
Garden Bjerkem i ligg i Steinkjer kommune, kring 15 min køyring aust for Steinkjer sentrum. På garden driv dei produksjon av økologisk korn av eldre kornsortar og har økologisk mjølkeproduksjon. Det gamle buret på garden er i dag verkstad til Berit Bjerkem som produserer tradisjonelle folkedrakter frå Nord-Trøndelag. Det er også utstilling av drakter i buret som går under namnet Bunadburet. Eigaren av garden, Johan Einar Bjerkem tok kontakt med oss for ei tid sidan og ville gjerne få lagt nytt spontak på buret og lurte på om det kunne høve som eit undervisningsopplegg for studentane våre. Vi slo til på det og byrja planlegging av prosjektet.
Det er mykje logistikk kring eit slikt prosjekt og eigar fekk Pedersen Handverk AS i Stjørdal til å ta på seg arbeidet med å byte tro og organisere oppsetting av stillas og overtekking. Det vart prioritert å bruke overtekking av taket under arbeidet for å ikkje risikere å få vatn i isolasjonen i taket som er isolert. Til vanleg er ikkje tradisjonelle spontak isolert og denne type overtekking ikkje nødvendig. For oss og studentane var det flott å kome på samling og sjå at alt var klart til å byrje å stikke spon og tekke med spon.

Det fyrste som måtte til var å finne høveleg skog til å stikke takspon av. Bjerkem har ein del skog og vi byrja med å leite der. Noko av skogen var litt langt unna garden og var vanskeleg tilgjengeleg om vi skulle ha med studentane på uttak og hogst. Vi såg også snart at snøen forsvann for tidleg på våren til at skogsvegane var farbare med tømmer på slep. Vi valde då og ta ut nokre graner i forkant av studiesamlinga i Skjørholmskogen i Verdal, men ikkje langt unna Bjerkem. Eg vart tipsa om denne skogen av Hans Brede i Skogselskapet som tok oss med for å sjå. Eg så snart at det var fleire aktuelle graner i skogen og merka i fyrste omgang 4 av dei til vårt prosjekt.
Lange slanke grantre med relativt lite kvist er eit godt utgangspunkt for sponemne. Bark med slik utsjånad vert gjerne kalla «skillingsbork» og kan vere eit godt utgangspunkt for å finne grantre med god kløyv. Rund stamme utan for mykje stor kvist nede er bra for å få god utnytting av treet. Hogsten vart gjort for det meste med øks og handsag. Tverrvedsaga er god reiskap til slikt arbeid. Vi styrer fellinga med å hogge felleskår med øksa og så sagar med tverrvedsaga til det står att ein høveleg brytekant. Dei lengste granene var noko over 30 meter lange og av denne grana fekk vi sponemne opp til 18 meter opp frå stubben. Stokkane er kappa i lengder som går opp i 6 sponkubbar. For å undersøke kvaliteten på tømmeret prøvekløyver vi ein kubbe av kvar gran på plass i skogen. Er kløyven for dårleg så kan vi nytte treet til andre føremål.
Tømmeret vart så kjørt med traktor til Bjerkem og lagt klar til studentane kom. Skogselskapet har også skrive ein liten nettsak om skogen og spontekkinga på sine nettsider. Studentane kom til Bjerkem måndag 12. april og var der heile samlinga fram til fredag 16. april. Med bakgrunn i pandemien delte vi studentane i tre ulike kohortar som arbeidde kvar for seg og budde kvar for seg under heile samlinga. Måndagen starta vi med å sende ein kohort ut i skogen ved garden for å leite fleire aktuelle spontre, eller i alle fall få litt kjennskap til aktuell skog. Ein kohort byrja å kappe sponkubb, kløyve sponskier og koke desse for å byrje å stikke spon. Den tredje kohorten byrja å førebu tekking av den vestre takflata på buret med spon som eg hadde gjort klart på førehand.
Kapping og kløyving av sponkubb Koking av sponskier Sponskier under koking Tekkinga har byrja Spikring av spon Tømmer til sponkubb Spon og sponbunt Spona vart bunta for transport opp på taket. Spikring av spon
Det var 15 ivrige studentar som var med på samlinga og dei var gjerne oppe i god tid før klokka 06.00 på morgonen for å byrje å koke spon. Såleis fekk vi produsert mykje spon og vart ferdige med tekking av taket på Bunadburet alt på torsdag, etter 4 dagar arbeid. Flatemålet på taket på buret var kring 70 m2 og til det gjekk det med kring 12 000 takspon. Vi heldt fram med å stikke spon også på fredag og produserte kring 16 000 takspon i løpet av samlinga. Desse sponene vart stort sett produsert av dei 4 grantrea som vi hogg i Skjørholmskogen i forkant av samlinga. 16 000 spon er omlag nok til å tekke kring 100 kvadratmeter takflate. Det blir god utnytting av tømmeret å få så godt utbytte.
I Nord-Trøndelag er det vanleg å ha nokså tynne spon, kring 5-6 millimeter i eine kanten og ned mot kring 2 millimeter i andre kanten. Vanleg sponlengd er 13 tommar og det vert lagt med 4 tommar opptrekk, altså som tre-lags tekking på taket. Andre stadar i landet kan det vere vanleg med lengre spon og kanskje også tjukkare spon. Filmen Spontekking og tekkardugnad frå Skaun i 1970 er eit godt døme på dokumentasjon av spontekking frå Sør-Trøndelag.



Innlegget gir ikke svar på hvorfor kubbene blir kokt. Hvis kløyven er god så er det ikke nødvendig for denne arbeidsoperasjonen. Hvis formålet er fjerne næringsstoffer så er det begrenset hva en klarer å trekke ut av en kubbe som får et lite bad i varmt vann. Så hvorfor?
LikarLikt av 1 person
Det var kjempegod kløyv i dei granene vi brukte til spontaket og eg stakk ein del hundre spon på førehand utan å koke sponskiene. Når ein koker sponskiene vert det vesentleg lettare å stikke spona og ein får noko betre utbytte av kvar skie i tillegg til at arbeidet går mykje fortare. I tillegg løsnar borken når skia er ferdig kokt og då blir det finare overflate i den tjukke kanten på spona. Når ein stikk av sponskier som ikkje er kokt så må ein barke skiene før ein stikk.
Skiene vert kokt i kokande vatn i kring 2 timar så veden vert varma opp til nokså varmt, truleg ikkje langt unna kokepunktet for vatn. Å varme opp veden vil nok ta knekken på det som måtte finnast av soppsporer og liknande. Om det betyr noko i praksis er eit anna spørsmål. Skiene vert kokt med barken på og etterkvart blir det ganske mykje garvestoff i vatnet. Det kan også ha betydning for eigenskapane til spona i etterkant.
Kokinga kan absolutt ha nokre effektar på eigenskapane til spona, sikkert både positive og negative, men for oss er det fyrst og fremst at det blir mykje lettare å stikke spon og at den våte spona er betre å spikre i under tekking, som er grunnen til at vi koker.
Spon som ein stikk av kokte sponskier verkar å krumme seg litt meir enn spon som ein stikk av ferske kubbar. Om ein kan planlegge stikkeretninga i høve til leggeretninga på taket så er det ein fordel med litt krumme sponer. Dei legg seg finare på taket og ser ut til å gi ei tettare tekking.
LikarLikar
Grunnen til at jeg spurte er at jeg har etter hvert oppdaget at det er mange forskjellige tradisjoner på dette med spon. Dere brukte mye tid på å dokumentere en prosess som ikke ble gitt en begrunnelse. I noen regioner koker de kubbene, i andre ikke. Uansett så er de bløtlagt før legging etter hva jeg har dokumentert, det ser ut til å være et fellestrekk. Noen stikker spona kun fra toppenden og ned på kubbene, andre er ikke så nøye på hvilken ende de stikker spona fra, men innstikks-enden blir alltid lagt opp siden her kan det være litt knuste fiber, gjorde dere det? Opptreksbordet blir vanligvis bare festet med spiker gjennom spona under den rekka som monteres. Dette begrunnes med at spiker dimensjonen er så liten at hullet lukker seg av seg selv, jeg så dere ikke gjorde det slik. Det ingen fasit, det som er rett i en region kan være galt i en annen.
LikarLikar
Ja det er mange ulike tradisjonar i ulike delar av landet. Vi baserer oss delvis på lokal tradisjon i Innherred dokumentert gjennom eit tidlegare studentprosjekt på HiST gjort av Jarle Vangstad, og delvis på undersøkingane til Anders Gimse frå Klæbu og Skaun som han har skrive i si bacheloroppgåve på HiST. I tillegg har vi studert materiale frå andre område.
Vi prøvde å legge innstikket på spona ned, men prioriterte krumminga om den ikkje stemte med innstikket. Viktigare er det om ein stikk sponskia med yta mot høgre eller venstre i høve til leggeretninga på takflata. I Trøndelag verkar det å vere vanleg å legge heile takflata med same leggeretning, ein snur ikkje.
Ei tid festa vi reia med lekter oppe på taket og synast det verkar stødigare. Elles gjorde vi det også slik at vi spikra gjennom slik du nemner.
LikarLikar