Grindbygging

Om oppdraget

I desember  2015 fekk eg og Torgeir Leivdal i oppgåve å byggje eit grindbygg til ein kunde. Kunden var frå Sunnmøre og ville ha eit grindbygg slik han kjende dei. Bygget skulle bestå av to grinder med ei lengde på 4,2 meter og bredde på 2,8 meter. Utover dette fordelte vi 5 sperrepar. Vi nytta fotodokumentasjon av ymse bygg frå Sunnmøre som grunnlag for ulike val i konstruksjonen. Oppdraget gav oss høve til å eksperimentere med to problemstillingar i arbeidsprosessen.

1.  Kvar i bygginga høver plaseringa av skråbanda på innsida i bygget heime, før eller etter at bygget vert røyst?

2. Kvar i prosessen vert samanføyninga mellom raft og bete utførd, tømra i hop på bakken eller tømra i hop i «lufta»?

I dette innlegget beskriv eg arbeidsprossessen med bygget og kva løysningar vi valde.

FOTODOKUMENTASJON

I februar 2016 gjekk eg og Torgeir i skogen for å hogge emne til dei ulike delane.

Vi hogg:

4 stk stavar: Bjørk og Furu 8-10” rot. Lengde på 2,1 meter.

2 stk bete: Bjørk/furu 8-10” rot. Lengde på 3,2 meter. Mest mogleg kuv.

2 stk Raftstokkar: Furu 11” rot. lengde på 4,5 meter. Rettvokst, lite kvist.

8 stk Skråband:  Bjørk, Hockeykøllefasong.

10 stk sperrepar: Bjørk og Furu.

12 stk spikerslag: Bjørk.

Raft

Rett og tettvakse emne, lite kvist, nærast mogleg dimensjon, raftstokken vart rydd til 4,5″ tjukna.

Bete

Betane var av furu og bjørk. Desse rydde vi til 4,5”  tjukna. Vi plukka tre med eindel kuv.

Sperrer

Sperrene var i bjørk og furu. Vi plukka små understandera av furu og noko bjørk, nærast mogleg ferdig dimensjon.

Spikerslag

Bjørk. Her var det lengder og dimensjon som var viktig. Vi rydde ei side slett.

3

Skråband

Skråbanda vart plukka etter krok og dimensjon. Det var lett å finne bjørk med rotsleng i litt bratte skråningar, truleg har dei blitt pressa i fasong av snøen i frå ung alder av.

På større bygg er det ofte dobble skråband, men mindre utløer er det ofte enkle. Skråbanda  rydde vi meir etter fasongen. Det var utfordrande å halde desse krokete emna stødige under rying,ymse festemåtar vart prøvd. t.d: fleire haldahaker, å kile dei fast i eit spor. Jekkestroppa synest eg fungerte best. Det kunne vore intersannt å vite korleis detta vart gjort av ein handverkar på 1800 tallet.

Naglar

Dei var klyvd ut av nokre tørre vedkubbar av bjørk, spikka 8 kanta og med 8 kanta hovud.

Stav.

Vi nytta rotstokkar og andrestokkar. Det viktigaste var at vi hadde nok dimensjon til stavøyra. Vi merka opp halsen i rotenden. Rota la vi opp i klauen på stavane, viare rydde vi dei på 2 sider. Innsida og utsida rydde vi etter fasongen på staven.

Vi starta med å merke retninga og antatt djubde på stavøyra, 4″ bredde og lengde etter høgda på rafta og beten. På dei stavane som hadde ein del fasong i seg, nytta vi ei snor som referanselinje for å kontrollere at klauven kom  høveleg i senter. Til å ta ut veden i klauven, borra vi oss hol i botn og hogg oss gjennom med smaløks. For å justere flatene i veggane på klauven nytta vi ei stikkøks. (modell frå Osterøy, Hordaland.)

9

Vi rigga oss til på eit plant underlag, der la vi ut stavane og definerte lengda på bygget. Vi la stavane med “utsida” ned og felde rafta ned i stavane, motsatt av det eg har lærd frå kurs i grindbygging i Hordaland, der ein legg ut rafta først og tilpassar kvar enkelt stav i denne. Detta var framgangsmåten vi var mest usikre på.

Grindbygga er ofte bygd med eit “spenn”. Stavane sprikar utover nede i forhold til ei loddlinje. Vi bestemde oss for eit spenn på 2”, vi løfta toppen på staven 2” i forhold til underlaget. Så hogg vi ei flate på innsida av stavøyrene som no vart i vater, på denne flata skal rafta fellast mot. Rafta blir til slutt å kvile på staven og beten. Hakket vi får i staven fungerer som eit referansepunkt når vi skal byggje sjølve grinda, då har vi kontroll på kor underkant av rafta kjem og ikkje fell beten for langt ned i staven.

Viare tilpassa vi skråbanda som kjem i lengderetninga på bygget. Sia skråbanda svingar seg i alle retningar, vert skråbanda plassert slik dei høvde best mot stav og raft. Samtidig som vi fikk godt nok hald diagonalt. Vi tok hensyn til ei døropning. Skråbanda vart felt ned omlag halve sin dimensjonen i staven, omlag 1/4 vart tatt ut i skråbandet mot rafta. Rotslengen la vi opp på rafta, slik at vi fikk plass til 2 naglar. Nokon fordelar med desse ishockeykølleforma skråbanda av bjørk, er at dei tek mindre plass i rommet, bjørka er sterk, stiv og lett tilgjengeleg.

20

No når alle delane på langsida av bygget er felt samanhogg vi inn merking på kvar enkelt del med tappjarn og demonterte dei.

25

No byrja vi på sjølve grinda. Det er viktig at me bygger grinda med dei stavane som høyrer til på rett side. Bredda på bygget med 2” spenn på staven vart teikna opp på planet, slik hadde vi eit fast mål å bygge grindene etter. Viare merka vi på halsen i beten og djupna på klauen i staven.

26

Her er grinda låst fast i posisjon på golvet med haldhaker, medan vi tilpassa skråbanda.

I mange bygg på Sunnmøre er rafta tømra nedi beten, det var vår andre problemstilling. Det vert sagt at grindbygga vert bygd på bakken og at ein sjølv røyser seg med bygget. Vi var usikker på smanføyninga/laftet mellom raft og bete. Kåre Løvoll kallar samanføyninga  «hjartet» Eg usikker på  korleis ein kan få til eit godt laft mellom raft og bete utan å individuelt tilpasse kvar del. Vi gjorde denne tilpassinga etter at grindene var røyst, det fungerte greit.  img_9959

Her er eit bilete korleis samanføyninga ser ut inni.

Vi valde å vente med sperrehakka i rafta til bygget var røyst fordi vi ikkje ønskte ei konflikt mellom sperre og skråband. Vi teikna opp utvendig sperrevinkelen på eit plan i 1:1. Ut ifrå teikninga felte vi sperrene med halvved i kvarandre. Vi nytta “regelen” om 3/5 lengde mellom sperrehakket i raftene som lengde på sperrene.  Alle måla vart tatt i frå planet.

Røysinga

37

Bygget vart røyst på steinar, vi nytta litt tid på å ta ut lengdene på stavane sidan kvar stav har ulik lengde. Vi målte oss ut med rettholt og vater og noterte høgdeforskjellen. Vi veit høgda på rafta og målte oss ned i frå botn på samanføyninga mellom raft og bete, og kappa stavane der etter. Etter dette gikk røysinga ganske kjapt.

40

Vi skora av grindene med bord som var spikra i grinda og støtta seg på bakken.

48

Avtalen var at byggverket skulle levereast som rein konstruksjon med tro og spikerslag. Oppdragsgivar syte for tekking og kledning sjølv.

 

Verkty

Ryarøks frå Valldal, Nordal Kommune. smidd av Øystein Myhre.

Novøks frå Tresfjord. Smidd av Øystein Myhre.

Sjeggøks frå Tresfjord. Smidd av Øystein Myhre.

Haldhaker

Slagjarn 5/4″

Stikkøks modell frå Osterøy, Hordaland.

Treklubbe

Stikkpassar

Vater

Snor

Storku/grindarive Modell frå Løvika, Tresfjord.

Sag

Motorsag

5/4″ Navar

Kniv

Pjål

Mokkert

 

Meir systematisk og målbar granskning av eldre grindbygg, kombinert med fokus på verktybruk, verktyspor og eksperimentering i hop med andre hadde vore kjekt.

Peter Brennvik

2 tankar på “Grindbygging”

  1. Kanskje jeg blander begrepene grindbygg /stavline men hvis jeg gjør det er det er det rom for så stor forskjell i strammingen, hvis det er stramming du gjør?

    Likar

    1. hei!Skråbanda er felt dødt på plass og nagla i hop. Det har vore nytta stingebånd på eldre grindbygg,dei trykker som ein strevar,men eg tippar dei er tilpassa etter ein del prøvingar og stramma slik passelig.

      Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: