Bordtak på Raulandsloftet

I samband med restaurering av Raulandsloftet på Norsk Folkemuseum har vi gjennomført ei samling med studentane i 2016. Frå før hadde studentane som har sin læringsarena på Norsk Folkemuseum hogd tømmer og lagt dette i Gjersøelva på lagring fram til samlinga. Vi starta då arbeidet med å kløyve stokkane som skulle bli til heile lengder trobord på det nyrestaurerte Raulandsloftet.

Når stokkane var ferdig kløyvd vart dei to halvkløyvingane hogd til knapt 3″ tjukke bord. Hogginga vart gjort med økser som var nysmidde kopiar av økser som var vanlege i mellomalderen.

img_4338
Ferdig kløyvd stokk med aktuelle økser. Dei to øksene til venstre var dei mest brukte til arbeidet med kløyvinga. Dei to øksene til høgre vart brukt til sletthogginga.
img_4347
Halvkløvying som er ferdig sletthogd på margsida. Øksa på biletet vart brukt til hogginga.
img_4336
Dei gamle golvborda på Raulandsloftet har mange interessante spor etter verktøyet og arbeidsmåten som var brukt til å produsere borda. Studentane fekk øvd seg i å lese og tolke desse spora og sjå dei opp mot deira eige arbeid.
%d bloggarar likar dette: