
Tradisjonsfagleg fordjuping er eitt av faga til studentane på tradisjonelt bygghandverk. I dette faget har vi samlingar med alle studentane der vi går grundig inn på ulike tema som vi vurderer som sentrale i handverket og som høver med andre prosjekt. Fyrste året hadde vi to samlingar i dette faget, ei på Stiklestad der vi hogg tømmer, stakk spon og la spontak. Den andre samlinga var på Norsk Folkemuseum der vi kløyvde og glepphogde taktro til restaureringa av Raulandsloftet. I år har vi fyrst hatt ei samling på Sverresborg i Trondheim der studentane laga sine eigne grindsagar og lærte mykje om sagfiling og bruk av sag. I førre veke hadde vi den andre samlinga i faget i Salangen i Troms. Her var temaet å lage sin eige pjål og lære korleis han skal slipast og brukast. Utgangspunktet vårt var gamle pjålar som vi hadde med oss frå våre eigne samlingar av slikt verktøy, i tillegg var det med nokre pjålar som var lånt av private. Filmklippet under gir eit inntrykk av dei pjålane, ravlane, skavlane og såtjarna vi hadde samla for kurset.
For at studentane skulle få litt mengdetrening i bruk av pjål så hadde Thor Larssen og Vidar Larssen på Sør-Troms museum saga opp ein del 5/4 sideskåret furu som skal bli til golv på årestua på Trondarnes. Her fekk studentane pjåle denne nysaga materialen med sine pjålar. Kvar student var omlag ein heil arbeidsdag på denne arbeidsstasjonen og fekk pjåla ein god del bord. Erfaringa med dette arbeidet er god å ta med seg vidare. Korleis bør pjålen vere slipt og justert for å fungere godt? Korleis er det best å pjåle rundt kvistar for å unngå utrivingar? Korleis ser ein kva vedretning der er på bordet og kva retning skal ein då pjåle for å unngå utrivingar? Dette er mellom dei problema studentane kom borti medan dei utførte arbeidet. Filmklippa under viser noko av arbeidet med pjåling av golvbord. Her arbeider studentane med sine nylaga, slipte og justerte pjålar og vi ser at arbeidet går lett og fint.
Etter å ha pjåla saga material fekk studentane gå vidare og prøve seg på å pjåle kløyvd og hogd material. Dette i form av veggtiler som skal brukast til stavkyrkja som skal byggjast på Trondarnes. Tømmeret til dette er hogd i lia ved Myrefjell i Målselv og er plukka ut med tanke på at tømmeret skal kløyvast med øks. Vidare er stokkane kløyvd med øks og kilar etter metoden eg har lært av Konrad Stenvold i Dividalen i Målselv. Studentane på læringsarenaene i Sør-Troms, Midt-Troms og Stiklestad hadde dette arbeidet som eit eige kurs i forkant av samlinga med pjålen i fokus.
Eg sjølv har vore med på ganske mange ulike prosjekt med kløyving av tømmer til ulike føremål gjennom dei siste 25 åra. Med bakgrunn i desse erfaringane har eg merka meg at det å kløyve tømmer som ein kan plukke ut sjølv på rot i skogen er vesentleg mykje betre enn å få levert tømmer som er hogd etter spesifikasjon. Spesielt rotstokkane vi kløyvde var veldig fine å kløyve og gav gode resultat. Ei av furuene hadde gås i rotstokken. Det er ein råtesopp som går inn i ein skadd kvist på stammen og utviklar seg i margen på stokken. Dette kunne vi kanskje ha oppdaga i skogen ved å banke på stammen, eller å bore ein kjerneprøve på den aktuelle furua. Det er også veldig fint å få arbeide med tømmer som er nyhogd og heilt ferskt. Slikt tømmer skal ikkje ligge mange vekene før det har byrja å tørke for mykje i endane. Det fyrste filmklippet under viser den eine rotstokken som hadde gås.
Tømmeret vart kløyvd og hogd til 3″ plank med glepphogarøkser. I utgangspunktet arbeidde vi med glepphoggarøkser som var smidd med utgangspunkt i originale økser frå 1500-1600-talet sidan vi har ein del erfaring med desse øksene frå tidlegare. Vi har enda ikkje fått skikkelig fart i arbeidet med å finne fram til øksemodellar frå 1200-talet til arbeidet med stavkyrkja. På den eine befaringa vår ut til Nord-Rollnes på Rolla kom vi over eit glepphogd båtbord i eit gamalt naust. Truleg er bordet tenkt som halsbord til ein storfembøring og kan stamme frå siste halvdel av 1800-talet, men bordet kan og vere eldre. I det same naustet var det også ei øks av tilsvarande type som dei som vi brukar til glepphogging.
Etter å ha arbeidd med å pjåle golvborda som var saga så vart det ein stor overgang å gå over og pjåle veggtilene som var kløyvd og glepphogd. Her var det jamnt over betre tømmer med mindre kvist og jamnare vekst enn tømmeret som var brukt til golvborda. Det var også mykje lettare å pjåle på dei overflatene som var glepphogd. Fleire av studentane opplevde nok at pjålen som reiskap gav meining, den er absolutt best egna til å pjåle hogde overflater.
Smeden Jon Dahlmo frå Verktøysmia i Drevja hadde det faglege ansvaret for sliping av verktøy på samlinga. Jon og smedane Mattias Helje, Øystein Myhre, Bertil Parmsten og Øystein Viem hadde levert ståla til pjålane studentane laga på samlinga. Torsdag hadde vi besøk av arkeolog Ingar Figenschau som heldt eit foredrag om økser i Troms og Finnmark. Dette var med utgangspunkt i hans masteroppgåve frå 2012 over dette temaet. Eg fekk sjølv eit bra fagleg utbytte av samlinga og ser at eg må lage meg fleire variantar av pjålar for å prøve ut. Eg reknar med at også studentane vil arbeide vidare med å lage fleire pjålar og også bruke pjålen i prosjekta sine framover. Takk til Sør-Troms museum som var vertskap for pjålsamlinga.
Sjå gjerne også på denne sida om pjålen:
https://hoveloghage.wordpress.com/2014/09/21/skjove-skavl-pjal-kjaert-barn-har-mange-navn/
Hei. Fin og interessant blogg. Kunne vært spennende å se pjålen brukt på en kløvd og hoggd overflate. Jeg prøver å finne informasjon om hvordan skjeftet til pjålen skal lages, da jeg ønsker å lære mer om dette verktøyet og har vært så heldig å få to pjåljern.
LikarLikar
Takk. Om du ser i menyen som heiter «fagstoff» så finn du ein rapport av Tomas Karlsson om Skave (Svensk for pjål) der du finn det meste om korleis du kan skjefte ståla dine. Elles kan du kjøpe ferdig skjefta pjål eller såtjarn hos Verktøysmia i Drevja.
LikarLikar