
På Nordmøre er takkonstruksjon med sperrebukk, ås og sperre vanleg. Denne takkonstruksjonen er gjort med bakgrunn i ei eksisterande brygge på Eidestranda i Aure kommune. Brygga vart flytta dit rundt 1870, men det er uvisst når ho vart reist fyrste gongen. Det nye bygget skal stå på Håholmen i nærleiken av Kristiansund. Det er ei brygge i stavlinekonstruksjon som måler 10,6m x 13m som vert bygd på Husasnotra før uttransport og oppsetting.
Me bestemte oss for å ta utgangspunkt i eit eksisterande bygg for å lære meir om korleis dei eldre tradisjonelle takkonstruksjonane er utført. Når tradisjonsberarane er borte er det bygga sjølv som fortel best korleis dei er gjort, og dette innlegget tek for seg eit forsøk på forstå den logikken, premissa og vurderingane som ligg bak. I dette innlegget vil eg sjå nærare på korleis fellinga av åsar på sperrebukk og sperrer på åsar kan ha vore gjort.
Sperrebukkane:
I den originale takkonstruksjonen var sperrebukkane kanta på sidene og oppå og felt slik at oversida danna eit plan. Dette planet hadde same fall som taket. I dette tilfellet var det treungs røst. Sperrebukksolane var i samme høgde på alle samhalda (dobbel samhald i staden for samhald og pute), og sperrebukktåa like langt inn frå vegglivet/rafta på kvar side. Rafta var også i vater og like høg på begge sider. Oversida av sperrebukken låg omlag 10 tommar under overkant sperre/underkant tro.
Metode: Takkonstruksjonen vart slått opp med krittsnor på golvet i full storleik, og mal for sperrebukk vart laga. Sperrebukkane vart hogne ut etter malen. Det vart også teke mål på den oppteikna takonstruksjonen for å bestemme kor sperrbukksolen og tåa ville havne i samhald/pute. Desse måla vart overført og sperrbukksole og tapphol for sperrebukken vart hogge ut i samhald/pute. Sperrebukkane vart reiste og stiva av i lodd over samhalden.
Åsane:
I originalbygget var åsane runde oppå, og det såg ikkje ut til å vere retta. Det var naturleg overflate på åsen. Der åsen var grov var han felt litt ned på sperrebukken og i toppenden av åsen låg han ofte rett på sperrebukken eller så var det klossa opp litt. Dette fører til at åsen ikkje har ein eksakt dimensjon over sperrebukk heile vegen. Det vil variere litt ettersom kor rett åsen er. Dette fører også til at ein ikkje kan nytte ein sperremal med fast dimensjonering når sperrene skal på. Det var stort sett hogge ut av sperrene, men somme plassar var det også hogge av litt på oversida av åsen for å sleppe sperra lenger ned. (Dette kjem eg tilbake til)
Metode: Eg valde å legge opp åsane mot utsida av sperrbukken på samhalden. Dette er ei fin arbeidsplattform og ein kan merke breidda på fellinga på åsen direkte over frå sperrebukken. Åsane vart lagt med den rettaste sida opp. Dette vart gjort ved å sikte etter stokken og sjå kor han var rettast.
Sperrer:
I det originale bygget var sperrene fint tilpassa åsane med ein liten skulp hogge ut med øks eller ein liten kloss der sperrene ikkje låg nedpå åsen. Sperrehakket var i vinkel på takplanet og sperrene var ikkje dimensjonert i breidde gjennom sperrehakket i rafta. I det nye bygget er materialen saga, så difor var det naturleg å la sperrehakket vere i lodd. Det vart også gjort ei dimensjonering på breidda slik at sperrehakk og sperrer kunne lagast etter mal.
Metode: Overkanten av sperrene må danne eit plan slik at troet har eit jamt underlag og at taket blir rett. Sperrene vart retta på ei side. Denne flata dannar topp sperre-planet. Sidan åsane har er lagt på med naturleg overflate vil ein ikkje kunne dimensjonere sperrene på faste mål. Likevel skal dei danne eit perfekt plan 10” over sperrebukkplanet. Ved å spenne opp ei snor som simulerer topp sperre frå raft og opp til mønsåsen kan ein måle eksakt høgde frå snora og ned til åsane (på mønsåsen må ein spikre på ei mellombels lekt for å få festa snora i rett høgde) Denne høgda vert målt frå det høgaste punktet på åsen og i vinkel ut frå takplanet opp i snora. Possisjonen på desse høgdene bestemmast ved å legge på eit måleband frå sperrehakket og opp til mønsåsen og lese av.
Målebandet vart lagt på i sperrehakket (på sperra) og måla frå skjemaet førast på sperra. Ved å hogge uttaket i sperra slik at målepunktet og dimensjonen stemmer i midten, og at skulpen er litt større enn åsen vil sperra ligge fint på mot høgpunktet på åsen. Sperrene vart dimensjonert til 5” i breidda, og sperrehakket vart merka på med ein mal som gav fast dimensjon på 3” gjennom sperrehakket i rafta og fast mål på utstikk.
Når dei to ytterste sperrene i taksida er felt på plass valde eg å strekke snor mellom desse sperrene over kvar ås. Ved å måle ned frå desse snorene der som sperrene kjem samtidig ta lengdemål frå sperrehakket kan ein ta mål for alle sperrene på ein gong og skrive ned i skjema. Det skal då i teorien bli eit snorbeint plan mellom dei to ytterste sperrene. Så sant dei er rette vil også resten bli det. Kvar enkelt sperre vart hoggen ut etter mål og prøva på. Ved å sikte mellom dei to ytterste referansesperrene kunne ein sjå om sperra måtte sleppast lenger ned. Ca 7 av 10 sperrer passa perfekt ved fyrste prøving. Eventuell justering av gjort ved å hogge ut litt på leåsen for å sleppe sperra lenger ned. Dette vart gjort på augemål og sikta inn til det passa. Ein positiv effekt av å skrive ned skjema var at ein på førehand kunne plukke ut sperrer som passa til dei forskjellige måla og sikre at ein fekk nytta sperreemna best mogleg.
Det er kanskje tvilsomt at den originale takkonstruksjonen vart gjort på akkurat denne måten, men at snor og sikting har vore viktige i dette arbeidet er eg overtydd om. Det trengst som alltid meir undersøkingar og utprøving for å komme enda tettare på original framgangsmåte, men faktum er i alle fall at denne metoden opplevdes som relativt rasjonell og effektiv. Bruk av mal på sentrale punkt, mykje augemål og minimalt med justeringar.
Tekst og foto: Håkon Telnes Fjågesund
Det er kjekt at noen vil prøve seg på en arbeidsmåte uten faste mål eller tømring etter mal på slike bygg. Ofte ser vi på eldre bygg at det meste er et kaos utenom de kritiske punkta slik som toppen på sperrer, sperrehakket i rafta osv. jeg har og sett eksempel på at sperrehakka varierer på dybden, men er usikker på om det har med ombygginger å gjøre, eller bare en helt annen tilnærming til tømringen. Du kan se eksempel på ett slikt bygg på strilamaksel (badehuset i Skudeneshavn) der ente vi også opp med ett opplegg med snorer. I det tilfellet du beskriver her så er det jo også en mulighet med prøving og merking på plassen, tungvint? ja, men man får også merket for bredde på sperrehakk osv. Då ser jeg for meg at de også kan ha arbeidet med selve tilhuggingen oppe på plassen (stå på planker mellom åsene), men dette virker kanskje lite fagmessig. Det blir jo ett stort sprang fra dette og til arbeid på avbindingsplass, for eksempel på valmtak osv. En annen mulighet er at de kan ha brukt ett bord fra raft til møne med toppen av mønås og raftstokk som referanse, her kan en måle på en tilsvarende måte som du gjorde og merke på bordet for åsen. Dette ville i tilfelle forenkle prosessen noe.
LikarLikt av 2 personar
Å felle sperrer på åsar slik som dette er ikkje så uvanleg også i Troms. På torvtak er gjerne sperrene grov bak frå oppgangsaga og som går frå utom raft til mønsåsen. Åsane er nesten alltid runde oppå. Det vanlege er då å felle sperrene etter snor. Det kan hoggast noko ut i åsen, men det vanlege er at det berre er hogd ut på undersida av sperra (når denne er av grov bak). Eg har gjort dette saman med Arne Pedersen på fleire bygg og også gjort dette sjølv både på nybygg og på restaurering av eldre bygg. Eg trur faktisk ikkje eg klarar å kome på å ha sett (små)sperrer eller åsar som er hogd etter mal, eller faste mål, på dei eldre bygga eg har arbeidd med? Åsar som er retta er sjeldan å sjå på eldre bygg her hos oss, sjølv ikkje mønsåsen brukar å vere retta.
Også på åstak med ståande tro av rundstokk, halvkløyvingar eller bak frå oppgangssag er det høgst aktuelt å felle troborda etter snor på kvar ås. Dette kan vere noko arbeidssamt, men eg har tolka det slik på dei gamle bygga at det må ha vore gjort slik. Der ein har bjelkelag og loftsgolv er det veldig fint å stå på bord på loftsbjelkane når ein gjer dette arbeidet.
LikarLikt av 2 personar
Det vart vurdert ganske grundig korleis ein kunne få dette til på mest effektiv måte med minst mogleg stilas og enkle hjelpemiddel. I og med at bygget er ganske stort så var det å minimere handtering av tømmeret i takkonstruksjonen eit poeng. Sperrene var rundt 7,5m og relativt tunge å handtere. Me vurderte løysingane med malbord å måle ned frå, og også å felle sperrene direkte ned der dei skulle ligge. Noko av det som gjorde at me gjekk bort frå malbord med mønsås og raft som utgngspunkt var at mønsåsen ikkje er rett. Me hadde altså ingen referanse å legge bordet mot i toppen. Det var fleire grunnar til at me valde å ikkje hogge til sperrene på «plass», og det eine var at det krevde ein heil del meir stilasbygging/rigging for å komme til å arbeide på kvar enkelt ås, og det andre var at det ville gå mykje tid til handtering og prøving. På mindre bygg med færre og mindre sperrer kunne nok dette vere lettare å få til. Konklusjonen etter forsøket er vel i grunn at ein er avhengig av snorbruk på eit eller anna vis for å rette seg inn med sperrene. Eg tvilar kanskje litt på et dei skreiv ned skjema med alle mål, men det var ein stor fordel å ha skjemaet med seg når ein skulle plukke ut sperreneemne. Ein fekk ein veldig god oversikt som sparte oss for mange rundar med prøving og handtering.
LikarLikt av 1 person
Hei, kan jeg spørre hvilket grunnlag dere gjorde for dimensjoneringen? Hadde vært fint med litt tanker rundt dette.
LikarLikt av 1 person
Hei! Når det kjem til dimmensjonering og utforming er det teke utgangspunkt i takkonstruksjonen frå ei gamal brygge på omlag samme storleik som står i Aure kommune, Møre og Romsdal. Denne brygga vart sett opp på sin noverande stad i 1870-åra, men er nok ein del eldre sidan ho vart flytta dit. Det vart teke mål av dimensjonar på alle bygningsdelane i takkonstruksjonen og mest mogleg like materialar vart hogne og tilverka. Grunnlaget for dimensjoneringa er forankra i byggetradisjonen bygget er ført opp i. Dette bygget har stått på samme stad sidan 1870-åra, og stod også gjennom nyttårsorkanen i 1992. Då vart rektignok taket rive av, men konstruksjonen stod. Dimensjoneringa kan kanskje sjå noko slank ut, men slik ser også originalen ut. Sperrene er slanke, men veldig sterke då det er tilnerma rund stokk med heile fibrar i yta. Dette gjer også at sperra som kan bere tunge laster gjennom bøyging, og tåle store «sjokklaster» som sterke vindkast betre. Hadde ein lagt sperrer på samme dimensjon i firkantskore material ville bereevna og funksjonen vorte drastisk redusert, og konsekvensen er då sjølvsagt at ein må gå opp på dimensjon. Me prøva også å ta ut minst mogeleg i fellinga av sperra. Sperrene vart lagt på der dei passa best og fellinga vart gjort «rund» slik at det fekk god kontaktflate mot åsen. Det er vanskeleg å seie noko meir konkret om dimensjoneringa enn at ho er gjort etter tradisjonen sine prinsipp at materialkvalitet og val av tømmer er sentralt. Det er også verd å nemne at moderne dimensjoneringsberekning ikkje greier å ta inn over seg kompleksiteten av samspelet i slike statisk ubestemte konstruksjonar.
LikarLikar