Sør-Troms museum

Sør-Troms museum er vertskap for læringsarena i Sør-Troms. Med sin base i Salangen og Trondarnes dekker dei sørfylket på ein god måte. Museet er i gang med eit større prosjekt for å byggje opp ein mellomaldersk gard på museumsområdet på Trondenes. Ein stor del av prosjekta til studentane vert knytt opp til dette arbeidet.

Vi har desse to studentane som er knytt til læringsarenaen og følgjer opplegget lokalt.

  • Thor Larssen er tilsett som handverkar i Sør-Troms museum. Busett i Salangen.
  • Henrik Jenssen er i eit engasjement som handverkar i Sør-Troms museum. Busett i Målselv.

Opplegget og undervisninga vert styrt av Roald Renmælmo som er busett i Målselv og er NTNU sin representant. På museet er Frode Hansen kontaktperson og koordinator for undervisning og praktisk tilrettelegging. Vi har eit tett samarbeid mellom læringsarenaen på Midt-Troms museum og studentane samarbeider om felles prosjekt.

Vi baserer oss på handverkstradisjon frå Indre-Troms og har fokus på å bruke tradisjonsberarar og/eller dokumentert tradisjon. Gjennom mange prosjekt har Roald Renmælmo og Siv Holmin tileigna seg tradisjonskunnskap i tømmerhogst, handsaging, kløyving av tømmer, tømring, neverløyping, nevertekking og liknande. Dette er eit godt utgangspunkt for  å få til gode opplæringsprosjekt. Vi er likevel stadig på leiting etter tradisjonsberarar innan ulike spesialfelt og vil bruke desse så langt vi kan.

Bloggpostar om arbeidet på Sør-Troms museum:

https://tradisjonshandverk.com/category/laeringsarena/sor-troms-museum/

%d bloggarar likar dette: