Det var i vinter me hadde ei læringsarenasamling, her på Sand, om høvelbenkmaking. Eg valde å bruke denne benken som førebilete til min nye høvelbenk. Tankjen var at den høvde godt til høvling av både gulvbord, kledning og listverk. Som eit supplement til strykebenken og langbenken. Desse andre benkane er laga med tanke på firealna lengder, så målet var å lage ein høvelbenk som og takla slike dimensjonar.

Hovudmåla på denne benken er 2,25 meter i lengda, plata/planken har ei breidd på 25,5 cm og ei arbeidshøgd på 75 cm.

Baktanga er laga i bjørk. Den består av ein skrue som er om lag 30 cm lang i gjengene og to styrepinnar. Desse er festa til bakstykket med naglar. Benkestykket er felt inn med svalehale og festa med fire spikar.
Framtanga er og av bjørk og er festa til benkeplate med to gjennomgåande bjørkelaglar, der den bakre er åretta (kile) i sida med skuffa. Under framtanga er der ein kloss som eg tolkar til å vera feste/glidespor til plata som skruen knekar mot. Denne kjenner me og frå sløydbenkane.

Omlag på midten av benken er der festa eit stykke bjørk til benkeplata med ein nagle. Denne er svingbar og er nytta som understøtte i bakenden av bord som vert festa i framtanga. Der er 8,5 cm opp til topp benkeplate, så eg tenkjer at denne benken ikkje er nytta til vindusproduksjon med små delar? Der er 70 cm til framtanga. Noko som kan passa med vinduskarmar eller kort karm og liggande ramtre til dør. Dei lange ramtrea kan støttast med ein «dreng» i bakkant. Her vil eit eventuelt dørramtre stikke ut vel 30 cm frå bak på benken og gi god plass til «drengen».
Hullrekka til benkehakane er plassert frå 4 til 5 cm frå kanten og har eit varierande mellomrom på 8 til 27 cm med ein «normal» på 12 cm. Alle hulla er firkanta i øvre delen og runde i underkant. Dette tolkar eg til at dei er borra med navar og tilpassa eit firkanta tverrsnitt på benkehaken, som truleg har likna på den som står i benken frå Li. Det siste hullet , det som er lengst framme, er sylindrisk rundt og skråar bakover med ein vinkel på 72 grader i forhold til plata. Hullet har ein diameter på 1,8 cm. Kan dette ha vore nytta til feste for ein rund pinne som høvelstopp, i staden for den lista som er spikra på i enden nå?
Min benk er om lag 30 cm lengre enn førebiletet, av grunnar som er nemdt tidlegare. Ellers har eg forsøkt å skape ein tilsvarande benk. Eg har i tillegg valt å gi benken ei arbeidshøgd på 80 cm i den tru at det passar meg betre. Eg ventar på benkehakar, så derfor er ikkje hullrekka laga. Eg vurderer å flytte den litt lenger frå kanten, slik at haken i baktanga kjem mellom styrepinnen og skruen. Trur det gir mindre vridning og skeivt press på baktanga. Dette gir ein avstand til kanten på 9,5 cm.
Bakfoten er laga av ein tømmer-elev som var utplassert hjå oss. Øvinga gjekk fyrst ut på å teikne benken for så å rette av, dimmensjonere og tappe saman delane til bakfoten.