Tømring

Faget tømring er på 5 studiepoeng og er meint å vere eit supplement til arbeidet studentane gjer på sine læringsarenaer i faget tradisjonsfaglig utøving 1 som har tømring som hovudfokus. I faget tømring får studentane ei innføring i ulike arbeidsmåtar i tømring. Dei får også oversikt over ulike verktøy gjennom ulike tider både gjennom det som er presentert i faglitteraturen, gjennom eigne fordjupingsoppgåver og gjennom verktøyet som rettleiarane brukar i sitt arbeid. Studentane får trene seg opp på å gjere ulike typar dokumentasjonsarbeid på gamle bygningar, nover og verktøy.

I faget har vi hatt ei vekes samling i Målselv der vi har gjennomgått eit program. Fyrste dagen starta med introduksjon til faget og ein kort historisk gjennomgang av verktøy og arbeidsmåtar. Vidare med demonstrasjon av oppmerking og hogging av sinknov med tapp i tradisjon etter Arne Pedersen. Så fekk vi demonstrert nyare type nov og merking slik Pål Prestbakk har lært på kurs. Til slutt demonstrasjon av oppmerking og hogging av knubbnov med tapp slik vi har lært i tradisjon etter Roald Haugli. Andre dagen var sett av til befaringar der vi starta med ein tur til Bardujord i Bardu der vi såg på stove, smie og fjøs frå slutten av 1700-talet før vi gjorde litt meir grundig undersøking av stabburet på garden Eggen. Etter det gjekk turen til Bardu bygdemuseum i Salangsdalen der vi såg på kornlåve og fjøs. Turen vart avslutta med eit besøk på Trondarnes kyrkje ved Harstad.

Tredje dagen på samlinga starta vi arbeid med tømring. Studentane vart delt inn i 5 ulike grupper som kvar arbeidde med sitt tema desse tre dagane. Gruppe ein arbeidde med overdelen til eit stavbygg der det er 2 omfar med tømmer. Fyrste omfar var trøndersk flatnov utan kinningar. Andre omfar var kinna flatnov.

Kinna flatnov er andre omfar på tømringa. Legg merke til fyrste omfar som har flatnov utan kinning. Foto: Roald Renmælmo
Kinna flatnov er andre omfar på tømringa. Legg merke til fyrste omfar som har flatnov utan kinning. Foto: Roald Renmælmo

Gruppe 2 arbeidde med underdelen til stavbygget. Her var fyrste omfar også tømra med flatnov utan kinningar. Andre omfar her vart tømra med knubbnov med tapp som i tradisjonen etter Roald Haugli. Filmklippet nedanfor viser korleis studentane arbeider med oppmerking. Slissen på understokken er synleg.

Gruppe 3 arbeidde med å rekonstruere arbeidsmåten for tømring av tilsvarande måte som vi dokumenterte på stabburet på Eggen på Bardujord. Her var det hogd jamnt rundtømmer med omlag 7″ i diameter som vart pjåla til. Studentane undersøkte korleis ein kunne sjå for seg ulike måtar å merke opp og hogge desse novene på.

Jens hogger kinningar på ein stokk til prøvetømringa. Foto: Roald Renmælmo
Jens hogger kinningar på ein stokk til prøvetømringa. Foto: Roald Renmælmo

Gruppe 4 hadde i hovudsak same fokus som gruppe 3, men med litt meir fokus på korleis ein kunne pjåle stokkane for å få eit tilsvarande resultat som på stabburet på Eggen. Begge gruppene tømra med dei same novene, men prøvde ut litt ulike arbeidsmåtar.

Gruppe 3 og 4 i arbeid med prøvetømringa. Foto: Roald Renmælmo
Gruppe 3 og 4 i arbeid med prøvetømringa. Foto: Roald Renmælmo
Jens kappar stokken i nova med øks. Foto: Roald Renmælmo
Jens kappar stokken i nova med øks. Foto: Roald Renmælmo

Gruppe 3 og 4 hadde også eit fokus på novene vi undersøkte på loftet på Trondarnes kyrkje. Det vart så vidt tid til å hogge til to stokkar og merke og hogge ei nov.

Gruppe 5 arbeidde med tømring på smia som studentgruppa i Midt-Troms har arbeidd med tidlegare. Dette er i tradisjonen som vi har lært av Arne Pedersen i Aursfjord.

Tømring av smie med sinknov med tapp var tema for ei av studentgruppene på samlinga i Målselv. Denne tømringa er slik vi har lært i tradisjonen til Arne Pedersen i Aursfjordgård. Foto: Roald Renmælmo
Tømring av smie med sinknov med tapp var tema for ei av studentgruppene på samlinga i Målselv. Denne tømringa er slik vi har lært i tradisjonen til Arne Pedersen i Aursfjordgård. Foto: Roald Renmælmo
IMG_4014 (1)
Studentane hadde også ei øvingsoppgåve der dei skulle måle opp og teikne opp kvar si øks. Dette arbeidet var med tanke på seinare kartlegging der studentane skal dokumentere lokale økser og teikne dei slik at øksesmedane kan smi etter teikningane. Foto: Roald Renmælmo
IMG_4023
Jarle Vangstad frå Verdal var med som lærar på siste delen av kurset. Han demonstrerte og underviste i trøndersk flatnov i ulike variantar. Her er det demonstrert korleis ein merkar og hogger dette i rundtømmer. Foto: Roald Renmælmo

I tillegg til øvingane på samlinga i Målselv har studentane 3 øvingsoppgåver med innlevering for vurdering. Nokre av desse oppgåvene er basert på pensumlitteraturen i faget som vi har oversikt over her:  Pensumliste