Under samlinga i tømring i Bardufoss i februar var ei av oppgåvene tømring av 2 stk. prøvenover med utgangspunkt i novene frå stabburet på Eggen gard i Bardu.

Under dokumentasjonen og prøvetømringa av nova, synte det seg etterkvart at dei tre medlemmane på gruppa hadde noko ulike innfallsvinklar på arbeidet. Det vart ei lite tema i seg sjølv. Medan Henrik med sine arkitektgener teikna nova i ulike vinklar ut i frå våre observasjonar, så var Jens oppteken av å måle opp faste stader i kvar enkelt nov i kvart omfar i den nova vi studerte i andre høgda av buret.
Eg valte å fokusere på fotografering kombinert med å forsøkje å sette meg inn i korleis ein kunne sjå spor etter framgangsmåten i tømringa i den originale nova. Eg prøvde på eit vis å memorere den tredimensjonale nova, ut i frå å studere den og tenkje prosess for å få hogd dei ulike elementa. Samstundes tok eg nokre få mål, for å sjå etter mønster og faste dimensjonar i nova, men eg la lite vekt på detaljert oppmåling.

Vi fann få tydelege faste mål, og såg ikkje noko som tydde på at tømrarane på sluten av 1700-talet var opptatt av å gjere kvart enkelt omfars nov svært lik den førre.

Sjølv om novene særleg i andre høgda i dag er svært opne og luftige, skyldas dette nok over 200 års hard medfart av vær og vind. Eg oppfattar novene som svært godt hogne, og dei har nok opphavleg vore tette og fine å sjå til. Mitt inntrykk på synfaringa var og at dei såg ut til å vere som skapt for å formas med øks, og da kanskje berre med ei eller to for handa.

Spor i kinningane tydar på at i alle fall ei øks som er bruka i tømringa hadde ein eggbreidde på om lag 4 norske tommar, ei slik øks kan nok i utgangspunktet vere tilstrekkeleg for å forme heile nova. Å ha ei noko smalare øks i tillegg ville nok vere greitt, men vi såg ikkje sikre spor etter dette.

Denne nova er nært i slekt med tradisjonen frå Østerdalsområdet. Den kan kanskje beskrivas som ei form av østerdalsnov med tilnærma midtstilt femkanta hals og v-forma overhogg og tilsvarande spiss barke. Kinningane er hogne med ei nokså jamn lengde, omkring 4-5 tommar.

Her er mitt forslag til framgangsmåte ved tømringa av denne nova, ut i frå observasjonar av originalen og tre dagar prøvetømring.
- Hogge kinningar og overhogg i understokken.
- En mulig veg kan vere å først hogge inn eit skår midt i der kinningane skal møtast. Dette er og midt i understokken, så det er greitt å sikte etter midten av den. Om ein hadde slått ei midtline på stokkane med sotsnor på førehand, ville det gjøre det lett å sikte inn midten av kinningar og overhogg. Skåringa gjør det lettare å hogge kinningane, og ein har midten av kinningane og botnen av overhogget klart for seg.
- Kinningane trur eg ein tek etter det mål ein har bestemt seg for, og bruker deretter kinningane i stokken under som førebilete. I runde stokkar med noko varierande dimensjon vil kinningane nok kunne bli noko lengre på større stokkar. Om ein da ikkje ryr dei kraftigaste stokkane ned til passande dimensjon på førehand. Tømmeret i stabburet her var temmeleg jamntjukt, men dei grøvste stokkane var rydd inn til omkring same dimensjon som dei grannare stokkane.
- Etter å ha hogge ut kinningane hogger ein ut overhogget, eit v-forma skår. Breidda på dette er eg litt usikker på korleis ein lettast bestemmer. Vi fant at ein måte er å ta det litt smalare enn breidda på overstokken, så ein er sikker på at ein ikkje havnar utafor stokklivet med underhogget. Djupna på dette varierte mye, men låg nok oftast innafor 1/3 av stokkhøgda.
- Førebu overstokken
- Her er det vanskeleg å vite kva for operasjon som har gått først. Ein løysning som eg syntes fungerte greitt var kappe stokken i rette lengda, og så bestemme kva side om er opp. Denne sida legg ein så ned, og merker opp midtline i endane med loddfjøl, og ein merker og opp dimensjonen på hovudet. Det er og god hjelp i å snorslå undersida etter midtlina. Novhovudene er hogne rette på stabburet. Sidan stokken er kappa i rett lengde, kan ein bruke eit fast mål frå novhovudet og inn til senter av nova. Så høgg ein kinningar ut i frå sentermålet frå enden av stokken, og så forma på novhovudet. Alt dette før stokken har vore lagt opp i veggen.

- Felle stokken til medraging
- Ein legg så stokken opp i veggen, i overhogget i understokken, i lodd og rett plassert i lengderetning.
- No kan ein med passar måle opp avstanden ned til stokken under, og så bruke passar til å stikke opp både underhogget, og kor underkant av barken kjem.

- Så snur ein stokken, og hogger ut underhogg og barke. For å finne breidda av barken mot halsen, kan ein bruke passaren som klave og måle breidda på overhogget den skal ned i.
- Etter dette skal stokken i teorien falle ned og bli klar til médraging. Men etter eiga erfaring kan det hende ein blir nøydt til å finjustere litt for å får den på plass…
- Médraging
- Når stokken er komen så godt som ned til den under, kan den médras. Det gjekk å bruke same médragsjarnet til både å médra mellom stokkane og i kinningane. Men médraget vi hadde var ikkje heilt optimalt, og skulle ha hatt ein annan slip og vinkel.
- Etter medraging høgg ein ut mosefaret, og ein høgg til streken i underhogget. Ein må og ta tilsvarande médragsmålet på barken. Så skal forhåpentlegvis stokken falle på plass.

Verkty ein treng:
- Øks(er). Vi brukte i hovudsak ei lita bile som var omkring 12 cm bred, samt ei skogsøks/ smaløks.
- Loddefjøl (gjerne tilpassa breidda ein ønskjer på novhovudet)
- Passer
- Tommestokk (eller ein pinne med faste mål)
- Médrag
- Sotsnor
Per Steinar J Brevik 18. 3. 2016