Planleggingsfase, tilbygg på verkstad i stavkonstruksjon

I samband med faget Tradisjonsfagleg Utøving 2 så har eg starta med eit eiga prosjekt. Eg skal byggje eit tilbygg på verkstaden som eg har. Dette er planlagt som eit tilbygg på 7,2×10 meter utvendig. Eg har ein tanke om at tilbygget skal vere eit stort ope rom. Det er nok ikkje til og stikke under ein stol at Gudbrandsdalen er mest kjent for tømra bygninger og ikkje for stavkonstruksjoner. For og gjera ein potensiell lang historie kort, så er dei fleste relevante bygg i stavkonstruksjon som eg har sett på, frå tida 1900-1940 (1945).

1
Fasadeteikning av verkstaden og tilbygget. Tilbygget til venstre på teikninga.

Til no så har eg arbeida med planlegging. Det som er ein fordel med første halvdelen av 1900-talet er fagbøkene frå den perioda. Eg har tatt utgangspunkt i «Håndbok for byggmester og bygningstømrer» av arkitekt Michael Michelsen (2. utgave 1934). Eg bruka også «Fagbok for tømrere» av N. Peder Nielsen, Andreas Nygaard og Gregor Paulsson (1944). Eg satte nokre begrensninger til tilbygget. Sjølv om eg ikkje skal følge det eksisterande bygget konstruksjonsmessig, så skal tilbygget ikkje skille seg for mykje ut heller. Den totale høgda er ein av faktorene som har betydning. Det er også nokre begrensninger med terreng.

Verkstaden som eg har er ein ombygd brakke frå krigen. slik det står i dag så er den oppsatt rundt 1950. Her er det den opprinnelege takkonstruksjonen bruka opp igjen men med ein modifisering av lengda på dei. Det er også satt på ein oppbygging som gjer at det blir brattere tak.

Etter og ha leita etter konstruksjon så har eg kome fram til at eg skal bruke eit frittbærande tak som det blir kalla for i Fagbok for tømrere. dette består av sperrer, konge og undersperrer. Desse er plassert ut med 3 meters avstand og det er åser av 4×4 oppå.

4
Takkonstruksjonen eg skal lage

Ellers så har eg prøvd og kalkulert materialane ut frå framgangsmåten i Fagbok for tømrere. Da teikna eg opp eit parti av veggen og bruka det samt teikninga av sperra til og beregne materialmengda.

5
Teikninga som eg bruka når eg skulle beregne material til veggane

Vidare så skal det sages materialar, og så skal det bygges. Først på avbindingsplass for så og bli satt opp der det skal stå.

Verktøy bruka under tømring med kamnov

Tømring av trapp med kamnov. Foto: Hans Høgnes

Vi som har læringsarena i Oppland har ein blanding av eigne prosjekt men og felles prosjekt. Under dei felles prosjekta så er oss samla på Maihaugen. Her har oss deriblant tømra opp ein ny trapp til stabburet på Bjørnstad-tunet. Tappa er ein tømra trapp er det er bruka kamnov i hjørna og for låsing av trinna. 

til denne tømringa så har oss nytta følgande:
Tømmersaks, skanteøks/ryarøks, sot/krittsnor, bindhakar/haldhakar, hoggarøks, loddefjøl, blyant, kniv, sotpinne, blekkespade, bandkniv, passar, kneppert/klubbe, hoggjern,grovtanna tverrvedsag og svans

Tømmersaksa er eit hjelpemiddel for å kunne frakte tømmer frå ein stad til ein annan. T.d frå der stokken ligg lagra til plassen han skal skantast. Når stokken er lagt på 2 eller fleire tverrstokkar, tilpassa handverkaren som skal ry/skante, blir 2 striper av borken fjerna. Desse 2 stripene er ca der dimensjonen på tømmerstokken skal bli. I dette tilfellet vart stokkande telgde ned til 5« som liknar originalstokkane i trappa vi skulle kopiere. Når stripene er blekte kan ein ta til med oppmålinga av stokkbreidd og merkje stokken for skanting. Når ein nyttar sotsnor gjev dette gode svarte merkjer på det kvite tømmeret og er enkelt å sjå og hogge etter. For at stokken skal ligge roleg på opplaget er det ein fordel at stokken blir sett fast av bindhakar. Avhengig av stokkstørrelse og krok på stokken kan det væra hensiktsmessig å nytte minst 2 bindhakar, nokon gonger 3. Antalet avheng òg av korleis opplaget er forma. Det viktigaste er at stokken ligg i ro under heile prosessen og at han ikkje vri på seg då dette førar til unøyaktig dimensjon og vridning.

Håvard sotslår ein stokk. Foto: John Selsjord

Når stokken er sotsleggen, kan skåringa eller nibbinga ta til. Somme nyttar ikkje denne teknikken når dei skantar. Dei nyttar    ein tekknikk som på somme dialektar kallast for «skvelling». Vi er av den oppfatninga at «skvelling» er ein god teknikk der lite ved skal fjernast og at nibbing absolutt er ein god teknikk når mykje ved skal fjernast.

Nibbing er ståande «v-ar» hoggen inn i kvar side på stokken, med om lag 30 cm mellomrom. Ein hogg ikkje heilt inn til streken i nibbeprosessen, då dette blir teke med ryarøksa til slutt. Ein kan nytte forskjellig slag øksar i arbeidet med nibbing, men ofte vart det nytta hoggar/smaløks på leringsarenaen. Når stokken er ferdig nibba tek ein til med klamphogging. Denne klamphogginga kan også utførast med forskjellige slag øksar, den mest brukte er truleg hoggarøks/smaløks. Når sida på stokken er grovhoggen kan sjølve skantinga ta til. Her har det nok vore nytta mange typar økser gjennom tida, men har ein tilgang til ei skanteøks er dette ein god reidskap om ein er vand med å bruke ho. Vi skanta stort sett bakover med «tradisjonelle» øksar frå området.

Arild Bjarkø som var med som instruktør, grov hogger til ein stokk. Foto: John Selsjord

Vi måtte også prøve ei svensk bjelkeøks, der ein etter sigande skal gå framover. Dette ga vi tidleg opp og gjekk tilbake vil dei vande reidskapa.

Svensk bjelkeøks. Foto: John Selsjord

Når stokken er ferdig forma og skal inn i veggen, nytta vi sag for kapping.

Hans og Jørn kappar opp trinn til trappa. Foto: John Selsjord

Det vart diskutert om vi skulle nytte «ku» altså ein mal i oppteikning av hogget. Dette gjekk vi bort frå då ein kunne sjå på originalhogginga at dette ikkje var gjort. «kammen» hadde ulik breidde i same vegg. Vi fann derfor ein «middelveg» på hogget og dette vart ein slags målestokk for arbeida. Kvar og ein målte dette opp med sine tommestokkar og passarar – resultatet vart difor ikkje heilt likt sjølv om vi nytta dei same måla, dette gjorde at det vart mykje likt som på den gamle trappa.

Hans merkar opp for nedfellinga av første trinn i trappa. Foto: John Selsjord.

For å ta ut veden av oppsåta og underhogget nytta vi deriblant sag, oss saga ned for der innsiden på den stokken over skal legge seg inn mot. Det ein kanskje kan kalle toppen på kammen vart hogge til med øks, både på oppsåta og underhgget.

Oppsåta på eine nova. Foto: John Selsjord
Pusse til kammen med øks. Foto: John Selsjord

For og hogge ut der som kammen skal låse i stokken over og det same for undersiden, så bruka oss hoggjern for og hugge ut etter at oss hadde saga ned. Det vart også bruka øks, der det var mogleg

Oversiktsbilete av nov. Foto: John Selsjord

Etter grovtilpassinga av stokken så vart stokkane meddrad. med kamnova kan ein tilnærma merka alt med medraget.

Til og hugge ut mosefaret så vart det bruka øks. det varierte litt om ein bruka ein smaløks eller ein bruka ein større øks til dette.

pusse til kammen med øks. Foto: John Selsjord

Trappa som oss skulle kopiere var ikkje den opprinnelege trappa som fulgte med stabburet frå Bjørnstad. den trappa som skulle skiftast ut bar tydeleg teikn på at den var tømra saman av diverse restematerialer og ikkje heilt likt med det som vi har funne av bilete/teikning av korleis trappa var da stabburet kom til Maihaugen.

Foto av trappa etter at Bjørnstad- tunet var flytta til Maihaugen. Eigar: Maihaugen

Vi hadde moglegheit til og gjere nokre endringar med den nye trappa i forhold til den som skal skiftast ut. Oss har prøvd og etterlikne ryinga, nova og trinna. Det oss også har prøvd og etterlikne er størelsen på trappa.

Den nye trappa vedsidan av den gamle. Foto John Selsjord

 Vi hadde tilgang på ein eldre stokk med kamnov som oss brukte som utgangspunkt for tømringa.

Verktøya som oss bruka er basert på dei verktøyspora som oss har funne på trappa samt på den gamle stokken som oss hadde til rådigheit.  Ryinga av tømmeret er nok den delen av prosessen som det er lagt ned større undersøkingar av verktøyspor. Rying er den delen av arbeidet som gjev tydlegaste verktøyspor mens ellers så begrenser det seg på grunn av at det er små flater noko som gjer at ein ender med og berre sjå kva slags verktøy som er bruka utan og finne ut så mykje meir.

%d bloggarar likar dette: