Arbeidet bak det å lage ein vinduskarm



I Sandsværhuset vi lagar kopi av på Kongsberg har vi funne spor etter 3 originale vindusopningar. Dei originale vindauga er skifta ut, men eit har truleg blitt flytta opp i 2.etasje. Vi har valgt å kopiere dette vinduet som muleg har vore eit av stovevindauge, måla stemmer overeins med originale beitskia og spor i vindusopninga.

Karmen har nokså vanleg utforming og er sinka i hjørnene. Midtposten er derimot meir frå seg gjort med profilar på alle kantar. Profilen er samansett av fleire platter som danner ei flott søyleliknande utsjånad.

Skottbenk frå Suigard Tveiten, Grongedal

Oppmåling av skottbenk på Eidsborg, Vest-Telemark Museum

Denne Skottbenken blei funnet av Martin Eriksen og Trygve Lia på Suigard Tveiten i Grongedal (Haukeli). Eigar av benken er Svein Henry Ekre.

Då benken blei funne, hang den på ytterveggen av eit middelalderloft og såg ut til å ha hengt der ein god stund. Middelalderloftet har vært malt og det har dei gjort uten å ta ned skottbenken frå veggen, så då har den også fått seg eit strøk med brunmaling. Dei har til og med gjort seg flid og mala inn mellom langborda. Når dei tok benken ned kunne ein sjå avtrykk av benken på veggen. Eit slikt avtrykk kunne vel i seg sjølv tiltrekt skodelystne skottbenktilhengarar.

Her ser vi Skottbenken der den hang på veggen. Martin Eriksen (bildet) var ein av dei som fann benken

Videodokumentasjon av lafting med rundtømmer

I 1870 krasja ein varmluftsballong på Lifjell i Seljord. Den letta frå eit beleira Paris med livsviktige beskjedar som skulle nå fransk millitær utanfor byen. Ballongen blei tatt av ein kraftig vind og ført nordover og krasjlanda på Lifjell. Her landa dei to franskmenna i eit snødekt landskap, og redninga var å søke ly i ei tømmerkoie som dei kom over oppe i fjellet.

I anledning 150år jubileum for Ballongferda i 1870, har eg fått være med på eit prosjekt der vi ein lagar ”kopi” av denne tømmerkoiea. Den skal settast opp i nærleiken av  Ballongfararsteinen (minnesmerke) som står i området der denne ballongen skal ha landet. Det finst kun eit gammalt bilde av det som skal være koia dei søkte ly i.