Reising av grindbygg på Sunnmøre

Eine veka av læringsarenaen var eg heime på Sunnmøre og arbeidde for Kåre Løvoll og firmaet Byggtrad. Løvoll as. Vi skulle reise eit grindbygg vi hadde lagd delane til tidlegare på året. Grindverk er ein gamal byggjeteknikk som er mest utbreidd  på Vestlandet. Byggjeskikken har vore mest vanleg i naust og låvar. Grindbygg er ein lett og luftig stavkonstruksjon, som egnar seg til bygg utan behov for varmeisolering. Vi skulle reise byggjet utanfor verkstaden, berre som ein åpen konstruksjon, for å ha eit tak å arbeide under til andre prosjekt. Så mykje som det regnar her på Vestlandet er det svært nyttig å ha…

Grindbygde hus har to eller fleire grinder etter kvarrandre på tvers av lengderetninga. Storleiken på byggjet vårt er slik at det var passeleg med tre grinder. Ei på midten, i tillegg til sideveggane. Ei grind består av to stavar som knytast saman med ein bete, eller tverrbjelke, og eitt eller to skråband. Bygget vårt er såpass stort at vi brukte to skråband. Både krumvekste og rettvekste skråband forekjem. Vanlegvis brukar ein rotenden av ein stokk, eller overgongen frå stamme til ei solid grein. Skråbanda våre er laga av bjørk, medan stavane og og betane er av fure. I tradisjonen er skråbanda festa med trenaglar, men vi velgte å jukse litt og bolta dei saman.