Etter tips frå Erling Flem via Roald Renmelmo, kom eg over ein skottbenk i eit nedlagt snikkarverkstad på Valgermo i Ørskog kommune. Om ein tek av frå E39 på Ørskog mot Geiranger, er dette byggverket noko av det første ein møter på venstresida av vegen.
Lengde: 5,10 m, høgde: 71-72 cm.
Benken er laga av furu. Kilane er av bjørk. Det kan sjå ut som om mykje av emna i benken er rydd først og flidd med høvel. Det er ikkje alle dimensjonar som er presise og vinkla i 90 grader. Føtene er laga av tunge emne som er glatta med høvel. Det er variasjonar i dimensjonar og presisjon på kvar del. Her er verktøyspor etter kappsag, Sirkelsag, høvel og øks. Materialkvaliteten er jamnt over hurtigvaksen og kvistete.
Langborda ser ut som dei er i frå samme tre. Langborda er fulle av store kvistar på 2-3 » i diameter langs annlegsflata, alikavel er benken i dag høveleg rett.
Langborda er spikra i beinet, medan det lause langbordet kviler på ein bordbit som ligg laust i mellom sammhalda.
Høgde på langbord: frå 7,5″ til 9″, tjukne på langbord. 6 cm til 7 cm
Nederst er ein kraftig tung fot med 5” H. 6-8” B og L: 25” I foten står det bein, beina er 3 1/2″ x 4″, der ytterkanten er knekt. Foten har tappskuldre heile vegen rundt, tappen er sentrert.
Beina er haldne i hop av eit 1 1/2″ tjukt x 4″/ 5″ bord som er innfeld med svalehale og spikra med ein klippspikar i beina på begge sidene. Avstand frå undersida av foten og til oversida på samhaldet er 14″
I følge leiar i Norsk Skottbenk Union er det sjeldent å finne gamle skottbenkar med originale kilar.
Kilane som sto i benken er omlag 14″ lang og går frå 1″ til 3,5″ dei er bearbeid med øks, på sida av det lause langbordet er det spikra på ei list som kilen ligg mot, noko som verkar fornuftig så ein slipp å plukke opp kilen frå golvet heile tida.
Benken er no kjøpt og berga av byggefirmaet Br.Honningdal frå Vestnes.
Moro med en riktig røff og grom rettbenk med store kvister og grove kiler. Liker kilelisten i underkant. Den skal jeg kopiere.
LikarLikt av 1 person