Videodokumentasjon av lafting med rundtømmer

I 1870 krasja ein varmluftsballong på Lifjell i Seljord. Den letta frå eit beleira Paris med livsviktige beskjedar som skulle nå fransk millitær utanfor byen. Ballongen blei tatt av ein kraftig vind og ført nordover og krasjlanda på Lifjell. Her landa dei to franskmenna i eit snødekt landskap, og redninga var å søke ly i ei tømmerkoie som dei kom over oppe i fjellet.

I anledning 150år jubileum for Ballongferda i 1870, har eg fått være med på eit prosjekt der vi ein lagar ”kopi” av denne tømmerkoiea. Den skal settast opp i nærleiken av  Ballongfararsteinen (minnesmerke) som står i området der denne ballongen skal ha landet. Det finst kun eit gammalt bilde av det som skal være koia dei søkte ly i.

Ballongfararkoia

Der er litt usikkerheit rundt om dette er den faktiske koia. Einar Østvedt har beskrevet i boka si ”Den første luftferd over Norge” at tømmerkoia dei skal ha søkt ly i hadde både ovn og sengeplasser, som ikkje er tilfelle med den vi ser på bilde.

Vi har valgt å ta utgangspunkt i bilete, men samtidig tek vi noken andre valg i forhold til utforming og taktekking. Den nye får spontak og der vil komme in ovn og pipe. Den vil også få eit vindu på eine langveggen. Sidan vi ikkje kan vite sikker kva lafteknute som er benytta i huset, valgte vi å hente inspirasjon frå ei badstu som står på Blomhaug i Seljordhuag som skal være frå same periode. Den er også bygd med rundtømmer, har dimensjonerte lafteskaller og laftet er ein variant av raulandslaft. Tømmeret er tatt ut i eit nærliggande område på samme høgde som koia stod. Det er valgt ut stokkar som var vridd og med store kivstar, som den på bilete. Den blei lafta med fersk tømmer slik som det blei gjort den gong.

Videoen er ein beskrivelse av laftet. Frå oppmerking av nov til ferdig me. Vi har brukt mest sjønn og augemål gjennom heile prosessen, holdt høgt tempo og jobba systematisk. Når ein gjer det på denne måten får bygget eit organisk utrykk og grove overflater, som kanskje er nokså likt slik det var på den gamle koia som stod der i skogen ein gong.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: