Korleis gjorde dei golv på Kultan i 1789?

Ei tilnærming til opphaveleg prosess basert på samtidige verktøy og originalmateriale.unadjustednonraw_thumb_6f28

Støgo på Kultan vart ført opp i 1789/90 jamfør dendrokronologisk analyse av tømmeret. Det originale golvet stammar altså etter alt å døme frå same tid. Det er den gåverike handverkaren og bygdekunstnaren Jarand Åsmundson Rønjom som førte opp denne støgo, og har også gjort innreiingar og det som er av snikkararbeid. Etter alt å døme er også golvet gjort av Jarand eller folk han hadde i arbeid. Golvet er rundt 2 tommar tykt (rundt 50mm) og har spitande bord mellom omlag 20-45cm i breidda. Det er altså grove dimmensjonar. Det er laus fjær mellom borda, så det er difor berre høvla not i golvborda. Grunna store råteskadar i golvet skal det gjerast nytt golv i samband med ei større restaurering av Kultan-støgo i Åmotsdal.

I dei seinare åra har kunnskapen om skottbenken/føybenken/rettebenken osb… gjeve mykje ny innsikt i produksjon av golv og golvbord. I store delar av landet har slike benkar dukka opp, og lokale variasjonar i utforming og funksjon har vorte oppdaga gjennom stadig nye funn. Telemark har lenge vore ein kvit flekk på dette kartet, og funn av skottbenk og skotthøvlar uteblir trass i at fleire har augene oppe. Det skal finnast ein Skottbenk i Tinn, og ein skotthøvel i Seljord (denne skal i følge dei eg har prata med ha eit noko uvisst opphav). Det kan godt hende skottbenkane kjem til å dukke opp, men ut frå verktøyet ein finn i museumsmagasin og rundt omkring i private samlingar er det lite som underbygger at skottbenkane har vore utbreidde i Vest-Telemark. Eg har i dei siste åra undersøkt mange titals private verktøysamlingar og dei mest aktuelle museumsmagasina med tanke på lokale verktøy. Mønsteret er ganske likt. Mykje not- og fjærhøvlar med land (sideanlegg) og mykje langhøvlar, men så langt ingen funn av høvlar med meiar på både sider under. Dei eg har snakka med av informantar har heller ingen kjennskap til skottbenken som hjelpemiddel til retting av bord.

Ut frå dette grunnlaget valde eg å undersøke korleis eit slikt golv kunne høvlast på bakgrunn av dei verktøya som finnast lokalt frå denne perioden (seint 1700-tidleg 1800-tal). Jarle Hugstmyr var med som rettleiar med tanke på verktøy og produksjonsprosess. Pål Sneve Prestbakk og Magne Kleiveland var med på høvelmakinga, og Henning Jensen og Magnus Hvammen var med på utprøving av prosess. Ingvald Golid var også innom og kom med fleire interessante opplysningar om golvhøvling og materialstabling.

På Bakgrunn av undersøkingar av lokale verktøy og verktøyspor i originalgolvet enda me opp med å produsere følgande høvlar til golvproduksjonen:ccvwr5khtyqrexsdkhcxuq_thumb_6f2b

  • Langhøvel: Til retting av kanten på golvborda. Utgangspunktet vart ein langhøvel frå magasinet til Telemark Museum. Høvelen skal ha tilhøyrd snikkaren Carl Johnsen Svanajord (1756-1799), frå Kvitesed, som var ein av dei verkeleg store snikkarane i si tid. Høvelen er datert 1794 med intitialane til Svanajord og har ikkje handtak.
  • Splitthøvel: Til å splitte emne til laus fjær. Originalfjæra synte tydelege spor av splitthøvling. Denne høvelen tok utgangspunkt i ein høvel frå Telemark Museum sitt magasin og er datert 1824, og skal komme frå verktøysamlinga til Gunnar Glosimot frå Seljord. Samlinga vart donert til museet på 1950-talet. Høvelen har jarnskinner og stillbart land.
  • Okshøvel: Denne typen okshøvel, med «langhøvelhandtak» bak og tverrstilt okshøvelhandtak framme er det mange av i eldre verktøysamlingar. Denne høvelen er ein variant av desse basert på eit førebilete frå garden Nørsteteig i Svartdal, Seljord. Truleg 1700-tal. Kanskje tidleg 1800. Høvelen nytta me til å høvle flasken på bordet etter skrubbhøvlinga.
  • Nothøvel: Slike nothøvelar finnast det mange variantar av. Denne tek utgangspunkt i ein høvel frå Lisleåsheim i Seljord. Uviss datering, men truleg kunne ein slik type nothøvel ha vore i sving på 1790-talet.
  • I tillegg til desse høvelane bruka me litt variantar av skrubbhøvlar til å gjere grovarbeidet på flaskhøvlinga og kanten.

 

Framgangsmåte

Retting av flask: Prøveborda eg hadde fått tak i var relativt vinde. På tre meter var det snakk om nesten 2cm vinning i flata. Me valde å ta ut mesteparten av denne vinninga då det er begrensa kor mykje ein kan presse eit 2 tommar tykt golv. Til denne operasjonen bruka me ein fletthøvel til å rette ut vinninga. Me la like høge klossar i fletthøvelsporet på kvar side og kontrollerte korleis me låg ann med siktestikkene. Me valde å ikkje ta ut all vinninga, då dette ville bli problematisk i forhold til dimensjonen på borda.

Fletthøvel er eit verktøy det finnast mange av i området og truleg kan dei ha vore nytta til nettopp slik oppretting av emne. Dette var i alle fall ein måte å ta ut vinning på med dei verktøya ein kan tenke seg dei hadde tilgang på. Altenativet kunne vere å snorslå eller liknande, men fletthøvlinga har den fordelen at det både rettar av i lengderetningen og at det er enkelt å sjå kor mykje materiale som skal bort mellom fletthøvelspora. Veden mellom spora vert høvla bort med ein grovstilt skrubbhøvel. Ved å høvle diagonalt får ein både ut kuvinga i bordet og held god kontroll på korleis ein ligg ann i forhold til kanten. I denne prosessen fjerna me materialen nesten heilt ned til fletthøvelspora på sida.

I neste prosess høvla me bort dei diagonale rillene ved å høvle langsetter med ein grovstilt, men litt flatare skrubbhøvel. I denne runden høvla me så langt ned at fletthøvespora så vidt var synlege.

Okshøvelen vart nytta til siste runde med høvling. Då vart fletthøvelspora høvla bort. Her kontrollerar Henning Jensen at kuven er høvla bort og at bordet er rett.

Retting av kant: Kanten vart retta med snorslag og skanting, så grovretting med skrubb, retting med grovstilt langhøvel og til slutt retting med finstilt langhøvel. Vinkelen vart kontrollert mot flasken. Me sørga for at kanten var i vinkel eller litt under 90grader på flasken. Om kanten var over 90 grader på flasken høvla me den ned til rett eller litt under. Dette var for å hindre at golvborda skulle knipe på undersida.

unadjustednonraw_thumb_6ed7

Høvling av not: Nothøvelen vart lagt med landet mot retta på bordet, den sida som skal opp. Det er referansesida. Me tok eit par turar med nothøvelen for å få eit fint styrespor før me grovstilte litt og gjekk på med tomannshøvling. Dette fungerte i grunn bra, og nota kom ganske raskt ned til full djupne.

unadjustednonraw_thumb_6f07

Høvling av laus fjær: Me stilte inn splitthøvelen på tilsvarande breidde som nota, og splitta fjæra ut frå eit tomsbord me hadde retta kanten på. Etter litt forskjellige strategiar, fann me ut at det var best å høvle seg omlag ned til halve djupna langs heile og så snu bordet rundt og høvle frå andre sida. Ved å starte fremst og høvle seg gjennom gradvis bakover ivaretek ein stabiliteten i emnet ein høvlar på og ein slepp at høvelen «hektar» seg når det slår gjennom. Splitthøvelen kan stillast ganske så grovt, så det gjekk ikkje så mange rundane før ein var gjennom, og hadde ei relativt presis laus fjær. Presisjonen avhenger av kor flink ein er til å halde høvelen i lodd.

 

Justering av laus fjær: Då not og fjær var høvla slo me den lause fjæra inn i nota på eit av golvborda. Fjæra var litt for breid, så dette høvla me raskt ned med ein skrubb då fjæra sat fast i nota, og var enkel å arbeide med. Når me var fornøgde med breidda knekte me kantane på fjæra. Me såg at kantane var knekte på eine sida av den originale fjæra, og konkluderte med at ein slik arbeidmåte ikkje var utenkeleg. Det var også praktisk å ha fjæra på plass i det ein bordet ved legging.

Totatal vurdering

Dette var i stor grad eit forsøk på å finne ein realistisk og effektiv arbeidsprosess for Kultan-golvet, basert på verktøy, originalmateriale og lokal tradisjon på framstilling av golv. Resultatet var at det er fullt mogeleg å produsere dette golvet på ein effektiv måte. Prøveborda me høvla var vinde og hadde mykkje kul (slått seg med rygg mot margen), og erfaringane knytt opp til det er at det skapar mykje ekstra arbeid. Det originale golvbordet var heilt beint på ranga der sagskurden visast. Det vil etter alt å døme tyde på at materialen har vore tørka under press, slik at han held seg stabil og rett. Dette var tradisjonsberaren Ingvald Golid også oppteken av, og meinte at materialane burde leggast opp i gode stablar med tett mellom strøa og godt med vekt oppå. Han sa også at den beste tida å legge golv er på denne tida av året(januar-februar), då lufta er på det tørraste. Det vil minimere krypinga.

Positive eigenskapar ved denne arbeidsmetoden:

  • Ein kan produsere dette golvet med reiskapar som dei fleste snikkarar uansett hadde tilgang på på slutten av 1700-talet.
  • Ein kan greie seg med ein relativt enkel arbeidsbenk som er enkel å lage på byggeplass.
  • Ved å bruke laus fjær er det mindre materiale som må fjernast frå golvbordet, og nothøvlinga går relativt fort. Ein treng heller ikkje å ha ein fjærhøvel.
  • Ein får utnytta kvart golvbord maksimalt (arealmessig) ved å bruke laus fjær og følge den naturlege spitinga på bordet.
  • Den lause fjæra er relativt rask å framstille med splitthøvelen, og rask og justere.

 

Utfordringar:

  • Denne metoden krev at handverkaren arbeider presist med tanke på å få ei plan flate på rettsida av bordet og at rettinga av kanten vert bein og i vinkel. Dette er jo i grunn basiskunnskapane for all tradisjonell retting av emne, så ein røynd snikkar ville nok ikkje ha store utfordringar med dette.
  • På prøveborda me høvla var det ein del vinding, og me tok ikkje ut all denne vindinga for å sørge for at me hadde nok dimensjon til å høvle not. Dette gav litt utfordringar i forhold til å få borda i hop. Det bør difor leggast stor vekt på å skaffe rett og god material i utgangspunktet. Det er mykje arbeid å hente inn att dårleg lagra material som har slått seg. Desse borda er så grove at det er avgrensa kor mykje ein kan rekne med å presse dei på plass.

 

Konklusjon

Dei involverte i høvlinga har alle prøvd golvproduksjon med skottbenk, og gjort seg ein del erfaringar knytt opp til det. Det er ikkje tvil om at ein skottbenk med tilhøyrande høvlar er eit effektivt verktøy for framstilling av golv, men når det er sagt så er denne metoden med laus fjær ikkje noko dårleg alternativ. Etter ei felles vurdering av denne framgangsmåten kom me fram til at det er mange fleire ting som må klaffe for at skottbenkhøvlinga skal vere meir effektiv.

  • For det fyrste må langborda på skottbenken vere absolutt beine og i vinkel med kvarandre. Dette tek ofte litt tid å justere inn.
  • Det er ofte mykje finjustering for å få not- og fjærhøvelstål til å stemme med kvarande og mykje justering for å få det til å gå godt og effektivt.
  • Det tek tek relativt sett lenger til å høvle ei fjær enn ei not då meir enn dobbelt så mykje materiale skal bort og ein ikkje kan ha høvelen like grovt stilt.
  • Ein må uansett rette flasken på bordet og grovrette kanten før ein kan gå i gang med skotthøvelane. Ein er altså berre nokre drag med langhøvelen unna å ha ein rett kant uansett.

Kultan-metoden føreset at ein har retta av flasken og fått ein bein kant på bordet. Etter det er det berre ein høvel som styrer. Same nothøvelen vert bruka på alle borda og den lause fjæra vert tilpassa nota. Ein får nokre ekstra operasjonar ved at ein må bruke splitthøvelen til å lage laus fjær og rette kanten og høvle not kvar for seg, men totalt sett går dette ganske fort, og når kanten er retta er det berre å dra på med grovstilt nothøvel og splitthøvel.

Konklusjonen etter dette forsøket er at det ikkje er noko stort problem å lage slike golv utan skottbenk. Ein treng ein rett langhøvel og evna til å bruke han, slik at kanten vert heilt bein. Det er i grunn her slaget står. Resten krev berre at ein brukar rett høvel på rett plass. Kanskje har telemarkingene slått seg til ro med denne arbeidsprosessen, og difor ikkje teke skottbenken i bruk. Ein kan ikkje seie noko for sikkert, men etter mi meining kan dette vere ei naturleg forklaring på kvifor ein finn så lite som tyder på at skottbenken har vore innarbeidd i Telemarkstradisjonen. Dette er eit spennande felt, og vel verd å gå djupare inn i!

Takk til Jarle Hugstmyr, Magne Kleiveland, Pål Sneve Prestbakk, Magnus Hvammen og Henning Jensen for ei god fagleg samling!

Tekst og foto:

Håkon t: Fjågesund

Golvhøvling i tradisjon etter Ingvald Golid

På Mevastaul på Seljordshei fanst nevenyttige folk. Ingvald Golid voks opp her og var med far sin og laga nytt golv til støgo i 1958. Materialane vart saga på fossesagi på Mevastaul, ei vassdriven sirkelsag. Ingvald minnest det var om å gjere å stå på medan ein hadde vatn til å drive sagi, så det var saging frå morgon til kveld så lenge vatnet rakk. Å halde sagi kvass var viktig for å skjere så effektivt som råd medan det stod på, så dei var nøysame med filing og vedlikehald av sagbladet. Far til Ingvald var handverkar av den gamle skulen og gjorde alt frå botn av. Då golvet skulle høvlast smidde han stål og laga høvlar til å gjere not og fjær på golvbordi. Dette er 60 år sidan i år.   IMG_1696

Prosessen i korte trekk:

Arbeidsbenk: Til høvelbenk vart det nytta ein breid 4-toms plank som var omlag så lang som golvbordi. På denne vart det spikra fast støttelekter og høvelstopp som heldt bordet på plass. Denne planken vart lagt opp i passeleg arbeidshøgde. Ingvald minnes ikkje akkurat korleis dei festa bordet når dei høvla kanten, men det var eit kilespor i fronten som bordet vart sett inn i og ei støttelekte langs innsida på høvelbenken. Om dei tvinga det fast eller ikkje er han usikker på, men dei fekk det i alle fall til å halde seg stødig under arbeidet.

IMG_1665

Høvling av rettsida:

Materialane var saga på omlag 11/2tom, men fossesagi kunne råke til å slenge litt. Det fyrste dei gjorde var å høvle rettsida av bordet med med skrubbokse. Då sagskuren var borte og overflata var høveleg plan gjekk dei over med ein vanleg sletthøvel. Sletthøvlinga vart gjort på skrå frå eine kanten til den andre slik at dei fekk bort eventuelle kular. Vinning i bordet vart konrollert ved siktestikker, og retta av etter behov. Til slutt vart det pussa over med ein finstilt pusshøvel. Det var viktig at retta vart høvla relativt plan, då det er denne sida ein vinklar frå når ein kotrollerar kanten.

Retting av kant:

Golvborda var saga paralelle på saga, så kanten var allereie tåleg rett. Bordet vart sett opp på høgkant i benken. Fyrst vart sagskurden fjerna med ein grovstilt sletthøvel. Så vart det bruka ein litt lengre høvel til å grovrette. Til slutt vart langhøvelen bruka. Denne var dei veldig forsiktige med så han skulle halde seg kvass og god. Kanten vart sikta etter til han var bein og i vinkel til rettsida. Om kanten «tippa» litt ned mot ranga gjorde ikkje noko større, men det måtte ikkje gå andre vegen. Kanten måtte altså vere 90 grader eller litt mindre i forhold til rettsida. Var vinkelen større kunne ein risikere at borda ikkje vart tette på oversida.

Dimensjonering:

Når rettside og kant var høvla på alle borda vart det bruka ein rissemot til å merke av for dimensjonering. Dimensjonen vart bestemt ut frå det tynnast bordet som skulle brukast, og resten vart rissa på og høvla ned til risset. Som regel var det berre snakk om nokre få drag med skrubboksen.

Høvling av not og fjær:

Landet på høvelen vart lagt mot retta, og not og fjær vart høvla til høvelen slutta å ta grunna djupnestoppen i høvelen. Not på eine sida og fjær på andre.

Nothøvelen:

 

Nothøvelen er 32 cm lang, av bjørk, og har ei innfelt jarnskinne i høvelsolen. Skinna stikk 11mm ut av solen og er 2,5-3mm breid. Denne er festa med spiker slått inn frå utkastsida, men ikkje gjennomgåande. Høvelsenga ligg 49o på solen. Høveltanna er 11,4mm brei og 4-5mm tykk heile vegen. Slipevinkel 36o. Det er 18mm frå landet og inn til kanten av høveltanna. Det vert soleis 18mm golv å slite på før ein når nota. Fremst på høvelen er det tredd gjennom ein rund pinne av ask som stikk omlag 8cm ut på kvar side. Det har tydelegvis vore problem med pakking av spon, då ein ser tydeleg slitasje frå pirking med knivsodden i veggen på sponrommet/utkastet. Dette sleit me også med under prøvehøvlinga. Med litt justering vil høvelen fungere godt.

Fjærhøvelen

 

Fjærhøvelen er 30 cm lang, av bjørk, og har not i solen. Nota i solen er 15mm brei og startar 15mm frå landet på høvelen. Det er lagt inn ein tynn sole av ask i botn av nota. Solen på høvelen er 8mm opp frå botn av nota nærmast landet, og 9,5mm opp frå botn av nota på andre sida. Stolet er også tilpassa denne høgdeforskjellen. Dette gjer at høvelen tek litt mindre på sida mot landet, som i dette tilfellet alltid er margsida av bordet. Dette fører til at golvet vert tett i overkant og får ei lita glipe under nota. Høvelsenga ligg 47opå solen. Høveltanna er smidd i eit stykke og har opning for fjæra i midten. Frå landet til kanten av «indre» høveltann er det 18mm. Avstanden til kanten på ytre høveltann er 11mm. Fjæra vert altså 11mm tykk. 0,4 mm smalare enn nota. Ytre høveltann er også 18mm breid. Slipevinkel 35o. Fremst på høvelen er samme type handtak i ask som på nothøvelen.

IMG_1661

Legging av golv:

Golvet vart spikra med skjult spikring, skrått inn over fjæra. Der det var behov for å legge ekstra press på borda for å få det tett vart det spikra på ein kloss på golvåsen som ein la press mot med kilar. Om det var høvla skeivt så det gjekk på på undersida av nota og danna sprekk i overkant vart det høvla av etter behov. Etter at golvet var lagt gjekk dei over med ein finstilt pusshøvel for å slette eventuelle trappingar mellom borda.

Oppsummering: 

Høvlane frå 1958 er eit par som fungerar godt i hop. Sentrale mål og detaljar er på plass for å sikre eit godt resultat. Golvet er høvla på ein måte som gjer at det vert tett på overflata, har mykje ved å slite på før det går ned i nota, er passe romt på undersida, og i nota og er enkelt å få i hop.

Stor takk til Ingvald Golid for gjennomgang av prosess, demonstrasjon og formidling av kunnskapen om golvhøvling frå Seljordshei.

Tekst og foto:

Håkon T. Fjågesund

Verktøyet bak ei fyllingsdør

For å lage dører på tradisjonelt vis trengs ein heil del verktøy. Alle er i grunn like viktige brikker for at heilskapen skal kunne ta form. I dette vesle innlegget vil eg gjeva kort greie for kva verktøy eg nytta til å produsere ein kopi av ei tidleg 1900-tals fyllingsdør, og kortfatta om korleis eg bruka det. Arbeidet held seg ikkje til nokon konkret tradisjon, og eg har difor arbeidd ganske fritt innanfor rammene som det tradisjonelle verktøyet og teknikkane gjev.

IMG_9707
Her er alt verktøyet som er bruka samla oppå dørbladet: Klubbe, tverrvedsag, langvedsag (grindsag), bakksag (kapp), lockbeitel ½ tom, tappjarn 20mm, navar 8mm, kniv, div. ripmot, svaivinkel, hammar, langhøvel, sletthøvel, pusshøvel, semshøvel, skrubbhøvel, støthøvel, profilhøvel, frishøvel, nothøvel og siktestikker. Tvinger og limknektar er ikkje med på bilete, men er viktige verktøy i dørmakinga.

Ein kan sikkert diskutere kva verktøy som har vore nytta og korleis, men eg prøvde å halde meg til det som strengt tatt var naudsynt for å få til det eg skulle, og bruka erfaringar frå tidlegare snikring til å avgrense mengda verktøy til noko eg trur kunne vere realistisk at ein førindustriell snikkar hadde tilgang på. Under følger ein oversikt over kor i prosessen verktøya vart nytta.

Retting og dimensjonering

Verktøy: skrubbhøvel, sletthøvel, langhøvel, siktestikker, vinkel, strekmål (nemninga eg har funne i bruk på ripmott i Telemark)

Skrubbhøvel, sletthøvel, langhøvel: Brukast i dei forskjellige stadia av rettinga og dimensjoneringa av emna.

Siktestikker: Brukast til å sikre at den fyrste flata ein rettar er plan.

Vinkel: Den plane sida som er sikta rett med siktestikkene blir referanseside for vinklinga av kanten på emnet, som blir emnet si andre referanseside.

Strekmål: Brukast til å risse på dimensjon og breidde. Strekmålet må nyttast frå referansesidene.

Oppmerking:

Verktøy: Vinkel, svaivinkel, kniv, tappjarn, strekmål, tvinger, blyant.

 

IMG_9633
Tverramtre tvinga saman for vinkling og oppmerking.

 

Vinkelen: Brukast til all vinkling av merke frå målestikka/lekta og over på emna og alle plassar det er behov for vinkling. Det er veldig viktig og alltid vinkle frå referansesida på emna.

Svaivinkel: I mangel av ein fast 45o vinkel, bruka eg ein svaivinkel til å merke alle gjæringane mellom emna.

Kniv: Eg brukte kniv til å risse alle merkingar frå vinkel/svaivinkel. Dette gjev eit tydelegare og skarpare snitt enn rissenål.

Tappjarn: I oppmerkinga bruka eg også tappjarnet for å gjere snitta som skulle sagast endå greiare å starte på med saga. Ved å føre tappjarnet med plansida i lodd, mot den delen av emnet som skal stå att og deretter legge jernet skrått og snitte inn mot snittet som går i lodd, får ein eit lite spor der saga vil søke seg inn mot sida som er i lodd og soleis passe perfekt med risset.

Strekmål: Brukast til merking av tappar/tapphol og alle faste avstander. Brukast også til oppmerking av fallet på frisane på fyllingane.

Tvinger: For å halde saman fleire emne som skal merkast/vinklast i samme operasjon.

Blyant: Denne var i bruk for trekantmerking av ramtre og referansesider. Høvlast bort til slutt.

Notspor, tappar og tapphol

IMG_9636
Ferdige tappar og notspor i tverramtre.

Verktøy: Nothøvel, lockbeitel, klubbe, grindsag (langved), bakksag (kapp),

Nothøvel: denne må ha stål som er eksakt like breitt som lockbeitelen om det skal fungere. Nothøvelen høvlar alle notspor som trengs på ramtrea. Stillast inn på samme mål som tappar/tapphol er merka på med. Må brukast med anlegg mot referanseside.

IMG_9657
Justerbar nothøvel. 1/2″.

Lockbeitel og klubbe: Brukast til å hogge ut tapphol.

Grindsag (langved): Alle tappar vart saga ut med grindsaga. Saging rett på riss, ingen justering.

Bakksag (kapp): Brukast for å sage ut skuldra på tappstykket. Ved å sage ned til snittet som er saga ut med grindsaga vert tappane i sin heilskap framstilt ved saging.

Fyllingar, gjerding, profilering og kittfals:

 

Verktøy: frishøvel, tappjarn, profilhøvel, semshøvel.

Frishøvel: Eg bruka ein frishøvel med land, djupnestopp og forskjær til å høvle frisane. Frishøvelen var stilt inn på rett breidde og djupne i forhold til det ønska fallet på frisinga. Det vart høvla ned til riss i kanten av emnet.

Tappjarn: Gjerdingane i ramtrea stakk eg ut med tappjarn etter oppmerkingane.

Profilhøvel: Vart bruka til å høvle på profil på alle ramtrea som skulle ha dette. Profilen høvlast etter at gjerdingane er hogd ut.

Semshøvel: For å høvle kittfals nytta eg semshøvel, då eg ikkje hadde noko passande kittfalshøvel. Eg starta ved å føre kanten på høvelen i risset som markerte kittfalsen, og soleis starte i rett breidde. Då eg hadde høvla med ned til rett djubne retta eg opp den andre flata, også med semshøvelen.

 

Samansetting og nagling

Verktøy: limknektar, klubbe, navar,  høvel og naglelo.

Limknektar og klubbe: brukast til å slå saman og deretter tvinge saman alle delane i døra. I denne prosessen slo eg også inn kilar i tapphola for å stramme tappane, og delvis styre tappane opp eller ned om gjerdingane ikkje klaffa heilt.

Navar: Medan dørbladet var tvinga saman bruka eg navaren til å bore koniske hol for naglane som er plassert gjennom alle tappane.

Høvel og naglelo: for å framstille naglane nytta eg ei form for naglelo. Ved å hogge ut eit spor med samme koning som navaren, der grunnaste sida er omlag så djup som tuppen av navaren og lengda tilsvarar omlag to gonger dimensjonen på dørbladet som skal naglast, kan ein dimensjonere naglane til rett koning. Sporet må vere hogd ut i eit plant stykke som er breiare enn høvelen. Ein kløyver ut nagleemne, høvlar dei på to sider fyrst, så legg ein den retta sida ned og høvlar til høvelen sluttar å ta, legg den andre retta sida ned og høvlar til høvelen sluttar å ta. Slik får ein produsert naglar med rett koning effektivt. Naglane slåast inn til dei er passe stramme, og limknektane kan takast av.

Avslutting

Verktøy: Bakksag (kapp), støthøvel, langhøvel.

Bakksag (kapp): Alle tappar og utstikkande naglar vart kappa av.

Støthøvel: Etter kapping med sag, gjekk eg over og støthøvla ned alle tappar og naglar. Eventuelle trappingar mellom forskjellige delar høvla eg også ned med ein finstilt støthøvel.

Langhøvel: Til slutt gjekk eg over alle sidene med langhøvelen. Høvla også på ein svak skrå mot den sida som går inn i karmen.

20180816_144258
Ferdig dør på plass med oker linoljemåling.

Det er i grunn to kategoriar verktøy som går att i det meste av snikring. Verktøy til merking og måling og verktøy til bearbeiding av materialen. Samspelet mellom desse må stemme, men mest av alt må handverkaren vite korleis og når verktøyet skal brukast.

Tekst og Foto:

Håkon T. Fjågesund

Snikring av empirvindauge i grån -Oppmerking og samanfelling av rammer

thumb_IMG_9539_1024
Vindauge ferdig glasa og kitta, og klart til å settast inn.

Vindauga skal stå i den såkalla ”Snekkersmia” på norsk folkemuseum. Dette er ein kopi av eit originalt førebilete frå Garden Borge i Skoger, Buskerud. Vindauga stammar frå 1870-åra og er laga av grån.

Det skulle produserast på autentisk vis, og Hans Andreas Lien vart hyra inn som rettleiar i dette arbeidet. Han har arbeidd mykje med førindustriell framstilling av denne type vindauge, og har kome fram til ein framgangsmåte som verkar rasjonell og effektiv. Framgangsmåten er ikkje lært av tradisjonsberar, men spring ut frå praktisk arbeid og utprøving med det tradisjonelle snikkarverktøyet som avgrensing og gamle originale vindauge som rettesnor. Samspelet mellom verktøy, dimensjonar og utforming kom verkeleg fram under arbeidet med vindauga. Hans Andreas la også vekt på å vere kreativ i bruken av dei tradisjonelle verktøya, og soleis finne snarvegar og triks som lettar og effektiviserar arbeidet. Dette er ei tilnærming som kan vere med på å gjere ein bevisst på den potensielle variasjonen i tradisjonshandverket, og kan vere med på å «oppdage» gamle ting på ny. I dette blogginnlegget skal eg gå litt nærare inn på oppmerkinga som ligg bak dette viset å framstille vindauge på. Eg grensar det av til produksjon av sjølve rammene, då karm, montering av hengsel, glas og kitting vert litt vel omfattande i eitt og samme innlegg.

  • Dimensjonering og materialframstilling

Fyrst måtte all materialen dimensjonerast. Standard prosedyre med å rette ei side med siktestikker, vinkle neste side, og risse på dimensjon med ferdig innstilte ripmott. Rettsida og kant næmast marg vart referansesider. Langramtre vart høvla kvar for seg, medan tverrramtre og sprosser vart høvla i eitt stykke og kappa etterpå. I all hovudsak vart det nytta tre høvlar til rettinga. Fyrst ein grov skrubb, så ein litt grovstilt sletthøvel, og til sist ein finstilt langhøvel. Det er særs viktig å vere nøyaktig i denne delen av arbeidet. Her legg ein føresetnadene for kor rett ramma vert til slutt. Om ein slurvar med rettinga får ein svi, men om dette vert gjort rett med ein gong lettar ein resten av prosessen slepp unna ein heil del meirarbeid.

  • Høvling av Kittfals

 

Kittfalsen er ein vitig referanse for framstilling av rammene. Kittfalsen vert referanse for tapp og sliss i hjørnesamanfellinga og sprossetapphol, og i tillegg vert all påmerking og vinkling gjort frå kittfalssida. Dette er det fyrste som vert høvla etter retting og dimensjonering.

  • Høvling av fas

Fasen på ramtrea vart høvla med ein breid falshøvel med djupnestopp som stoppa mot kittfalsen. Dette er eigentleg høvelen som vert nytta til karmfalsen, men landet er modifisert til å fungere som djupnestopp mot kittfalsen, og soleis får høvelen fleire funksjonar. Me hadde eit ripmott som var stilt inn slik at planet mellom toppen av kittfalsen og risset stemte med vinkelen me var ute etter. Sidan høvelen hadde djupnestopp i kittfalsen kunne ein fokusere på å høvle seg ned til risset, men samstundes vere sikker på at ein ikkje kom for djupt i øvre del av fasen. Ein ting mindre å tenke på. Vinkelen på denne fasen var omlag 22,5 grader på originalramma, og dette er ein vinkel som går att i alle delane som skal passe saman med denne fasen. Om denne vert upresis mistar ein kontroll på oppmerkinga. Også dei faste kuene/malane for oppmerkinga er bygd opp kring denne vinkelen og føresett at alle delane er høvla med same vinkel.

Til saman er det no samspelet mellom retting og dimensjonering, høvling av kittfals, fast ripmott for høvling av fas og falshøvel med djupnestopp som gjev føresetnadane for det vidare arbeidet. Er ikkje dette presist utført vil samanfellinga av rammene verte problematisk.

  • Høvling av sprosser

Sprossene dimensjonerast og høvlast med fas som har samme vinkel som ramtrea. Kittfalsen høvlast på både sider og samme prosedyre som på ramtrea med høvling av fas.

  • Merking av fellingar og sprossetapphol

Me nytta ein målestav med alle mål på for oppmerking av ramma. Her låg lengder på langramtre, tverremtre, sprosser og målepunkt for fellingane. Målepunkta vart bruka til å legge på kuer på rett stad slik at fellingane kom der dei skulle. Med ku meiner eg faste merkemalar som nyttast til oppmerking av fellingar, tappar og tapphol.

 

thumb_IMG_9498_1024
Kuer til oppmerking.

Her er kuene til samanfellinga av ramma. Lengst til venstre er ei ku med faste riss. Ho inneheld tapp og sliss og sprosseprofil med riss for sprossetapphol. Dei to i midten er for å plassere innstikkhengsel i karmen, og høyrer ikkje til rammeproduksjonen. Til høgre ligg to kuer, ei til kvar side av ramtreet. Den eine med motsatt fasprofil, og den andre rett. Desse leggast på i vinkel på ramtreet, og profilen rissast over. Målepunkta frå målestaven er utgangspunkt for plassering av kuene. Det vart nytta kniv til å risse inn merka frå kuene. Dette gav eit godt startsnitt for saga, og gav eit reinare riss enn rissenål på tverrved.

 

  • Sliss og tapp

Sliss/tapp sagast ut. Sagsnittet skal ligge på den sida av streken der materialen skal bort. Her er det viktig å sage rett på med ein gong, og ikkje la det stå att litt ekstra. Dette fører berre til meirarbeid og unødvendig justering. Saga overflater i fellinga gjev også god friksjon. Slissen må hoggast ut, og det er viktig å gjere botn av slissen rett. Det kan vere freistande å gjere denne relativt innhol, så ein er sikker på at tappen ikkje rir på midten, men ved samantvinging av ramma kan innhol botn i slissen føre til kantkomrimering på tappen, som gjer at ramma kan dra seg litt skeiv.

  • Sprosser

Sprosseplasseringa merkast på med eit sentermål frå målestaven. Det sentrerte risset på sprossekua leggast i dette punktet, og sprosseprofilen merkast av på ramtreet. Fellinga på sprossa merkast på med ramtrekua. Frå kittfalsen og opp til risset vert tappen på sprossa, og det vinkla risset tilsvarar fasen på ramtreet.

 

  • Nagling av sprosser

Sprossene vart nagla med gjennomgåande trenaglar. Hans Andreas hadde klekka ut ein effektiv måte å produsere naglar på. Ved å tappe ut eit konisk spor som tilsvarar navaren ein skulle bruke kunne ein enkelt høvle til dei kløyvde nagleemna. Ved å høvle alle fire sidene til høvelen slutta å ta fekk ein identiske koniske naglar på eit blunk. Sprossene vart monterte i ramma og det vart borra med navar. Ein nagle i kvar sprossetapp.

Til slutt høvlar ein ned eventuelle trappingar i ramma og endeveden i hjørnefellingan og monterar på hjørnebeslaga. Då er rammene klare til å bli montert i karm, og glasa og kitta.

Dette var ei kort innføring i arbeidsmetoden me nytta for å framstille rammene i desse vindauga. Det er eit enkelt, men samstundes raffinert vindauge. Den relativt enkle utforminga gjev også ein heil del rom for forskjellige produksjonsmåtar, og dette er noko som gjer det interessant å granske arbeidsprosessen på desse tilsynelatande like vindauga.

Tekst og foto:

Håkon T. Fjågesund

Høvelbenk frå Oppigard Skori, Åmotsdal Seljord kommune

Høvelbenk, oppigard skori Målsatt skisse
Målsett skisse av høvelbenk frå Oppigard Skori. Alle mål i cm.  

Høvelbenken kjem frå garden Oppigard Skori, i Skorigrendi, Åmotsdal, Seljord Kommune. Alder på benken er vanskeleg å seie, men det ser ut til at benken har vore mykje i bruk..

Total lengde er 225cm. Høgda frå golv til topp benkeplate er 72 cm. Breidde er 33 cm ved baktange og 46cm ved framtange. Hovudbenkeplata er av grån og ca 6cm tjukk, og smalnar av frå ei breidde på 36cm på det breidaste og 32cm i toppen. Ho ser ut til å vere kløyvd og delvis skanta på undersida. Framtangen og baktangen er laga i bjørk og har treskruar med samme dimensjon. Klossen som heng i hop med skruen på baktangen er også av bjørk. Beina er laga av halvkløyvd smågrån og hogne grovt til og tappa gjennom benkeplata. Det er i alt 19 hol i benkeplata som er rekna på å sette benkehake i. Det er varierande avstand og plassering på hola, men dei går stort sett langs midten av benken. Hola ser ut til å vere bora med navar då dei er koniske. Hola som er lite bruka er framleis runde, medan ein del er firkanta etter slitasje frå benkehaka. Det er også tre hol i sida av benkeplata.

 

Framtangen er sett saman av tre bitar, pluss treskrue. Det går ein bolt tvers gjennom heile benken som er festa med firkantmutter på både sider. Tappane som går gjennom stykket på enden er plugga med små trepluggar (0,8cm diameter), og dette stykket er tappa gjennom stykket med treskruven i. Denne tappen er også plugga på samme vis.

IMG_8612
Baktangen og midtstykket sett frå undersida.

Klossen med benkehaka i er kopla på baktangen med boltar. Hovudet på bolten er felt inn i treverket og festa med bøygde spiker, og mutter i andre enden, på utsida av baktangen. Treskruven er gjenga i trestykket som sitt fast på enden av benkeplata. Boltane fungerar som ei slags skinne som dreg med seg midtstykket ut når baktangen skruvast ut. Midtstykket er felt inni benkeplata på kvar side i eit spor som det kan gli i.

IMG_8613

Truleg spor etter ei eller annan innfesting, og hol i sida av benkeplata.

Høvelbenk frå Oppigard Skori, Åmotsdal
Skisse av høvelbenk frå Oppigar Skori

Høvelbenken er enkel, men ber samstundes med seg mange alternativ for fastspenning av emne. Hola på sida av benkeplata er det vanskeleg å seie korleis er bruka, men eg ville tru det kunne vere praktisk å slå i pluggar som emnet kunne kvile på i bakkant, ved fastspenning i framtangen. Eg har sjølv arbeidd ein del ved ein liknande benk og nytta dette prinsippet for å stø emnet. Baktangen fungerar som ein vanleg tverrstilt baktange, men midtstykket som benkehaka er festa i gjev baktangen enda ein funksjon, då midtstykket trekker seg tilbake ved opning av baktangen, og gjev ei opning som er fast i tre sider. Ved bruk av denne opninga til fastspenning for til dømes endevedhøvling får ein ei sentrert belasting på skruven i baktangen, i tillegg til at sidene i opninga er faste og kan brukast aktivt til å «låse» emnet. Det er også rikeleg med hol for plassering av framre benkehake. I alt 19 hol. Innhakket i sida av benken er vanskeleg å tolke, men det kan vere mogeleg at dette er ein modifisert høvelbenk. Detaljane i bjørk (fram- og baktange), ser mykje yngre ut enn benkeplata grunna både utforming og slitasjespor. Fram- og baktangen framstår som relativt lite slitt i forhold til benkeplata.

Høgda på benken er berre 72 cm. For ein normal person vert dette ei veldig låg arbeidshøgde for høvling.  I motsetnad til ordinær benkehøgde gjev denne benken rom for bruk av kroppen til fasthalding av emne. Det er lett å sette eit kne oppå benkeplata for å halde fast, og ved tapping og liknande arbeidsoperasjonar kan ein lett sitte på emnet for å halde det fast. Dette er berre lause teoriar, men det må nesten vere ein grunn for at benken er laga så låg. Dette er eit fenomen eg også har sett på ein del andre eldre høvelbenkar, men her må det nok litt nærare undersøkingar til for å slå fast noko.

Tekst, teikning og foto:

Håkon Telnes Fjågesund

Felling av ås og sperre utan fast dimensjonering.

IMG_6286
Ferdig takside. Utsperrene monterast etter at kledning har komme på då desse skal henge saman.

På Nordmøre er takkonstruksjon med sperrebukk, ås og sperre vanleg. Denne takkonstruksjonen er gjort med bakgrunn i ei eksisterande brygge på Eidestranda i Aure kommune. Brygga vart flytta dit rundt 1870, men det er uvisst når ho vart reist fyrste gongen. Det nye bygget skal stå på Håholmen i nærleiken av Kristiansund. Det er ei brygge i stavlinekonstruksjon som måler 10,6m x 13m som vert bygd på Husasnotra før uttransport og oppsetting.

Me bestemte oss for å ta utgangspunkt i eit eksisterande bygg for å lære meir om korleis dei eldre tradisjonelle takkonstruksjonane er utført. Når tradisjonsberarane er borte er det bygga sjølv som fortel best korleis dei er gjort, og dette innlegget tek for seg eit forsøk på forstå den logikken, premissa og vurderingane som ligg bak. I dette innlegget vil eg sjå nærare på korleis fellinga av åsar på sperrebukk og sperrer på åsar kan ha vore gjort.

Sperrebukkane:

I den originale takkonstruksjonen var sperrebukkane kanta på sidene og oppå og felt slik at oversida danna eit plan. Dette planet hadde same fall som taket. I dette tilfellet var det treungs røst. Sperrebukksolane var i samme høgde på alle samhalda (dobbel samhald i staden for samhald og pute), og sperrebukktåa like langt inn frå vegglivet/rafta på kvar side. Rafta var også i vater og like høg på begge sider. Oversida av sperrebukken låg omlag 10 tommar under overkant sperre/underkant tro.

Metode: Takkonstruksjonen vart slått opp med krittsnor på golvet i full storleik, og mal for sperrebukk vart laga. Sperrebukkane vart hogne ut etter malen. Det vart også teke mål på den oppteikna takonstruksjonen for å bestemme kor sperrbukksolen og tåa ville havne i samhald/pute. Desse måla vart overført og sperrbukksole og tapphol for sperrebukken vart hogge ut i samhald/pute. Sperrebukkane vart reiste og stiva av i lodd over samhalden.

Åsane:

I originalbygget var åsane runde oppå, og det såg ikkje ut til å vere retta. Det var naturleg overflate på åsen. Der åsen var grov var han felt litt ned på sperrebukken og i toppenden av åsen låg han ofte rett på sperrebukken eller så var det klossa opp litt. Dette fører til at åsen ikkje har ein eksakt dimensjon over sperrebukk heile vegen. Det vil variere litt ettersom kor rett åsen er. Dette fører også til at ein ikkje kan nytte ein sperremal med fast dimensjonering når sperrene skal på. Det var stort sett hogge ut av sperrene, men somme plassar var det også hogge av litt på oversida av åsen for å sleppe sperra lenger ned. (Dette kjem eg tilbake til)

Metode: Eg valde å legge opp åsane mot utsida av sperrbukken på samhalden. Dette er ei fin arbeidsplattform og ein kan merke breidda på fellinga på åsen direkte over frå sperrebukken. Åsane vart lagt med den rettaste sida opp. Dette vart gjort ved å sikte etter stokken og sjå kor han var rettast.

 

Sperrer:

I det originale bygget var sperrene fint tilpassa åsane med ein liten skulp hogge ut med øks eller ein liten kloss der sperrene ikkje låg nedpå åsen. Sperrehakket var i vinkel på takplanet og sperrene var ikkje dimensjonert i breidde gjennom sperrehakket i rafta. I det nye bygget er materialen saga, så difor var det naturleg å la sperrehakket vere i lodd. Det vart også gjort ei dimensjonering på breidda slik at sperrehakk og sperrer kunne lagast etter mal.

Metode: Overkanten av sperrene må danne eit plan slik at troet har eit jamt underlag og at taket blir rett. Sperrene vart retta på ei side. Denne flata dannar topp sperre-planet. Sidan åsane har er lagt på med naturleg overflate vil ein ikkje kunne dimensjonere sperrene på faste mål. Likevel skal dei danne eit perfekt plan 10” over sperrebukkplanet. Ved å spenne opp ei snor som simulerer topp sperre frå raft og opp til mønsåsen kan ein måle eksakt høgde frå snora og ned til åsane (på mønsåsen må ein spikre på ei mellombels lekt for å få festa snora i rett høgde) Denne høgda vert målt frå det høgaste punktet på åsen og i vinkel ut frå takplanet opp i snora. Possisjonen på desse høgdene bestemmast ved å legge på eit måleband frå sperrehakket og opp til mønsåsen og lese av.

Målebandet vart lagt på i sperrehakket (på sperra) og måla frå skjemaet førast på sperra. Ved å hogge uttaket i sperra slik at målepunktet og dimensjonen stemmer i midten, og at skulpen er litt større enn åsen vil sperra ligge fint på mot høgpunktet på åsen. Sperrene vart dimensjonert til 5” i breidda, og sperrehakket vart merka på med ein mal som gav fast dimensjon på 3” gjennom sperrehakket i rafta og fast mål på utstikk.

Når dei to ytterste sperrene i taksida er felt på plass valde eg å strekke snor mellom desse sperrene over kvar ås. Ved å måle ned frå desse snorene der som sperrene kjem samtidig ta lengdemål frå sperrehakket kan ein ta mål for alle sperrene på ein gong og skrive ned i skjema. Det skal då i teorien bli eit snorbeint plan mellom dei to ytterste sperrene. Så sant dei er rette vil også resten bli det. Kvar enkelt sperre vart hoggen ut etter mål og prøva på. Ved å sikte mellom dei to ytterste referansesperrene kunne ein sjå om sperra måtte sleppast lenger ned. Ca 7 av 10 sperrer passa perfekt ved fyrste prøving. Eventuell justering av gjort ved å hogge ut litt på leåsen for å sleppe sperra lenger ned. Dette vart gjort på augemål og sikta inn til det passa. Ein positiv effekt av å skrive ned skjema var at ein på førehand kunne plukke ut sperrer som passa til dei forskjellige måla og sikre at ein fekk nytta sperreemna best mogleg.

Det er kanskje tvilsomt at den originale takkonstruksjonen vart gjort på akkurat denne måten, men at snor og sikting har vore viktige i dette arbeidet er eg overtydd om. Det trengst som alltid meir undersøkingar og utprøving for å komme enda tettare på original framgangsmåte, men faktum er i alle fall at denne metoden opplevdes som relativt rasjonell og effektiv. Bruk av mal på sentrale punkt, mykje augemål og minimalt med justeringar.

Tekst og foto: Håkon Telnes Fjågesund

Stramming av strevar i Nordmørsk Stavline

thumb_img_3097_1024
Naust i stavlinekonstruksjon.

Stavlinekonstruksjonen er ein stavkonstruksjon der strevarar vert nytta til å stive av bygget. Strevarane kan ligge med varierande helling, og retning, men stort sett er det ein form for motståande symmetri i plasseringa av strevarane. Dette stavlinenaustet er ikkje kopi av noko konkret naust, men ein variant av Nordmørsk stavlinekonstruksjon. Naustet vart bygd på Husasnotra våren 2016 til ein privat kjøpar. Jon Godal var rettleiar og instruktør. Seinare vart det frakta ut til tomta og sett opp. Naustet står på hellande tomt, så syllomfaret heller, medan rafta er i vater. Ein av mange moment under oppsetting av naustet var forspenning eller stramming av strevarane.

Stramming av strevarane, har etter mi oppfatting, den funksjonen at det gjev konstruksjonen ei større potensiell motkraft til ytre påkjenningar. Hadde strevaren vorte lagt inn ”daud” ville ikkje konstruksjonen hatt same evne til å stå imot. Strevaren spelar ei veldig viktig rolle i samspelet mellom dei ulike konstruksjonselementa i bygget.

Eg vil no gå nærare inn på korleis me gjorde dette. Eg har ikkje sjølv fått høve til å studere strevarar i tilsvarande naust, men i følge tradisjonen Jon Godal formidla vidare frå tradisjonsberarar skal forspenning ha vore ein viktig del av denne måten å bygge på.

Sidan syllomfaret heller og følger terrenget måtte både stavar og strevarar produserast med overmål i lengde så dei kunne tilpassast individuelt. Før uttransport av bygget vart strevarane laga med tapp oppe og overmål i lengde. Tappholet i underrafta, altså oppe på strevaren vart også tappa ut på førehand. Tapp og tapphol i nedre enden av strevaren vart tilpassa når bygget stod oppreist med stavar.

Plasseringa av tappen var bestemt til å vere ein dimensjon frå staven, altså 6”. Det vart merka opp for tappholet på sylla, og ein strevarmal var sett opp i tappholet i underrafta og lagt på utsida av sylla slik at øvre side låg vinkelrett ut for enden av tappholet. Strevarmalen har ein tapp i toppen som er lik den som er på strevaren.

Når strevarmalen ligg rett strekar ein langs toppen av sylla og over på malen. Denne streken pluss tapp vil vere målet på strevaren.

Strevarmalen leggast då oppå strevaren. Tappen på malen og trevaren må ligge likt. Lengdemarkeringa i nedre ende av malen førast over på strevaren og under dette merket må ein legge til tapp. Strevaren kappast og tapp hoggast ut. Her er tappen i eine sida av strevaren. Strevaren er 2/3 av stavdimensjonen slik at spikerslag for kledning vil flukte med yttersida av stavar, syll og raft. Sjølve stramminga av strevaren vert lagt inn når det nedre tappholet skal tappast ut.

thumb_img_3075_1024
For at stramminga skal ha nokon effekt må raft og syll dragast i hop att, slik at strevaren vert ståande i spenn. Me nytta strammeband til å dra dette i hop, men kva som har vore nytta tradisjonellt er ikkje heilt sikkert.

I følge Jon Godal har kjetting og bjønn vore bruka til å stamme opp, men ein vil nok også kunne få dette til ved litt kreativ bruk av taug. Strammeband er i alle fall effektivt! Til sjuande og sist er det kledningen som skal halde på dette spennet. Kledningen må spikrast i raft og syll for å låse stramminga. Her som det er dobbel raft er det viktig at kledningen spikrast i overrafta. Då vil heile konstruksjonen vere låst.

thumb_img_3129_1024
Verveggen vart kledd med sidesua kledning, og spikra i overraft, syll og eitt spikerslag på midten.

Korleis dette er gjort og i kva grad det har vore praktisert i tradisjonelle stavlinekonstruksjonar må sjåast nærmare på. Det har nok vore mange måtar og tilnære seg denne problematikken på. Dette viset å legge inn stramming på er i alle fall eit vis som let seg gjennomføre praktisk med tradisjonelle verktøy og metodar. Om det har eksistert ein generell praksis i forhold til storleik på bygg og grad av stramming har eg ikkje oversikt over, men det vert i seg sjølv eit eige tema. Dette naustet måler 5x8meter og stramma med 5/8” på kvar strevar. Om denne stramminga står i forhold til bygget sin storleik har eg ikkje nok erfaring eller kunnskap til å meine noko større om, men at stramminga ikkje må vere for stor trur eg er viktig. Som så mange andre ting må det vere passeleg.

Nevertekking på Nordmøre

Nevertekking, Naust, Kvenna 24-25.11.2015

Naustet på Kvenna er ein kopi av det naustet som stod der opphaveleg. Det står på samme tomt og held samme mål. Det originale naustet vart datert til 1850 ved denro-prøver. Naustet har truleg hatt funksjon som naustløe. Det er lem over heile og ei luke/glugg i gavlen som vender mot land. Denne luka kan indikere at lemmen har vorte nytta til høyberging. Naustet er tømra og har saltak med treungsrøst. Den totale takflata er i overkant av 60m2. Never og torv vart nytta til tekking. Naustet på Kvenna var den avsluttande næmingeoppgåva til Torgeir Leivdal, i regi av Geitbåtmuseet si avdeling, Husasnotra.

Sjølve tekkinga og dei vala som er gjort med tanke på leggemønster, sortering, torv osb. er gjort på bakgrunn av undersøkingar av lokale nevertak og opplysningar frå Torbjørn Fjærli, (fødd 1929) Halsa Nordmøre. Nevra er delvis henta i Hemne kommune, og delvis russenever, men av relativt lik kvalitet og storleik. Torvhalskrokane er smidd av Per Øyehaug, Surnadal, og er ei etterlikning av dei opphavelege krokane på naustet. Torva er sur og mager, slik som lokal tradisjon etter Torbjørn Fjærli tilseier. Kva type torv som ligg oppå eit nevertak har vist seg å vere viktig for å få varige og tette nevertak. Tekkinga vart utført av Torgeir Leivdal, Ole Otnes, Karstein Sættem og Håkon Telnes Fjågesund. Jon Godal var rettleiar og instruktør under arbeidet. Denne teksten er meint som ein dokumentasjon av arbeidsprosessen med litt bakgrunn for dei vala som er gjort.

Gjennomgang av prosessen:

Når ein skal leggje nevertak er det visse føresetnader som må ligge til grunn. Blant anna er det viktig å ha eit tro med god lufting, då never er eit materiale som pustar og treng ventilering. Utan lufting vil fukt bli sperra inne, og dette fører med seg ein del uheldige konsekvensar som eg ikkje vil gå nærare inn på. Troet på naustet er lagt med høveleg mellomrom. Det vil seie rundt ¾ tomme. Om troet har vankant så vert det ofte ei naturleg glipe mellom borda som høver godt.

Me sorterte never i tre grader av tjukne. Mjuk, mellom, og stiv. Denne sorteringa er viktig for den fyrste rasta (rad bortetter i taket si lengderetning).  Sjølve tekkinga byrja med innfestinga av torvhaldskrokane. Torvhaldskrokane held torvhaldaren, som hindrar torva i å gli av taket, på plass. Torvhaldaren kallast også torvvol, eller ringved. Torvhaldskrokane vart slegne i på kvar sperre, ti på kvar side. Under kvar torvhaldskrok vart det lagt tre lag med never, alle med kvitsida ned. Mellomstiv nedst, mjuk oppå der, og stiv på toppen. Den mellomstive hadde eit nevegrep utstikk frå trokanten. Eit nevegrep vil seie avstanden frå utstrakt fingertupp og inn i tommelgropa, altså om lag 15cm. Den mjuke nevra vart så lagt ein tomme innanfor kanten på den mellomstive nevra, og  den stive vart lagt i flukt med trokanten. Torvhaldskroken vart så slegen gjennom desse tre laga og ned i sperra, slik at ytterkant av kroken flukta med kanten på troet. Dette vart gjort på same vis bortetter på alle sperrene.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA
Bilete syner innfesting og plassering av torvhaldskrok og never

Det vart så fylt i never mellom alle krokane med same leggjemønster som nevra under krokane. Mellomstiv, mjuk og stiv øvst. Regelen var at det skulle leggjast med om lag ein tidel av nevra si lengde i omlegg sidevegs. Grunnen til at nevra leggast i denne rekkefølgja har med dryppkant å gjere. Den nedste vil krulle inn mot veggen og den midtre vil krulle seg på same vis, men lage ein ny fold, samstundes som ho vert halden nede av den øvste stive nevra. Dryppkanten vil dannast på den midtre nevra, og soleis komme godt utom trokanten og framleis ha den nedste nevra som ei ekstra sikring.

Ut mot vindskia på kvar side vart det lagt ei stiv never nedst med kvitsida opp. Denne går om lag ut til midten av vindskibordet si tjukne. Den tekkande nevra som kom oppå vart trekt om lag ein tomme utom vinskibordet. Den tykke nevra i botn vil ”lyfte” den tekkande nevra i enden slik at vatnet vert ført inn på taket og vekk frå vindskia. Dette er eit grep ein gjer for å verne vindskia.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA
Bilete syner avslutninga ut mot vindskibordet

Torvhaldaren leggjast på og kort never med brunsida mot torvhaldaren vart lagt på. Desse har som funksjon og verne torvhaldaren ved at dei krullar seg rundt torva og fører vatnet ned og under torvhaldaren. Det vart også lagt ein liten neverbit over den delen av torvhaldskroken som undersida av torvhaldaren ligg mot. Dette er for å verne den tekkande nevra som kjem oppå mot mekanisk slitasje frå torvhaldskroken.

Neste steg i prosessen er å snu leggjemønsteret frå rett nedkant til rett overkant. I tekkinga er det overkanten som er referanselina for vidare legging. Det er også viktig at fiberretninga på nevra ligg ståande på taket, altså i retning opp ned og ikkje sidevegs. Ei rast med korte nevrar vart lagt inn mot torvhaldaren. Taket vart lagt med trelags leggemønster, og det vil seie at ein har ein tredjedel av kortaste never i rasta som opptrekk i neste rast. Toppen av kortaste never i fyrste rasta, altså den som ligg mot torvhaldaren vert soleis å rekne som referanselinje. Opptrekket i neste rast skal då vere ein tredjedel av lengda på kortaste never i den føregåande rasta. Sidevegs gjeld framleis tinedelsomlegget. Denne framgangsmåten vart nytta heilt opp til mønet, og torva vart lagt på undervegs ettersom rastane kraup oppover. Ein lyt leggje torv fortlaupande då denne vektar ned og held nevra på plass.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA
Bilete syner never lagt med rett overkant og opptrekket til neste rast visast lengst bort

Sorteringa med tanke på stivleik gjeld berre i nedste rasta, der ein skal ha dryppkant. Den øvrige nevra vart sortert etter lengde. Dei kortaste vart nytta fyrst for å raskare få retta inn overkanten som referanseline, og oppover i taket vart stadig lengre never nytta. Dei lengste, vart spart til mønenever. Desse vart lagt midt over mønet.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA
Bilete syner mønet. Heildekkande lang never tvers over mønet, og likeeins med mønetorvene

Til slutt vart det lagt stein oppå torva. Steinane som vart lagt var flata i alle fall på ei side slik at han ikkje skulle rulle ned og vog 5-20kg. Steinlegginga fylgjer ytterkanten av taket, vindskiene og torvhaldarar, og ei rad vart lagt langsetter kvar side av mønet.

Tekst og foto: Håkon Telnes Fjågesund

 

%d bloggarar likar dette: