Kløyving av tømmer, utprøving av ulike prinsipp basert på tradisjon

Dagane 21-23. januar leidde eg eit felles kurs for læringsarenaene på Stiklestad og Sør-Troms museum. Temaet var kløyving av tømmer til drombegangen til Gjesteloftet, og staden var tømrarhallen på Stiklestad. Studentane har tidlegare vore gjennom kurs i kløyving av tømmer som ei innføring i faget materialforståelse og tradisjonell bearbeiding som var den andre samlinga for studentane etter oppstart på studiet. Då fekk dei ei innføring i grunnleggande prinsipp i kløyving slik eg har lært det i tradisjonen etter Konrad Stenvold i Dividalen i Målselv. Vi har også arbeidd med kløyving i samband med kurset i kløyving og hogging av takbord til restaureringa av Raulandsloftet på Norsk Folkemuseum. Her arbeidde vi også i hovudsak med arbeidsmåten som er i tradisjon etter Konrad Stenvold. Eg var så heldig at eg fekk høve til å kløyve saman med Konrad ei rekke gongar og fekk såleis lære meg både å kløyve etter margen for å få to emne av kvar stokk, og også å kløyve stokkar til 4 emne, to på kvar side av margen. Dette har eg ikkje tidlegare gjort med studentane og kurset på Stiklestad var eit godt høve til å gå gjennom dette.

Når eg var med Konrad på slik kløyving så var han open for at ein kunne gjere det på ulike måtar. Utgangspunktet til Konrad var å styre kløyvinga ved å aske stokken både for kløyvinga etter margen og for kløyvinga på sida av margen. Ein kan velje om ein kløyver etter margen fyrst og så kløyver dei to halvkløyvingane i to etterpå, eller kløyver av bakane fyrst og kløyver etter margen til slutt. Det er fordelar og ulemper med begge måtane. Det er lettare å få emna til å ligge støtt når ein kløyver av bakane fyrst. Kløyvinga går også lettare på denne måten. Ulempa er at ein risikerer at kan ødelegge eitt, eller begge fyrsteborda om det viser seg å vere gankvist, vindope, eller andre feil i margen på emnet. Om ein kløyver etter margen fyrst så kan ein hogge seg inn til god ved og såleis sikre seg å få brukbare bord likevel.

Med denne kløyvemetoden blir det mykje arbeid med asking, 3 askespor på kvar side av stokken. Då er det avgjerande å øve på ein god og sikker arbeidsteknikk. Her askar Henrik opp for kløyving av den eine baken på sida.

Stokk som er merka opp for kløyving av to bakar og to fyrstebord. Sjå oppmerking i rotenden der det er merka av kor mykje vi reknar med å hogge bort i samband med reinhogging av borda. For å ha litt å gå på har vi merka dei to fyrsteborda som 2″ tjukke. Ferdighogd skal dei vere ca 5/4″ – 6/4″. Foto: Roald Renmælmo
Her er ein stokk som det fyrst er kløyvd ut to bakar av og reinhogd flater på. Kløyvinga etter midten er påbyrja og sprekken går inn til margen. Foto: Roald Renmælmo
Her er ein stokk som det fyrst er kløyvd ut to bakar av og reinhogd flater på. Kløyvinga etter midten er påbyrja og sprekken går inn til margen. Foto: Roald Renmælmo
Når ein kløyver på denne måten så er arbeidet med å kløyve midtplanken etter margen vesentleg lettare enn om bakane ikkje er kløyvd av fyrst. Det skal mykje mindre krefter til for å få kløyvd planken etter margen. Det er viktig å vere klar over at det er stor risiko for at kløyven kan spore ut i sida og skade eitt av borda. Det er her det er kortast veg frå margen og ut. Ein må derfor aske godt på begge sider og hakke veldig nøye og forsiktig på begge sider før ein tek til med å slå inn kilar i stokken.

Midtplanken er kløyvd til to bord. Denne stokken hadde litt urolig marg og gankvist så kløyven kunne vore betre. Det er likevel ikkje verre enn at det blir to fine sutaksbord av denne stokken. Av bakane blir det også nokre emne til veggtiler til drombegangen til gjesteloftet. Foto: Roald Renmælmo
Midtplanken er kløyvd til to bord. Denne stokken hadde litt urolig marg og gankvist så kløyven kunne vore betre. Det er likevel ikkje verre enn at det blir to fine sutaksbord av denne stokken. Av bakane blir det også nokre emne til veggtiler til drombegangen til gjesteloftet. Foto: Roald Renmælmo
Kai har tidlegare posta på bloggen om korleis han kløyvde stokk etter metoden som eg har lært av Nils Nilsen Anti i Karasjok. Dette er ein metode der ein kløyver frå rotenden av stokken og følgjer fibrane i motsetning til metoden til Konrad Stenvold der ein styrer kløyven med asking og brukar margstrålane i stokken til å styre kløyven inn til margen. Metoden til Nils Anti er rask og effektiv til kløyving av korte emne, men er meir risikabel når ein skal kløyve lange emne. Eg har tidlegare prøvd ut å kombinere desse to arbeidsmåtane ved å kløyve kortare emne av baken av halvkløyvingar som vart kløyvd med asking etter margen. På kurset på Stiklestad prøvde eg ut å kløyve ut kortare emne av baken før eg kløyvde etter margen. Slik fekk eg kombinert arbeidsmåtane eg har lært av Konrad Stenvold og Nils Nilsen Anti.

Desse arbeidsmåtane er basert på tradisjon etter Konrad Stenvold og Nils Nilsen Anti og viser at det er mogleg å kombinere desse to. Når borda er ferdig hogd vil det truleg vere vanskeleg å finne spor som kan peike tilbake på arbeidsmåten, men det kan vere verdt å ha det i tankane når vi undersøkjer eldre bygningar med kløyvd material. Dei to fyrsteborda frå kløyvinga mi vil truleg ende opp med tilsvarande spor som sutaksbordet som det er skrive om frå Hustad kyrkje? Vi kan ikkje utelukke at arbeidsmåten som eg har vist her kan ha vore nytta til kløyving av bordet frå Hustad.

Forfattar: Roald Renmælmo

Snikkar med fokus på handverkstradisjon og handverktøy. Universitetslektor og PhD stipendiat på NTNU i Trondheim. Eg underviser på tradisjonelt bygghandverk og teknisk bygningsvern og restaurering.

One thought on “Kløyving av tømmer, utprøving av ulike prinsipp basert på tradisjon”

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: