Kva kom først, naglen eller nagleholet?

Sørveggen ferdig kledd

I forbindelse med at det nye stavbygget på Romsdalsmuseet skulle kledast var det tidleg klart at innfestinga skulle vere med naglar. Ca. 1500 naglar til tro, kledning, golv, skråband og stikkband. Trenaglar som det vanlegvis blir sagt no, for å framheve og skilje det frå spikar og spikring.  

Kledningsnagle frå ca 1850

Om ein kjem over original kledning festa med naglar oppleves det som noko spesielt, unikt og alderdommeleg. Spikaren har vore tilgjengeleg i nokre hundre år, men den representerte ei pengeutgift. Med nagling bruker ein den same råvara som bygget blir satt opp av, kappet kjem til nytte, og ingen kontante utlegg. 

Funn av nagle i nedrasa naust

Korleis ser ei trenagle ut? Som oftast ser ein berre naglehovudet på utsida av kledninga, spissen inne om det er nagleband eller endeved i golvnaglar. For å danne seg eit bilete korleis naglen ser ut må ein enten demontere, dra eller slå den ut. Variasjonen er stor. Nokon har tydelege hovud, runde eller firkanta, hovud med avsmalande fasong, hovud som går jamt ut, eller at det ikkje er hovud. Halsen, det området rett under hovudet som går igjennom kledninga varierer og, anten som runda overgang, eller rett kvadratisk overgang eller ein jamn kon overgang til naglens “kropp”. I kroppen er dei enten rette og jamntjukke eller jamn kon. Tendensen pekar mot at det er vanlegare med jamntjukke enn overtydeleg kon. Og naglen har gjerne fått fasong komprimert etter holet. I enden er naglane spissa. Inne ser ein ofte at bygningsmennene ikkje har tatt seg bryet med å kappe reint. Då får ofte naglane funksjon til opphengskrok. Ein finn og eksempel på at naglane er åretta, dvs, at ei kile er slått inn i enden inne og sikrar naglen for å vandre ut att. Dette ser ein gjerne i dører.

Årette nagle på innsida av orved/ labank

Og korleis ser nagleholet ut? Det var gjerne navaren som var redskapen for å ta hol. Den borar eit konisk hol om ein gir seg med boringa nett der skjæret sluttar. Holet dannar ei stigning som tilsvarer kilvinkelen på ei standard kile ein får kjøpt på byggvarehandelen, eller som kilen på ein høvel dvs, 6-9 grader.

Naglehol med kompresjonfasong?

I kledningsbordet er det gjerne tatt vekk litt ved som fasongen på hovudet, eller at holet tar fasong når naglen blir dreve inn. Målet er å unngå at bordet sprekk, så det er gjerne lagt litt meir arbeid i hol nære endeved. Om naglen skal årettast, kan  holet på innsida utvidast noko for å gje plass når åretta blir dreve inn og naglen utvidar seg. Åretta skal stå på tvers av lengderetninga for ikkje å kløyve naglebandet eller orveden i dørblad. 

Av dei eldre naglane som er observert er dei aller fleste heilt klart smidd i furu. Unntaket er naglar i bjørk i skråband i stavbygde hus, der er dimensjonen langt større gjerne 2 tommar. 

Naglemaking  

Dimensjonen på naglen er gjerne noko mindre enn tjukkelsen på bordet det skal igjennom, men det er navaren ein har tilgang på som bestemmer. Har ein ein trekvarttomsnavar (19mm) er det utgangspunktet. Velg ut gode tettvaksne bordbitar med al, gjerne så nær rota som muleg. Klyv så emner i høve dimensjon som hovudet skal ha, med mest mogleg kantved. Noko tynnare på eine sida så ein har emne på omtrent 22x24mm. Så er det med tollekniven å spikke til fasongen som etter navaren. Då er det godt å ha ein mal å sjekke emnet i undervegs i spissinga. Det er no ein legg inn den lille overgangen mellom kropp og hovud,- halsen. Det er den som held bordet på veggen. Ein tek også vekk kvasskantane så ein får åttekanta tverrsnitt. Hovudet får sin fasong, og det er ein fordel å få runda endehjørna, så hovudet ikkje sprekk når ein slår naglen inn med hammaren. Endeleg lengde kan kappast på veggen når naglen er i.

Haulaust 

Nagle plukka ut frå trobord

Naglane i tro og golv er laga på ein litt annan måte. Dei har ikkje hovud, og blir kappa og klyvd etter dimensjon og lengde på navaren sitt skjær. Fasongen er som koninga på navaren, men smidd i firkant og ein tek kvasskantane vekk og spissar enden. Eine sida litt tynnare så det ikkje sprengjer. Også her er det ein fordel å runde enden som det blir slått på, eller om ein då heller velgjer å bruke ein smihammar med litt runda slåflate. Golv og takåsar har større dimensjon enn kledningsband, og ein borrar seg ikkje igjennom, kun så djupt som navarskjæret. I holet sparrar ein ut eit firkanta snitt som etter naglen, då sprenger det ikkje, og ein unngår klyving.  

Før ein sett i gang slike prosjekt, studerer ein gjerne i litteraturen og faktaark frå Riksantikvaren, og prøver gjerne ut skulemodellen på ein del emne, tettvakse feit kantved på tvers i holet, og ser at ja, dette fungerer. Så er det å sjå etter i lokale bygg som har bevarte naglar for samanlikning, og ein oppdager ein flora av variasjonar av naglar. Det er som om kvar bygning og bygningsmann har sin signatur. Det er kantved, motved, småkvist og utflising, korte og lange, runde og firkanta. Kort sagt i alle variasjonar. Det har vore nytta det som har vore tilgjengeleg, og kanskje sortert etter bruksområde. 

Når ein har fått arbeid litt med nagling over tid, med eit visst volum, og danna seg nokre erfaringar med å prøve ut dei nysmidde naglane, vil ein merke kva som fungerer, kva som tåler slag, kva som dreg godt, kva som sprekk, kva som ser bra ut, og umerkeleg har ein fått sin eigen signatur, påverka av det skolerte og dei lokale variantane, men mest eigne feiltrinn.  

Så heng dei vel i hop desse to, naglen og nagleholet.

Nova får seg eit fastnagla novbrett

Kjelder: 

L. Stokke: Hus og husbygging i Romsdal, 1937/1997  

Riksantikvaren, faktaark, Trenagler i bygninger, 2009 

Høvelbenk frå Daugstad, Tresfjorden

Høvelbenkar kjem ein over støtt og stadig. Høvelbenkar til bruk til det er tenkt til eller til pynt. Eller at dei er vekkstua og ute av syne. Slik også med denne benken, som låg  blant panelbord, dører og diverse utstyr på beten i ein av låvane på Romsdalsmuseet, ute av syne. I anledning dokumentering av høvelbenkar blei det leita og sett, og denne henta fram. Ved benkens framtang er det med sirleg skrift skreve ”Daugstad” og eit årstal som kan tolkast til 1863 evt. 1883  

Daugstad. 1863?

Høvelbenken har ved første augnekast dei same trekka ein finn på det som kjenneteiknar ein vanleg høvelbenk. Fram og baktang med gjenga skruing, og firkanta hol i rekke til å sette benkehake i. 

Skisse av benken. mål i mm.

Understellet manglar. Ved enden er det ein labank som er vekke, kanskje har det vore feste for ei hengsle? Og, ved baktanga er det att ein av to kjengar som ein hengsla fot kunne vore festa i. Kanskje har denne benken vore til å slå opp på veggen når den ikkje var i bruk. 

Kjeng på undersida. For hengsla fot?
Høvla profil i sida
Endern der ein labank eller ei hengsle har vore festa. Firkanta 8 mm trenagle

Sjølve benkeplata er av ein 5/4 x 10 x 51´´ furuplank som er skore ganske nære margen. Den har profilert kant som går frå ende til ende på fram og bakside. Ved bakenden er det ein 1,5´´ skrue, firkanta kloss og knektar i bjerk. Skruen har ei kile ståande i kanten ved starten av gjenginga for å ikkje skru seg sjølv ut av benken. Den firkanta klossen har ei fastspikta metallplate oppå med filte tenner som får godt tak i emnet. Klossen står i eit firkanta hol med opning på 5 x 3 ´´der kanten stør. Midt etter benken går det ei rekke med tretten hol for ein flyttbar furuhake, og ein kan spenne fast emne med lengde frå 10-110 cm. I underkant av benkeplata omtrent på midten er det ein svingbar haldar som bygger 2´´ fram ved utsvinging 

Kilen som held skruen på plass er synleg i venstre side av holet
Svingbar kloss på undersida

Det kan virke som om framtanga er kome på i ettertid, då profilen går heilt ut. På benkeplate er det fora på så tanga får ei opning på 3´´. Tanga er i bjerk på 2 x 2 1/2´´  Den blir heldt på plass av eit jarnbeslag som er felt igjennom og går til midt innpå benken. At jarnbeslaget ikkje er felt nedi benkeplata slik at det fluktar, talar også for at tangen er kome på i ettertid. I framtanga er det gjenga for skrue. Sjølve skruen er vekke. 

Framtanga med beslag

Det er ein snerten og handterbar benk som ikkje er plasskrevande, særleg vis den var til å slå opp på veggen. Den har vore til bruk for å sette fast forholdsvis korte emne som skulle høvlast eller profilerast. 

Benkehakeola er sentrert i benkeplata.

Kledning

Vått, mildt og vindfullt klima. 

På vestlandet er ein kjent med vått og vindfullt klima.  Dette har det vore teke omsyn til gjennom tidene ved oppsetting av hus. Som oftast er eine endeveggen orientert mot den dominerande værretninga, og gavlveggen er ein del av ei sval/ skåle eller eit skot. Svala beskyttar tømmeret til huset, og blir å sjå på som ein slitedel. Ein kjem då unna med å kle den minste veggen til huset. Ein ser og at tuna er orientert i rekke slik at husa “tek av” for kvarandre. 

Sangarstemne i rekketunet. Romsdalsmuseets fotoarkiv.

 Hammervollstua frå Eidsvåg i Langfjorden er eit langt todelt hus. Eine delen er ei alderdommeleg årestue med eldstad midt på golvet og ljore i taket. Den andre delen er ei tømmerstue bygd 1822 med gang, kove og kammers. Eldstaden er ein peis i eine hjørnet med skorsteinspipe. I kvar ende på huset er det skåler/ skot.

Teikningar frå Romsdalsmuseets arkiv.
Familien Hammervoll. Romsdalsmuseets fotoarkiv

Huset blei flytta til Romsdalsmuseet i 1927/28. Seinare blei både løa og stabburet flytta, og dannar i dag eit firkanttun, der langveggen på stua er vervegg mot vest! Nesten alt av vind med regn kjem frå vest- sørvest. Tømmeret rekk nesten aldri å tørke opp i mellom regnbygene, så museet har sett seg nøydd til å kle opp veggen for å ta vare på det originale tømmeret. 

Vått tømmer i veggen.

Å kle eit museumshus som aldri har hatt kledning byr på ein del spørsmål. Kva er tidsriktig, korleis er vindusomramming, materialvalg, overflate, profilar etc.? 

Det blei sett på ein del eldre originale hus i Romsdalregionen for å ha som grunnlag til eit val. Ståande tømmermannspanel i furu med bredder etter stokken med høvla overflater og profil i sida på påbordet går igjen på tidstypisk 1850 stil. 

Kledningsprofil frå Vorpeneset, Langfjorden

Det blei fellt nokre furutre på museumsområdet, og dei blei saga til ukanta tomsbord og la dei på granstrø til tørking ein luftig stad. Etter tørk blei kantane skore rein for geitved, og margsida som er yttersida høvla med okshøvel. Deretter blei borda sett i skottbenken, https://skottbenk.com/category/geografisk-plassering/noreg/more-og-romsdal-noreg/fraena/ kopi av Lømyrbenken som var ordna i anledninga ,og retta med skottoksen, og tilslutt blei det profilert ein kvartstaff med kant.  

Før arbeidet på veggen starta blei det satt opp eit stillas eit stykke frå veggen med presenning over frå takskjegget for å kunne arbeide nokonlunde tørt og få sleppe å få ufsedråpen i nakken. 

Retting og lekting

Veggen er lekta med noko oppretting. Lektene er skore ut av ein plank til 2×5/4 toms i rein alved. 5 kvart dannar god lufting bak kledninga og for tømmeret. Underliggerane ved skilleveggsnover, dør og vindu var dei første borda som blei montert. Så var det å leite fram og sortere passelege breidder og få det til å gå opp i dei ulike felta med både underliggar og påbord, og ta hensyn til rot og topp. Innfestinga er  Mustad 4 toms svart bygningsspikar, ein midt i underliggaren, og to i påbordet i kvar lekte. 

Innfesting med svartspikar. Spora etter sirkelsaga er vanskeleg å høvle vekk nære kvisten.

Det ferdige kledde huset framstår med eit anna uttrykk enn tidlegare, men ein kan tru at stilen som er valgt med alfuru som skal stå ubehandla og bli vergrå peikar imot noko som kan opplevast som tidsriktig.  Og ikkje minst med desse milde og våte vintrane er det godt for tømmeret å få god lufting og tørke opp. 

Huset ferdig kledd
Dei ulike bredden på borda skapar liv i veggen.


Om ikkje anna er nemnt er foto/ film ved forfattar.

Kjelder: -Bjørn Austigard
-Lokale bygg
-Romsdalsmuseets fotoarkiv
%d bloggarar likar dette: