I Aursfjord i Malangen i Troms vart det sett opp ei oppgangssag i 1796 av Ingebrigt Eliassen. Saga har vore drive med berre nokre mindre avbrekk frå den tida til i dag og sagmeister Arne Pedersen er 6. generasjon i direkte linje etter Ingebrigt. Vi har hatt studiesamlingar der studentane har fått ei innføring i saging og fått øve seg på å dokumentere arbeidsmåte og tradisjon. Studentane har lagt ut noko av det dei har skrive her på bloggen tidlegare. I vinter har Anders Lundvang og eg laga ein dokumentarfilm om tradisjonen knytt til saga. Her kan du sjå filmen:
Om du er interessert i meir bakgrunnsinformasjon om historia til saga så kan du lese meir i denne artikkelen: https://brage.bibsys.no/xmlui/bitstream/handle/11250/2434264/Fortidsvern01-16_s34-39%2BRenm%25C3%25A6lmo.pdf?sequence=1