Mang en gang har jeg etter en fuktig og lystig kveld i Lysebotn`s mørke bakgater vandret ustø hjemover og stirret utover på en blikk stille fjord og følt et ondt blikk stirre tilbake på meg fra der ute i mørket en plass. Noe mystisk og stort som holder til i dypet av Lysefjorden. Jeg har kun sett konturene av skapningen og i forbindelse med at vi skal skrive blogginnlegg angående hva vi har lært på årets læringsarena tenkte jeg at dette måtte være en ypperlig anledning til å forme konturene av det jeg har sett der ute i mørket til en funksjonell høvelkrane.
I forbindelse med at det nye stavbygget på Romsdalsmuseet skulle kledast var det tidleg klart at innfestinga skulle vere med naglar. Ca. 1500 naglar til tro, kledning, golv, skråband og stikkband. Trenaglar som det vanlegvis blir sagt no, for å framheve og skilje det frå spikar og spikring.
Kledningsnagle frå ca 1850
Om ein kjem over original kledning festa med naglar oppleves det som noko spesielt, unikt og alderdommeleg. Spikaren har vore tilgjengeleg i nokre hundre år, men den representerte ei pengeutgift. Med nagling bruker ein den same råvara som bygget blir satt opp av, kappet kjem til nytte, og ingen kontante utlegg.
NTNU Tradisjonelt Bygghåndverk har som tema for året «snekring» og da var det nærliggende å lage en eller annen oppbevaring for verktøyet. En av oppgavene i årets læringsarena på Vestlandet var å lage et verktøyskap/ kiste. For meg som jobber hovedsakelig på verkstedet, falt valget straks på et verktøyskap hvor alt verktøyet mitt skal finne plass. Konstruksjonen skulle inneholde tradisjonelle forbindelser, og da var det ganske fort klar at sinking var en stor del av oppgaven.
I Lysebotn innerst i Lysefjorden finner man også andre ting enn bratte fjell og fjord. Lengst oppi dalen har en høvelbenk stått og støvet ned i en fuktig og mørk kjeller de siste 60 år. Eieren av benken kan fortelle at det var hans far sin benk og at faren (1907-1974) jobbet som snekker og brukte benken aktivt i sitt virke som snekker i Lysebotn. Eier kunne også fortelle at faren hadde snekret blant annet møbler som fortsatt var i bruk. Benken har med andre ord mest sannsynlig blitt brukt til finsnekring av møbler og diverse andre ting som det måtte ha vært bruk for innerst i Lysefjorden. Da fjorden skaper et naturlig skille mellom fastlandet og veiforbindelse ut til den store sivilisasjonen ikke var påtenkt enda, var det ikke bare å springe ned på Ikea for å handle stoler til spisebordet. En høvelbenk må da ha vært et «must» for å produsere ting man trengte på en ganske så isolert plass.
Sven og Ivar har laga vindusrammer med veileder Atle Østrem. Han tok utgangspunkt i originale vindauge frå midten av 1700-talet på bryggen i Bergen. Foto: Henrik Jenssen
I tradisjonsfaglig fordypning har studentane samlingar med praktisk arbeid der dei får fordjupe seg i ulike spesialområde innan handverket. I førre veke var vi samla på Voss i snikkarverkstaden i lokala til Vestnorsk kulturakademi. Bygningsvernsenteret på Vestnorsk kulturakademi er også læringsarena for studentane som er knytt til Hordaland. Samlinga er den fyrste vi har lagt til denne læringsarenaen. Vi prøver å spreie samlingane slik at studentane får høve til å bli kjent med flest mogleg av læringsarenaene.
Henrik høvlar innvendig fas på sideramtre til vindusramme.
Høving av sprosseemne.
Ivar med materialane til sitt vindauge.
Grindsagene til Sven.
Sven i arbeid med å høvle material.
Jostein med sitt vindauge.
Spesialutstyret Thor-Aage hadde med for høvling av sprosser.
Georgios høvlar ramtre.
Thor høvlar sprosser
Samansetting av ramme med sprosser.
Sven prøver ut rundsaga til å fjerne material frå karmsink.
Rundsaga i bruk.
Pål, Peter og Georgios arbeider på den nye høvelbenken til Trond.
Hogging av sliss i ramtre.
Tema for samlinga var snikring av vindauge med handverktøy og tradisjonelle arbeidsmåtar. På samlinga hadde vi med Thor-Aage Heiberg, Atle Østrem, Roald Renmælmo og Trond Oalann som veiledere. Thor-Aage underviste si gruppe i å lage vindauge med utgangspunkt i verktøy og vindauge frå Evjen i Melhus. Atle underviste si gruppe i å lage vindauge med utgangspunkt i vindauge frå midten av 1700-talet frå Bryggen i Bergen. Roald og Trond leidde sine grupper i å lage vindauge med utgangspunkt i dokumentert arbeidsmåte frå snikkaren Sjur Nesheim og gamle vindauge frå eit hus på Sunnmøre. Studentane starta opp med 2″ plank som vart delt opp i høvelege lengder til vindauget som kvar student skulle snikre. Vidare vart materialen splitta opp med breisaga, ei grindsaga med langt bredt blad med langvedtanning. Arbeidsmåten for dette er basert på dokumentert tradisjon etter snikkaren Sjur Nesheim frå Granvin. Vidare fekk dei grovsaga emna tørke over natt og vart høvla til rette, i vinkel og dimensjon neste dag.
Magnus arbeider med si vindusramme. Foto: Henrik Jenssen
Henning justerer ramma. Foto: Henrik Jenssen
Per Steinar med si vundusramme. Foto: Henrik Jenssen
Henrik sitt vindauge. Foto: Henrik Jenssen
Magne sager sinkane i karmen. Foto: Henrik Jenssen
Magne sager sinkane i karmen. Foto: Henrik Jenssen
Magne hogger ut sinkane i karmen. Foto: Henrik Jenssen
Magne hogger ut sinkane i karmen. Foto: Henrik Jenssen
Atle og Sven prøver ramma i karmen. Foto: Henrik Jenssen
Thor-Aage med vindauget sitt. Foto: Henrik Jenssen
Sverre merker på karmstykket sitt. Foto: Henrik Jenssen
Ivar med si vindusramme. Foto: Henrik Jenssen
Henning med høvelen sin. Foto: Henrik Jenssen
Sven og Ivar med sine rammer i karmen. Foto: Henrik Jenssen.
Å snikre vindauge med handverktøy er ikkje nokon enkel oppgåve. Å snikre vindauge var frå gamalt av noko av dei meir avanserte innan snikkarfaget. Her skal ein felle saman ganske smekre emne med tapp og slitt og låse dei med nokre 5 mm tynne trenaglar. Rammer og sprosser må også kunne stå ute i ver og vind utan å få skadar for fort. Dei må tole fuktforandringar utan at samanføyingane vert svekka. Studentane fekk ei innføring i arbeidsmåtar og verktøy i dette arbeidet. Dei fekk også ei innføring i systematikken som er nødvendig for å få slikt arbeid til å flyte godt og få eit sikkert resultat. Det krev meir øving for å bli sikker i dette arbeidet og det håpar vi studentane får høve til i sitt arbeid på læringsarena i vårsemesteret.