Eg var ute med studentane i Midt-Troms i går for å sjå på nokre gamle bygningar i Bardu. Eitt av husa vi såg på var eit stabbur på Eggen på Bardujord i Bardu kommune. Eg er vant til å bruke omgrepet stabbur om desse relativt små bygningane som står på grime og stabbar. Dei fyrste dølane slo seg ned i Indre Troms frå 1788 i Målselv og frå 1791 i Bardu. Då var det vanleg å bygge stabbur med stabbar og grime lengre sør i landet der desse kom frå. Då reknar eg med at det også var vanleg med grime og stabbar alt frå dei aller fyrste stabbura vart bygd her i området. Eg har ikkje funne døme på noko anna enn det så langt. Stabbar og grime er det også på stabburet på Eggen. Vi kan ikkje vere sikre på alderen på stabburet, men reknar med det frå 1797 sidan det truleg er det som er nemnd i ei skriftleg kjelde som listar opp bygningane på garden. Då er formuleringa at det er eit loft under bygging og ein har fått fram det meste av tømmeret til å få det ferdig. Det er godt mogleg det var stabbur med berre ein etasje og at ein derfor brukte nemninga loft om dette bygget? I alle fall er nemninga med i den skriftlege kjelda frå 1797.
Dette stabburet frå Eggen på Bardujord er mest truleg det eldste stabburet i Indre Troms. Dei andre stabbura i desse områda skriv seg gjerne frå tidleg 1800-tal. Eit døme på eit slikt er stabburet frå Helberg i Sørdalen i Bardu. Truleg er dette frå 1820-talet, eventuelt noko seinare. Dette stabburet har ikkje stabbar og grime i dag, men står på syllsteinar. Eg har ikkje undersøkt om det kan ha hatt stabbar og grime tidlegare. Tømmeret er litt grovare enn tømmeret i stabburet frå Eggen. Elles er det pjåla fint innvendig og stokkane er runde her. Utvendig ser det ut til at tømmeret er rydd flatt, kanskje med tanke på at det skulle kledast med bord? Det ser i alle fall ut til å ha vore gjort etter at det vart tømra.
Vi tar sikte på at vi framover våren skal få gjort oss betre kjent med fleire av dei spennande og flotte bygningane vi har i området.
Litt artig med loft-begrepet.
Min gammel-onkel skrev en liten artikkel i årbok for glåmdalen på 60-tallet der han skriver om kaffekvernhus/tverrstilt midtavgrensa 2.etasje, og sier at det gamle navnet er kvistloftstue, forøvrig et begrep som Jon også har klart for seg fra gammelt av.
LikarLikar
Disse to stabburene er som snytt ut av tradisjonen Solør-bygdene, fra måten tømmeret er bjelket på der hvor det går over høvelig dimensjon, til sammenhugging og måten trappa kommer opp på.
Befarte et stabbur sist sommer for en kar som vurderte å flytte dette opp til Bardufoss/Målselv kanten. Jeg er ikke kjent med om det er kommet opp dit.
LikarLikar