
På heimgarden til oldeforeldra mine står oldefar sin gamle høvelbenk, som han laga på starten av 1920-åra, då han var elev på arbeidsskulen på Holmøyane. Holmøy arbeidsskule var den fyrste privatskulen for utdanning av håndtverkarar i Noreg, og vart teken i bruk til dette på midten av 1800-talet. Det var ei svært anerkjent snekkarutdanning på den tida. Skulen vart nedlagt på 80-talet, men er framleis i bruk som somargalleri.
Oldefar hadde høvelbenken sin ståande på Stykkjene på Nordfjordeid, farsgarden hans, til den vart flytta ned i snekkerverkstaden hans då han bygde «Gamlehuset» rundt år 1940. I følge bestemor mi, festa han også høvelbenken bak på bagasjebrettet på sykkelen sin og hadde den med seg rundt på ulike prosjekt, men den historia tenkjer eg i høgste grad berre er oppspinn… Oldefar arbeidde mykje med finsnekring heime i uthuset, som vindaugsrammer og listverk. Eg trur det er det benken er blitt brukt mest til. I oppveksten min vart benken også flittig brukt, både til delar av trehytteprosjekt og til byggjing av fuglehus…
Benken er primært laga i furu. Den er 224cm lang. Breidda er 89cm ved framtonga, og 57cm ved baktonga. Eg vil anslå dette som ein av dei større høvelbenkane. Høgda på understellet er 70cm, og den totale høgda med benkeplata opp på er 75cm. For mi høgd, passar høgda ganske perfekt. Når benken ikkje er for høg, får ein utnytta kroppsvekta ordentleg og ein får godt skyv på høvelen.

Understellet består to vangar, som låser saman og stivar av beina. Desse har gjennomgåande tapp, som igjen har gjennomgåande kile. Vangane har ikkje noko form for hylle, men ettersom dei har same høgde, har det nok stått høvlar og anna mindre verktyg og material rett på dei. Venstre side, ved framtonga har tre bein ståande og tappa ned på ein fot. Foten er avrunda i endane ned mot golvet. Opp på beina er det også ein planke. Denne er avrunda opp mot benkeplata. Høgre sida, ved baktonga, har to bein ståande ned på ein kortare fot enn på venstresida.

Benkeplata er sett saman av to bord med ulik tjukkelse. Det bakre bordet er tynnare, slik at når dei står inntil kvarandre får ein ei kasse bak. I endane på kassa ligg det avrunda klossar, slik at det skal vere enkelt å koste spon og rusk og rask ut av den. Rundt dei to hovudborda er det ståande bord som held dei saman, og som dannar bakveggen til kassa. Desse borda er tappa saman med svalehale. Framre og bakre bord er plugga i benken med trepluggar, medan dei to på sidene er bolta inn i. I det framre bordet er det også saga og tappa ut benkehakehol over heile benken. Hola er tappa til å passe to benkehaker av jern som høyrer til benken.

Framtonga består av ein treskrue som går gjennom eit helt trestykkje, som er gjenga. Framtonga har eit bevegeleg klemstykkje av bjørk, som skal liggje mellom skruen og emnet. Denne er av bjørk fordi den skal tåle meir press. Tonga er forbunden med svalehaleskøyt, og har ein lang bolt i seg, slik at den ikkje skal gå opp i skøytane når det vert sett press på den. Mellom framtonga og benkeplata er det ein planke på 30cm, som dannar åpninga til tonga.

Baktonga er forma som ein L. Skruen går gjennom gjengar i bakre del av plata. Ein kile låser skruen fast i tonga, slik at tonga fylgjer med når ein skrur på skruen. Sjølve skruane til begge tengene er dreia av emner i bjørk.
