Dokumentasjon og oppmåling

I samband med undersøking av eldre bygg er det ofte nyttig å kunne arbeide systematisk for å avdekke dei viktigaste detaljane i bygga. Tradisjonell manuell oppmåling av bygningar med snor, lodd og tommestokk/måleband har mange fordelar for oss handverkarar. Vi kan klare arbeidet med det verktøyet vi til vanleg har med oss i verktøykassa vår på arbeid. Vi får sjølv høve til å studere detaljane på nært hald og oppdagar då mykje som vi elles ikkje ville ha sett. Vi får også mykje «kvalitetstid» i bygningen og får såleis tid til å fordøye inntrykka på plass. I faget har vi derfor lagt eit hovudfokus på manuell oppmåling av bygningar. I tillegg arbeider vi med ulike former for dokumentasjon som kan vere aktuelt for tømrarar. Materialkvalitet, samanføyingar og andre bygningsdetaljar kan dokumenterast på ulike måtar.

Her arbeider studentane med undersøking av materialkvalitet og verktøyspor på  Haltdalen stavkyrkje på Sverresborg.

img_4704
Panoramafoto av ein av dei store låvebygga som studentane arbeidde med på kurs i manuell oppmåling av bygningar. Kurset hadde fokus på låvebygg i Melhus i Sør-Trøndelag.
%d bloggarar likar dette: