Jamnt rundtømmer og ravling

Denne veka er vi i skogen og hogger det siste tømmeret til smia vi tømrar på. Raftstokkar og åsar er det vi manglar. Samstundes tar vi ut nokre stokkar for å prøvetømre nokre nover av den typen vi studerte på stabburet på Eggen i Bardu. Det var slåande kor jamntjukke stokkane var på dette stabburet. Vi målte at det var mindre enn 0,5 cm avsmalning pr. meter. Snittet i diameter på stokkane var kring 6 ½», smått tømmer altså.

Furu med omlag 7″ diameter i brystmål og med kring 0,5 cm i avsmalning pr. meter. Det er den furua på midten som er blinka det er snakk om. Foto: Roald Renmælmo

Vi har funne nokre furuer som vi trur kan høve til prøvetømring. Det er langt mellom dei i det bestadet som vi har hogd i denne veka. Truleg er dette sjeldan vare. Vi har prøvd å ravle eit par av stokkane i skogen, medan dei andre har barken på. Vidare vil vi sjå korleis det er å gå vidare med pjåling av stokkane og korleis overflatene blir i ferdig stokk.


Videoklippet viser Magne Kleiveland som ravlar ein stokk i skogen. Det tek litt tid å bli kjent med ravelen og arbeidsmåten, men den høver godt til slikt jamnt småtømmer som dette.

Hoggarøks smidd av Mattias Helje. Dette er ein kopi av ei øks frå Snekkergården på Tolga i Østerdalen. Tilsvarande økser har også vore vanleg i Målselv. Foto: Roald Renmælmo

Alt tømmeret vart hogd med øks og vi sokka nederste del av furua før felling.

 

Forfattar: Roald Renmælmo

Snikkar med fokus på handverkstradisjon og handverktøy. Universitetslektor og PhD stipendiat på NTNU i Trondheim. Eg underviser på tradisjonelt bygghandverk og teknisk bygningsvern og restaurering.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: