
Stavlinekonstruksjonen er ein stavkonstruksjon der strevarar vert nytta til å stive av bygget. Strevarane kan ligge med varierande helling, og retning, men stort sett er det ein form for motståande symmetri i plasseringa av strevarane. Dette stavlinenaustet er ikkje kopi av noko konkret naust, men ein variant av Nordmørsk stavlinekonstruksjon. Naustet vart bygd på Husasnotra våren 2016 til ein privat kjøpar. Jon Godal var rettleiar og instruktør. Seinare vart det frakta ut til tomta og sett opp. Naustet står på hellande tomt, så syllomfaret heller, medan rafta er i vater. Ein av mange moment under oppsetting av naustet var forspenning eller stramming av strevarane.
Stramming av strevarane, har etter mi oppfatting, den funksjonen at det gjev konstruksjonen ei større potensiell motkraft til ytre påkjenningar. Hadde strevaren vorte lagt inn ”daud” ville ikkje konstruksjonen hatt same evne til å stå imot. Strevaren spelar ei veldig viktig rolle i samspelet mellom dei ulike konstruksjonselementa i bygget.
Eg vil no gå nærare inn på korleis me gjorde dette. Eg har ikkje sjølv fått høve til å studere strevarar i tilsvarande naust, men i følge tradisjonen Jon Godal formidla vidare frå tradisjonsberarar skal forspenning ha vore ein viktig del av denne måten å bygge på.
Sidan syllomfaret heller og følger terrenget måtte både stavar og strevarar produserast med overmål i lengde så dei kunne tilpassast individuelt. Før uttransport av bygget vart strevarane laga med tapp oppe og overmål i lengde. Tappholet i underrafta, altså oppe på strevaren vart også tappa ut på førehand. Tapp og tapphol i nedre enden av strevaren vart tilpassa når bygget stod oppreist med stavar.

Plasseringa av tappen var bestemt til å vere ein dimensjon frå staven, altså 6”. Det vart merka opp for tappholet på sylla, og ein strevarmal var sett opp i tappholet i underrafta og lagt på utsida av sylla slik at øvre side låg vinkelrett ut for enden av tappholet. Strevarmalen har ein tapp i toppen som er lik den som er på strevaren.
Når strevarmalen ligg rett strekar ein langs toppen av sylla og over på malen. Denne streken pluss tapp vil vere målet på strevaren.
Strevarmalen leggast då oppå strevaren. Tappen på malen og trevaren må ligge likt. Lengdemarkeringa i nedre ende av malen førast over på strevaren og under dette merket må ein legge til tapp. Strevaren kappast og tapp hoggast ut. Her er tappen i eine sida av strevaren. Strevaren er 2/3 av stavdimensjonen slik at spikerslag for kledning vil flukte med yttersida av stavar, syll og raft. Sjølve stramminga av strevaren vert lagt inn når det nedre tappholet skal tappast ut.

I følge Jon Godal har kjetting og bjønn vore bruka til å stamme opp, men ein vil nok også kunne få dette til ved litt kreativ bruk av taug. Strammeband er i alle fall effektivt! Til sjuande og sist er det kledningen som skal halde på dette spennet. Kledningen må spikrast i raft og syll for å låse stramminga. Her som det er dobbel raft er det viktig at kledningen spikrast i overrafta. Då vil heile konstruksjonen vere låst.

Korleis dette er gjort og i kva grad det har vore praktisert i tradisjonelle stavlinekonstruksjonar må sjåast nærmare på. Det har nok vore mange måtar og tilnære seg denne problematikken på. Dette viset å legge inn stramming på er i alle fall eit vis som let seg gjennomføre praktisk med tradisjonelle verktøy og metodar. Om det har eksistert ein generell praksis i forhold til storleik på bygg og grad av stramming har eg ikkje oversikt over, men det vert i seg sjølv eit eige tema. Dette naustet måler 5x8meter og stramma med 5/8” på kvar strevar. Om denne stramminga står i forhold til bygget sin storleik har eg ikkje nok erfaring eller kunnskap til å meine noko større om, men at stramminga ikkje må vere for stor trur eg er viktig. Som så mange andre ting må det vere passeleg.
Hei Peter og Håkon legger igjen samme spørsmålet til dere begge, dere bygger begge grindbygg /stavline og ”strammer” det Håkon strammer 5/8 på et bygg som er 5*8 , Peter du bygger et gridbygg på 4,2*2,8m strammer du det 2” tommer, når du skriver : Vi bestemde oss for eit spenn på 2”er det det samme dere gjør ? eller blander jeg begrepene. Dere har vel lært dette av samme tradisjonsbæreren så hvis det er det samme er jo sånn passe stramming litt romt begrep.
Hilsen en uerfaren i grindbygg..
LikarLikar
Hei Kai, Spenn på 2″ på ett grindbygg har nokk med skråstillingen på stavene å gjøre. Vi kaller det spenn når vi setter staven ut i bunnen. Ofte ser vi at dette spennet svarer til lengden på betahovet på nyere grindløer, på eldre løer fra 1500-1650 ca. har spennet vert opp mot 80cm. på det meste. Der var det også spenn på stavene utover på gavlene.
LikarLikar
Eg kan ikkje svare for Peter, men stramminga av strevaren på 5/8 tomme heng ikkje saman med at bygget er 5×8 meter. Dette er i grunn tilfeldig, og i alle fall ingen regel. I etterkant av blogginnlegget har eg også fått opplysningar om at stramming av strevar kanskje i grunn har meir å gjere med å ta høgde for kompresjon i veden. Dette skal i alle fall ha vore tema under oppføring av naust på Statsbygda, Rissa med eldre tradisjonsberarar. Det er viktig at strevaren ikkje blir slakk når bygget har satt seg, så då er stramminga ein måte å sikre dette på. Konklusjonen min er i grunn den samme framleis: Stramminga må stå i forhold til bygget, og vere passeleg. Ikkje for mykje og ikkje for lite.
LikarLikar
Dette var interessant lesing. Dette svarer også godt til slik jeg har lært det av Halvard Haugen (mener jeg) anbefaler å snakke med han om temaet, han er det nærmeste man kommer tradisjonsbærer på denne teknikken så vidt jeg vet. Blogposten er oversiktlig og tar grundig for seg en spesifikk arbeidsoperasjon. Dette synes jeg er nyttig.
LikarLikar