Tankar om kam

Vi studentane på læringsarena Stiklestad i haust 2019-sumar 2020, fekk i oppgåve å byggja eit stavbygg som skulle væra eit nytt lagerbygg for gamle redskaper frå vegvesenet. Nokre av mine medstudentar har skrive om same bygg i tidlegare bloggpostar. Eg skriv litt om kammfellingane vi laga og drøftar rundt dei.

Topp og ytre veggliv er referanse. Vi melte oss ned 3 1/2″ ned i ytre veggliv og 2 1/2″ i indre, slik fann vi høgda på kammen. Etter vi saga og tappa ut planet til toppen av kammen melte vi oss 3/4 dim frå ytre veggliv og fann bredda på kammen.