Reising av grindbygg på Sunnmøre

Eine veka av læringsarenaen var eg heime på Sunnmøre og arbeidde for Kåre Løvoll og firmaet Byggtrad. Løvoll as. Vi skulle reise eit grindbygg vi hadde lagd delane til tidlegare på året. Grindverk er ein gamal byggjeteknikk som er mest utbreidd  på Vestlandet. Byggjeskikken har vore mest vanleg i naust og låvar. Grindbygg er ein lett og luftig stavkonstruksjon, som egnar seg til bygg utan behov for varmeisolering. Vi skulle reise byggjet utanfor verkstaden, berre som ein åpen konstruksjon, for å ha eit tak å arbeide under til andre prosjekt. Så mykje som det regnar her på Vestlandet er det svært nyttig å ha…

Grindbygde hus har to eller fleire grinder etter kvarrandre på tvers av lengderetninga. Storleiken på byggjet vårt er slik at det var passeleg med tre grinder. Ei på midten, i tillegg til sideveggane. Ei grind består av to stavar som knytast saman med ein bete, eller tverrbjelke, og eitt eller to skråband. Bygget vårt er såpass stort at vi brukte to skråband. Både krumvekste og rettvekste skråband forekjem. Vanlegvis brukar ein rotenden av ein stokk, eller overgongen frå stamme til ei solid grein. Skråbanda våre er laga av bjørk, medan stavane og og betane er av fure. I tradisjonen er skråbanda festa med trenaglar, men vi velgte å jukse litt og bolta dei saman.

Her vi skulle reise bygget er det asfaltunderlag, så stavane kunne berre stå rett på bakken utan at vi trengte å tenkje noko meir på underlaget. Hadde det vore mjukt, vått underlag måtte vi ha reist bygget på steinar. Vi riggja oss til og la ut stavane og definerte lengda på byggjet. Vi la stavane med framsida ned, felde rafta ned i stavane. Så festa vi skråbanda. Då alle tre raftene var festa i hop var dei klare til å reisast. Stavane er fem meter lange, så vi velgte å bruke kranbil for å reise dei.

Vi reiste alle tre grindene og stiva dei av med foreløpige med skråstivarar mellom kvar grind.
Stavlegjene er på plass

Over beten, inntil stavane, ligg to stavlegjer, som bind huset saman i lengderetninga og støttar taksperrene. Knutepunktet mellom stav, bete og stavlegje er utforma slik at alle delane låsast fast saman. Stavleiene støttar seg mot ytterendane av stavane som ragar over overkanten på slindrene. Slik kan stavleiene motstå sidetrykket frå takkonstruksjonen. Halsen ligg ned i hakket i overkanten til stavane, slik at hovudet kjem ut forbi yttersida til stavane.

Vi heiste stavlegjene også opp med kranbilen. Så rigga vi opp stillas og skulle feste dei kontinuerlige avstivarane mellom grindene. Vi bestemte oss for å lage kryssband på øvste halvdel mellom kvar grind. Vi felte dei saman 50/50 så det vart kant i kant på utsida.

No vart alle taksperrer og reimer heisa opp. Vi bandt saman alle sperrene parvis i mønet. Så hadde vi opp reimene 1/3 lengd ned frå mønet på begge sider, støtta dei opp med stolar og bandt dei saman med hanebjelkar. Stolane hadde vi laga tappar på, og reimene var tappa ut med takvinkelen på oversida, så undersida med tapphol i til stolane i kom i vater.

No byrja det å likne på eit ferdig bygg. Vi lekta opp taket med 60cm mellomrom og la blikktak. No er det berre å starte på neste prosjekt med tak over hovudet.