Tradisjonsfaglig fordypning

I dette faget tar vi for oss ulike fordjupingsemne som er relatert til arbeidet studentane driv med i faget tradisjonsfagleg utøving. Faget vert organisert som praktiske samlingar der studentane arbeider med slikt som spontekking, kløyving av tømmer, snikring av grindsag eller lagar sin eige pjål. I faget kan vi leggje opp til at vi vinklar emna opp til prosjekt som er av spesiell interesse på dei ulike læringsarenaane som som har studentar i Tradisjonelt bygghandverk. Såleis vil det praktiske innhaldet i faget bli forma av aktuelle prosjekt, behov og ynskje frå studentane og spesielle behov innanfor fagfeltet.

img_4614
Studentar og veiledere på samling i snikring av grindsag på Sverresborg i Trondheim