FB0060 Skavkniv frå Bakken i Lysefjorden. Tot. lengd er 253mm. Utlånt av Forsand kommune.
Frå Jordebrekk i øvre Suldal. Tot. lengd er 185mm. Gjenstand utlånt av Erik Jordebrekk.
RFG1984-037-683 er registrert som holskavl, frå Maribu i Erfjord, Suldal. Denne forma har og teikningsforklaringa til ordet i boka om suldalsmålet. Måler 83 mm over handtaket. Eigar Ryfylkemuseet.
Skjøve, holskavl, skavkniv og bokskjeis er forskjellige navn på dette vertøyet som kanskje er mest kjent som pjål. Akkurat ordet bokskjeis er nok fornorsking av det engelske ordet spokeshave. Skave, som i skavkniv, er truleg opphavet til det engelske ordet shave (Falk og Torp, Etymologisk ordbok, 1992). Ordet skave tyder glatte, høvle. Skjøve er, etter det eg finn ut, eit synonym til skave. Svenskane kallar det og for skave (Karlsson, 2011). Men ordet Pjål har eg ikkje funne noko eksempel på her i sørvest. Ellers er det truleg at verktøyet snarare er nemt etter bruk en etter form. Slik som ordet holskavl, som er det einaste eg finn i bøkene om suldalsmålet (Sandvik, 1991). Eg vel her å nytte skavkniv som fellesnavn.
Det har ikkje lukkast meg å nå i særleg mange originale eksempel på skavknivar frå Ryfylke. Det eksemplaret som liknar mest på det som me gjennom studiet kjenner som pjål, er ein frå Songesandsbakken, eller bare Bakken, i Lysefjorden (sjå det øverste biletet). Denne er nok laga av Johannes Bakken (1898-1982) som var fjellbonde og bygningsmann, blant mykje anna (Hansen, Bakken i Lysefjorden, 2000). Den frå Jordebrekk (nede til venstre i biletmosaikken over) er etter storleiken og forma å dømma ein holskavl, etter mi tolking. Det vert for puslete med så små handtak å dra på over større flater. Den måler 185 mm langs handtaka. Den siste liknar på skissa som er forklaring på ordet holskavl i boka om suldalsmålet. Denne er og kalla holskavl i arkivet.
Eg har laga ei etterlikning av skavkniven frå Lysefjorden. Eg måtte ty til diverse justeringar for å tilpasse den til stålet (pjåljern frå J. Dahlmo) eg hadde til rådighet. Då dette var noko kraftigare enn førebiletet laut eg dimmensjonere treverket og opp noko. Føremålet var ikkje å lage ein kopi, men å nytte ei form som kunne tene til handtak.
Min skavkniv har fåt eit lengdemål på 305 mm.
Forsøk med denne, samanlikna med bruk av den som vart laga av kollega Kjell Gunnar Haraldseid, viser at der nok er behov for eit betre anlegg framom bladet. Min skavkniv gir betydlege vibrasjonsspor. Dette vart noko redusert etter skikkeleg bryning. Studerar eg førebiletet er der lagt på ein ny sole . Dette tolka eg i byrjinga til å vera reparasjon etter slitasje, men eg ser det gir større flate og ein noko flatare angrepsvinkel for eggen enn det eg tolkar å vera opphavleg. I tilleg ser eg at der er behov for større rom ved sponutkastet. Her krøllar spona seg mellom stålet og treet og vert kilt fast. Dette er tilfellet på alle dei aktuelle eksemplara eg har i hende – at der er forholdsvis større rom i bakkant av stålet.
Min nerast og Kjell Gunnar Haraldseid sin bak.
Etter diverse forsøk og bryning vart det nokolunde… men ei utfordring rundt kvist. Merk at bordet er tørt.
Dette er eit tema som vil bli studert meir i djupna ved framtidige prosjekt der ei slik prosessuell tilnærming er naudsynt.
Det var i vinter me hadde ei læringsarenasamling, her på Sand, om høvelbenkmaking. Eg valde å bruke denne benken som førebilete til min nye høvelbenk. Tankjen var at den høvde godt til høvling av både gulvbord, kledning og listverk. Som eit supplement til strykebenken og langbenken. Desse andre benkane er laga med tanke på firealna lengder, så målet var å lage ein høvelbenk som og takla slike dimensjonar.
Originalen
Hovudmåla på denne benken er 2,25 meter i lengda, plata/planken har ei breidd på 25,5 cm og ei arbeidshøgd på 75 cm.
Baktanga
Baktanga er laga i bjørk. Den består av ein skrue som er om lag 30 cm lang i gjengene og to styrepinnar. Desse er festa til bakstykket med naglar. Benkestykket er felt inn med svalehale og festa med fire spikar.
This slideshow requires JavaScript.
Framtanga er og av bjørk og er festa til benkeplate med to gjennomgåande bjørkelaglar, der den bakre er åretta (kile) i sida med skuffa. Under framtanga er der ein kloss som eg tolkar til å vera feste/glidespor til plata som skruen knekar mot. Denne kjenner me og frå sløydbenkane.
Understøtta på midten
Omlag på midten av benken er der festa eit stykke bjørk til benkeplata med ein nagle. Denne er svingbar og er nytta som understøtte i bakenden av bord som vert festa i framtanga. Der er 8,5 cm opp til topp benkeplate, så eg tenkjer at denne benken ikkje er nytta til vindusproduksjon med små delar? Der er 70 cm til framtanga. Noko som kan passa med vinduskarmar eller kort karm og liggande ramtre til dør. Dei lange ramtrea kan støttast med ein «dreng» i bakkant. Her vil eit eventuelt dørramtre stikke ut vel 30 cm frå bak på benken og gi god plass til «drengen».
Hullrekka til benkehakane er plassert frå 4 til 5 cm frå kanten og har eit varierande mellomrom på 8 til 27 cm med ein «normal» på 12 cm. Alle hulla er firkanta i øvre delen og runde i underkant. Dette tolkar eg til at dei er borra med navar og tilpassa eit firkanta tverrsnitt på benkehaken, som truleg har likna på den som står i benken frå Li. Det siste hullet , det som er lengst framme, er sylindrisk rundt og skråar bakover med ein vinkel på 72 grader i forhold til plata. Hullet har ein diameter på 1,8 cm. Kan dette ha vore nytta til feste for ein rund pinne som høvelstopp, i staden for den lista som er spikra på i enden nå?
This slideshow requires JavaScript.
Min benk er om lag 30 cm lengre enn førebiletet, av grunnar som er nemdt tidlegare. Ellers har eg forsøkt å skape ein tilsvarande benk. Eg har i tillegg valt å gi benken ei arbeidshøgd på 80 cm i den tru at det passar meg betre. Eg ventar på benkehakar, så derfor er ikkje hullrekka laga. Eg vurderer å flytte den litt lenger frå kanten, slik at haken i baktanga kjem mellom styrepinnen og skruen. Trur det gir mindre vridning og skeivt press på baktanga. Dette gir ein avstand til kanten på 9,5 cm.
Bakfoten er laga av ein tømmer-elev som var utplassert hjå oss. Øvinga gjekk fyrst ut på å teikne benken for så å rette av, dimmensjonere og tappe saman delane til bakfoten.
Etter tre dagar på Voss med sagfiling, ilag med Trond Oalann, Georgios Vie Sokorelis og med Aksel Weller som instruktør. Vil eg med dette dele nokre av momenta Aksel la vekt på.
Generelt
Generelt er det viktigare at toppen på tennene er retta av i 90° i forhold til bladet, enn at vikkinga er lik på begge sider. Om vikkinga ikkje er heilt eksakt lik på høgre og venstre side har det eigentleg kunn innverknad på plaseringa av bladet i sagsnittet. Om toppen/tannhøgta ikkje er heilt rett, skjer saga skeivt.
Alle avvik på til dømes tannhøgder, vikking og filing av tennene vil gjere at ikkje alle tennene arbeidar likt. Noko som fører til at det må leggast inn meir arbeid for å gjere den tiltenkte jobben. I mitt tilfelle saga eg ei lengd på ein meter i 2″ furuplank på 47 sekund på vindussamlinga vår på Voss (med tannforma me laga på Sverresborg). Nå etter filekurset er tida nede på 31 sekund, med same mann og sag med «progresiv» tanning (meir under «Langvedsag») i tilsvarande material. Ingen eksakt vitenskap, men kan vera til samanlikning.
For å få til eit godt resultat er det ei rekkefølge som kan væra verd å merke seg:
Slipe/bryne sidene (restaurering/fjerning av rust)
Rette av tannhøgda (viktig med 90°)
Tannbotn
Forme tennene
Vikke
Stryke av toppen (endå viktigare med 90°)
File tennene/eggen
Aksel syner korleis han held fila når han rettar av toppen
Ikkje enkelt å få det 100% i 90 grader når det knapt er plass til fingrane
Me nytta sverdfil til forming og filing av tennene, flatfil til retting av toppen/tannhøgda og rundfil til tannbotnen på stokksag/svans (fekk ein liten demostrasjon på filing av stokksag). Tradisjonelt er det mykje nytta trekantfiler i Noreg. Aksel meinar det er viktig å læra seg å file ei og ei flate og å forstå kva ein gjere, før ein går på med trekantfil som filer to flater samtidig. Unøyartighet kan gi mykje større konsekvensar med trekantfil. Det er som med mykje anna: «øving gjer meister».
Legg merke til det som er merka grønt på skissene under: Det må rettast av så mykje at ein kjem under slitasjen. Slitasjen vil vera størst på ytterhjørnene som her er merka raudt. Ved filing vil vikkinga bli redusert, dette er ikkje noko problem den fyrste eller andre gangen ein filer.
Ein må vurdera kva material ein arbeider i: hard/mjuk, tørr/rå og om ein ynskjer fint/grovt snitt og/eller rask/sein sag. Her kjem val av vinklar og kor mykje tennene er vikka inn. Aksel nytta auga og følelsen (røyndsla) i val av vinklar. Han nytta og auga (med godt lys og forstørringsglas) i rettinga av toppen, vikkinga og filinga av tennene. Vinklane som er nemde under er mine målingar av filte sager.
Langvedsag
Tennene på ei langvedsag skal fungere som ein høvel. Heile breidda på kvar tann skal vera i arbeid.
Skissa syner nokre av momenta som er viktig å huske på ved oppsett av ei langvedsag
Skissa under er frå midtfeltet på mi sag. Vikkinga er på 0,25mm. 5 mm mellom spissane og tannhøgda er på omlag 4 mm. Den har mindre aggressive tenner (rundt 88-89°) i starten, omlag 10 cm, før tennene få forma som vist på skissa. Den siste tredjedelen av bladlengda har noko meir aggressiv tanning (rundt 93°). Både framsida og baksida av tennene er filt rett over (indikert med 0°)
Skissa syner vinklane eg nytta på mi sag under kurset. 40 graderen er omtrentleg. Raud vinkel er med utgangspunkt i 90 grader ut frå bladet (horisontalt).
Langvedsaga mi, midtparti
Legg merke til den blanke flata på toppen av dei tre tennene til venstre for midten. Denne skal væra lik eit rektangel og like store etter forminga av tennene før vikking.
Kappsag
Tennene på ei kappsag skal skjæra over trefibrane på tvers.
Skissa syner nokre av momenta som er viktig å huske på ved oppsett av ei kappsag
Mi kappsag har måla som vist i skissa under over det heile. Vikkinga er på 0,2 mm. 4 mm mellom spissane og tannhøgd på omlag 3 mm. Slik vinkelen på baksida er nå (20°) passar den til hardare tre (hard bjørk). Vil nok file denne litt spissare om det er for furu. Vinkelen framme (76°) er ok, men kanskje litt agresiv. Ellers ok. Eg vil file ein gong til med desse måla, men utan å vikke, for å teste. Dette gir litt mindre vikk, og eg er spent på om saga endrar seg nevneverdig etter det.
Skissa syner vinklane eg nytta på mi sag under kurset. Raud vinkel er med utgangspunkt i 90 grader ut frå bladet (horisontalt).
Kappsaga mi
Her ser ein flata på annankvar tann er lik ein trekant som skal væra like store etter forminga av tennene, før vikking.
Tankar
Som tidlegare nemnd, nytta ikkje Aksel vinklar eller mål når han filte. Eg tenkjer at om me skal skriva om dette, huska kva som er gjordt og tenkt for å forbetre, og for kunne samanlikne, er me avhengige av å nytte tal.
«Ein time med filing kvar andre veke, tener ein inn att på presisjon og hurtighet». Aksel sitt krav til finish og nøyaktighet er noko å strekje seg etter.
Til slutt vil eg sei at dette ikkje har rot i norsk tradisjon, men er Aksel si erfaring rundt kva som fungerar, ispedd mi forståing og missforståing i eit forsøk på å skrive dette ned.
Utgangspunktet for bygginga av naustet til museumsbåten MS Suldal, på folkemunne kalla «dampen», var at Statnett skulle bruke den gamle slipptomta til massedeponi under bygginga av “Englandskabelen” (North Sea Link). Det vart bygd ny slipp med ringmur til overbygg. Overbygget, som skulle vera ein stålhall, vart finansiert med midlar frå kommunen og fylket. Denne bloggposten handlar om prosessen vidare.
Etter at planane kom på bordet til bygningsavdelinga i Ryfylkemuseet, kom der raskt eit ynskje om å bygge i tre. Og tankane svinga rundt dei mange løene i regionen i såkalla høghus-konstruksjon, som verka svært tenleg til formålet. Dette fordi det er fri takhøgd langs midten opp til mønet. Det vart søkt om endring av konstruksjonstype og materialbruk.
Utsnitt frå boka “Landbruksbygninger” av A. Norheim
Det var frå starten av tenkt at dette kunne bli praksisprosjekt i backelor-studiet og framgangsmåten vart lagt opp deretter. Det vart gjennomført synfaringar på ståande bygg i nærområdet ilag med studentane (Kjell Gunnar Haraldseid og underteikna), Trond Oalann og eigarar, eksterne handverkarar og ein ingeniør som har erfaring frå slik konstruksjon. Det vart studert dimensjonering, detaljar i samanføyingane og variasjonar i konstruksjon.
Ein kort presentasjon av nokre av løene me besøkte:
Løa på Olasmoen, Suldalsosen:
Løa på Olasmoen med flagget i mønet. Eigar: Lars Fisketjøn
oppført i 1958-59
Breidda på løa er 9,8 m og cc reisa er 3m
Dimmensjonar på stav og stikksperr er 6×5 tomms og 6×7 tomms
Det er ikkje haneband (hanebanda på biletet har nok samanheng med reisinga)
Løa på Olasmoen
Løa på Bøen, Lunde, Suldalsosen:
Løa på Bøen, Lunde
oppført i 1974
breidda er 10m og cc mellom reisa er 3m og 3,7m
materialdimmensjon 6×5 tomms
Løa i Hoftun, Suldalsosen:
Løa i Hoftun
oppført i 1959 -60
Breidde på heile 14,5 m cc mellom reisa er 3m
Dimmensjonar på stav og stikksperr er begge 6×7 tomms
Enkelt haneband
Til forskjell frå teikningane i boka til A. Norheim ser me av bileta over at tanga er montert horisontalt. Dette gjer at den høver godt til bæring av stubord og kassebord i utstikket. I tillegg er der ein detalj å merke seg: Plasseringa av boltane i indre enden av tanga er ikkje lik. Både på Olasmoen og i Hoftun er bolten plassert i stikksperra, mens på Bøen er den plassert i hengsperra. Me valgte å ha ein bolt i kvar. Der er i tillegg nokre fleire delar på teikninga enn det me fant i løene.
Me fekk hjelp av eit arkitekt- og ingeniørfirma til tekniske styrkeberekningar og teikningar, med hovudvekt på vindavstiving og forankring. Dette fordi naustet vårt skulle stå på ei tomt som er utsatt for hard, rosete austavind. Naustet har ei grunnflate på 24,4m x 8,4m. Me la oss på materialdimmensjonar me fant i dei størst løene. Då gjekk me gjennom nålauga for moderne dimmensjonering. Ein kan merke seg at løa i Hoftun er omlag 6m breiare, har montert silotalje i mønet som dagleg er i bruk, fungerar godt etter 57 år.
Det praktiske arbeidet vart utført med Trond Oalann som instruktør, og starta med å teikne opp eit reise i 1:1 på gulvet i laftehallen til museet, ein såkalla avbindingsplass (jf. «Husbygging», N. Peder Nilsen) Dette for å sikre at alle mål vart like og det var tenkt å nytte loddsnor til oppmerking (jf. «The Invisible Tools of a Timber Framer» av Ulrik Hjort Lassen). Dette var ein aktuell merketeknikk då me var avhengige av god avstand til gulvet då der skulle borast gjennom og monterast deler på undersida av reisverket. Me laga oss i tillegg nokre malbord slik at me også kunne produsera delar annan stad, når me var mange i sving.
Bruk av lodd som er gjennomsiktig gir god nøyaktighet.
Hola vart bora med alle delane monterte på med tvinger. Me nytta eit stativ til drillen som sikra lodrette hol. Horisontale hol vart bora på frihand med ein rettholdt å sikte etter.
Me nytta ein rettholdt til å sikte etter når me bora for boltane
Det er tosidige bulldog mellom alle samanføyingane for kvar bolt
Innsetting av bolt
Der boltane ikkje stod vinkelrett på, vart det teke ut for å gi god anleggsflate for stoppskiva
I samanføyingane mellom stav og stikksperr vart det lagt inn metallband
Det vart nytta eit merkesystem med flagg og trekant
Etter merking vart reiset flytta til monteringsplass slik at det vart plass til å merke neste samtidig
Etter boring vart det montet bulldog mellom alle delane der det var boltar. Desse gjorde det litt trangt å få i boltane då det vert noko klaring mellom delane før klørne på bulldoggen vert pressa inn i veden. Viktig at vinkelen på tåa er slik at den vert trangare etterkvart som delane vert pressa saman.
Dei fleste boltane vart sett vinkelrett i forhold til den ein flata dei skulle gjennom. På den andre sida vart det hogge ut slik at stoppskiva ligg plant. I samanføyinga mellom stav og stikksperr vart det lagt inn ein bit av metallband for å hindre at veden vert pressa saman under stor belastning.
Kransen på plass i mønet
Ferdig med kledning og tak
Her ser ein nedre del av reiset, med skråavstiving i lengda og neglingar
Ein heiselåve må ha heis… Me har fått konstruert ein løpekatt som liknar den på biletet under. Den vert produsert nå i haust og skal vera montert og klar til restaureringa av Dampen.
Den originale Serigstad løpekatten i løa på Kvæstad, Suldal, er modell for vår løpekatt
I bloggposten Mogleg arbeidsprosess – “Røsslinova” gjorde eg eit forsøk på å forklare i tekstform korleis me tenkte oss arbeidet med nova. Det var ei vanskeleg øving. Nå vil eg skrive noko om tankane og erfaringane våre, og komplettera førre bloggpost med bilete og film frå den verkelege prosessen.
Det er eit svært tidkrevjande arbeid å lafte denne typen nov på tradisjonelt vis. Det er mykje på grunn av at stokkane ikkje kan tillagast med magen på innsida før me veit kvar stokken skal vera. Stokkane i motståande vegg (i same omfaret) ligg med rota same vegen og i tillegg til at dei har varierande kryl eller krok på seg, fører dette til at ein eventuell feil stokk ikkje kan nyttast i same veggen att før etter to omfar høgare opp. Det skal og nemnast at halvparten av tømmeret er hogge, kvista, kappa og barka i skogen med øks, svans, tomanns tømmersag og barkespa ilag med informantar/tradisjonsberarar. Den eine dagen ilag med eine informanten vart noko av tømmeret drege fram til bilveg med hest. Alt arbeid i laftehallen er utført med tradisjonelt verktøy der noko er laga av oss sjølve og anna er gammalt brukande verktøy. Har og tinga kopiar av lokale øksar (frå Li i Suldal) som truleg er frå tidleg 1800 talet, slik som Røsslistova me har som førebilete. Det var og ei tidkrevjande øving å kome fram til ein framgangsmåte som kan ha vore nytta på originalen. Eg trur me er på god veg til å forstå, men me har fortsatt nokre spørsmål me ikkje har fått svar på.
Me starta arbeidet i laftehallen med å øksa til 4″ plank frå rundstokk på førehand. Undervegs i laftinga har det vore viktig å halde ei viss oversikt over krylen på den halvferdige lafteplanken i materialhaugen. På denne måten har me hatt ei viss formeining om kva stokk som vert den neste over, og kunne snorslå rygglinja med til dømes 1″ eller 1/2″ kryl. Det varierte og om toppunktet på krylen var på midten eller nerare ein av endane. Som det kjem fram av skissa til korleis me laga mageforma i førre post, er det kunn innvendig me snorslår rygglinja, utvendig er det vannkanta. Underkanten av stokkane øksa me flat med same krylen som på underliggande stokk. Me erfarte raskt at når me skulle snorslå for mageforma, var det naudsynt å trekke mageforma omlag 1/4″ lenger inn i underkant av stokken enn på oversida. Slik kunne mèet førast langs fløykanten på ryggen av underliggaren og risse på den sletthøvla magen på overliggaren. Dette gav ein liten og synleg fløykant nerast på same måten me fant i originalbygget.
Når me kjem til sjølve novinga, høgg me ut overhogget utan å ta omsyn til stokken som skal laftast nedpå etterpå. I filmsnuttane «merking av overhogget» og «hogging av overhogget» går eg gjennom heile tillaginga av overhogget. Me har laga oss ei «ku» med alle måla som er naudsynte i overhogget. Og det er utvendig vegg som er referanseflata til ei kvar tid. Det er ,beklageleg vis, ikkje så god lyd på filmane.
Under følgjer nokre bilete for å synleggjere noko av prosessen med overhogget, som tilleggsinformasjon til filmsnuttane.
Biletet syner noko av oppmerkinga i overhogget. Linjene i den høgre kinningen er streka opp som illustrasjon. Det er ikkje naudsynt å streke dei opp før ein høgg. Legg og merke til streken som indikerar starten for venstre kinning. Alle måla er merka opp ved hjelp av ei «ku».Ferdighogge overhogg sett frå utsida. Prøver å gjera det til ein vane å fjerne mest mogleg av dei trukkne linjene mellom merka mens eg høgg. Etter kvart som ein vert meir røynd og stø på handa, høgg ein utan å trekka opp linjene.
Overhogget sett frå innsida. Legg merke til at det ikkje er hogge noko for den skjulte kinningen til venstre.
Når me så legg opp den neste stokken for fyrste merking, har denne omlag den same forma langsetter undersida som stokken under har langs ryggen. Me har laga oss ei lang «sladra» (loddstokk) på 2,5 alen (omlag 157 cm) til å lodde opp stokken i forhold til dei nederste stokkane i veggen. Denne lange sladra sikra oss at ikkje veggen kragar utover, slik som me oppdaga var tillfellet då me nytta ei kort sladra på 1 alen (omlag 63 cm). Det vart lett til at stokkane vart pressa ut opp mot 2 mm i kvart omfar. Erfaringa vår er at når ein bruker slike sladrer (både korte og lange) er det viktig at snora får henge fritt mellom fjøla og bøylen. Ellers er det lett å få ein feilmargin ved at snora heng seg opp. Ein annan faktor til utpressinga er at den skjulte kinningen, på innsida, er svært trang og det er lett å få ein liten rotasjon av stokken utover i øvre kant. Dette vart forsøkt å motvirke, med hell, ved hjelp av jekkestropper (av knall oransje type som ikkje tek seg godt ut på bilete…). Stroppene måtte snuast slik at dei drog stokken innover i overkant. Me har ved fleire høve udra oss over korleis dette vart løyst tidleg på 1800 talet? Korleis har dei laga så tette nover, med trykkmerker etter samanpressing av ved, utan at den skjulte kinningen skapar problemar i form av vidring?
Eg har og laga eit par filmsnuttar som viser «merking av underhogget» og «hogging av underhogget» for å vise arbeidsgangen. Dei to fyrste nedfellingane er med og hogginga av desse, men ikkje mèdraginga. Til orientering nyttar me eit justerbart mè. Då kan me justera opniga på dette slik at me kjem innafor fløykanten på understokken. Sua øksa me til eit litt ope V-spor.
Under følger nokre bileter som illustrerar delar av merkeprosessen av underhogget.
Eg har funne det høveleg å la passaropninga vera omlag eit par cm mindre enn total fallhøgd (på augemål). Det er verdt å merke seg at dess større opningen på passaren er, dess meir unøyaktig vert merkinga. Difor har eg ved nokre høve nytta halve falhøgda som passarmål, der avstanden var svært stor.Under merkinga er det viktig å passe på at passarspissane er i lodd over kvarandre til ei kvar tid, begge vegar, sett ovanfrå. Det er til hjelp å plassere auga i loddplanet, og sikte nedover på spissane. Me fant det og teneleg med ein passar med noko lengre bein. Då var det lettare å halde loddplanet den vegen ein ikkje ser så godt ovanfrå, spesielt når spissane var innunder magen på overliggaren.
Beitskiene i døra er forsøkt laga på same måten som me tolkar oss til i Røsslistova. Der er nokre korte forklarande bildetekstar som kjem fram om ein klikkar på bileta.
Hogging av tappar i kinnungane.
Ådne Jordebrekk Fermann høgg ut notsporet i beitskia etter å ha bora med spiralbor med senterspiss.
Beitskiene er tappa oppe og nede. Der er laga plass til siging av laftet i overkant.
Det som kanskje er litt spesielt med dennne nova er at me høgg den skjulte kinningen på innsida av overhogget etter fyrste merking av underhogget (den observante oppdaga at denne delen av prosessen mangla i filmen). Og må takast av meir og meir for kvar merking, heilt til og med meddraginga. Dei andre tre kinningane i overhogget er uberørte etter fyrste hogging. På det beste nøygde me oss med ei tre trinns nedfelling, inkl. mèdraginga. Men det vart oftast tillegsjusteringar innimellom.
Dette er eit forsøk på å tolke og beskrive ein hypotetisk arbeidsprosess ut frå ei gammal nov i ein bygning som står. Mine føresetnader for å tolke nova er litt erfaring med kurslafting med ein form for raulandslaft, og synfaringar til Røsslistova ilag med Trond Oalann, Jørn Berget og Kjell Gunnar Haraldseid. Me har også tidlegare lafta ein fjoskasse med rundtømmer. Her fekk eg til dømes erfaring i det å merke med passar.
Utvendig liknar laftet på Røsslistova på det kurslaftet eg har erfaring med frå tidlegare med flathogge tømmer og kinningar, men dette laftet har avsmalande rektangulære hovud. Innvendig vert alt annleis. Der er tømmeret fint avrunda og der er ikkje kinningar. I alle fall ikkje synlege kinningar. Eg tenkjer at stokkforma må vera tillaga før ein høgg nova og vil difor også ta med litt om korleis ein sansynleg har tilverka stokkane. Arbeidet med å forstå nova starta med å lage ei skisse (figur 1 og 2) som viser både utsida og innsida av ein stokk. Dette er ei god øving då ein må finne svar på ein del ting for at ein skal kunne trekke ein strek på papiret.
Figur 1
Veggtjukna er om lag 5 tommar[1]. Dette er midt på magen på stokken. Ytterst ute på hovudet er tjukna 4″. Den rektangulære forma til hovudet passar innføre tverrsnittet på innsida av nova. Dette tolkar eg til at forma på hovudet er tillaga etter at nova er hoggen. Men korleis har dei produsert stokkane med mageform på innsida og mergen oftast i midten eller nærare innsida? På Røsslistova nytta me ei snor til å kontrollere om stokkane kunne ha vore
Figur 2
snorslegne langs sua. Dei aller fleste var snorbeine, men nokre var, etter det me tolka, snorslegne to gonger. Altså der det var for mykje kryl på ein stokk har dei ikkje retta denne heilt opp. Eller at dei har tilpassa ryggen på ein stokk til forma på neste stokk. Eller ein kombinasjon. Dei har nok tidleg hatt ein viss peiling på kva som vert den neste stokken. Somme stader er der ein viss fløykant[2] med ganske skarp overgang til mageforma på innsida. Der det er noko glipe mellom stokkane finn me spor etter øks. Dette vitnar om at ryggen er øksa, på innsida. Detter er ikkje tilfelle på utsida der det er vannkant (me finn restar av bast[3]).
Figur 3. Eksempel frå ei anna veggtjukne på framgangsmåte for å lage mageforma
Kort utgreiing om korleis me tolkar tillaginga av stokkforma: Stokkane er sannsynleg øksa flate på begge sider fyrst. Når stokken ligg på flasken vert det snorslege for å få rett overlinje. Overlinja vert øksa til med ein vinkel som gjer at ein får ei slags møneform etter midten på stokktjukna. Stokken vert sett opp på kant og snorslegen om lag 1,5″ frå innsida. Dette er målet me fant frå loddplanet på innsida og inn til medfaret[4]. Dette er ei linje som ein kan økse etter i fleire plan for å lage den ovale forma på magen (sjå figur 3). Det er sannsynleg nytta høvlar i den vidare prosessen med å runde innsida fint til.
På Røsslistova er stokkane i det fyrse omfaret lagt ut med rotendane same vegen. Altså at dei nederste, i gavlaveggane, ikkje ligg anføtes. Det same gjeld stokkane på langs som har rotendane i same gavlaveggen. Det er ikkje nytta halvstokk for å få plan underlinje, men der er lagt inn ei lus[5] i eine langveggen ned mot muren.
For å forstå oppmerkinga av nova har me fått lite hjelp i form av spor på Røsslistova. Men der er nokre mål som ser ut til å gå att i fleire stokkar.
Om me konsentrerar oss om overhogget fyrst. Kan dette la seg hogge ut utan at stokken over nødvendigvis har lege på. Vinkelen på den løynde kinningen svingar rundt 30° til 35°, og der kan sjå ut som om det er målt frå utsida av stokken og inn til skjæringspunktet for kinning/overhogg. Dette målet er 5/4» og målet vidare over ryggen til neste skjærinkspunkt er om lag 2″. Summerer ein måla vert der 1/4» omlegg mellom fløykant og skjæringspunktet mellom løynd kinning og overhogget. Sentrere me overhogget på underliggande stokk og har ei bredd i botnen på 21/4» og 3,5″ i toppen, får me skjæringspunkta til kinningane i øvre kant. Langs stokken er kinningane trekte om lag 2″ ut frå veggtjukna. Den løynde kinningen må ikkje hoggast over loddlinja frå innsida av underliggande stokk. Alle kinningar er hogge med øks og er tilnerma plane. Djupna på overhogget ser ut til å passe med om lag ¼ av stokkhøgda. Eller ½ av fallhøgda til neste overliggande stokk. Alt er tydeleg hogge ut med øks. Det er verdt å merke seg at dette er mål som ikkje stemmer på alle stokkane. Kan det bety at der ikkje er nytta ein fast mal eller mål til oppmerkinga?
Når overhogget er ferdig kan me legge opp neste stokk. Den er det allerede laga mageform på men ikkje med markert fløykant på undersida slik som på oversida. Den er meir avrunda på undersida (før den er ferdig medregen). Ein merkar opp breiddane på overhogget som blir til barken i underhogget. Ein merkar opp veggtjukna (loddar opp frå underliggande stokk). Ein merkar av med passaren, innstilt på fallhøgda, for å få lodde opp punkta langs den løynde kinningen. Denne innstillinga på passaren vert og nytta rundt heile nova for å merke opp alle skjæringspunkt med fallhøgda på overliggande stokk. Merk og av vinkelen på den løynde kinningen i underkanten av overliggaren. Den vert hoggen med noko buttare vinkel i underhogget.
Det er viktig å trekke merkingane litt utføre der det skal hoggast slik at ein ikkje høgg vekk merking ein har bruk for. Om ein nyttar ei mindre innstilling på passaren enn fallhøgda sikrar ein seg betre kontroll med tilpassinga.
Eg tenkjer at dette er ei nov som sannsynleg er felt saman i ein tre trinns prosess på grunn av den løynde kinningen. Det er lett å ta ut for mykje her. Kanskje dette endrar seg når ein vert meir røynd og sikker på oppmerkinga?
Figur 5
Etter at garpet og kinningane er hogge ut. Legg me stokken oppatt på plass. Pass på at den er i same loddplanet som tidlegare. Om stokken nå er klar til å medragast eller må fellast meir ned går ut på eitt. Det er i så fall same prosessen ein gong til. Men når me er klare for meddraging, stiller me passaren inn på litt mindre enn medragsbreidda. Dette for at det skal knipe meir i nova enn langs stokken. Dette viser i Røsslistova som tydelege pressmerker i kinningane (figur 5). Medragsbridda tilpassast etter kor stor fløykant ein vil ha. Alternativt kan ein
Figur 6
høvle litt av på avsluttninga på magen inn mot risset etter meddraget. Dette er lettast å gjere på den stokken som vert felt ned. Bere små justeringar kan gjerast på underliggande stokk.
Om det skulle bli slik at midten på magen ikkje stemmer overeins med fløykanten på den stokken den vert felt ned på. Kan dette justerast til ved at ein høvlar eller på anna vis tek av på stokktjukna ved den løynde kinningen (Figur 6) . Dette må gjerast før ein medreg siste gongen. På dette viset kan ein flytte litt på midtpunktet på magen. Dette oppdagar ein allereie når stokken er lagt opp for merking fyrste gongen, og kan takast omsyn til. Då til slutt kan ein finjustere stokkforma med høvelen mot passarrisset langs den løynde kinningen. Slik vil overflatane på stokkane passa overeins i gjerdinga.
Når det gjeld dublungane[6], har me ikkje sett noko til dei i Røsslistova. Men eg er sikker på at dei er der. Skal eg sjå på andre tilsvarande bygg er der ein spissa dublunge som står fast i eit navarhol på ryggen av underliggande stokk. Om den er satt i før oppmerkinga er starta er sansynleg. Då merkar den sjølv av på overliggande stokk plasseringa ved fyrste oppmerking.
Figur 7
Beitskia (figur 7) er tillaga av ein kraftig stokk som grip om ein tapp i kinnungane[7]. Den er noko tynnare en veggtjukna slik at magen på stokkane vert fasa av mot beitskia. Utvendig ligg den plant med veggen. Der er sansynleg ein tapp oppe og nede.
[1] 1 norsk tomme er 26,75 mm. I forts. merka som «.
[2] Fløykant er den delen av ryggen på understokken som kjem utanfor medfaret
Røsslistova er flytta frå plasset Røsslio under Våge til Kolbeinstveit på 1950-talet
I faget tradisjonsfagleg utøving 1 har me på Ryfylkemuseet valgt ei husmannstove, Røsselistova, frå omlag 1820 som førebilete. Dette er ei forseggjort stove med fint avrunda stokkar i veggane på innsida, utan synlege kinningar. Utvendig er det ein grovare utføring med øksa overflate og rektangulære hovud og kinningar i nova.
Ernst Berge Drange, bygdebokskrivaren på Ryfylkemuseet, skriv på forespurnad av underteikna om plasset Røsselio:
«Svein Villeiksen frå Selland i Hylsfjorden og kona Anna Olsdtr. bygslet plasset i 1817 etter å ha tent hos lensmannen i Vågje. Dette var eit velståande par utan born, og kan godt ha hatt pengar til å leggja meir i eit hus enn det som var vanleg på eit husmannsplass. Plasset blei fråflytta mellom 1904 og 1910 ein gong.»
Utvendig er veggene øksa til, nova har kinningar og rektangulære hovud.Innsida har fint maga tømmer og skjulte kinningar
Etter nokre rundar med oppmåling og skissing av laftet er me i gang med å hogge ei modellnov. Me har fått med oss Jørn Berget frå Bø i Telemark i denne prosessen.
Under tillaginga av dei fyrste stokkane til modellen har hovudfokuset vore å gjennskape forma. Målet er etterkvart å prøve å tilnerme oss ein framgangsmåte og verktøybruk som sansynleg er nytta på Røsslistova då ho vart sett opp.