Som student ved Tradisjonelt Bygghåndverk ved NTNU ramler man hele tiden inn i forskjellige gamle håndverksteknikker. Noen ganger prøver man seg på tilsynelatende ukompliserte ting, som ender opp som en lang spørsmålsrekke med antakelser og erfaringer. Andre ganger blir det som virket så komplisert, forbausende enkelt når man ikke prater så mye om det, men heller bare gjør det.
Noen av oppgavene vi har hatt denne vinteren henger sammen. I høst lagde jeg min egen skottbenk, og rundt juletider var tiden kommet der vi skulle høvle 70 m2 gulvbord til råbygget som vi satt opp i fjor på Lærearena Stiklestad. Utpå vinteren lagde jeg mitt første sett med gulvploger, deretter fikk jeg prøvd ut disse og sammenlignet med lignende høvler.
Berre for nokre år sidan var det ikkje funne skottbenk i Valdres. Eg var i kontakt med bygningsvernrådgjevar Odd Arne Rudi på museet på Fagernes, sidan han er mykje rundt på gardar i Valdres. Kanskje hadde Rudi kome over ein slik benk på nokon av sine mange synfaringar? Han kunne opplyse om at skottbenk var ikkje noko han hadde sett i dalen. Nedtur. Vi vart enige om at han skulle halde ein ekstra utkikk etter ein slik benk. Det gjekk vel eit år, innan eg tok telefonen på ny og høyrde om han hadde kome over noko som kunne likne ein skottbenk, men svaret var det same som sist.
Dagen etter denne telefonen, ringer Rudi meg tilbake med nyheita om at han har funne ein skottbenk i Ulnes. Skøtbenken var då reoppdaga i Valdres.
Seinare fekk eg informasjon om ein «trefoting» i Etnedalen. Til alt overmål fann Rudi også benken som denne bloggposten handlar om. Arkivet til Valdres Folkemuseum er enormt stort, mykje befinn seg i samlinga. Klemt mellom eit treskeverk, ei rekkje spissledar og ein laftevegg vart benken oppdaga. Benken har ikkje noko registreringsnummer og var difor ikkje å finne i det digitale arkivet.
Oppmåling av skottbenk på Eidsborg, Vest-Telemark Museum
Denne Skottbenken blei funnet av Martin Eriksen og Trygve Lia på Suigard Tveiten i Grongedal (Haukeli). Eigar av benken er Svein Henry Ekre.
Då benken blei funne, hang den på ytterveggen av eit middelalderloft og såg ut til å ha hengt der ein god stund. Middelalderloftet har vært malt og det har dei gjort uten å ta ned skottbenken frå veggen, så då har den også fått seg eit strøk med brunmaling. Dei har til og med gjort seg flid og mala inn mellom langborda. Når dei tok benken ned kunne ein sjå avtrykk av benken på veggen. Eit slikt avtrykk kunne vel i seg sjølv tiltrekt skodelystne skottbenktilhengarar.
Her ser vi Skottbenken der den hang på veggen. Martin Eriksen (bildet) var ein av dei som fann benken
Studentene ved Tradisjonelt bygghåndverk ved NTNU i Trondheim har høsten 2020 hatt i oppgave å finne og dokumentere en skottbenk eller en høvelbenk i sine respektive hjemmeområder. Jeg (John Ryen) fant en hjemme på gården. Gården heter Jopålsagården og ligger i bygda Narjordet, Os i Østerdalen. En gård fra ca. 1669. Denne skottbenken er av nyere tid. Jeg så en innriss der det stod 1905 på skottbenken. Det er ikke noe gammel benk, men dog en fin benk. Det er trolig John Johnssen Ryen (1872-1957) som bygget denne skottbenken. Han var tømrer og har bygget opp huset på Jopålsagården (bruks nr. 9).
Baksida av benken, med skruene og det løse langbordet.
Denne skottbenken er i dag i samlingen ved bygdetunet Ner- Killingberg i Leksvika på nordsiden av Trondheimsfjorden. Benken er tidligere omtalt av Lars Asdøl og Dyre Bystad på Norsk Skottbenk Union sine sider tilbake i 2014, men ble ikke detaljert oppmålt den gangen.
Siden jeg nå var på jakt etter en god skottbenk som grunnlag for å lage en ny, funksjonell benk, startet jeg min personlige reise inn i skottbenkens mytiske form og funksjon akkurat her. Og når jeg nå reiste dit og fikk studere benken, fant jeg akkurat det jeg lette etter; en praktisk, funksjonell benk med solide detaljer som likevel framstår som nett og fin, akkurat en sånn jeg hadde lyst til å bygge. Dermed ble min personlig reise denne gangen redusert til en fergetur over fjorden.
Benken ble i sin tid gitt til bygdetunet på Ner- Killingberg, og den ble da merket «Albert Penna Skåtbenk». Penna er navnet på en gård som ligger midt i Leksvik. Gjengesnittet og tappen som kan ha blitt brukt for å lage selve skruene fins også ved museet. Denne er merket N P D 1874.
Benken ble funnet ved en befaring av låven på Engeli i 2015.
Låven hadde sterkt fremskredet forfall og jeg var der for å vurdere tilstand og lage en rapport for å søke midler til istandsetting. Det viste seg at dette ble et urealistik prosjekt for eier, og låven ble av sikkerhetsmessige grunner revet.
Det er ikke kjent at det har vært utøvende håndverkere på gården ut over til eget husbruk. Det kan nevnes at det var smie på bruket. Historien til benken er dermed usikker, men det er ikke usansynlig at den kan ha blitt brukt da huset på gården ble bygget i ca 1875.
Denne skottbenken tilhører Egge Museum og har stått som utstilling i masstua deres. Den er tidligere dokumentert av Kai Johansen og grunnen til at jeg også dokumenterer den er for jeg skal lage en kopi.
På vestlandet er ein kjent med vått og vindfullt klima. Dette har det vore teke omsyn til gjennom tidene ved oppsetting av hus. Som oftast er eine endeveggen orientert mot den dominerande værretninga, og gavlveggen er ein del av ei sval/ skåle eller eit skot. Svala beskyttar tømmeret til huset, og blir å sjå på som ein slitedel. Ein kjem då unna med å kle den minste veggen til huset. Ein ser og at tuna er orientert i rekke slik at husa “tek av” for kvarandre.
Sangarstemne i rekketunet. Romsdalsmuseets fotoarkiv.
Hammervollstua frå Eidsvåg i Langfjorden er eit langt todelt hus. Eine delen er ei alderdommeleg årestue med eldstad midt på golvet og ljore i taket. Den andre delen er ei tømmerstue bygd 1822 med gang, kove og kammers. Eldstaden er ein peis i eine hjørnet med skorsteinspipe. I kvar ende på huset er det skåler/ skot.
Teikningar frå Romsdalsmuseets arkiv.Familien Hammervoll. Romsdalsmuseets fotoarkiv
Huset blei flytta til Romsdalsmuseet i 1927/28. Seinare blei både løa og stabburet flytta, og dannar i dag eit firkanttun, der langveggen på stua er vervegg mot vest! Nesten alt av vind med regn kjem frå vest- sørvest. Tømmeret rekk nesten aldri å tørke opp i mellom regnbygene, så museet har sett seg nøydd til å kle opp veggen for å ta vare på det originale tømmeret.
Vått tømmer i veggen.
Å kle eit museumshus som aldri har hatt kledning byr på ein del spørsmål. Kva er tidsriktig, korleis er vindusomramming, materialvalg, overflate, profilar etc.?
Det blei sett på ein del eldre originale hus i Romsdalregionen for å ha som grunnlag til eit val. Ståande tømmermannspanel i furu med bredder etter stokken med høvla overflater og profil i sida på påbordet går igjen på tidstypisk 1850 stil.
Kledningsprofil frå Vorpeneset, Langfjorden
Det blei fellt nokre furutre på museumsområdet, og dei blei saga til ukanta tomsbord og la dei på granstrø til tørking ein luftig stad. Etter tørk blei kantane skore rein for geitved, og margsida som er yttersida høvla med okshøvel. Deretter blei borda sett i skottbenken, https://skottbenk.com/category/geografisk-plassering/noreg/more-og-romsdal-noreg/fraena/ kopi av Lømyrbenken som var ordna i anledninga ,ogretta med skottoksen, og tilslutt blei det profilert ein kvartstaff med kant.
Før arbeidet på veggen starta blei det satt opp eit stillas eit stykke frå veggen med presenning over frå takskjegget for å kunne arbeide nokonlunde tørt og få sleppe å få ufsedråpen i nakken.
Retting og lekting
Veggen er lekta med noko oppretting. Lektene er skore ut av ein plank til 2×5/4 toms i rein alved. 5 kvart dannar god lufting bak kledninga og for tømmeret. Underliggerane ved skilleveggsnover, dør og vindu var dei første borda som blei montert. Så var det å leite fram og sortere passelege breidder og få det til å gå opp i dei ulike felta med både underliggar og påbord, og ta hensyn til rot og topp. Innfestinga er Mustad 4 toms svart bygningsspikar, ein midt i underliggaren, og to i påbordet i kvar lekte.
Innfesting med svartspikar. Spora etter sirkelsaga er vanskeleg å høvle vekk nære kvisten.
Det ferdige kledde huset framstår med eit anna uttrykk enn tidlegare, men ein kan tru at stilen som er valgt med alfuru som skal stå ubehandla og bli vergrå peikar imot noko som kan opplevast som tidsriktig. Og ikkje minst med desse milde og våte vintrane er det godt for tømmeret å få god lufting og tørke opp.
Huset ferdig kleddDei ulike bredden på borda skapar liv i veggen.
Om ikkje anna er nemnt er foto/ film ved forfattar.
Rettbenken på gården Søre Risteigen. Foto: Ivar Jørstad
I Veggli i Numedal ligger gården Søre Risteigen, en riktig gammal gård står det i Rollag bygdebok. Man antar at Risteigen har blitt delt i to allerede før svartedauden, så Søre Risteigen har en over 650 år lang historie. Gården har en stor tømmerlåve, og der inne står benken jeg har vært og sett på. Da jeg ringte nåværende eier, Berit Mogan Lindheim som har vokst opp på gården, og spurte om å få komme på besøk, kalte jeg benken for skottbenk. Hun må ha skjønt hva jeg mente, for hun kommenterte det ikke noe da. Men etter at vi hadde hilst på tunet, og jeg ble vist plassen den sto, gjorde Berit meg oppmerksom på at der på gården kalte de den for en rettbenk. Hun visste ikke noe spesielt om den, men den hadde stått der så lenge hun kunne…
Me er komne til siste dagen på denne studiesamlinga. No nermar fleire av benkane seg ferdige, og me har hatt ein gjennomgang av korleis ein strykebenk artar seg i bruk.
Strykebenken skal fungera til å retta kanten av eit bord. Ein får retta både vinkelen på kanten av bordet, og linja i lengderetningen på bordet, i same operasjonen. Ymse profilering og pløying kan takast i same slengen i tillegg. Benken må vera heilt korrekt, med heilt rette langbord, skal dette fungera.
Dersom ein med det same ønskjer å høvla plog og pinn (not og fjør) på golvbord til dømes, stillest det også høge krav til bordet ein høvlar. Det lyt vera heilt plant på oppsida, som vert den sida ein skuvar landet på høvelen mot sidevegs når ein høvlar i strykebenken. Baksida (undersida av eit golvbord) derimot, er det ikkje så farleg med. På gamle golv er dei oftast dimensjonert på tjukkelse kun på dei punkta dei ligg nedpå ein golvbjelke. Denne dimensjoneringa er gjerne gjort med øks dersom det er mykje som skal takast av, eller ein høvel (til dømes ein grubhøvel (skrubbhøvel)) dersom det er mindre material som må vekk.
Når golvet er rett og bukkane er rett, kan Kai bruka vateren til å sjekka vinkelen på langborda sine.
Langborda vert finjustert.
Langborda klemmer me heilt ihop når me justerer dei.
Kai har eit prøvebord i benken sin.
Ved å prøva å stryka ein bord i benken, og leggja dette opp på langborda, ser Kai kor det enno er skeivheiter.
Kai og Magnus legg i eit bord for å høvla plog i eit golvbord.