Midt-Troms

Midt-Troms museum er vertskap for læringsarena i Troms. Med sin base i Sundlia ved Bardufoss vidaregåande skule i Målselv ligg dei sentralt til i regionen. Bygningsmassen i den gamle Sundlia leir som dei har teke over er eit godt utgangspunkt for ulike typar verksemd. Aursfjordsaga som er ein del av Midt-Troms museum er veldig godt egna som arena for gode faglege opplegg kring saging og materialkunnskap.

Vi har desse to studentane som er knytt til læringsarenaen og følgjer opplegget lokalt.

  • Magne Kleiveland er sjølvstendig handverkar. Busett i Målselv.
  • Pål Sneve Prestbakk er tilsett som museumshandverkar på Midt-Troms museum. Busett i Salangen.

Opplegget og undervisninga vert styrt av Roald Renmælmo som er busett i Målselv og er NTNU sin representant. På museet er Kjartan Gran kontaktperson og koordinator for undervisning og praktisk tilrettelegging. Vi har eit tett samarbeid mellom læringsarenaen på Sør-Troms museum og studentane samarbeider om felles prosjekt.

Vi baserer oss på handverkstradisjon frå Indre-Troms og har fokus på å bruke tradisjonsberarar og/eller dokumentert tradisjon. Gjennom mange prosjekt har Roald Renmælmo og Siv Holmin tileigna seg tradisjonskunnskap i tømmerhogst, handsaging, kløyving av tømmer, tømring, neverløyping, nevertekking og liknande. Dette er eit godt utgangspunkt for  å få til gode opplæringsprosjekt. Vi er likevel stadig på leiting etter tradisjonsberarar innan ulike spesialfelt og vil bruke desse så langt vi kan.

%d bloggarar likar dette: