Korleis gjorde dei golv på Kultan i 1789?

Ei tilnærming til opphaveleg prosess basert på samtidige verktøy og originalmateriale.unadjustednonraw_thumb_6f28

Støgo på Kultan vart ført opp i 1789/90 jamfør dendrokronologisk analyse av tømmeret. Det originale golvet stammar altså etter alt å døme frå same tid. Det er den gåverike handverkaren og bygdekunstnaren Jarand Åsmundson Rønjom som førte opp denne støgo, og har også gjort innreiingar og det som er av snikkararbeid. Etter alt å døme er også golvet gjort av Jarand eller folk han hadde i arbeid. Golvet er rundt 2 tommar tykt (rundt 50mm) og har spitande bord mellom omlag 20-45cm i breidda. Det er altså grove dimmensjonar. Det er laus fjær mellom borda, så det er difor berre høvla not i golvborda. Grunna store råteskadar i golvet skal det gjerast nytt golv i samband med ei større restaurering av Kultan-støgo i Åmotsdal.

I dei seinare åra har kunnskapen om skottbenken/føybenken/rettebenken osb… gjeve mykje ny innsikt i produksjon av golv og golvbord. I store delar av landet har slike benkar dukka opp, og lokale variasjonar i utforming og funksjon har vorte oppdaga gjennom stadig nye funn. Telemark har lenge vore ein kvit flekk på dette kartet, og funn av skottbenk og skotthøvlar uteblir trass i at fleire har augene oppe. Det skal finnast ein Skottbenk i Tinn, og ein skotthøvel i Seljord (denne skal i følge dei eg har prata med ha eit noko uvisst opphav). Det kan godt hende skottbenkane kjem til å dukke opp, men ut frå verktøyet ein finn i museumsmagasin og rundt omkring i private samlingar er det lite som underbygger at skottbenkane har vore utbreidde i Vest-Telemark. Eg har i dei siste åra undersøkt mange titals private verktøysamlingar og dei mest aktuelle museumsmagasina med tanke på lokale verktøy. Mønsteret er ganske likt. Mykje not- og fjærhøvlar med land (sideanlegg) og mykje langhøvlar, men så langt ingen funn av høvlar med meiar på både sider under. Dei eg har snakka med av informantar har heller ingen kjennskap til skottbenken som hjelpemiddel til retting av bord.

Ut frå dette grunnlaget valde eg å undersøke korleis eit slikt golv kunne høvlast på bakgrunn av dei verktøya som finnast lokalt frå denne perioden (seint 1700-tidleg 1800-tal). Jarle Hugstmyr var med som rettleiar med tanke på verktøy og produksjonsprosess. Pål Sneve Prestbakk og Magne Kleiveland var med på høvelmakinga, og Henning Jensen og Magnus Hvammen var med på utprøving av prosess. Ingvald Golid var også innom og kom med fleire interessante opplysningar om golvhøvling og materialstabling.

På Bakgrunn av undersøkingar av lokale verktøy og verktøyspor i originalgolvet enda me opp med å produsere følgande høvlar til golvproduksjonen:ccvwr5khtyqrexsdkhcxuq_thumb_6f2b

  • Langhøvel: Til retting av kanten på golvborda. Utgangspunktet vart ein langhøvel frå magasinet til Telemark Museum. Høvelen skal ha tilhøyrd snikkaren Carl Johnsen Svanajord (1756-1799), frå Kvitesed, som var ein av dei verkeleg store snikkarane i si tid. Høvelen er datert 1794 med intitialane til Svanajord og har ikkje handtak.
  • Splitthøvel: Til å splitte emne til laus fjær. Originalfjæra synte tydelege spor av splitthøvling. Denne høvelen tok utgangspunkt i ein høvel frå Telemark Museum sitt magasin og er datert 1824, og skal komme frå verktøysamlinga til Gunnar Glosimot frå Seljord. Samlinga vart donert til museet på 1950-talet. Høvelen har jarnskinner og stillbart land.
  • Okshøvel: Denne typen okshøvel, med «langhøvelhandtak» bak og tverrstilt okshøvelhandtak framme er det mange av i eldre verktøysamlingar. Denne høvelen er ein variant av desse basert på eit førebilete frå garden Nørsteteig i Svartdal, Seljord. Truleg 1700-tal. Kanskje tidleg 1800. Høvelen nytta me til å høvle flasken på bordet etter skrubbhøvlinga.
  • Nothøvel: Slike nothøvelar finnast det mange variantar av. Denne tek utgangspunkt i ein høvel frå Lisleåsheim i Seljord. Uviss datering, men truleg kunne ein slik type nothøvel ha vore i sving på 1790-talet.
  • I tillegg til desse høvelane bruka me litt variantar av skrubbhøvlar til å gjere grovarbeidet på flaskhøvlinga og kanten.

 

Framgangsmåte

Retting av flask: Prøveborda eg hadde fått tak i var relativt vinde. På tre meter var det snakk om nesten 2cm vinning i flata. Me valde å ta ut mesteparten av denne vinninga då det er begrensa kor mykje ein kan presse eit 2 tommar tykt golv. Til denne operasjonen bruka me ein fletthøvel til å rette ut vinninga. Me la like høge klossar i fletthøvelsporet på kvar side og kontrollerte korleis me låg ann med siktestikkene. Me valde å ikkje ta ut all vinninga, då dette ville bli problematisk i forhold til dimensjonen på borda.

Fletthøvel er eit verktøy det finnast mange av i området og truleg kan dei ha vore nytta til nettopp slik oppretting av emne. Dette var i alle fall ein måte å ta ut vinning på med dei verktøya ein kan tenke seg dei hadde tilgang på. Altenativet kunne vere å snorslå eller liknande, men fletthøvlinga har den fordelen at det både rettar av i lengderetningen og at det er enkelt å sjå kor mykje materiale som skal bort mellom fletthøvelspora. Veden mellom spora vert høvla bort med ein grovstilt skrubbhøvel. Ved å høvle diagonalt får ein både ut kuvinga i bordet og held god kontroll på korleis ein ligg ann i forhold til kanten. I denne prosessen fjerna me materialen nesten heilt ned til fletthøvelspora på sida.

I neste prosess høvla me bort dei diagonale rillene ved å høvle langsetter med ein grovstilt, men litt flatare skrubbhøvel. I denne runden høvla me så langt ned at fletthøvespora så vidt var synlege.

Okshøvelen vart nytta til siste runde med høvling. Då vart fletthøvelspora høvla bort. Her kontrollerar Henning Jensen at kuven er høvla bort og at bordet er rett.

Retting av kant: Kanten vart retta med snorslag og skanting, så grovretting med skrubb, retting med grovstilt langhøvel og til slutt retting med finstilt langhøvel. Vinkelen vart kontrollert mot flasken. Me sørga for at kanten var i vinkel eller litt under 90grader på flasken. Om kanten var over 90 grader på flasken høvla me den ned til rett eller litt under. Dette var for å hindre at golvborda skulle knipe på undersida.

unadjustednonraw_thumb_6ed7

Høvling av not: Nothøvelen vart lagt med landet mot retta på bordet, den sida som skal opp. Det er referansesida. Me tok eit par turar med nothøvelen for å få eit fint styrespor før me grovstilte litt og gjekk på med tomannshøvling. Dette fungerte i grunn bra, og nota kom ganske raskt ned til full djupne.

unadjustednonraw_thumb_6f07

Høvling av laus fjær: Me stilte inn splitthøvelen på tilsvarande breidde som nota, og splitta fjæra ut frå eit tomsbord me hadde retta kanten på. Etter litt forskjellige strategiar, fann me ut at det var best å høvle seg omlag ned til halve djupna langs heile og så snu bordet rundt og høvle frå andre sida. Ved å starte fremst og høvle seg gjennom gradvis bakover ivaretek ein stabiliteten i emnet ein høvlar på og ein slepp at høvelen «hektar» seg når det slår gjennom. Splitthøvelen kan stillast ganske så grovt, så det gjekk ikkje så mange rundane før ein var gjennom, og hadde ei relativt presis laus fjær. Presisjonen avhenger av kor flink ein er til å halde høvelen i lodd.

 

Justering av laus fjær: Då not og fjær var høvla slo me den lause fjæra inn i nota på eit av golvborda. Fjæra var litt for breid, så dette høvla me raskt ned med ein skrubb då fjæra sat fast i nota, og var enkel å arbeide med. Når me var fornøgde med breidda knekte me kantane på fjæra. Me såg at kantane var knekte på eine sida av den originale fjæra, og konkluderte med at ein slik arbeidmåte ikkje var utenkeleg. Det var også praktisk å ha fjæra på plass i det ein bordet ved legging.

Totatal vurdering

Dette var i stor grad eit forsøk på å finne ein realistisk og effektiv arbeidsprosess for Kultan-golvet, basert på verktøy, originalmateriale og lokal tradisjon på framstilling av golv. Resultatet var at det er fullt mogeleg å produsere dette golvet på ein effektiv måte. Prøveborda me høvla var vinde og hadde mykkje kul (slått seg med rygg mot margen), og erfaringane knytt opp til det er at det skapar mykje ekstra arbeid. Det originale golvbordet var heilt beint på ranga der sagskurden visast. Det vil etter alt å døme tyde på at materialen har vore tørka under press, slik at han held seg stabil og rett. Dette var tradisjonsberaren Ingvald Golid også oppteken av, og meinte at materialane burde leggast opp i gode stablar med tett mellom strøa og godt med vekt oppå. Han sa også at den beste tida å legge golv er på denne tida av året(januar-februar), då lufta er på det tørraste. Det vil minimere krypinga.

Positive eigenskapar ved denne arbeidsmetoden:

  • Ein kan produsere dette golvet med reiskapar som dei fleste snikkarar uansett hadde tilgang på på slutten av 1700-talet.
  • Ein kan greie seg med ein relativt enkel arbeidsbenk som er enkel å lage på byggeplass.
  • Ved å bruke laus fjær er det mindre materiale som må fjernast frå golvbordet, og nothøvlinga går relativt fort. Ein treng heller ikkje å ha ein fjærhøvel.
  • Ein får utnytta kvart golvbord maksimalt (arealmessig) ved å bruke laus fjær og følge den naturlege spitinga på bordet.
  • Den lause fjæra er relativt rask å framstille med splitthøvelen, og rask og justere.

 

Utfordringar:

  • Denne metoden krev at handverkaren arbeider presist med tanke på å få ei plan flate på rettsida av bordet og at rettinga av kanten vert bein og i vinkel. Dette er jo i grunn basiskunnskapane for all tradisjonell retting av emne, så ein røynd snikkar ville nok ikkje ha store utfordringar med dette.
  • På prøveborda me høvla var det ein del vinding, og me tok ikkje ut all denne vindinga for å sørge for at me hadde nok dimensjon til å høvle not. Dette gav litt utfordringar i forhold til å få borda i hop. Det bør difor leggast stor vekt på å skaffe rett og god material i utgangspunktet. Det er mykje arbeid å hente inn att dårleg lagra material som har slått seg. Desse borda er så grove at det er avgrensa kor mykje ein kan rekne med å presse dei på plass.

 

Konklusjon

Dei involverte i høvlinga har alle prøvd golvproduksjon med skottbenk, og gjort seg ein del erfaringar knytt opp til det. Det er ikkje tvil om at ein skottbenk med tilhøyrande høvlar er eit effektivt verktøy for framstilling av golv, men når det er sagt så er denne metoden med laus fjær ikkje noko dårleg alternativ. Etter ei felles vurdering av denne framgangsmåten kom me fram til at det er mange fleire ting som må klaffe for at skottbenkhøvlinga skal vere meir effektiv.

  • For det fyrste må langborda på skottbenken vere absolutt beine og i vinkel med kvarandre. Dette tek ofte litt tid å justere inn.
  • Det er ofte mykje finjustering for å få not- og fjærhøvelstål til å stemme med kvarande og mykje justering for å få det til å gå godt og effektivt.
  • Det tek tek relativt sett lenger til å høvle ei fjær enn ei not då meir enn dobbelt så mykje materiale skal bort og ein ikkje kan ha høvelen like grovt stilt.
  • Ein må uansett rette flasken på bordet og grovrette kanten før ein kan gå i gang med skotthøvelane. Ein er altså berre nokre drag med langhøvelen unna å ha ein rett kant uansett.

Kultan-metoden føreset at ein har retta av flasken og fått ein bein kant på bordet. Etter det er det berre ein høvel som styrer. Same nothøvelen vert bruka på alle borda og den lause fjæra vert tilpassa nota. Ein får nokre ekstra operasjonar ved at ein må bruke splitthøvelen til å lage laus fjær og rette kanten og høvle not kvar for seg, men totalt sett går dette ganske fort, og når kanten er retta er det berre å dra på med grovstilt nothøvel og splitthøvel.

Konklusjonen etter dette forsøket er at det ikkje er noko stort problem å lage slike golv utan skottbenk. Ein treng ein rett langhøvel og evna til å bruke han, slik at kanten vert heilt bein. Det er i grunn her slaget står. Resten krev berre at ein brukar rett høvel på rett plass. Kanskje har telemarkingene slått seg til ro med denne arbeidsprosessen, og difor ikkje teke skottbenken i bruk. Ein kan ikkje seie noko for sikkert, men etter mi meining kan dette vere ei naturleg forklaring på kvifor ein finn så lite som tyder på at skottbenken har vore innarbeidd i Telemarkstradisjonen. Dette er eit spennande felt, og vel verd å gå djupare inn i!

Takk til Jarle Hugstmyr, Magne Kleiveland, Pål Sneve Prestbakk, Magnus Hvammen og Henning Jensen for ei god fagleg samling!

Tekst og foto:

Håkon t: Fjågesund

One thought on “Korleis gjorde dei golv på Kultan i 1789?”

Kommenter innlegget