Når studentane har gjennomført sine tre fyrste år i vår utdanning så startar dei hausten 4. året med å førebu seg til å arbeide med bacheloroppgåva. Det er et sjølvstendig arbeid som studentane skal gjennomføre under veiledning av dei vitskaplege tilsette på studieprogrammet. I løpet av hausten arbeider dei med å finne fram til tema dei skal arbeide med og formulere eit prosjekt. I vårsemesteret er all tid sett av til å arbeide med sjølve oppgåva. Oppgåvene har i hovudsak eit praktisk innhald, eit stykke praktisk arbeid som skal gjerast, men har også ein skriftleg del som skal dokumentere det som er gjort i prosjektet.
Bacheloroppgåvene etter at dei er levert og godkjent blir dei gjort tilgjengelig digitalt på NTNU Open.
Døme på nokre av oppgåvene frå kullet som gjekk ut i 2019.
Kva kan ei dør fortelje om korleis ho vart snikra? – Forslag til opphavleg arbeidsgang og verktøybruk, basert på gransking av ei 1700-tals fyllingsdør
Peter Brennvik og Håkon Fjågesund
Tematikken i denne oppgåve er å sjå kva ei dør kan fortelje oss om korleis ho vart snikra. Me har teke for oss to dører, og gjort eit parallelt arbeid på kvar vår dør. Dørene me har arbeidd med er båe frå tida kring 1790. Den eine stammar, etter munnleg tradisjon, frå gamle Tresfjord Kyrkje og er datert til omlag 1790, og den andre høyrer til i stogebygninge på Kultan i Åmotsdal, datert 1789/90. To samtidige dører frå Åmotsdal og Tresfjord. Dørene vart grundig analysert og dokumentert med mål om å avdekke spor eller detaljar som kunne seie noko om korleis døra vart snikra. I korte trekk handlar dette om verktøysporanalyse og tolking av prosessane bak utforminga av dørene. Dette granskingsarbeidet inneheld dokumentasjon og tolking av dei dokumenterte funna. På bakrunn av desse tolkingane laga me oss eit bilete av korleis døra kunne ha vore snikra.
Me valde å prøve ut denne teorien i praksis ved å gjennomføre eit arbeidsforsøk som gjekk ut på å snikre ei tilsvarande dør som originalen. Gjennom det praktiske arbeidet dukka det stadig opp nye nyansar og detaljar i dei originale dørene. Ved å gjennomføre ei praktisk snikring av døra vart ein tvinga til å ta stilling til dei same utfordringane som den opphavlege handverkaren møtte. Mange av desse nyansane og detaljane hadde me aldri hatt høve til å finne eller forstå om me ikkje hadde vald å teste ut teorien vår i praksis.
Last ned oppgåva: no.ntnu:inspera:2396328.pdf (132.1Mb)
Endepløying på liggande kledning – Ei undersøking av moglege produksjonsmåtar
Sven Hoftun og Kjell Gunnar Haraldseid
Hovudproblemstillinga vår handlar om korleis ein tilverkar liggande kledning med not og penn i skøytane (endepløying). Fokuset vårt har svinga rundt bygningar som vart oppførte i siste halvdel av 1800 talet. Me fann òg to hus frå 1900 talet som var så interessante at dei måtte bli med. Forskinga innan kulturminnevernet har, fram til dei siste åra, hatt lite fokus på den utøvande delen av dei kulturhistoriske bygningane våre. Handverket bak og kunnskapen om tilverking av materialane har fått lite fokus. Slik som i dette prosjektet, manglar ofte samanhengen mellom produktet, verktøyet og handverket i kjeldane. Ein må då gå inn med si eiga røynsle, studere verktøyspor, tolke og lage hypotesar for mogleg framgangsmåte i produksjonen. Me fann det avgjerande med forsøk i verkstaden for å prøve ut hypotesane. Det ein tenkjer er umogleg kan visa seg å gå heilt fint berre ein prøver det ut i praksis. Døme på dette er tolkinga vår på om falsen er tillaga før nota er høvla. Det er altså like viktig med studiar av originalt materiale og praktisk arbeid i handverksforskinga. Sjølv om hovudfokuset vårt er på det som skjer i endeveden har tolking av prosessen med tilverking av heile kledningsbordet innverknad på til dømes rekkefølga i arbeidet. Me har arbeida systematisk gjennom oppgåva for å få fram resultat som let seg etterprøve og me har nytta ein hypotetisk deduktiv metode.
Etter ei rundreise i Ryfylke vart det funne tre variantar av endepløying. Då desse er representerte i to kyrkjer i Suldal kommune, Sand- og Suldal kyrkjer, valde me å nytte desse bygga som representantar for kvar sine variantar. Kledningen på Suldal kyrkje har saga penn som me har valt å kalle variant 1. Sand kyrkje har høvla penn. Men det vekslar i kva ende pennen er på borda. Når den er i høgre ende av bordet kalla me det variant 2, og når den er i venstre ende variant 3. Det praktiske arbeidet har dreia rundt korleis endepløyinga vart utført i si tid. Høvla dei i stillaset, slik informanten vår fortel, eller vart endepløyinga tilverka nede i høvelbenk? Korleis klarte dei, til dømes, å høvle utan synleg utriving? Og kva rekkefølge vart nytta for produksjonen av heile kledningsborda? Me fann ein, for oss, ny type høvel som me kalla for overgripande falshøvel. Denne hjelpte oss på veg i tolkingsprosessen. Det vart gjort oppdagingar når det gjeld skjeringa av pennen i variant 1. Me kan nærast dra det så langt at me kan sei at det med sikkerheit er nytta grindsag til dette arbeidet. Dette med rot i verkstadforsøka. Med dette har me kome fram til sannsynlege framgangsmåtar og moglege arbeidssituasjonar som kan ha vore nytta på 1800 talet.
All dokumentasjon og noko original kledning er arkivert i dei digitale og fysiske magasina hjå Ryfylkemuseet.
Last ned oppgåva her: no.ntnu:inspera:2386907.pdf (11.19Mb)
Tradisjonelle lamelldragere i Norsk byggeskikk – Bruksområde og dokumentasjon av kammadragere fra 1600- til 1900 tallet
Pål Sneve Prestbakk
De første sporene etter kammadragerne har jeg funnet i dokumentasjon fra 1400 tallet. I disse dokumentene er de ikke spesifikt nevnt med navnet som jeg bruker i denne studien, men de har klare likhetstrekk. I Norge har jeg klart å dokumentere den eldste kammadrageren tilbake til 1697, den finner vi i Oslo Domkirke. Dokumentasjonen finner kammadragere fra Bergen i vest, Drammen i sør og Elverum i nord. Det er kommet inn tips om dragere lenger nord (Trøndelag og Finnmark) i etterkant av dokumentasjonsrunden, men dette er foreløpig ikke et bekreftet funn.
Oppgavens hovedfokus har vært å finne kammadragere, gjøre oppmålinger og dokumentere dataene. Dokumentasjon viser seg nødvendig for å forstå en del av tradisjonen og å kunne forske videre på bruksområdene kammadrageren kan ha.
Konklusjonen blir at selv om det var vanskelig å finne kammadragere så lyktes det. Det er utfordrende å forstå egenskapene til denne drageren ettersom at de opptrer i svært varierte konstruksjoner.
Last ned oppgåva her: Kammadrager_PalSnevePrestbakk_2020
Tradisjonelle grindabygg – Ein handverkar-analyse av kapasitet, dimensjonering og styrke
Magne Kleiveland
Oppgåva finnast i ein utvida trykt utgåve med fleire figurar. Denne kan ein bestille frå Osterøy Sogelag på denne nettsida: Tradisjonelle grindabygg
Denne studien undersøkjer ut frå eit handverkar-perspektiv dimensjoneringa, styrken og kapasiteten til grindabygget, ein stavkonstruksjon frå Osterøy. Byggjemåten var nære einerådande i uthus og løer på Osterøy i perioden studien omhandlar, slutten av 1800-talet og byrjinga av 1900-talet. Beresystemet i grindabygget er statisk ubestemt, og let seg dermed ikkje styrkerekna med vanleg konstruksjonsmekanikk og statikk.
Det vart valt ein todelt metode der ein først gjorde oppmålingar og handverksanalysar av ni gamle bygg som er oppførte i tradisjonen. Deretter vart det gjort eit handverksforsøk i skala 1:1, som gjekk ut på å byggja ei ny grindløe etter dimensjonane frå tradisjonsbygga. Så vart denne løa knust i ei praktisk simulering av snølast. Taklasta og nokre av dei viktigaste kreftene vart målte, loggførte og samanhaldne med informasjon frå høghastigheitsfilm, med handverksdetaljane og med knusingsskadane når bygget til slutt totalt kollapsa.
Resultata frå oppmålingane syner korleis tømrarane planla dimensjoneringa og utfø‐ ringa av 9 gamle grindabygg i ulik storleik: Mellom anna at det var vanleg å nytta stavar med rektangulært i staden for kvadratisk tverrsnitt, og at betahovuda kan halda godt sjølv om dei er korte.
Resultata frå handverksforsøket syner at ved høg taklast kan stavleia verta kløyvd av sperrene, og at fullt brot i stavleia kan gje total kollaps i heile strukturen. Skrevinga (at stavane lutar vekk frå loddet) bidreg til å halda grindabygget saman på tvers. Handverksforsøket gjev indikasjonar på kva som er viktigaste punkta i konstruksjonen og handverksdetaljane dersom ein ønskjer å auka styrken til systemet.
Last ned oppgåva her: Bachelor levert 15.11.2019