Materialforståelse og tradisjonell bearbeiding

Faget er ein introduksjon i tradisjonelt skogsarbeid og materialproduksjon. Studentane er med i alle prosessar frå treet står på rot i skogen og til ferdig material. Vi tar utgangspunkt i konkrete tradisjonar innan dei ulike delprosessane. Vi har valt å ta utgangspunkt i tømmerhogst slik eg har dokumentert og lært tradisjonen av Konrad Stenvold (1908-2012) som starta i tømmerskogen frå han var kring 10 år gamal. Felling, kvisting, kapping og barking av tømmeret vert gjort med øks. Vidare går vi gjennom handsaging på sagstilling, kløyving og rying av halvkløyvingar og saging på vassdrive oppgangssag. Gjennom dette arbeidet vil studentane få eigne erfaringar med arbeidsmåten og resultata og det gir grunnlag for å forstå det dei møter i eldre bygg.

Som ein del av kurset fekk studentane i grupper i oppgåve å dokumentere arbeidsmåten dei lærte den eine dagen på kurset. Den aktuelle dagen var studentane delt i tre grupper og ei gruppe kløvyde tømmer med øks, ei handsaga på sagstilling og ei var på Aursfjordsaga, ei vassdrive oppgangssag. Her er lenke til det gruppene har levert inn etter kurset.

Kløyving av tømmer

Handsaging

Oppgangssag

sagstilling.jpg

Oppgåveteksten som gruppene har arbeid ut frå:

1. Gruppene 1, 2 og 3 som er på Oppgangssag, handsag og kløyving tysdag, onsdag og torsdag vel ein gruppeleiar som får ansvar for å fordele arbeid med dokumentasjon av arbeidet som gruppa gjer på onsdag.
1.1.Beskriv tradisjonslinene bak det de lærer (kven har instruktøren lært av? Kor skriv dette seg frå? m.m.).
1.2.Forklar arbeidet kortfatta og få med sentrale fagutrykk slik dei vert brukt i denne tradisjonen. Del gjerne opp i arbeidsmoment slik det høver med arbeidet.
1.3.Foto av dei ulike arbeidsmomenta som viser viktige detaljar kan vere ein god måte å dokumentere arbeidet på. Korte filmklipp kan også vere bra. Ikkje overdriv, 10-12 bilete/korte filmklipp kan vere høveleg.
1.4.Beskriv det viktigaste verktøyet som vert brukt i arbeidet. Foto kan vere bra til dette, men hugs å ta viktige mål. Namn på verktøyet og delar av verktøyet er viktige detaljar.

%d bloggarar likar dette: