Arbeidet bak det å lage ein vinduskarm



I Sandsværhuset vi lagar kopi av på Kongsberg har vi funne spor etter 3 originale vindusopningar. Dei originale vindauga er skifta ut, men eit har truleg blitt flytta opp i 2.etasje. Vi har valgt å kopiere dette vinduet som muleg har vore eit av stovevindauge, måla stemmer overeins med originale beitskia og spor i vindusopninga.

Karmen har nokså vanleg utforming og er sinka i hjørnene. Midtposten er derimot meir frå seg gjort med profilar på alle kantar. Profilen er samansett av fleire platter som danner ei flott søyleliknande utsjånad.