Frå skog til takspon, nytt spontak på Bunadburet på Bjerkem

Bunadburet på Bjerkem, i samband med det pågåande arbeidet innkledd i stillas og tak over tak. Foto: Roald Renmælmo

Garden Bjerkem i ligg i Steinkjer kommune, kring 15 min køyring aust for Steinkjer sentrum. På garden driv dei produksjon av økologisk korn av eldre kornsortar og har økologisk mjølkeproduksjon. Det gamle buret på garden er i dag verkstad til Berit Bjerkem som produserer tradisjonelle folkedrakter frå Nord-Trøndelag. Det er også utstilling av drakter i buret som går under namnet Bunadburet. Eigaren av garden, Johan Einar Bjerkem tok kontakt med oss for ei tid sidan og ville gjerne få lagt nytt spontak på buret og lurte på om det kunne høve som eit undervisningsopplegg for studentane våre. Vi slo til på det og byrja planlegging av prosjektet.

Det er mykje logistikk kring eit slikt prosjekt og eigar fekk Pedersen Handverk AS i Stjørdal til å ta på seg arbeidet med å byte tro og organisere oppsetting av stillas og overtekking. Det vart prioritert å bruke overtekking av taket under arbeidet for å ikkje risikere å få vatn i isolasjonen i taket som er isolert. Til vanleg er ikkje tradisjonelle spontak isolert og denne type overtekking ikkje nødvendig. For oss og studentane var det flott å kome på samling og sjå at alt var klart til å byrje å stikke spon og tekke med spon.

Skjørholmskogen i Verdal, Foto: Roald Renmælmo

Det fyrste som måtte til var å finne høveleg skog til å stikke takspon av. Bjerkem har ein del skog og vi byrja med å leite der. Noko av skogen var litt langt unna garden og var vanskeleg tilgjengeleg om vi skulle ha med studentane på uttak og hogst. Vi såg også snart at snøen forsvann for tidleg på våren til at skogsvegane var farbare med tømmer på slep. Vi valde då og ta ut nokre graner i forkant av studiesamlinga i Skjørholmskogen i Verdal, men ikkje langt unna Bjerkem. Eg vart tipsa om denne skogen av Hans Brede i Skogselskapet som tok oss med for å sjå. Eg så snart at det var fleire aktuelle graner i skogen og merka i fyrste omgang 4 av dei til vårt prosjekt.

Tømmeret vart så kjørt med traktor til Bjerkem og lagt klar til studentane kom. Skogselskapet har også skrive ein liten nettsak om skogen og spontekkinga på sine nettsider. Studentane kom til Bjerkem måndag 12. april og var der heile samlinga fram til fredag 16. april. Med bakgrunn i pandemien delte vi studentane i tre ulike kohortar som arbeidde kvar for seg og budde kvar for seg under heile samlinga. Måndagen starta vi med å sende ein kohort ut i skogen ved garden for å leite fleire aktuelle spontre, eller i alle fall få litt kjennskap til aktuell skog. Ein kohort byrja å kappe sponkubb, kløyve sponskier og koke desse for å byrje å stikke spon. Den tredje kohorten byrja å førebu tekking av den vestre takflata på buret med spon som eg hadde gjort klart på førehand.

Det var 15 ivrige studentar som var med på samlinga og dei var gjerne oppe i god tid før klokka 06.00 på morgonen for å byrje å koke spon. Såleis fekk vi produsert mykje spon og vart ferdige med tekking av taket på Bunadburet alt på torsdag, etter 4 dagar arbeid. Flatemålet på taket på buret var kring 70 m2 og til det gjekk det med kring 12 000 takspon. Vi heldt fram med å stikke spon også på fredag og produserte kring 16 000 takspon i løpet av samlinga. Desse sponene vart stort sett produsert av dei 4 grantrea som vi hogg i Skjørholmskogen i forkant av samlinga. 16 000 spon er omlag nok til å tekke kring 100 kvadratmeter takflate. Det blir god utnytting av tømmeret å få så godt utbytte.

I Nord-Trøndelag er det vanleg å ha nokså tynne spon, kring 5-6 millimeter i eine kanten og ned mot kring 2 millimeter i andre kanten. Vanleg sponlengd er 13 tommar og det vert lagt med 4 tommar opptrekk, altså som tre-lags tekking på taket. Andre stadar i landet kan det vere vanleg med lengre spon og kanskje også tjukkare spon. Filmen Spontekking og tekkardugnad frå Skaun i 1970 er eit godt døme på dokumentasjon av spontekking frå Sør-Trøndelag.

Kapping av sponkubb
Kløyving av sponskier
Stikking av spon
Spikring av spon
Studentane nærmar seg mønet
Kvar spon vert festa med ein liten blankspikar.
Ferdig takflate tekt med spon på Bunadburet

Oppgangssaga i Aursfjord, dokumentarfilm

I Aursfjord i Malangen i Troms vart det sett opp ei oppgangssag i 1796 av Ingebrigt Eliassen. Saga har vore drive med berre nokre mindre avbrekk frå den tida til i dag og sagmeister Arne Pedersen er 6. generasjon i direkte linje etter Ingebrigt. Vi har hatt studiesamlingar der studentane har fått ei innføring i saging og fått øve seg på å dokumentere arbeidsmåte og tradisjon. Studentane har lagt ut noko av det dei har skrive her på bloggen tidlegare. I vinter har Anders Lundvang og eg laga ein dokumentarfilm om tradisjonen knytt til saga. Her kan du sjå filmen:

Om du er interessert i meir bakgrunnsinformasjon om historia til saga så kan du lese meir i denne artikkelen: https://brage.bibsys.no/xmlui/bitstream/handle/11250/2434264/Fortidsvern01-16_s34-39%2BRenm%25C3%25A6lmo.pdf?sequence=1

Rettbenk på Søre Risteigen, Veggli i Numedal, Buskerud

Rettbenk dokumentert i Buskerud

Norsk Skottbenk Union

Bilde1 Rettbenken på gården Søre Risteigen. Foto: Ivar Jørstad

I Veggli i Numedal ligger gården Søre Risteigen, en riktig gammal gård står det i Rollag bygdebok. Man antar at Risteigen har blitt delt i to allerede før svartedauden, så Søre Risteigen har en over 650 år lang historie. Gården har en stor tømmerlåve, og der inne står benken jeg har vært og sett på. Da jeg ringte nåværende eier, Berit Mogan Lindheim som har vokst opp på gården, og spurte om å få komme på besøk, kalte jeg benken for skottbenk. Hun må ha skjønt hva jeg mente, for hun kommenterte det ikke noe da. Men etter at vi hadde hilst på tunet, og jeg ble vist plassen den sto, gjorde Berit meg oppmerksom på at der på gården kalte de den for en rettbenk. Hun visste ikke noe spesielt om den, men den hadde stått der så lenge hun kunne…

View original post 292 fleire ord

Studiesamling i Karasjok i Finnmark

img_8636
Her er studentane på teknisk bygningsvern samla i Karasjok. Med seg har dei også nokre elevar frå byggfag i Karasjok, tilsette på museet i Karasjok, veiledarane Siv Holmin og Arne Graven. Med på biletet er også forelesarane i bygningshistorie Ingebjørg Hage, Lars Børge Myklevold og Mia de Coninck. Foto: Roald Renmælmo

For fyrste gong har bygningsvernutdanninga på NTNU gjennomført ei studiesamling i Finnmark. Ein av studentane på studieretning teknisk bygningsvern bur og arbeider i Karasjok i Finnmark. Han har som regel hatt lang reise når han skal på studiesamling. Denne gongen samla vi alle studentane på hans heimebane og arbeidsplass; Sámiid Vuorká-Dávvirat i Karasjok. Museet har ansvar for ei samling med bygningar i eit friluftsmuseum som vart flytt dit på 1950-talet. Dei fleste av desse bygningane er automatisk freda samiske kulturminne. Det gjeld også fjøset frå elvesamegården Jávrebaijnjárga i Valjok i Karasjok kommune. Denne fjøsen er under restaurering og høvde godt som objekt for arbeidet til studentane på samlinga.

Fjøs frå Jávrebaijnjárga
Fjøset frå Jávrebaijnjárga slik det står i dag på museet i Karasjok. Lengst til høgre ser du studentane som er i sving med dokumentasjon av detaljar. Foto: Roald Renmælmo

Måndag 12. mars møtte studentane opp på museet og vi gjekk i gang med å kartlegge kva som må til av tømmer og material i samband med restaureringa. Det meste av veggtømmer og bord i bygget er produsert med handsag. Det kan ha vore bygd av lokalt tømmer frå Valjok der garden sto tidlegare, men mest truleg er tømmeret hogd enten i Anarjokkdalen eller Karasjok og fløta ned elva til Valjok. Vi valte å leite tømmer i skogen i Karasjok. Då fann vi fram til eit område der furuene hadde nokolunde tilsvarande dimensjon som det som var brukt i fjøsen. Som veileder hadde vi med oss dendroøkologen Andreas Kirchhefer frå Tromsø. Saman med studentane undersøkte han veksemønsteret i materialen i fjøsen. I ein av veggstokkane vart det teke ein boreprøve for å studere årringane i detalj. Når vi kom ut i skogen tok vi tilsvarande boreprøvar av furuene der for å sjå om det stod i forhold til materialane som var brukt i fjøsen.

Når vi hadde funne stokkar som høvde til dei materialane vi trong så hogg vi dei og drog dei fram frå skogen. Felling, kvisting og kapping vart gjort med hoggarøks. Tømmeret vart så frakta fram til museet sitt område der vi hadde gjort klar to handsagstillinger og handsager til å få saga materialen. Dei fleste stokkane var til veggstokkar på ca 5″ tjukne. Då saga vi to bakbord på sidene. Bakborda gjekk enten til ytterkledning til stavdelen av fjøset, eller til taktro. Det var dimensjonen på stokken som avgjorde om det ble det eine eller det andre.

 

img_8678
Studentane er i fullt arbeid med å sage materialar. I bakgrunnen har vi reist nokre av borda og plankane som er produsert. Foto: Roald Renmælmo

Samlinga i Karasjok var ei kombinert samling for både faget tradisjonsfaglig utøving 3 og faget bygningshistorie 2. I bygningshistorie hadde vi ein serie med førelesingar med fokus på den nordlege landsdelen. Andreas Kirchhefer forelas om dendrokronologi som redskap i bygningshistorie og hadde døme frå daterte bygg i landsdelen. Eg hadde forelesingar om handsagtradisjonen i Karasjok med utgangspunkt i eit dokumentasjonsprosjekt som eg gjorde i 2005. Vidare viste eg bilete frå arbeidet med å byggje gamme i Devddesvuopmi i 1993.

Lars Børge Myklevold frå Sametinget si forelesing hadde tittelen; Hva er samisk byggeskikk? Her viste han døme på kva typar av bygningar som kan vere samiske. Mia de Coninck si forelesning, Det samiske bygningsregistreringsprosjektet, bruk av historiske kilder, resultater og utfordringer, viste korleis Sametinget har arbeidd systematisk for å kartlegge samiske bygningar. Eg heldt ei forelesning om skjelterbygg av ulike slag. Siv Holmin viste døme frå restaureringsarbeid på eit freda samisk bolighus på Middagsmoen i Sørreisa. Dette som utgangspunkt for ei veldig fin drøfting om restaureringsmetodar, verneverdiar og bygningsvernprosessen. Då hadde vi med oss Lars Børge og Mia frå Sametinget som kunne svare godt og utfyllande på spørsmål frå studentane. Det var kjempeflott å få slike bidrag på samlinga.

Nest siste dag på samlinga hadde Ingebjørg Hage tre flotte forelesingar med fokus på byggeskikken i landsdelen. Den fyrste med utgangspunkt i ei bestilling på å seie noko om kvænsk byggeskikk. Ingebjørg var litt meir nyansert enn det, og snakka og viste bilete med døme på korleis ho har funne slektskap med bygningstypar og bygningsdetaljar i Nord–Noreg, Finland (Nord-Sverige) og Russland. Særleg i Karelen verkar det å vere ein del spennande å finne.  Neste forelesing var om gjenreisingsarkitektur, eit tema som Ingebjørg har arbeidd med i si doktoravhandling. Dette er historia bak bygningsmiljøa på dei fleste tettstader og bygder i Nord-Troms og Finnmark og viktig for å forstå byggeskikken i desse områda. Til slutt fekk vi ei forelesning om den nordnorske stuehagen, også eit emne som Ingebjørg har arbeidd mykje med. Her fekk studentane kjennskap til eit emne som vi gjerne er i berøring med når vi restaurer gamle hus, men som få har vore merksame på.

I vinterkulda i Karasjok var det fint å halde på med handsaging fire av dei fem dagane vi var samla der. I løpet av samlinga fekk studentane øvd seg såpass på saginga at det gjekk ganske radig unna med produksjonen etterkvart. På fredagen var det ikkje mange stokkane att å sage før vi rekna med å ha omlag det vi trong til å gjere restaureringsarbeidet. Fram til neste samling i veke 23 skal student Bror Ivar i Karasjok arbeide vidare med restaureringsarbeidet. Målet er å bli klar slik at vi kan tekke taket med never og torv i løpet av veke 23.

 

Snikring av vindauge med handverktøy

_P7C2730
Sven og Ivar har laga vindusrammer med veileder Atle Østrem. Han tok utgangspunkt i originale vindauge frå midten av 1700-talet på bryggen i Bergen. Foto: Henrik Jenssen

I tradisjonsfaglig fordypning har studentane samlingar med praktisk arbeid der dei får fordjupe seg i ulike spesialområde innan handverket. I førre veke var vi samla på Voss i snikkarverkstaden i lokala til Vestnorsk kulturakademi. Bygningsvernsenteret på Vestnorsk kulturakademi er også læringsarena for studentane som er knytt til Hordaland. Samlinga er den fyrste vi har lagt til denne læringsarenaen. Vi prøver å spreie samlingane slik at studentane får høve til å bli kjent med flest mogleg av læringsarenaene.

Tema for samlinga var snikring av vindauge med handverktøy og tradisjonelle arbeidsmåtar. På samlinga hadde vi med Thor-Aage Heiberg, Atle Østrem, Roald Renmælmo og Trond Oalann som veiledere. Thor-Aage underviste si gruppe i å lage vindauge med utgangspunkt i verktøy og vindauge frå Evjen i Melhus. Atle underviste si gruppe i å lage vindauge med utgangspunkt i vindauge frå midten av 1700-talet frå Bryggen i Bergen. Roald og Trond leidde sine grupper i å lage vindauge med utgangspunkt i dokumentert arbeidsmåte frå snikkaren Sjur Nesheim og gamle vindauge frå eit hus på Sunnmøre. Studentane starta opp med 2″ plank som vart delt opp i høvelege lengder til vindauget som kvar student skulle snikre. Vidare vart materialen splitta opp med breisaga, ei grindsaga med langt bredt blad med langvedtanning. Arbeidsmåten for dette er basert på dokumentert tradisjon etter snikkaren Sjur Nesheim frå Granvin. Vidare fekk dei grovsaga emna tørke over natt og vart høvla til rette, i vinkel og dimensjon neste dag.

Å snikre vindauge med handverktøy er ikkje nokon enkel oppgåve. Å snikre vindauge var frå gamalt av noko av dei meir avanserte innan snikkarfaget. Her skal ein felle saman ganske smekre emne med tapp og slitt og låse dei med nokre 5 mm tynne trenaglar. Rammer og sprosser må også kunne stå ute i ver og vind utan å få skadar for fort. Dei må tole fuktforandringar utan at samanføyingane vert svekka. Studentane fekk ei innføring i arbeidsmåtar og verktøy i dette arbeidet. Dei fekk også ei innføring i systematikken som er nødvendig for å få slikt arbeid til å flyte godt og få eit sikkert resultat. Det krev meir øving for å bli sikker i dette arbeidet og det håpar vi studentane får høve til i sitt arbeid på læringsarena i vårsemesteret.

Pjål som tema for samling i faget tradisjonsfagleg fordjuping

IMG_5630
Utprøving av pjålar på kaia på Sjøvegan. Veggtilene er tenkt til den nye stavkyrkja som skal byggjast på Trondarnes. Foto: Roald Renmælmo

Tradisjonsfagleg fordjuping er eitt av faga til studentane på tradisjonelt bygghandverk. I dette faget har vi samlingar med alle studentane der vi går grundig inn på ulike tema som vi vurderer som sentrale i handverket og som høver med andre prosjekt. Fyrste året hadde vi to samlingar i dette faget, ei på Stiklestad der vi hogg tømmer, stakk spon og la spontak. Den andre samlinga var på Norsk Folkemuseum der vi kløyvde og glepphogde taktro til restaureringa av Raulandsloftet. I år har vi fyrst hatt ei samling på Sverresborg i Trondheim der studentane laga sine eigne grindsagar og lærte mykje om sagfiling og bruk av sag. I førre veke hadde vi den andre samlinga i faget i Salangen i Troms. Her var temaet å lage sin eige pjål og lære korleis han skal slipast og brukast. Utgangspunktet vårt var gamle pjålar som vi hadde med oss frå våre eigne samlingar av slikt verktøy, i tillegg var det med nokre pjålar som var lånt av private. Filmklippet under gir eit inntrykk av dei pjålane, ravlane, skavlane og såtjarna vi hadde samla for kurset.

For at studentane skulle få litt mengdetrening i bruk av pjål så hadde Thor Larssen og Vidar Larssen på Sør-Troms museum saga opp ein del 5/4 sideskåret furu som skal bli til golv på årestua på Trondarnes. Her fekk studentane pjåle denne nysaga materialen med sine pjålar. Kvar student var omlag ein heil arbeidsdag på denne arbeidsstasjonen og fekk pjåla ein god del bord. Erfaringa med dette arbeidet er god å ta med seg vidare. Korleis bør pjålen vere slipt og justert for å fungere godt? Korleis er det best å pjåle rundt kvistar for å unngå utrivingar? Korleis ser ein kva vedretning der er på bordet og kva retning skal ein då pjåle for å unngå utrivingar? Dette er mellom dei problema studentane kom borti medan dei utførte arbeidet. Filmklippa under viser noko av arbeidet med pjåling av golvbord. Her arbeider studentane med sine nylaga, slipte og justerte pjålar og vi ser at arbeidet går lett og fint.

Etter å ha pjåla saga material fekk studentane gå vidare og prøve seg på å pjåle kløyvd og hogd material. Dette i form av veggtiler som skal brukast til stavkyrkja som skal byggjast på Trondarnes. Tømmeret til dette er hogd i lia ved Myrefjell i Målselv og er plukka ut med tanke på at tømmeret skal kløyvast med øks. Vidare er stokkane kløyvd med øks og kilar etter metoden eg har lært av Konrad Stenvold i Dividalen i Målselv. Studentane på læringsarenaene i Sør-Troms, Midt-Troms og Stiklestad hadde dette arbeidet som eit eige kurs i forkant av samlinga med pjålen i fokus.

Eg sjølv har vore med på ganske mange ulike prosjekt med kløyving av tømmer til ulike føremål gjennom dei siste 25 åra. Med bakgrunn i desse erfaringane har eg merka meg at det å kløyve tømmer som ein kan plukke ut sjølv på rot i skogen er vesentleg mykje betre enn å få levert tømmer som er hogd etter spesifikasjon. Spesielt rotstokkane vi kløyvde var veldig fine å kløyve og gav gode resultat. Ei av furuene hadde gås i rotstokken. Det er ein råtesopp som går inn i ein skadd kvist på stammen og utviklar seg i margen på stokken. Dette kunne vi kanskje ha oppdaga i skogen ved å banke på stammen, eller å bore ein kjerneprøve på den aktuelle furua. Det er også veldig fint å få arbeide med tømmer som er nyhogd og heilt ferskt. Slikt tømmer skal ikkje ligge mange vekene før det har byrja å tørke for mykje i endane. Det fyrste filmklippet under viser den eine rotstokken som hadde gås.

Tømmeret vart kløyvd og hogd til 3″ plank med glepphogarøkser. I utgangspunktet arbeidde vi med glepphoggarøkser som var smidd med utgangspunkt i originale økser frå 1500-1600-talet sidan vi har ein del erfaring med desse øksene frå tidlegare. Vi har enda ikkje fått skikkelig fart i arbeidet med å finne fram til øksemodellar frå 1200-talet til arbeidet med stavkyrkja. På den eine befaringa vår ut til Nord-Rollnes på Rolla kom vi over eit glepphogd båtbord i eit gamalt naust. Truleg er bordet tenkt som halsbord til ein storfembøring og kan stamme frå siste halvdel av 1800-talet, men bordet kan og vere eldre. I det same naustet var det også ei øks av tilsvarande type som dei som vi brukar til glepphogging.

Etter å ha arbeidd med å pjåle golvborda som var saga så vart det ein stor overgang å gå over og pjåle veggtilene som var kløyvd og glepphogd. Her var det jamnt over betre tømmer med mindre kvist og jamnare vekst enn tømmeret som var brukt til golvborda. Det var også mykje lettare å pjåle på dei overflatene som var glepphogd. Fleire av studentane opplevde nok at pjålen som reiskap gav meining, den er absolutt best egna til å pjåle hogde overflater.

Smeden Jon Dahlmo frå Verktøysmia i Drevja hadde det faglege ansvaret for sliping av verktøy på samlinga. Jon og smedane Mattias Helje, Øystein Myhre, Bertil Parmsten og Øystein Viem hadde levert ståla til pjålane studentane laga på samlinga. Torsdag hadde vi besøk av arkeolog Ingar Figenschau som heldt eit foredrag om økser i Troms og Finnmark. Dette var med utgangspunkt i hans masteroppgåve frå 2012 over dette temaet. Eg fekk sjølv eit bra fagleg utbytte av samlinga og ser at eg må lage meg fleire variantar av pjålar for å prøve ut. Eg reknar med at også studentane vil arbeide vidare med å lage fleire pjålar og også bruke pjålen i prosjekta sine framover. Takk til Sør-Troms museum som var vertskap for pjålsamlinga.

Sjå gjerne også på denne sida om pjålen:

https://hoveloghage.wordpress.com/2014/09/21/skjove-skavl-pjal-kjaert-barn-har-mange-navn/

Kløyving av tømmer, utprøving av ulike prinsipp basert på tradisjon

Dagane 21-23. januar leidde eg eit felles kurs for læringsarenaene på Stiklestad og Sør-Troms museum. Temaet var kløyving av tømmer til drombegangen til Gjesteloftet, og staden var tømrarhallen på Stiklestad. Studentane har tidlegare vore gjennom kurs i kløyving av tømmer som ei innføring i faget materialforståelse og tradisjonell bearbeiding som var den andre samlinga for studentane etter oppstart på studiet. Då fekk dei ei innføring i grunnleggande prinsipp i kløyving slik eg har lært det i tradisjonen etter Konrad Stenvold i Dividalen i Målselv. Vi har også arbeidd med kløyving i samband med kurset i kløyving og hogging av takbord til restaureringa av Raulandsloftet på Norsk Folkemuseum. Her arbeidde vi også i hovudsak med arbeidsmåten som er i tradisjon etter Konrad Stenvold. Eg var så heldig at eg fekk høve til å kløyve saman med Konrad ei rekke gongar og fekk såleis lære meg både å kløyve etter margen for å få to emne av kvar stokk, og også å kløyve stokkar til 4 emne, to på kvar side av margen. Dette har eg ikkje tidlegare gjort med studentane og kurset på Stiklestad var eit godt høve til å gå gjennom dette.

Når eg var med Konrad på slik kløyving så var han open for at ein kunne gjere det på ulike måtar. Utgangspunktet til Konrad var å styre kløyvinga ved å aske stokken både for kløyvinga etter margen og for kløyvinga på sida av margen. Ein kan velje om ein kløyver etter margen fyrst og så kløyver dei to halvkløyvingane i to etterpå, eller kløyver av bakane fyrst og kløyver etter margen til slutt. Det er fordelar og ulemper med begge måtane. Det er lettare å få emna til å ligge støtt når ein kløyver av bakane fyrst. Kløyvinga går også lettare på denne måten. Ulempa er at ein risikerer at kan ødelegge eitt, eller begge fyrsteborda om det viser seg å vere gankvist, vindope, eller andre feil i margen på emnet. Om ein kløyver etter margen fyrst så kan ein hogge seg inn til god ved og såleis sikre seg å få brukbare bord likevel.

Med denne kløyvemetoden blir det mykje arbeid med asking, 3 askespor på kvar side av stokken. Då er det avgjerande å øve på ein god og sikker arbeidsteknikk. Her askar Henrik opp for kløyving av den eine baken på sida.

Stokk som er merka opp for kløyving av to bakar og to fyrstebord. Sjå oppmerking i rotenden der det er merka av kor mykje vi reknar med å hogge bort i samband med reinhogging av borda. For å ha litt å gå på har vi merka dei to fyrsteborda som 2″ tjukke. Ferdighogd skal dei vere ca 5/4″ – 6/4″. Foto: Roald Renmælmo
Her er ein stokk som det fyrst er kløyvd ut to bakar av og reinhogd flater på. Kløyvinga etter midten er påbyrja og sprekken går inn til margen. Foto: Roald Renmælmo
Her er ein stokk som det fyrst er kløyvd ut to bakar av og reinhogd flater på. Kløyvinga etter midten er påbyrja og sprekken går inn til margen. Foto: Roald Renmælmo
Når ein kløyver på denne måten så er arbeidet med å kløyve midtplanken etter margen vesentleg lettare enn om bakane ikkje er kløyvd av fyrst. Det skal mykje mindre krefter til for å få kløyvd planken etter margen. Det er viktig å vere klar over at det er stor risiko for at kløyven kan spore ut i sida og skade eitt av borda. Det er her det er kortast veg frå margen og ut. Ein må derfor aske godt på begge sider og hakke veldig nøye og forsiktig på begge sider før ein tek til med å slå inn kilar i stokken.

Midtplanken er kløyvd til to bord. Denne stokken hadde litt urolig marg og gankvist så kløyven kunne vore betre. Det er likevel ikkje verre enn at det blir to fine sutaksbord av denne stokken. Av bakane blir det også nokre emne til veggtiler til drombegangen til gjesteloftet. Foto: Roald Renmælmo
Midtplanken er kløyvd til to bord. Denne stokken hadde litt urolig marg og gankvist så kløyven kunne vore betre. Det er likevel ikkje verre enn at det blir to fine sutaksbord av denne stokken. Av bakane blir det også nokre emne til veggtiler til drombegangen til gjesteloftet. Foto: Roald Renmælmo
Kai har tidlegare posta på bloggen om korleis han kløyvde stokk etter metoden som eg har lært av Nils Nilsen Anti i Karasjok. Dette er ein metode der ein kløyver frå rotenden av stokken og følgjer fibrane i motsetning til metoden til Konrad Stenvold der ein styrer kløyven med asking og brukar margstrålane i stokken til å styre kløyven inn til margen. Metoden til Nils Anti er rask og effektiv til kløyving av korte emne, men er meir risikabel når ein skal kløyve lange emne. Eg har tidlegare prøvd ut å kombinere desse to arbeidsmåtane ved å kløyve kortare emne av baken av halvkløyvingar som vart kløyvd med asking etter margen. På kurset på Stiklestad prøvde eg ut å kløyve ut kortare emne av baken før eg kløyvde etter margen. Slik fekk eg kombinert arbeidsmåtane eg har lært av Konrad Stenvold og Nils Nilsen Anti.

Desse arbeidsmåtane er basert på tradisjon etter Konrad Stenvold og Nils Nilsen Anti og viser at det er mogleg å kombinere desse to. Når borda er ferdig hogd vil det truleg vere vanskeleg å finne spor som kan peike tilbake på arbeidsmåten, men det kan vere verdt å ha det i tankane når vi undersøkjer eldre bygningar med kløyvd material. Dei to fyrsteborda frå kløyvinga mi vil truleg ende opp med tilsvarande spor som sutaksbordet som det er skrive om frå Hustad kyrkje? Vi kan ikkje utelukke at arbeidsmåten som eg har vist her kan ha vore nytta til kløyving av bordet frå Hustad.

Kurs i tømmerhogst med motorsag i Målselv

Studentane på læringsarena Sør-Troms museum og Midt-Troms museum har hatt fleire kurs i tømmerhogst med øks og handsag. Dei er ikkje utlært innan dette området og har framleis behov for å øve seg i slikt arbeid også dei neste åra. Det er neppe så mange fleire enn våre studentar som arbeider med øks og handsag for å ta ut tømmer til byggjeprosjekt. Slike arbeidsmåtar har gått ut av vanleg bruk for 50-60 år sidan. I dagens skogbruk har det også vorte færre og færre tømmerhoggarar som hogger manuelt med motorsag. Hogstmaskiner har teke over mykje av arbeidet i skogen. Slike maskiner kan effektivt ta ut tømmer til å dekke behovet i treforedlingsindustrien. For oss som vil ha tømmer som er tilpassa våre spesielle behov for dimensjon og eigenskapar så er handsaminga tømmeret får, når det går gjennom hogstaggregata på slike maskiner, ikkje spesielt gunstig. Difor kan det vere nyttig for studentane å lære seg å hogge tømmer sjølv med motorsag. Det kan bli eit alternativ til å måtte kjøpe maskinhogd tømmer som ikkje held mål. På bakgrunn av dette gjennomfører vi denne veka eit kurs i hogst med motorsag. Kursleiar er Knut Johnsen som er erfaren tømmerhoggar og ein av dei faste instruktørane til Skogbrukets kursinstitutt.

Skogbruksinstruktør Knut Johnsen demonstrerer kvisteteknikk med motorsag. Foto: Siv Holmin
Skogbruksinstruktør Knut Johnsen demonstrerer kvisteteknikk med motorsag. Foto: Siv Holmin

Kurset gir ei innføring i sikker bruk og stell av motorsag. Deltakarane får også ei innføring i, og får øve seg på hogstteknikk. Det blir undervist i hogstplanlegging og økonomi i hogstopplegg. På kurset blir det undervist i krav til forskriftsmessig verneutstyr for å bruke motorsag på ein trygg måte.

Demonstrasjon av kvisting med motorsag. Foto: Siv Holmin
Demonstrasjon av kvisting med motorsag. Foto: Siv Holmin

Når skogen står tett er det lett for at treet ein skal felle blir hengande fast i ein nabotre. Foto: Siv Holmin
Når skogen står tett er det lett for at treet ein skal felle blir hengande fast i ein nabotre. Slikt kan vere risikabelt for ein tømmerhoggar. Foto: Siv Holmin

Instruktør Knut Johnsen demonstrerer ein av metodane for å trygt få ned eit tre som har gått fast i eit nabotre. Foto: Siv Holmin
Instruktør Knut Johnsen demonstrerer ein av metodane for å trygt få ned eit tre som har gått fast i eit nabotre. Foto: Siv Holmin

Arbeidsbeskrivelse av laft på stall frå Heimtveiten, Bykle Setesdal

Studentane har eit eige fag i tømring fyrste studieår. I faget har vi hatt ei vekes samling i Målselv tidlegare i år. Vidare har dei hatt ei heimeoppgåve der dei har kartlagt og dokumentert lokalt tømrarverktøy. Den avsluttande oppgåva i faget har gått ut på å lese gjennom ulike skildringar av arbeidsprosedyrer i tømring, vurdere desse, og vidare lage si eiga skildring av arbeidsprosedyre på ei nov dei sjølve arbeider med. Skildringa skal utformast med tanke på at ho skal ut på bloggen. Tidlegare har Jostein Utstumo skrive om flatlaft, Kai Johansen skrive om Trønderlaft og Sven Hoftun har skrive om Røsslinova. Studentane Henning Jenssen og Magnus Wammen har samarbeidd om å lage ein videofilm som viser arbeidsmåten dei har kome fram til i sitt arbeid med restaurering av stallen frå Heimtveiten. Her kjem introduksjon og filmen frå Magnus og Henning.

Henning og jeg har samarbeidet med denne oppgaven og vi sende inn en film som er klipt og redigert sammen til å sammenfalle hvordan vi har løst laftinga på stallen.

 

Stukken spon og spontak, kurs på Stiklestad

I veke 14, 4 – 8. april, hadde studentane på Tradisjonelt bygghandverk eit vekeskurs i sponstikking og spontekking på Stiklestad i Nord-Trøndelag. Studentane vart delt inn i grupper som fekk ansvar for kvar si takflate som skulle tekkast. Til takflata skulle dei sjølv ta ut tømmer i skogen og koke sponkubbar, stikke spon og tekke med denne spona. Arbeidet skulle dei sjølv dokumentere undervegs. Gruppe 3 med studentane Magnus Wammen, Henrik Jenssen og Sven Hoftun har levert inn dokumentasjonen under. Dei hadde også med seg verktøysmeden Jon Dahlmo i delar av arbeidet. Studentane starta med å dokumentere ei eldre spontekking som låg på den takflata dei skulle tekke om.

Dokumentasjon av stikketak

Bur på Stiklestad var objektet gruppa arbeidde på. Denne takflata hadde spon på eit papp undertak.
Bur på Stiklestad var objektet gruppa arbeidde på. Denne takflata hadde spon på eit papp undertak.

Laftet bygning med åstak, ståendes tro, 22 mm tykk. Taket er tekket med stikker eller spon som det kalles i Trøndelag. Spona er av rekklyvd gran. Det er noe småkvist i spona, men ikke mye. Årringetettheten i spona er veldig varierende fra noe veldig tettvokst med årringetetthet rundt 1 mm til noen opp imot 3,5 mm mellom årringene. Men i snitt ligger de rundt 2 mm mellom årringene. Spona er stikki ut radiert og det varierer i tykkelse, noen er veldig smekre og fine med 3,5-4 mm i ytesida og rundt 2 mm inn mot marg, mens andre er opp mot 7-8 mm i yta og 4-5 mm inn mot marg. Snittet ligger rundt 4-5 i yta og 3 inn mot marg. Bredden på spona var rundt 3ˮ breie, mens det var spon som var 2ˮ, og noen opp imot 4 ¾ ˮ breie.

Denne takflata vart dokumentert før spona vart fjerna.
Denne takflata vart dokumentert før spona vart fjerna.

Leggemønster

Det er tre lag med spon. Opptrekket er 4ˮ, og spona er rundt 14ˮ lange. Det er startet et lag med støttespon nede mot raftet som var 5ˮ lange. De var lagt kant i kant, og avslutta jamt med troborda ute ved raftet. Videre var det et lag med 8ˮ spon som var lagt med retning fra venstre mot høyre, med omlegg over hverandre. De også avsluta jamt med troborda ved raftet. Sist kom det full lengde på spona på ca. 14ˮ, de også lagt fra venstre mot høyre. Videre kommer det full lengde på spona, helt opp til mønet. Lengden opp til neste rast (opptrekket) var 4ˮ. Hele taket var lagt fra venstre mot høyre, og med omlegg på ½ -1/½ˮ, men mest vanlig omlegg var 1ˮ. Spona var spikra med 2 x 40 galv trådstift. Det var en spiker i hver spon spikret ca. midt i spona, og gjerne en tomme fra ytekanten (den tykkeste delen av spona). Når det ikke var plass til å legge flere raster med full lengde spon opp mot mønet, var det trappa ned med samme lengder som nede. Først ei rast med 8ˮ lange spon, og så til slutt med 5ˮ lange. Som mønetetting var det brukt 1ˮx6ˮ bord som mønekam. I snitt var det 156 spon pr m2.

Uttak av tømmer i skogen

Vi brukte eit område i Verdal til uttak av gran til spon. I teigen var det småkupert terreng med etasjemose, tyttebærlyng og blåbærlyng. Grana som ble tatt ut stor i austhelling. Det var tydelig hengekvist på grana. Det ble fyllt ut et eget skjema for dette treet. Utfylt skjema kan du lese her. Skjema spon i skogen.

Stikking av spon

Spontekking

 

%d bloggarar likar dette: