På læringsarena Vestland driv vi med eit bygg i tungt bindingsverk. Instruktør er Robert Klumpp som har lang erfaring med desse bygga både frå den tyske og den norske tradisjonen. Dette er eit arbeidssystem som har opphav i ein stor handverkskultur med tidlege ordningar for utdanning og handverkslaug. Ein merkar at kunnskap i matematikk og geometri er meir framtredande i dette systemet enn i stavlinesystemet, spesiellt når ein kjem til takkonstruksjonen med hengeverk og skifting. Vi veit likevel at dette var vanleg kunnskap også i Norge då det låg inne som ein vesentleg del av svenneprøva for tømrarar fram til industrien etterkvart tok over produksjonen av takkonstruksjonane og det etterkvart vart mindre aktuelt å utføre utreikningane på byggeplass. Desse bygga er tenkt på ein litt annan måte enn våre. Der vi brukar strevarar og kledninga som stivande prinsipp, er det her djupe tappar og plugging som gjeld. Tradisjonellt er desse bygga helst utmurte med tegelstein og leirmørtel. I dei eldste husa kan ein i staden for tegel finne flettverk i tre som er fyllt opp med leire. Den samla tyngda i bygget vil difor verte høg, og dette gjer at konstruksjonen er sterk og stabil når alt verkar i hop.
Skribent: torgeirleivdal
Bryggen i Bergen- ei oppmerkingshypotese.
Vi har fått utdelt eit laft frå Bryggen i Bergen. Det er rydd på begge sider og ca 3 tommar breidt.
Det er og eit bildemateriale som syner oppmerking som truleg har relasjon til laftinga. Hypotesa er at merkinga er gjort i samband med å lafte nedpå ein stokk som har ferdig opplaft. Vi vil difor prøve ut om denne oppmerkinga kan vere ein måte å merke nedlaftet på utan bruk av andre verktøy enn eit risseverktøy. Det kan vere til dømes kniv eller øks.


