er det viktigare at toppen på tennene er retta av i 90° i forhold til bladet, enn at vikkinga er lik på begge sider. Om vikkinga ikkje er heilt eksakt lik på høgre og venstre side har det eigentleg kunn innverknad på plaseringa av bladet i sagsnittet. Om toppen/tannhøgta ikkje er heilt rett, skjer saga skeivt.

Alle avvik på til dømes tannhøgder, vikking og filing av tennene vil gjere at ikkje alle tennene arbeidar likt. Noko som fører til at det må leggast inn meir arbeid for å gjere den tiltenkte jobben. I mitt tilfelle saga eg ei lengd på ein meter i 2″ furuplank på 47 sekund på vindussamlinga vår på Voss (med tannforma me laga på Sverresborg). Nå etter filekurset er tida nede på 31 sekund, med same mann og sag med «progresiv» tanning (meir under «Langvedsag») i tilsvarande material. Ingen eksakt vitenskap, men kan vera til samanlikning.

For å få til eit godt resultat er det ei rekkefølge som kan væra verd å merke seg:

  • Slipe/bryne sidene (restaurering/fjerning av rust)
  • Rette av tannhøgda (viktig med 90°)
  • Tannbotn
  • Forme tennene
  • Vikke
  • Stryke av toppen (endå viktigare med 90°)
  • File tennene/eggen

Me nytta sverdfil til forming og filing av tennene, flatfil til retting av toppen/tannhøgda og  rundfil til tannbotnen på stokksag/svans (fekk ein liten demostrasjon på filing av stokksag). Tradisjonelt er det mykje nytta trekantfiler i Noreg. Aksel meinar det er viktig å læra seg å file ei og ei flate og å forstå kva ein gjere, før ein går på med trekantfil som filer to flater samtidig. Unøyartighet kan gi mykje større konsekvensar med trekantfil. Det er som med mykje anna: «øving gjer meister».

Legg merke til det som er merka grønt på skissene under: Det må rettast av så mykje at ein kjem under slitasjen. Slitasjen vil vera størst på ytterhjørnene som her er merka raudt. Ved filing vil vikkinga bli redusert, dette er ikkje noko problem den fyrste eller andre gangen ein filer.

Ein må vurdera kva material ein arbeider i: hard/mjuk, tørr/rå og om ein ynskjer fint/grovt snitt og/eller rask/sein sag. Her kjem val av vinklar og kor mykje tennene er vikka inn. Aksel nytta auga og følelsen (røyndsla) i val av vinklar. Han nytta og auga (med godt lys og forstørringsglas) i rettinga av toppen, vikkinga og filinga av tennene. Vinklane som er nemde under er mine målingar av filte sager.

Langvedsag

Tennene på ei langvedsag skal fungere som ein høvel. Heile breidda på kvar tann skal vera i arbeid.

s-c458-18030214521-e1520416579853.jpg
Skissa syner nokre av momenta som er viktig å huske på ved oppsett av ei langvedsag

Skissa under er frå midtfeltet på mi sag. Vikkinga er på 0,25mm. 5 mm mellom spissane og tannhøgda er på omlag 4 mm. Den har mindre aggressive tenner (rundt 88-89°) i starten, omlag 10 cm, før tennene få forma som vist på skissa. Den siste tredjedelen av bladlengda har noko meir aggressiv tanning (rundt 93°). Både framsida og baksida av tennene er filt rett over (indikert med 0°)

S-C458-18030214510
Skissa syner vinklane eg nytta på mi sag under kurset. 40 graderen er omtrentleg. Raud vinkel er med utgangspunkt i 90 grader ut frå bladet (horisontalt).

Kappsag

Tennene på ei kappsag skal skjæra over trefibrane på tvers.

Kappsag
Skissa syner nokre av momenta som er viktig å huske på ved oppsett av ei kappsag

Mi kappsag har måla som vist i skissa under over det heile. Vikkinga er på 0,2 mm. 4 mm mellom spissane og tannhøgd på omlag 3 mm. Slik vinkelen på baksida er nå (20°) passar den til hardare tre (hard bjørk). Vil nok file denne litt spissare om det er for furu. Vinkelen framme (76°) er ok, men kanskje litt agresiv. Ellers ok. Eg vil file ein gong til med desse måla, men utan å vikke, for å teste. Dette gir litt mindre vikk, og eg er spent på om saga endrar seg nevneverdig etter det.

Kappsag
Skissa syner vinklane eg nytta på mi sag under kurset. Raud vinkel er med utgangspunkt i 90 grader ut frå bladet (horisontalt).

Tankar

Som tidlegare nemnd, nytta ikkje Aksel vinklar eller mål når han filte. Eg tenkjer at om me skal skriva om dette, huska kva som er gjordt og tenkt for å forbetre, og for  kunne samanlikne, er me avhengige av å nytte tal.

«Ein time med filing kvar andre veke, tener ein inn att på presisjon og hurtighet». Aksel sitt krav til finish og nøyaktighet er noko å strekje seg etter.

Til slutt vil eg sei at dette ikkje har rot i norsk tradisjon, men er Aksel si erfaring rundt kva som fungerar, ispedd mi forståing og missforståing i eit forsøk på å skrive dette ned.