Fagstoff og aktuell litteratur

Her legg vi ut aktuell litteratur og fagstoff som elles ikkje er tilgjengeleg på nett.

Pjål

Pjålen er eit verktøy som etterkvart har blitt nokså godt kjent i handverksmiljøet i Noreg under sitt namn. I Sverige er det helst namnet «skave» som vert brukt om tilsvarande verktøy, men utforming og bruk av verktøyet er elles veldig likt det vi ser i Noreg. Min kollega Tomas Karlsson på Göteborgs Universitet har gjort eit omfattande arbeid med å kartlegge ulike variantar av skave i Sverige. Dette er eit arbeid som fortener å bli lest av fleire og Tomas har gitt oss løyve til å legge ut arbeidet hans her på vår blogg.

Her kan du lese og laste ned rapporten: Skave

Her kan du lese og laste ned teikningar frå arbeidet: Ritningar & skiss

Bacheloroppgåvene til studentane på tradisjonelt bygghandverk og teknisk bygningsvern

Siste semester arbeider studentane med sine bacheloroppgåver. Det er mykje interessant fagstoff i desse oppgåvene og derfor har vi oppretta ei eiga side som viser til kor du kan laste dei ned. Sjå sida her: https://tradisjonshandverk.com/fag/bacheloroppgava/

 

%d bloggarar likar dette: