Lyfting av hus

Ein kan kanskje tenkje seg at lyfting av hus er ein ny ting, og at ein i eldre tid ikkje hadde nokon korrigeringsmogelegheit dersom huset seig i grunn, eller fekk skadar på anna vis. Skadar som skuldast råte, eller for dårleg materialstivheit. Etter kvart fann eg ut at det var noko som heitte for husskrue. Denne hadde som funksjon å lyfte bygg som hadde vorte utsett for sig og/eller annan skade. Eg var sikker på at desse husskruane kunne lyfte småhus og at det stoppa der. Etter kvart forstod eg at desse skruane faktisk kan lyfte store bygg og at dette med lyfting ikkje er nokon nymotens sak.

Skisse av husskrue

Skøtbenk frå Valdres på Valdres folkemuseum

Berre for nokre år sidan var det ikkje funne skottbenk i Valdres. Eg var i kontakt med bygningsvernrådgjevar Odd Arne Rudi på museet på Fagernes, sidan han er mykje rundt på gardar i Valdres. Kanskje hadde Rudi kome over ein slik benk på nokon av sine mange synfaringar? Han kunne opplyse om at skottbenk var ikkje noko han hadde sett i dalen. Nedtur. Vi vart enige om at han skulle halde ein ekstra utkikk etter ein slik benk. Det gjekk vel eit år, innan eg tok telefonen på ny og høyrde om han hadde kome over noko som kunne likne ein skottbenk, men svaret var det same som sist.

Dagen etter denne telefonen, ringer Rudi meg tilbake med nyheita om at han har funne ein skottbenk i Ulnes. Skøtbenken var då reoppdaga i Valdres.

Seinare fekk eg informasjon om ein «trefoting» i Etnedalen. Til alt overmål fann Rudi også benken som denne bloggposten handlar om. Arkivet til Valdres Folkemuseum er enormt stort, mykje befinn seg i samlinga. Klemt mellom eit treskeverk, ei rekkje spissledar og ein laftevegg vart benken oppdaga. Benken har ikkje noko registreringsnummer og var difor ikkje å finne i det digitale arkivet.

Høvelbenk frå Valdres

Høvelbenk etter Gudbrand K. Bjelbøle Aabol, Skrautvål i Valdres

Eg har ståande ein høvelbenk etter tippoldefar min G.KS.B.Aabol (1847-1925). Denne har eg lenge ynskt å måle opp og sjå nøyar på, både når det gjeld oppbygging og sjølvsagt funksjon.

Fristadlåven på Valdres Folkemuseum

Tunet «Fristadplassen» på Valdres Folkemuseum.

I emnet tradisjonsfagleg utøving 2 skulle vi gjennom både tømring og litt bordtakshøvling. 5 veker held vi til på Maihaugen med Arild Bjarkø som rettleiar. Dei restaerande 5 vekene held eg til på Valdres Folkemuseum. Det er god bruk for vøling på fleire av bygga på museet, eit av bygga som eigna for lafteøving var låven på garden Fristad. Garden er ein husmannsplass frå Vestre-Slidre kommune. Bygga som utgjer tunet er stall, fjøs, stabbur, våning og låve, treskelåve. Desse vart flytt til museet på 1950-talet. Det var ikkje skrive tilstandsrapport på låven, men undersøkingar gjort av museet antyda at om lag 10 stokkar måtte bytast.

Arbeidsbessrkivelse i timbring

Eg ynskjer å ta for meg eit laft frå Valdres. Eg har ikkje prøvd dette laftet tidlegare, men ynskjer å sjå på denne oppgåva som eit eksperiment, der eg nyttar handverkarbakgrunnen min for å beskrive dette direkte utan faktisk å gjera laftet.

Laftet er alderdommeleg, men truleg ikkje frå mellomalderen. Dette baserer eg på uttale frå fleire røynde handverkarar, samanlikning med liknande hus og det faktum at huset er timbra i nesten fullt utmalma furu, noko som er alderdomleg i Valdres, i alle fall i den delen eg bur. Ein har beskrivingar frå tida då dei bygde Skrautvål kyrkje, der vart tømmeret hogge ved «Ramlanberg» og ved «Leirin», då dette var kun dei 2 plassane det var eigna tømmer til formålet. Ein kan sjå likheitar mellom dette laftet og laftet i Handeloftet på Valdres Folkemuseum som er eit overhalslaft frå om lag 1650. Det blir hevda at laftet eg skal beskrive her er eit såkalla «overhalslaft». Eg er ikkje einig i dette, men eg kan strekkje meg til å kalle det midthals med trekanta underbarke, der halsen nokre plassar i bygget har hamna noko høgre enn kva midthalslaftet skulle tilseie. Eg legg ved nokre bilete for å underbyggje denne påstanden.

Laftet er i utgangspunktet lafta av stokk som er rundare enn den framstår i dag. Dette kjem av at tippoldefar min, Gudbrand Knutsson Aabol 1845-1910 (snikkar, smed, oppfinnar og bonde – som bror og far) fann ut at han skulle fylgje med i mota og byggje om eit tradisjonelt stabbur eller «bu» som det ofte bli kalla i Valdres, til ei meir «tidsrett» «bu». I denne ombygginga vart stokkane telgde, og det vart øydelagt noko av tettheita på laftet. Desse skadane blir naturleg nok endå større inne, der stokken er telgd heilt inn mot knuten. Hadde stokkane kun vore telgde inn mot laftehovudet, kunne laftet fortsatt hatt bra tettheit, i alle fall ute.

Eg ser for meg at dette laftet kan ha vore hogge på fleire vis, og at det er metodar som kanskje er betre enn andre. Vi får sjå kva eg kjem til etter kvart i oppgåva. Sidan veggane har vore meir eller mindre runde, antek eg at laftet har vorte til ved bruk av senterline og ikkje ved bruk av loddfjøl på inn- eller utside. Før ein tek til å hogge oppsåta, må ein ha ei nokolunde formeining om stokken som skal fellast ned på oppsåta. I dette tilfellet ser ein at slik laftet framstår i dag, er det hogge ein stor «V» som faktisk held om lag stokkbreidda over. Eg reknar med at når dei telgde opp bygget på 1800-talet, var det om å gjere å ta så mykje som mogeleg, men ikkje meir anna enn at laftet vart ivareteke så nokon lunde. Ein må difor gå ut i frå at eit tverrsnitt av halsen i dag ser om lag slik ut med stokken over.

Eg tek utgangspunkt i laftet slik det var originalt – forslag til arbeidsprosess

Hogging av oppsåte:

Ein må bestemme kva for emne ein skal nytte til botnsviller i konstruksjonen. Det er skrive ein del i litteraturen om at gavlstokkane skal leggjast fyrst og at langveggstokkane skal leggjast «oppi» desse. Dette kjem av at dei underjordiske eller «haugafølket» ikkje skulle ha meiar å dra huset på. Eg har vore noko rundt og sett at dette har vore praktisert noko ulikt. Det er viktig å tenkje over korleis ein skal starte opp laftinga i bygget. Ein kan starte med langveggsvill på skrå slik at såta inne fluktar med golvlista. Eller ein kan rette opp underkanten av svilla, og bygget ser meir i vater ut ute, men ein vil sjå at golvlista og såta ikkje fluktar heilt inne. Dette har òg vore praktisert forskjellig rundt om i landet. Eg likar løysinga der bygget får ein nokolunde rett underkant på laftet ute. Når ein har funne 4 stokkar som egnar seg som botnsviller må ein bestemme korleis oppstarten skal vera. I dette eksempelet legg eg langstokkane på tverrstokkane, fordi stokkane er runde er det ikkje heilt beine fram å få rett mål på rommet. Ein må ta utgangspunkt i senter stokk.

Her ser ein stokkane lagt ut. Det er avmerkt med sirklar der «L» og «b» får skjeringspunkt. Det er i desse skjeringspunkta oppsåta skal hoggast. Oppsåta skal utformast slik at senterlinene råkar senteret på oppsåta. 
På dette bilete kan vi sjå korleis oppsåta kan formast. «S» står for stokkbreidd og dette gjev utgangspunktet for kor stor breidd «V-en» i oppsåta skal ha. Ein slags formel på dette talet blir S – 2« – stokkbreidda minus 2 tommar. Kor djup ein skal hogge den fyrste oppsåta, kjem ann på dimensjonen på stokken som skal leggjast på. Men i dette laftet kan ein grei regel kan vera at trekanten blir hogge 1/3 ned i stokken. Er påstokken grann kan ein redusere hogget noko. Det er lettare når ein kjem opp i laftet. Då kan ein ta det halve av høgdeforskjellen, ned på stokken under. Eg ville hogge kinningane fyrst og «v-en» etterpå. Relativ enkel hogging.

Ein kan starte med å hogge nokre tak rett inn langs senterlina, då er det enklare å bli kvitt treverket når ein hogg for kinningane. Referansebygget ber preg av desse verktøyspora. Som ein les av skissa skal (ofte, ikkje alltid) méddraget på stokken som blir liggande rett over flukte med denne kinninga. Dersom kinninga blir laga for slak, slik at ho endar lenger inn mot senteret på stokken, kan det resultere i eit op i lafta og nova vert med dette ikkje tett. Det er difor lurt å ikkje hogge kinningane for langt inn. dette kjem etter kvart som ein kjem i gang med laftinga, kor langt inn kinningane bør gå for å få eit tett og fint laft. Når kinningane er hogge står «v-en» for tur. Denne merkast rett på og hoggast ut. No er oppsåta ferdig og tverrstokken kan leggast på.

Det er mange alderdommelege laft som ikkje er reine geometriske overføringar, men som må overførast med meddraging av ymse slag. Eg vurderer dette på den måten at ein kan overføre geometrien frå oppsåta opp til overliggande stokk – for oppmerking av underhogget.

Når ein har kome så langt at stokken vi laftar på ligg nokon lunde ann på stokken under, kan ein mèddra stokken. Dette er ein prosess som gjer til at overliggande stokk blir merkt og eit «v»-spor blir hoggen. Dette «V»-sporet er avsett med eit verktøy kalla mèd. Denne teiknar eit konturen av underliggande stokk opp på overliggande stokk. Stokken vil med dette måtte hoggast på nytt i nova for å passe. Ein brukar mèden til å merke kor mykje djupare underhogget skal hoggast.

Samandrag

Det er lettare å gje ein karakteristikk av litteratur som forklarar prosessar bra eller dårleg, enn faktisk å gjenskapa det gode. Eg har likevel gjort eit forsøk her med bruk av illustrasjonar som hjelpemiddel for at lesaren lettare skal forstå. Det vil skilje mykje på kven lesaren er av denne teksten, om lesaren er fersk i faget, eller om han eller ho har drive i faget ei stund. Eg førestilte meg at lesaren var urøynd og trong inngåande forklaring på framgangsmåten.