Studentane i gang med kurset i tømring

Denne veka er alle studentane i tradisjonelt bygghandverk på kurs i tømring i Målselv. Her går vi gjennom tømring av ulike nover, tradisjonelt verktøy til tømring og dokumentasjon av verktøy og nover. I dag er vi på befaring på garden Eggen i Bardu og dokumenterer stabburet frå 1797 som finnast på garden. Vidare i veka vil vi prøve å tømre med dei novene som vi finn i dette bygget.


Studentane måler opp dimensjon på veggtømmeret i stabburet på Eggen

Studentane er delt i 5 grupper som kvar har sitt tema å dokumentere på stabburet. Systemet i tømmerkassa med rot/topp orientering, variasjon i dimensjonar og justering av dimensjon var tema for ei gruppe. Bjelkelag, grime og stabbar for ei gruppe. Nover, hogging og merking var tema for ei gruppe. Overflatebehandling av tømmeret var tema for ei gruppe. Kvalitet på tømmeret i ulike delar var tema for den siste gruppa.

Studier av nover

Dokumentasjon av tømmerdimensjonar og kvalitet

 

Oppmåling av grime og stabbar

 

Forfattar: Roald Renmælmo

Snikkar med fokus på handverkstradisjon og handverktøy. Universitetslektor og PhD stipendiat på NTNU i Trondheim. Eg underviser på tradisjonelt bygghandverk og teknisk bygningsvern og restaurering.

One thought on “Studentane i gang med kurset i tømring”

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: