Kva kom først, naglen eller nagleholet?

Sørveggen ferdig kledd

I forbindelse med at det nye stavbygget på Romsdalsmuseet skulle kledast var det tidleg klart at innfestinga skulle vere med naglar. Ca. 1500 naglar til tro, kledning, golv, skråband og stikkband. Trenaglar som det vanlegvis blir sagt no, for å framheve og skilje det frå spikar og spikring.  

Kledningsnagle frå ca 1850

Om ein kjem over original kledning festa med naglar oppleves det som noko spesielt, unikt og alderdommeleg. Spikaren har vore tilgjengeleg i nokre hundre år, men den representerte ei pengeutgift. Med nagling bruker ein den same råvara som bygget blir satt opp av, kappet kjem til nytte, og ingen kontante utlegg. 

Funn av nagle i nedrasa naust

Korleis ser ei trenagle ut? Som oftast ser ein berre naglehovudet på utsida av kledninga, spissen inne om det er nagleband eller endeved i golvnaglar. For å danne seg eit bilete korleis naglen ser ut må ein enten demontere, dra eller slå den ut. Variasjonen er stor. Nokon har tydelege hovud, runde eller firkanta, hovud med avsmalande fasong, hovud som går jamt ut, eller at det ikkje er hovud. Halsen, det området rett under hovudet som går igjennom kledninga varierer og, anten som runda overgang, eller rett kvadratisk overgang eller ein jamn kon overgang til naglens “kropp”. I kroppen er dei enten rette og jamntjukke eller jamn kon. Tendensen pekar mot at det er vanlegare med jamntjukke enn overtydeleg kon. Og naglen har gjerne fått fasong komprimert etter holet. I enden er naglane spissa. Inne ser ein ofte at bygningsmennene ikkje har tatt seg bryet med å kappe reint. Då får ofte naglane funksjon til opphengskrok. Ein finn og eksempel på at naglane er åretta, dvs, at ei kile er slått inn i enden inne og sikrar naglen for å vandre ut att. Dette ser ein gjerne i dører.

Årette nagle på innsida av orved/ labank

Og korleis ser nagleholet ut? Det var gjerne navaren som var redskapen for å ta hol. Den borar eit konisk hol om ein gir seg med boringa nett der skjæret sluttar. Holet dannar ei stigning som tilsvarer kilvinkelen på ei standard kile ein får kjøpt på byggvarehandelen, eller som kilen på ein høvel dvs, 6-9 grader.

Naglehol med kompresjonfasong?

I kledningsbordet er det gjerne tatt vekk litt ved som fasongen på hovudet, eller at holet tar fasong når naglen blir dreve inn. Målet er å unngå at bordet sprekk, så det er gjerne lagt litt meir arbeid i hol nære endeved. Om naglen skal årettast, kan  holet på innsida utvidast noko for å gje plass når åretta blir dreve inn og naglen utvidar seg. Åretta skal stå på tvers av lengderetninga for ikkje å kløyve naglebandet eller orveden i dørblad. 

Av dei eldre naglane som er observert er dei aller fleste heilt klart smidd i furu. Unntaket er naglar i bjørk i skråband i stavbygde hus, der er dimensjonen langt større gjerne 2 tommar. 

Naglemaking  

Dimensjonen på naglen er gjerne noko mindre enn tjukkelsen på bordet det skal igjennom, men det er navaren ein har tilgang på som bestemmer. Har ein ein trekvarttomsnavar (19mm) er det utgangspunktet. Velg ut gode tettvaksne bordbitar med al, gjerne så nær rota som muleg. Klyv så emner i høve dimensjon som hovudet skal ha, med mest mogleg kantved. Noko tynnare på eine sida så ein har emne på omtrent 22x24mm. Så er det med tollekniven å spikke til fasongen som etter navaren. Då er det godt å ha ein mal å sjekke emnet i undervegs i spissinga. Det er no ein legg inn den lille overgangen mellom kropp og hovud,- halsen. Det er den som held bordet på veggen. Ein tek også vekk kvasskantane så ein får åttekanta tverrsnitt. Hovudet får sin fasong, og det er ein fordel å få runda endehjørna, så hovudet ikkje sprekk når ein slår naglen inn med hammaren. Endeleg lengde kan kappast på veggen når naglen er i.

Haulaust 

Nagle plukka ut frå trobord

Naglane i tro og golv er laga på ein litt annan måte. Dei har ikkje hovud, og blir kappa og klyvd etter dimensjon og lengde på navaren sitt skjær. Fasongen er som koninga på navaren, men smidd i firkant og ein tek kvasskantane vekk og spissar enden. Eine sida litt tynnare så det ikkje sprengjer. Også her er det ein fordel å runde enden som det blir slått på, eller om ein då heller velgjer å bruke ein smihammar med litt runda slåflate. Golv og takåsar har større dimensjon enn kledningsband, og ein borrar seg ikkje igjennom, kun så djupt som navarskjæret. I holet sparrar ein ut eit firkanta snitt som etter naglen, då sprenger det ikkje, og ein unngår klyving.  

Før ein sett i gang slike prosjekt, studerer ein gjerne i litteraturen og faktaark frå Riksantikvaren, og prøver gjerne ut skulemodellen på ein del emne, tettvakse feit kantved på tvers i holet, og ser at ja, dette fungerer. Så er det å sjå etter i lokale bygg som har bevarte naglar for samanlikning, og ein oppdager ein flora av variasjonar av naglar. Det er som om kvar bygning og bygningsmann har sin signatur. Det er kantved, motved, småkvist og utflising, korte og lange, runde og firkanta. Kort sagt i alle variasjonar. Det har vore nytta det som har vore tilgjengeleg, og kanskje sortert etter bruksområde. 

Når ein har fått arbeid litt med nagling over tid, med eit visst volum, og danna seg nokre erfaringar med å prøve ut dei nysmidde naglane, vil ein merke kva som fungerer, kva som tåler slag, kva som dreg godt, kva som sprekk, kva som ser bra ut, og umerkeleg har ein fått sin eigen signatur, påverka av det skolerte og dei lokale variantane, men mest eigne feiltrinn.  

Så heng dei vel i hop desse to, naglen og nagleholet.

Nova får seg eit fastnagla novbrett

Kjelder: 

L. Stokke: Hus og husbygging i Romsdal, 1937/1997  

Riksantikvaren, faktaark, Trenagler i bygninger, 2009 

Forfattar: oyvindvestad

Handverkar ved Romsdalsmuseet

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s