Nevertekking, Naust, Kvenna 24-25.11.2015
Naustet på Kvenna er ein kopi av det naustet som stod der opphaveleg. Det står på samme tomt og held samme mål. Det originale naustet vart datert til 1850 ved denro-prøver. Naustet har truleg hatt funksjon som naustløe. Det er lem over heile og ei luke/glugg i gavlen som vender mot land. Denne luka kan indikere at lemmen har vorte nytta til høyberging. Naustet er tømra og har saltak med treungsrøst. Den totale takflata er i overkant av 60m2. Never og torv vart nytta til tekking. Naustet på Kvenna var den avsluttande næmingeoppgåva til Torgeir Leivdal, i regi av Geitbåtmuseet si avdeling, Husasnotra.
Sjølve tekkinga og dei vala som er gjort med tanke på leggemønster, sortering, torv osb. er gjort på bakgrunn av undersøkingar av lokale nevertak og opplysningar frå Torbjørn Fjærli, (fødd 1929) Halsa Nordmøre. Nevra er delvis henta i Hemne kommune, og delvis russenever, men av relativt lik kvalitet og storleik. Torvhalskrokane er smidd av Per Øyehaug, Surnadal, og er ei etterlikning av dei opphavelege krokane på naustet. Torva er sur og mager, slik som lokal tradisjon etter Torbjørn Fjærli tilseier. Kva type torv som ligg oppå eit nevertak har vist seg å vere viktig for å få varige og tette nevertak. Tekkinga vart utført av Torgeir Leivdal, Ole Otnes, Karstein Sættem og Håkon Telnes Fjågesund. Jon Godal var rettleiar og instruktør under arbeidet. Denne teksten er meint som ein dokumentasjon av arbeidsprosessen med litt bakgrunn for dei vala som er gjort.
Gjennomgang av prosessen:
Når ein skal leggje nevertak er det visse føresetnader som må ligge til grunn. Blant anna er det viktig å ha eit tro med god lufting, då never er eit materiale som pustar og treng ventilering. Utan lufting vil fukt bli sperra inne, og dette fører med seg ein del uheldige konsekvensar som eg ikkje vil gå nærare inn på. Troet på naustet er lagt med høveleg mellomrom. Det vil seie rundt ¾ tomme. Om troet har vankant så vert det ofte ei naturleg glipe mellom borda som høver godt.
Me sorterte never i tre grader av tjukne. Mjuk, mellom, og stiv. Denne sorteringa er viktig for den fyrste rasta (rad bortetter i taket si lengderetning). Sjølve tekkinga byrja med innfestinga av torvhaldskrokane. Torvhaldskrokane held torvhaldaren, som hindrar torva i å gli av taket, på plass. Torvhaldaren kallast også torvvol, eller ringved. Torvhaldskrokane vart slegne i på kvar sperre, ti på kvar side. Under kvar torvhaldskrok vart det lagt tre lag med never, alle med kvitsida ned. Mellomstiv nedst, mjuk oppå der, og stiv på toppen. Den mellomstive hadde eit nevegrep utstikk frå trokanten. Eit nevegrep vil seie avstanden frå utstrakt fingertupp og inn i tommelgropa, altså om lag 15cm. Den mjuke nevra vart så lagt ein tomme innanfor kanten på den mellomstive nevra, og den stive vart lagt i flukt med trokanten. Torvhaldskroken vart så slegen gjennom desse tre laga og ned i sperra, slik at ytterkant av kroken flukta med kanten på troet. Dette vart gjort på same vis bortetter på alle sperrene.

Det vart så fylt i never mellom alle krokane med same leggjemønster som nevra under krokane. Mellomstiv, mjuk og stiv øvst. Regelen var at det skulle leggjast med om lag ein tidel av nevra si lengde i omlegg sidevegs. Grunnen til at nevra leggast i denne rekkefølgja har med dryppkant å gjere. Den nedste vil krulle inn mot veggen og den midtre vil krulle seg på same vis, men lage ein ny fold, samstundes som ho vert halden nede av den øvste stive nevra. Dryppkanten vil dannast på den midtre nevra, og soleis komme godt utom trokanten og framleis ha den nedste nevra som ei ekstra sikring.
Ut mot vindskia på kvar side vart det lagt ei stiv never nedst med kvitsida opp. Denne går om lag ut til midten av vindskibordet si tjukne. Den tekkande nevra som kom oppå vart trekt om lag ein tomme utom vinskibordet. Den tykke nevra i botn vil ”lyfte” den tekkande nevra i enden slik at vatnet vert ført inn på taket og vekk frå vindskia. Dette er eit grep ein gjer for å verne vindskia.

Torvhaldaren leggjast på og kort never med brunsida mot torvhaldaren vart lagt på. Desse har som funksjon og verne torvhaldaren ved at dei krullar seg rundt torva og fører vatnet ned og under torvhaldaren. Det vart også lagt ein liten neverbit over den delen av torvhaldskroken som undersida av torvhaldaren ligg mot. Dette er for å verne den tekkande nevra som kjem oppå mot mekanisk slitasje frå torvhaldskroken.
Neste steg i prosessen er å snu leggjemønsteret frå rett nedkant til rett overkant. I tekkinga er det overkanten som er referanselina for vidare legging. Det er også viktig at fiberretninga på nevra ligg ståande på taket, altså i retning opp ned og ikkje sidevegs. Ei rast med korte nevrar vart lagt inn mot torvhaldaren. Taket vart lagt med trelags leggemønster, og det vil seie at ein har ein tredjedel av kortaste never i rasta som opptrekk i neste rast. Toppen av kortaste never i fyrste rasta, altså den som ligg mot torvhaldaren vert soleis å rekne som referanselinje. Opptrekket i neste rast skal då vere ein tredjedel av lengda på kortaste never i den føregåande rasta. Sidevegs gjeld framleis tinedelsomlegget. Denne framgangsmåten vart nytta heilt opp til mønet, og torva vart lagt på undervegs ettersom rastane kraup oppover. Ein lyt leggje torv fortlaupande då denne vektar ned og held nevra på plass.

Sorteringa med tanke på stivleik gjeld berre i nedste rasta, der ein skal ha dryppkant. Den øvrige nevra vart sortert etter lengde. Dei kortaste vart nytta fyrst for å raskare få retta inn overkanten som referanseline, og oppover i taket vart stadig lengre never nytta. Dei lengste, vart spart til mønenever. Desse vart lagt midt over mønet.

Til slutt vart det lagt stein oppå torva. Steinane som vart lagt var flata i alle fall på ei side slik at han ikkje skulle rulle ned og vog 5-20kg. Steinlegginga fylgjer ytterkanten av taket, vindskiene og torvhaldarar, og ei rad vart lagt langsetter kvar side av mønet.
Tekst og foto: Håkon Telnes Fjågesund